nr. 5, 2022: Trugsmålsvurderinga – del 2
Korleis ser terrortrugsmålet i Noreg ut i 2022? Og korleis kan krigen i Ukraina påverka biletet?
PST si trugsmålsvurdering for 2022 er alt omtalt i to utgåver av Oppdateringar (nr. 2 og nr. 3, 2022), då i samband med diskusjonar om dei såkalla anti-statlege miljøa. I denne utgåva skal me sjå nærare på dei to miljøa PST peiker på som dei største terrortrugsmåla mot Noreg i år: høgreekstremismen og den ekstreme islamismen.
Høgreekstremismen
Når det gjeld høgreekstremisme peiker PST på to sentrale trekk. Det fyrste er at konspirasjonsteoriar er sameinande for høgreekstremistar.
Dei løftar fram to døme, der det eine er førestillinga om at den kvite rasa vert utsett for eit folkemord, mellom anna gjennom innvandring og gjennom låge fødselstal blant kvite. Norske myndigheiter og norske politikarar vert skulda for å leggja til rette for dette påståtte folkemordet, og som PST skriv: “Konspirasjonsteorier, særlig om Arbeiderpartiet, har sirkulert blant norske høyreekstremister i mange år. Det forventes at Arbeiderpartiet får en mer fremtredende plass i fiendebildet nå som det er det største partiet i den nye regjeringen”.
Førestillinga om eit folkemord og ei utskifting av den kvite rasa vert gjerne omtala som The Great Replacement, den store utskiftinga.
Sjølve omgrepet kjem frå den franske forfattaren Renaud Camus, mellom anna frå ei bok kalla nettopp Le Grand Remplacement, gjeve ut i 2011. Ifølgje Camus vert innfødde, kvite europearar erstatta av ikkje-kvite innvandrarar frå Afrika og Midtausten. Slik han ser det er dette likevel berre ein del av eit større bilete: ein verdsomspennande remplacisme, drive fram av antirasistiske dogmer og gjennom førestillinga om at raser ikkje eksisterer.
Camus sitt omgrep fekk raskt tilhengjarar i den såkalla identitære rørsla (sjå Oppdateringar nr. 5, 2021), og derfrå vidare til den amerikanske alt-right-rørsla – opphavleg ei internettrørsle som kombinerte meir tradisjonelt høgreekstremt tankegods med internettkultur, men som også lånte mykje frå nettopp dei identitære. Slik fann det til dømes vegen til dei mykje omdiskuterte demonstrasjonane i Charlottesville i 2017, i form av slagordet “You will not replace us”.
I røynda er likevel omgrepet berre den nyaste greina på eit heilt familietre av liknande undergangsvisjonar innanfor både høgreradikal og høgreekstrem ideologi, og hadde det djup gjenklang i til dømes førestillinga om “white genocide”, eit påstått folkemord på kvite.
Den andre typen konspirasjonsteori PST peiker på er førestillinga om at “negative utviklingstrekk i samfunnet angivelig er ledd i en større konspirasjon”, knytt til “en skjult jødisk verdenomspennende elite”. Antisemittiske førestillingar er framleis viktige innanfor høgreekstreme miljø.
Akselerasjonismen
I 2019 nytta den australske terroristen Brenton Tarrant nettopp uttrykket “The Great Replacement” som namn på manifestet han publiserte etter å ha gjennomført eit blodig dobbelt-terroråtak mot to moskéar i nyzealandske Christchurch (sjå radicalrightanalysis.com for ein gjennomgang av dette).
I det same manifestet omfamna Tarrant akselerasjonisme, ein idé om at ekstrem valdsbruk er naudsynt for å påskunda den snarlege undergangen til det rådande samfunnssystemet og med det også den komande rasekrigen. Konkret skreiv han at han gjennomførte terroråtaka “[to] add momentum to the pendulum swings of history, further destabilizing and polarizing Western society in order to eventually destroy the current nihilistic, hedonistic, individualistic insanity that has taken control of Western thought”, fordi “[the] change we need to enact only arises in the great crucible of crisis”.
