nr. 21: Ubehaget

Å ta eit oppgjer med ekstremisme er enkelt. Å ta eit oppgjer med ein breiare, høgreradikal landskap vil vera langt meir ubehageleg.

I oktober 2011 intervjua danske Weekendavisen den norske forfattaren Roy Jacobsen om terroren som råka Noreg 22. juli det året. Der sa han mellom anna:

Man forsøgte at lave sociologi ud af et enkeltstående tilfælde, men nu er man klar over, at det var et enkeltstående tilfælde. Der er jo ingenting, som hænger saman hos den mand. Det er en blandet salat af alt muligt – der er et postmoderne kaos inde i hovedet på ham. Man kan ikke sige, at han springer du af noget bestemt miljø. Han er verdens ensomste mand.

Det var uttrykk for ei haldning Jacobsen ikkje var åleine om, og for eit syn der 22. juli nærast vart ei slags naturkatastrofe.

Og ein kan sjølvsagt gjerne sjå på 22. juli-gjerningsmannen som einsam. Han hadde vorte radikalisert på eiga hand, sjølv om han hadde freista å innynda seg i fleire antimuslimske miljø. Han var åleine om å planleggja terroråtaket. Han var åleine om å utføra det. Den hemmelege «tempelriddarordenen» han hevda å vera ein del av var eit fantasiprodukt.

På nokre vis var gjerningsmannen den typiske einsame ulven. Heller ikkje i dei anti-muslimske miljøa passa han inn. Men han omfamna det som ikkje kunne avvisa han: ideologien.

Og han var ikkje verdas mest einsame mann. Det finst ikkje noko menneske som er ei øy.

---

Del 1: Ekstremismen

18. juli 2011 skreiv den norske bloggen AntiJihad Norge at lovene Stortinget vedtek ikkje er legitime, at myndigheitene ikkje er det, og at det difor er «noe annet som blir legitimt»:

Det kan best illustreres ved å skru tiden tilbake til 1942 – 43. Da ble en norsk motstandgruppe rullet opp i Majavatn i Nordland fylke. Folk frå det lokale lensmannskontoret deltok saman med tyskerne i jakten på de norske motstandsfolkene som skjøt og drepte en lensmann og en lensmannsbetjent. Få, om noen, vil vel i dag stille spørsmålstegn ved deres rett til å skyte norske lensmannsfolk når disse ikk et illegitimt regime sitt ærend.

Regimet i dag er også illegitimt, det baserer seg på at befolkningen er pumpet full av løgner og fortielser i fleire tiår. Bare etter hvert som hver enkelt sjølv får [de muslimske] skadedyrene og spesialavffalet tett inn på livet begynenr det å demre for dem. […] Men tjener norsk politi i dag et illegitimt regime må det være like legitimt for dagens motstandsfolk å skyte dem som det var for norske motstandsfolk å skyte lensmannsfolk ved Majavatn i 1942, vel og merke når de håndhever grunnlovsstridige lover som tjener de fremmede okkupantenes interesser.

Litt seinare i same tekst heitte det at det var opp til den enkelte sitt samvit når «væpnet motstand og opprør blir en rett, for ikke å si en plikt».

Bloggen forsvann frå nett nokre dagar etter 22. juli 2011.

Nokre år tidlegare, i november 2007, publiserte pseudonymet El Inglés ein artikkel på nettstaden Gates of Vienna, ein sentral blogg i det såkalla kontrajihadistiske miljøet.

Artikkelen er ein slags fabelprosa, ein slags science fiction, lagt til 2013 og til ein blodig borgarkrig i Danmark, mellom danske militsar på den eine sida og muslimar (samt deira venstreradikale allierte) på den andre. Deretter følgjer ei «analyse», der det mellom anna vert peikt på tre moglege måtar å syta for eit framtidig Europa «utan mange muslimar»: 1. å overtyda muslimar om at dei ikkje har noko framtid i Europa, gjennom diskriminerande lovverk, 2. massedeportasjonar og 3. folkemord.

Forfattaren seier at det kan framstå usmakeleg å diskutera folkemord, og seier at han ikkje går inn for det, men at det ville vera ei «intellektuell og moralsk» forsømming å ikkje peika på at fåra for folkemord vil auka «etter kvart som islamiseringa held fram».

