22. juli-terroristen har bedt om å verta sluppe ut av fengsel, i samband med at minstetida for forvaringsdomen mot han no har gått ut. Saka går i desse dagar i ein provisorisk rettssal i gymsalen til Telemark fengsel.
I forkant har pårørande bedt media om å visa måtehald, og Lisbeth Røyneland i støttegruppa har i eit intervju med NTB peikt på både at dekning av saka kan verka retraumatiserande, og på at terroristen “rett og slett bruker mediene og rettssaken som en talerstol for å spre budskapet sitt”.
Dagbladet valde å senda ugjerningsmannen si eiga forklaring direkte, om enn med forseinking (slik at lyden kutta kuttast ut frå redaksjonelle vurderingar). “Vi mener at det er viktig at publikum selv kan se og høre hvordan terroristen opptrer, ordlegger seg og argumenterer,” skriv Martine Aurdal i leiaravdelinga deira.
Terroristen kom inn i rettssalen med lappar med tekst. Han synte fram bodskapen “Stop your genocide against our white nation”, stopp folkemordet dykkar mot vår kvite nasjon, ein referanse til ei høgreekstrem førestilling om at kvite vert utsett for eit planlagt folkemord. Han gjorde fleire såkalla nazihelsingar, ein utstrekt arm med ei flat hand.
Og han gav ei usamanhangande forklaring, som ofte verka forvirra, og ikkje sjeldan beint fram underleg. Ein ting er at han – som tidlegare – hentar tal ut av lufta, prosentdelar han hevdar meiner det eine eller det andre. Ei anna sak er at han hentar fram papirtigrane han har freista å stifta frå cella; fleire politiske parti, og “Quisling Peace Institute”. Ei tredje er at han no hevdar å ha gjennomført terrorhandlingane som medlem av den (i utgangspunktet britiske) nynazistiske grupperinga Blood & Honour, som han også skulda for radikaliseringa si. Samstundes ytra han at dei ikkje visste om at han var medlem.
Det er lett å avfeia dette, knappast vanskeleg å sjå vanviddet i det, det verkelegheitsfjerne, det narsissitiske, det sjukelege, om du vil. Men når ein gjer det, er det noko ein ikkje bør gløyma: Ideologien er tilstades. Og også vanvidd har eit publikum.
På det berykta nettforumet 4chan – ikkje ein høgreekstrem nettstad, men ein nettstad prega av fråveret av grenser, av ironi, av uendeleg dårleg humor, men også av spelerom for ekstremistar – vart bileta frå rettssaken i Telemark fengsel også diskutert. Ein brukar fortalde at han hadde sytt for å gjera opptak av videostreamen: “Me treng hjelp til å redigera, til å transkribera, til å laga undertekstar slik at andre anons kan få bodskapen hans”, skreiv vedkomande, med lenkje til Dagbladet og til RT (tidlegare Russia Today).
I kommentarfeltet under var nokre avvisande til ugjerningsmannen. Nokre lanserte konspirasjonsteoriar om frimurarar og jødar. Men fleire hylla terroristen: “Heil sankt Breivik”, skreiv ein. “Based”, skreiv ein annan, nettslang som med litt godvilje kan omsetjast som “kult”. Hen held fram: “Breivik var the good guy heile tida”.
I 2019 byrja det å dukka opp plakatar i den canadiske byen Winnipeg, plakatar med fascistisk symbolikk og tekstar som “Save your Race, Join The Base.”
Ein journalist i Winnipeg Free Press, Ryan Thorpe, lukkast i å infiltrera gruppa. Han framstilde seg sjølv som ein sympatisør, gav uttrykk for at han ynskte å bli ein del av gruppa, utveksla e-post og meldingar med dei, hadde ei videosamtale med gruppa sin grunnleggjar, og møtte deretter ein lokal aktivist.
