nr. 27, 2021: Akselerasjonismen
Finsk politi har arrestert fem menn, i samband med mistankar om terrorplanar motivert av høgreekstremisme. Dei fem vert sett i samband med den såkalla akselerasjonismen.
Tysdag i førre veke vart fem menn arrestert i Finland, mistenkt for terrorplanlegging med eit høgreekstremt utgangspunkt. Dei fem er mellom 23 og 26 år, og alle busette i traktene rundt Kankaanpää, ein tettstad i det finske landskapet Satakunta. Tre av dei er tidlegare dømd for valdskriminalitet, i samband med slagsmål.
Ein av dei fem har sidan sluppe ut av varetekt.
Ifølgje avisa Helsingin Sanomat starta etterforskinga med at politiet etterforska det som vert omtala som ei mindre narkotikasak. I den samband vart dei fem mennene fyrst mistenkt for «grovt skjutvapenbrott och brott mot bestämmelserna om explosiva varor,» skriv svenskspråklege Hufvudstadsbladet. Store mengder skytevåpen, patroner og eksplosiver vart beslaglagt. Men sidan har etterforskninga fått endå ein dimensjon, og finsk politi meiner no dei andre brotsverka har vore gjort «i terroristiskt syfte.»
Etterforskinga er uvanleg. Det er fyrste gong at politiet i Finland etterforsker eit høgreekstremt terrorbrotsverk. Terskelen for å bevisa «terroristiskt syfte» vert rekna for å vera høg, og berre ein gong har nokon blitt dømd for terrorisme i Finland; IS-sympatisøren Abderrahman Bouanane som 18. august 2018 gjekk amok med kniv i Turku, drap to menneske og skadde åtte andre.
Når det er sagt er det ikkje noko nytt med koplingar mellom finsk høgreekstremisme og valdskriminalitet. I 2013 var tre personar angripe med kniv i Jyväskylä, etter at aktivistar frå den finske avleggjaren av den såkalla Nordiske Motstandsrørsla (NMR), ein nynazistisk organisasjon, vart nekta tilgang til eit arrangement på biblioteket i byen. I 2016 døydde Jimi Karttunen av hjerneblødning, seks dagar etter at han vart sparka ned under ein konfrontasjon med deltakarar i ein NMR-demonstrasjon i Helsinki.
Den siste hendinga var ein del av bakteppet då NMR rett og slett vart forbode i Finland, ei avgjersle som vart stadfesta av Högsta domstolen i september 2020. Det er også innleidd ein prosess mot gruppa Kohti vapautta, som vert rekna som eit forsøk på å vidareføra den finske avdelinga av NMR under eit nytt namn.
Så nyleg som 6. desember – i samband med den finske sjølvstendedagen – vart demonstrasjonen Suomi herää (Finland vaknar) arrangert i Helsinki. Den samla rundt 250 deltakarar. Demonstrasjonen inkluderte både aktivistar i den såkalla Kansallismielisten littouma (Nasjonalistisk Allianse) og i Sinimusta Liike (den Blå-Svarte Rørsla). Ein av appellantane var Tuukka Kuru i Sinimusta Liike. Attende i september var han gjest i ein podcast laga av det norske underbruket av NMR.
Førebels er lite kjend om kva finsk politi sine mistankar mot dei fem arresterte mennene konkret går i. Det er likevel verdt å merka seg at både politiet og Skyddspolisen – det finske tilsvaret til PST – set dei fem mennene i direkte samband med såkalla akselerasjonisme. Hufvudstadsbladet skriv:
Skyddspolisens specialforskare Eero Pietilä säger att det handlar om accelerationism.
– Vi har analyserat det material som samlats in och jämfört det med internationella ideologier och nätverk som glorifierar terrorism, säger Pietilä.
Pietilä beskriver accelerationisternas ideologiska värdegrund en synnerligen exceptionell, men också marginell falang inom högerextremismen.
Accelerationisterna verkar i huvudsak via nätet.
Akselerasjonismen har såvidt vorte omtalt i dette nyhetsbrevet tidlegare, i samband med nettstaden Iron March. Det er på sin plass å introdusera denne formen for høgreekstremisme litt meir i detalj. Då er rapporten Våldsbejakande högerextrem accelerationism, gjeve ut av svenske Center mot våldsbejakande extremism tidlegare i år, eit nyttig startpunkt.
Som det framgår der er akselerasjonismen ein politisk strategi som bygger på ein grunntanke om at samfunnet går i retning ein uunngåeleg undergang. Akselerasjonistar meiner at denne kollapsen kan påskundast, og at det bør gjerast for å erstatta det noverande samfunnssystemet med det dei ser på som eit idealsamfunn. Den idéen eksisterer forsåvidt i fleire former, men dei siste åra har ein høgreekstrem variant spreidd seg, basert på trua på ein uungåeleg og apokalyptisk rasekrig mellom kvite og ikkje-kvite, ein rasekrig som må framskundast ved hjelp av polarisering og politisk vald.
I dei høgreekstreme miljøa som har omfamna denne idéen har fleire amerikanske kvit makt-ideologar aktive på 1970- og 1980-talet fungert som ei inspirasjonskjelde. Blant dei er Louis Beam (sjå Oppdateringar #21) og William Pierce, forfattar av den høgreekstreme fabelprosaen Turner Diaries, ein valdsfantasi i romanform.