Tarrant inspirerte snart fleire andre ugjerningsmann, blant dei norske Philip Manshaus, og nettopp akselerasjonismen vert av PST peikt på som det største høgreekstreme terrortrugsmålet idag:
Det er i første rekke akselerasjonister som vurderes å utgjøre den største trusselen blant høyreekstremistene. Vi forventer fortsatt tilfeller der høyreekstremister i Norge vil bli radikalisert av akselerasjonistisk tankegods.
Du kan lesa meir om akselerasjonismen i Oppdateringar nr. 27, 2021 og nr. 1, 2022. Sjå også desse eksterne artiklane:
Vox: Accelerationism: the obscure idea inspiring white supremacist killers around the world.
Aftenposten: Ti år etter 22. juli verves flere høyreekstremister på nett. Slik ser terrortrusselen ut nå.
Fri Tanke: Mener bærumsmannen er inspirert av voldelig nynazistmiljø – flere nordmenn i nettverket.
Her er det verdt å visa til det andre sentrale trekket PST peiker på i vurderinga av det høgreekstreme trugsmålet, nemleg at radikaliseringa primært skjer på digitale platformer. Meir “tradisjonelle” nynazistiske grupperingar er i denne samanhang mindre viktige, sjølv om trugsmålsvurderinga også bruker litt plass på nynazistorganisasjonen med det freidige namnet Den Nordiske Motstandsbevegelse.
PST skriv:
De mest sentrale arenaene er digitale applikasjoner der høyreekstremister kan kontakte hverandre, ytre ekstreme synspunkter og dele høyreekstremt materiale. Radikalisering vil skje både i norske, nordiske og transnasjonale digitale nettverk der det pågår diskusjoner rundt ideologi, fiendebilder og våpen. Flere av de transnasjonale nettverkene er mer voldsforherligende og inneholder mye terroroppfordrende propaganda. Deltakelse i slike høyreekstreme nettverk kan bidra til at enkelte utvikler et ønske om å begå volds- eller terrorhandlinger.
I kjølvatnet av terroråtaka på Ny Zealand og også i samband med Manshaus-saka i Noreg hamna såkalla chan-forum i betydeleg grad i søkjelyset. Desse langt på veg grenselause foruma kan framleis spela ei rolle i radikaliseringsprosessar, men idag speler til dømes også grupper på meldingsappen Telegram ei viktig rolle. Som PST skriv kan både nyfikne, spenningssøken og eit ynskje om sosialt tilhøyre føra enkeltpersonar inn i slike digitale nettverk, der det ikkje berre vert delt ideologisk innhald (til dømes reine hyllestar av terroristar, inklusive av Anders Behring Breivik), men også informasjon om korleis ein kan laga improviserte våpen og bomber, og om korleis ein konkret kan gjennomføra terroråtak.
Slik kan digital høgreekstremisme både bidra til raske radikaliseringsprosessar og til at vegen vert kortare frå å innta ekstreme posisjonar til at valds- og revolusjonsromantikk vert omsett i konkret valdsbruk.
Den ekstreme islamismen
PST vurderer at det er mogleg at høgreekstremistar vil forsøka å gjennomføra eit terroråtak i Noreg i 2022. Den same ordlyden bruker dei om ekstreme islamistar. Her meiner dei at eit trugsmål kan koma frå anten:
personar som er inspirert av ideologien og bodskapen til terrororganisasjonane ISIL og al-Qaida, eller
personar som er mobilisert av det dei opplever som provokasjonar, krenkingar eller undertrykking av islam og muslimar
Dei peiker på at talet på gjennomførte ekstremislamistiske terrorhandlingar i Europa har gått betydeleg ned frå 2017 til 2021, men også på at terroråtak har vorte avverga i fleire europeiske land, også i Noreg, der ein 16 år gamal gut med bakgrunn frå Syria i fjor vart dømd for terrorplanlegging. Vidare skriv PST at trugsmålsbiletet kan endra seg raskt, som følgje av hendingar i både Noreg og internasjonalt.