I ein heller rystande artikkel fortalde han om møtet, om korleis mannen han møtte strødde rundt seg med rasistiske og homofobiske uttrykk, gav uttrykk for jødehat og siterte nynazistiske leiarfigurar som Tom Metzger, James Mason og George Lincoln Rockwell. Mannen, som kalla seg Patrik, sa at han tenestegjorde i det canadiske forsvaret og at han hadde opplæring frå ingeniørvåpenet. Han snakka om å spora av tog. Han gav uttrykk for eit ynskje om rekruttera unge, kvite menn til å delta i ein rasekrig, ein krig han meinte var på veg, ein krig han ikkje kunne venta på.
Thorpe la til at gruppa mannen var ein del av idoliserte høgreekstreme ugjerningsmenn som Timothy McVeigh og Dylann Roof. At dei vart omtalt som helgenar.
Snart vart Patrik sitt fulle namn kjend. Han heiter Patrik Mathews, og han var ganske riktig knytt til det canadiske forsvaret, som reservist. Berre timar etter at namnet vart kjend, slo politiet til mot bustaden hans. Dei beslagla fleire skytevåpen, men Mathews vart ikkje arrestert. Og nokre dagar seinare fordufta han.
Det gjekk ei tid før bilen hans vart funne, ikkje langt unna grensa til USA. Seinare skulle det syna seg at han hadde kryssa grensa ulovleg. I januar 2020 vart han arrestert i Maryland, saman med to andre The Base-medlemer. I oktober i fjor vart han dømd til ni års fengsel, for brot på våpen- og innvandringslovverk, men på eit meir alvorleg bakteppe. Etterforskarane meinte at dei planla terrorisme. “[Dei] vona på ein borgarkrig”, sa FBI-etterforskaren Thomas Sobocinski under ein pressekonferanse. “Dei studerte vald, testa våpen, samla ammunisjon og forsyningar og planla drap for å nå sine ekstremistiske mål”.
Mathews vart diagnostisert med Asperger syndrom som born, det som gjerne vert omtala som ei mild form for autisme, med forstyrringar i sosialt samspel og kommunikasjonsmønster som konsekvens. Ifølgje mor hans, Kim Monk, vart Mathews utsett for mobbing, og var han noko av ein loner.
Ho åtvarer mot å leggja for mykje vekt på diagnosa hans, men meiner samstundes at den kan ha gjort han meir sårbar for det ho omtaler som hjernevask. Det er eit trøblete omgrep i seg sjølv, men mykje tyder iallfall på at Mathews gjekk gjennom ein rask radikaliseringprosess.
Den høgreekstreme gruppa The Base - namnet er for øvrig det engelske tilsvaret på det arabiske Al Qa´ida - er ei av fleire såkalla akselerasjonistiske grupper som har dukka opp dei siste åra. Sentralt i akselerasjonismen (sjå også Oppdateringar #27) står ein idé om det noverande samfunnets snarlege undergang, og om at denne undergangen må framskundast.
Og medan The Base kanskje ikkje vil gjera mykje meir ut av seg, etter at ei rekkje medlemer har hamna i klammeri med lovas lange arm, er akselerasjonismen ein vesentleg del av terrortrugsmålet frå høgreekstremt hald anno 2021. Det er eit univers der ugjerningsmenn vert hylla.
Lat oss gå attende til Thorpe sin artikkel frå 2019. Der nemnde den canadiske journalisten også ein tredje høgreekstrem ugjerningsmann som vart idolisert av Base-medlemer: Anders Behring Breivik.
Lær meir om The Base og akselerasjonismen:
Den canadiske kringkastaren CBC har laga ein svært interessant podcastserie med utgangspunkt i forteljinga om Mathews. Serien heiter “White Hot Hate”.
VICE Magazine har ei rekkje artiklar om The Base, som du kan finna på ei samleside på vice.com.
I 2020 sendte ein infiltratør i The Base store mengder materiale til ulike media, blant anna med lydopptak frå organisasjonen sine rekrutteringssamtaler. SPLC har publisert utdrag av desse lydopptaka som del av podcastserien Baseless. Den canadiske kringkastaren CBC har også tilgjengeleggjort delar av det. Det same har australske ABC.