Blant dei er også Joseph Tomassi, som leia organisasjonen National Socialist Liberation Front (NSLF) fram til han vart drept – i samband med ei konflikt med ei anna høgreekstrem gruppe – sommaren 1975. Tomassi og gruppa hans argumenterte for politisk terror og væpna revolusjon, lot seg inspirera av den militante venstresida med tanke på retorikk og framtoning.
Viktigast i denne samanhang er likevel James Mason. Mason vart fødd i Chilicothe i Ohio i 1952 og vart allereie som 14-åring aktiv i den nynazistiske rørsla. Nokre år etter at Tomassi gjekk bort vart Mason sentral i NSLF, ikkje minst som utgjevar av nyhetsbrevet Siege, frå 1980 og til det slutta å koma ut i 1986.
Det vakte kanskje mest merksemd fordi Mason omfamna den fengsla kultleiaren Charles Manson som ein nasjonalsosialistisk leiarfigur.
Tidleg på 1990-talet vart ei rekkje av tekstane frå Siege samla i ei bok med same namn. Og over eit tiår seinare vart denne boka republisert av aktivistar på det no for lengst nedlagte nynazistiske nettforumet Iron March.
Iron March, som vart grunnlagt i 2011, var eit verkeleg ubehageleg hjørne på nettet, ein stad der høgreekstreme terroråtak vart omfamna og der ugjerningsmenn beundra. På Iron March vart til dømes den norske terroristen Anders Behring Breivik dyrka som ein helt, kalla St. Anders, og omtalt som «ein inspirerande figur», som hadde «kjempa mot Sodomas vondskap».
Siege – om me no snakkar om nyhetsbrevet eller boka – passa dette miljøet. Det dryppa av både rasisme og jødehat, sjølvsagt, men i tillegg forfeikta Mason idéen om ein revolusjonær «einmannshær» og forfeiktar han einsam ulv-åtak som strategi:
Me må ha revolusjonære gjerningar; jo før, jo heller; jo fleire, jo betre. Men desse er alle av ein slik karakter at dei kan og må utførast av enkeltindivid, og det fjernar all trong for prat, moglegheita for [ein] «konspirasjon» og fåra for lekkasje. Den einsame ulven kan ikkje oppdagast, kan ikkje forhindrast og kan sjeldan sporast.
I tillegg skriv han om «Systemet» sin nært føreståande undergang, og om den komande rasekrigen som det er om å gjera å skunda på.
Siege er berre ein del av biletet, ein del av ein breiare «Siege-kultur» som blandar saman Mason sine idéar, anna eldre høgreekstremt tankegods, konspirasjonsteoriar og internettkultur. I denne groteske subkulturen vert den einsame ulven ikkje berre løfta fram som strategi, men dyrka.
Siege-kulturen har hatt ulike utslag. På den eine sida har han påverka faktiske einsam ulv-terroristar. Då Philip Manshaus forklarte seg i retten, etter å ha drept si eiga syster og etter eit mislukka terroråtak mot ein moské i Bærum, synte han til dømes heilt konkret til akselerasjonismen. På den andre sida, og kanskje noko paradoksalt (einmannshærfokus teke i betraktning), har akselerasjonismen inspirert grupper som Atomwaffen Division og Feuerkrieg Division.
Hufvudstadsbladet har intervjua Tommi Kotonen, som forskar på høgreekstremisme ved Jyväskylä universitet. Han seier at det at akselerasjonismen dei siste åra har byrja å dukka opp i Finland er eit teikn på “en viss radikalisering inom det högerextrema fältet”. Finsk tryggleikspoliti har også åtvara mot auka risiko for høgreekstrem terrorisme. I deira årsbok for 2020 heiter det:
Även om Finland besparats högerextrema terrordåd gäller den oroväckande internationella utvecklingen också oss. Skyddspolisen har identifierat personer som stöder eller sympatiserar med högerextrem terrorism, och det finns högerextremistiska aktörer bland målpersonerna för kontraterrorism.
Också i Finland är extremhögerns internationella nätmiljö en betydande grogrund för radikalisering av enskilda aktörer och smågrupper.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera:
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Les meir om akselerasjonisme og Siege-kultur:
Bethan Johnson og Matthew Feldman skriv om Siege-kultur i rapporten “Siege Culture After Siege: Anatomy of a Neo-Nazi Terrorist Doctrine”, utgjeve av International Centre for Counter-Terrorism (ICCT).
Ein tidlegare rapport frå ICCT omtaler også fenomenet: “Siege: The Atomwaffen Division and Rising Far-Right Terrorism in the United States”.
Terrorforskaren J. M. Berger diskuterer Siege på resolvenet.org.
John Færseth skriv mellom anna om Siege i rapporten Conspiratorial Antisemitism, utgjeve av Antirasistisk Senter.
Center mot våldsbejakande extremism publiserte ein rapport om akselerasjonisme i januar 2021.
SPLC ser nærare på Iron March i artikkelen “Visions of Chaos: Weighing the Violent Legacy of Iron March”.
Der Spiegel publiserte ein artikkel om Atomwaffen Division tilbake i september 2018.
Bellingcat har også skrive om Atomwaffen Division og Iron March.
Skribenten bak dette nyhetsbrevet var også innom akselerasjonisme i artikkelen “Trugsmåla”, publisert i Agenda Magasin i samband med at PST la fram si trugsmålsvurdering i februar 2021.
Amanda Taub og Katrin Bennhold i New York Times diskuterer akselerasjonisme i samband med “The Storm” og “Day X”.