I tillegg peiker dei på følgjande viktige moment:
Det finst fleire aktive, ekstremislamistiske nettverk i Europa, nettverk som også inkluderer returnerte framandkrigarar, tidlegare terrordømde som no er ute av fengsel og personar som framleis sit fengsla. Det at norske, ekstreme islamistar har kontakt med slike nettverk i andre land påverkar trugsmålsbiletet her til lands.
Også når det gjeld ekstrem islamisme vil trugsmålet i hovudsak koma frå personar som deltek i ekstremistiske digitale nettverk, og då nettverk med lause band til internasjonale terrororganisasjonar. Desse personane vil likevel ofte også ha fysiske koplingar til andre ekstremistar.
IS(IL) og al-Qaida har idag eit lokalt fokus, knytt til ulike land og område i andre delar av verda, men vestlege sympatisørar vil halda fram med å produsera og spreia både ny og gamal propaganda som oppfordrar til terroråtak i også vestlege land, og det via digitale platformer.
Situasjonen i Afghanistan – der den ekstreme islamistiske militsen Taliban har teke over makta, men også er i konflikt med eit underbruk av IS – har gjeve både IS og al-Qaida auka spelerom, men har likevel berre avgrensa effekt på terrortrugsmålet i Noreg.
Det bør nemnast at PST idag ser lite omfang av ny radikalisering til den ekstreme islamismen, og at dei ikkje ventar seg at det vil bli etablert organiserte ekstremislamistiske grupper i Noreg i løpet av året. Den radikaliseringa som går føre seg, og som også rettar seg mot unge heilt ned i 12-års-alderen, skjer i betydeleg grad via transnasjonale, digitale nettverk, på same vis som for høgreekstremismen. Det kan gjera at nokon søkjer å dra til andre land, til dømes Afghanistan, som framandkrigarar. Det kan også inspirera til valds- og terrorhandlingar. Noko radikalisering kan likevel skje via venekrinsar, gjennom familieband, i fengsel eller andre stader der ekstremistar ser ei moglegheit til å radikalisera andre.
Den mest sannsynlege forma for terroråtak, meiner PST, er angrep utført av ein enkeltperson og retta mot folkemengder, mot uniformert personell eller mot personar og institusjonar som vert oppfatta å fornærma islam.
For meir om terrortrugsmålet slik det ser ut no, sjå Oppdateringar, nr. 28, 2022:
Kan krigen i Ukraina påverka terrortrugsmålet?
Sidan PST si trugsmålsvurdering vart gjeve ut, har Russland gjennom sin invasjon i Ukraina sett i gang ein fullskala krig i Ukraina. Så langt meiner norske myndigheiter at det i lita grad påverkar trugsmålsbiletet mot Noreg. Ein del av dei trugsmåla som faktisk ligg føre – til dømes knytt til cyberkrigføring – ligg også utanfor temaet for dette nyhetsbrevet.
Bruken av konspirasjonsteoriar som våpen er på side definitivt ein del av biletet, noko me vil koma attende til framtidige utgåver av dette nyhetsbrevet (Sjå også Oppdateringar nr. 4, 2022).
Russisk propaganda har gjort mykje ut av den såkalla Azov-bataljonen, som starta som ein friviljug milits med utspring i den Kharkiv-baserte nynazistorganisasjonen Ukrainske Patriotar, men som idag er innlemma i den ukrainske nasjonalgarden, ei form for heimevern. Dette vert nytta for å måla Ukraina som noko av eit nazireir, ei heller absurd anklage: ytre høgre-parti har i røynda lite støtte i Ukraina idag, det Azov-tilknytte mikropartiet Nasjonalt Korps makta i førre parlamentsval ikkje å få ein einaste kandidat innvald i parlamentet. Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj har på si side jødisk bakgrunn.
På den andre sida finst det ei kime av sanning: Azov-bataljonen, som deltok i gjenerobringa av Mariupol i juni 2014, har påviselege band til høgreekstreme grupper i andre land, og er deltakarar i krigen.