Lasse Josephsen fortalde om mellom anna Atomwaffen Division, ei gruppe med fellestrekk med The Base, i artikkelen “De hvite jihadistene”, publisert av Fri Tanke i mars 2019.
BBCs Panorama publiserte i 2020 ein dokumentar om ulike akselerasjonistiske nettverk, inklusive The Base. Den er tilgjengeleg på YouTube-sidene deira:
I eit lydopptak gjort av ein infiltratør på innsida av The Base kan ein høyra ein ung, potensiell rekrutt til gruppa fortelja om sitt syn på muslimar og på terrorisme:
Eg har sett og opplevd og snakka med nok muslimar til å berre vita at eg hater dei, og at dei ikkje fortener å vera her, punktum.
Opptaket er frå ei samtale gjennomført under eitt år etter dei anti-muslimske terroråtaka i Christchurch i mars 2019, gjennomført av australske Brenton Tarrant, som i sitt såkalla manifest peikte direkte på 22. juli-terroristen som ei inspirasjonskjelde. For den unge, men vaksne, mannen som søkjer å verta med i The Base er det Tarrant som er inspirasjonskjelda:
Når Tarrant gjorde det han gjorde, og alle sa at han er alt-right, fascist, nazist, blablabla, så var eg … ok, dersom det er det han er, så ok, så får eg berre vera det. Om du vil gjera meg til eit monster, så ja, då er eg eit jævla monster, eg også, for eg var fullt og heilt samd med det han gjorde.
Tarrant drap 51 menneske, til dels medan han livestreama på Facebook.
Ein journalist frå ABC spora opp den unge mannen frå lydopptaket våren 2021.
Han fortalte då at han hadde forlatt høgreekstrem ideologi. “Eg er lei meg. Eg trur ikkje på dei greiene lenger. Eg hadde ikkje nokon som gav meg retning i livet. Eg var ikkje på veg nokon veg, eg gjorde ingenting med livet mitt, eg følte meg som skit og visste ikkje kvifor, så eg tok det ut på verda, istadenfor å gå i meg sjølv.”
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera:
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Andre om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:
Oath Keepers-leiaren Stewart Rhodes er saman med ti andre sikta for å ha konspirert om å bruka vald for å hindra at Joe Biden vart satt inn som president. FilterNyheter (bak abonnementsmur) fortel meir på norsk, på engelsk finn du ein omfattande artikkel i New York Times. CNN fortel om tilhøvet mellom Rhodes og den sentrale konspirasjonsteoriformidlaren Alex Jones. Sjå også Oppdateringar #4.
Ein journalist i tabloidavisa Daily Mail har infiltrert ei radikal antivaksinegruppe i Storbritannia, og syner fram både konspirasjonsteoriar og radikal taktikk. The Guardian fortel på si side om uro for radikalisering av såkalla anti-vaxxer-rørsler.
Bruce Hoffman skriv på nettsidene til Council on Foreign Relations om akselerasjonisme i lys av 6. januar 2021.
På logically.ai fortel Amanda Moore, som var undercover i MAGA-subkulturar i eitt år, om sine oppleveringar frå den same dagen. Moore er også intervjua i ein nyleg episode av Daily Beast-podcasten Fever Dreams.
The Conversation diskuterer kva potensial ekstreme grupper kan ha i det såkalla metaverset.
Svenske Expo fortel om ein speidarleiar som har vore aktiv innanfor ytre høgre-prosjektet Nätverket, samt i den konspirasjonsteoretiske Frihetsrörelsen. Aftonbladet fortel på si side om risikoen for radikalisering blant såkalla “coronafornekare” også i Sverige.
Eit tilsvarande spørsmål tek tyske Tagesspiegel opp: Fører pandemien (og motvilje mot smitteverntiltak) med seg ei ny form for ekstremisme?
VICE News skriv om Richard Mack og dei såkalla Constitutional Sheriffs.