Les meir om Azov-bataljonen:
John Færseth i Vårt Land: Høyreekstreme stein i glasshus
John Færseth for Fri Tanke: Azov-regimentet i kamp for Ukraina – og for et hvitt Europa
Aris Roussinos i Harper’s Magazine: The Armies of the Right
I ein nyleg artikkel for MSNBC peiker Cynthia Miller-Idriss kan den pågåande krigen også tiltrekka seg utanlandske friviljuge med høgreekstreme sympatiar:
But the conflict has clearly created an opportunity for extremists to recruit white supremacist foreign fighters who seek training and networks or seek to intensify their engagement to the cause in other ways. Far-right militia leaders in Europe have responded to the Russian invasion of Ukraine by raising funds online, recruiting fighters and planning travel to the front lines, activities the SITE Intelligence Group has described as an “outpouring of support for Ukraine” from “numerous far-right white nationalist and neo-Nazis groups” across Europe and North America.
Miller-Idriss fokuserer på potensielle rekruttar med slike sympatiar på ukrainsk side, sjølv om ho understrekar at mange innanfor det amerikanske ytre høgre snarare sympatiserer med Putin og hans regime enn med Ukraina. Ho viser også til at krigen på høgreekstreme digitale kanalar i betydeleg grad har vorte møtt med antisemittiske konspirasjonsteoriar om eit “jødisk komplott” mot Russland og om ein “jødisk krig” der kvite kjempar mot kvite. Slik retorikk har også dukka opp i norske høgreekstremistfora, sjølv om ein også finn døme på romantisering av Azov-bataljonen.
Det er her også verdt å merka seg at høgreekstremistar også har delteke i krigføringa i det austlege Ukraina, i styrkene til dei russiskstøtta utbrytarrepublikkane i Donetsk og Luhansk.
I 2016 konkluderte forskaren Vyacheslav Likhachev i ein artikkel publisert av franske Ifri med at “den russiske bruken av høgreradikalarar på sida til `separatistane’ i provinsane Donetsk og Luhansk hadde større militære og politiske konsekvensar” enn rolla spela av ukrainske ytre høgre-grupper. Ein rapport skrive av forskaren Kacper Rekawek for Counter Extremism Project attende i 2020 synleggjer også at biletet er mildt sagt samansett, og meir nyleg har mellom andre den amerikanske tenketanken New America peikt på dei høgreekstreme koplingane til leigesoldatar i den såkalla Wagner-gruppa og i undergruppa kjend som Task Force Rusich.
Miller-Idriss si åtvaring er likevel relevant: krigen i Ukraina kan gje vestlege høgreekstremistar høve til å få krigserfaring.
Dette har allereie fått ei viss merksemd i tysk debatt, sjølv om den tyske etterretningssjefen Thomas Haldenwang har understreka at det så langt knapt finst døme på at tyske høgreekstremistar har drege til Ukraina, at ingenting tyder på at nokon av desse har vore involvert i kamphandlingar og at mykje av det høgreekstreme snakket om krigen er Maulheldentum, eller altså: sjølvskryt frå folk som har det i kjeften og ikkje andre stader.
Meir eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar
Southern Poverty Law Center har nyleg gjeve ut sin rapport The Year in Hate & Extremism for 2021. Les meir på deira nettsider.
Britiske Hope Not Hate har også gjeve ut sin årlege rapport, State of Hate. Sjå også omtale i VICE Magazine.
Amerikansk Secret Service har publisert ein rapport om valdeleg kvinnehat i lys av eit åtak retta mot eit yogastudio i Tallahassee i november 2018. Dette er også omtalt i ein nyleg artikkel i Newsweek.
VICE Magazine skriv om framvekst av økofascisme: der rasehat vert blanda saman med miljøvernidéar.
Britisk anti-terror-politi peiker på eit aukande trugsmål frå høgreekstremistar, fortel PoliticsHome.com. Sjå også Evening Standard: Counter terror police have seen rise in ‘lone actors’ carrying out attacks.
Nermina Kulogjila skriv i Balkan Insight om serbiske ytre høgre-grupperingar si støtte til Russland si krigføring i Ukraina.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Fyll inn e-postadressa di nedanfor for å abonnera. Er du allereie innlogga på Substack trykker du “Subscribe Now”.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.