Trua på den komande borgarkrigen er ikkje berre å finna i denne fantasien. Tidlegare same år publiserte Paul Weston – seinare aktiv i ei rekkje parti på ytste høgrekant i britisk politikk – eit essay på Gates of Vienna der han spør om ein borgarkrig i Europa er uunngåeleg innan 2025. Skribenten Michiel Mans skreiv på si side: «Eg trur det skjer mykje tidlegare. Eg håper jamvel at det skjer tidlegare».

I mars 2007 publiserte Gates of Vienna eit slags referat frå ei samtale med den norske bloggaren Fjordman. Der gjev den norske bloggaren uttrykk for at den europeiske borgarkrigen vil starta i Storbritannia, og der det oppstår semje om at den vil bestå i at «regjeringa og dei sivile myndigheitene, i ein stilltigande allianse med islamistane, vil kjempa mot innfødde britar».I den siste teksten blir Fjordman kalla «Noregs mørke profet».

Anders Behring Breivik såkalla manifest, ei telefonboktjukk samling tekstar, kan nok kallast ein blanda salat. Det er klipt frå mange stader, inklusive frå manifestet til Unabomber.

Men det er ein samanhang i dette dokumentet. Det kan grovt delast inn i tre delar. Innleiinga er reint plagiat av pamfletten Political Correctness: A Short History of an Ideology, skrive av William S. Lind i den ultrakonservative tenketanken Free Congress Foundation. 22. juli-terroristen har byta ut ein del ord for å tilpassa teksten, som handlar om USA, slik at den i staden snakkar om Europa.

Den andre delen består ei lang samling essaytekstar. Mange av dei er henta frå Fjordman, men ein finn også tekstar frå andre skribentar og nettstader i kontrajihadmiljøet. I tillegg kjem nokre tekstar frå andre antimuslimske skribentar.

Den tredje delen handlar om gjerningmannen sine terrorplanar, om terrorførebuinga og om visjonane hans, og inkluderer også eit intervju han utfører med seg sjølv, eit intervju der han plasserer seg inn i det same kontrajihadistiske idéuniverset.

Seinare – i fengsel – skulle gjerningsmannen søkja å tilpassa bodskapen sin, i meir nynazistisk lei, men «kompendiet» hans knyter han til kontrajihadismen som ideologi. Det er deira verdsbilete som vert lagt fram. Det er deira fiendebilete, som er dominert av muslimar på den eine sida, og av svikefulle politikarar – særleg på venstresida – på den andre.

Det er deira tru på at det går føre seg ein omfattande konspirasjon for å eurabisera eller islamisera Europa.

Sjølv årstalet 2083 – framtidsåret gjerningsmannen nytta som namn på dokumentet, saman med tittelen på eit Fjordman-essay – kan vera henta frå det same nettuniverset. I essayet «Preparing for Ragnarök» trekkjer Fjordman veksler på den franske ytre høgre-ideologien Guillaume Faye, som også har vore ei sentral inspirasjonskjelde for den såkalla identitære rørsla.

Fjordman peiker på Faye si bok L´Archeofuturisme, gjeve ut seint på 1990-talet. Det er delvis ein ideologisk tekst, delvis ei slags science fiction-forteljing lagt til nettopp 2083. Faye sitt mål med boka var å leggja grunnlaget for «revolusjonær handling grunna i, men ikkje alltid knytta til tradisjon».

Fjordman nemner ikkje årstalet 2083, men finn openbert Faye sine idéar viktige nok til at han brukar mykje plass på å gje dei att, før han sjølv sler fast at det trengst ein mental revolusjon. Denne andelege revolusjonen er i følgje han «berre mogleg gjennom ei gigantisk krise, eit valdeleg sjokk, som allereie er på veg».

Det som skil 22. juli-gjerningsmannen frå det kontrajihadistiske bloggmiljøet er at han omsette idéane sine i konkrete valdshandlingar. Dei berre dansa langs kanten av stupet, med fantasiar om revolusjon, med fantasiar om væpna opprør, med fantasiar om komande borgarkrigar.

Men det finst også andre mørke profetar. Og andre som klipper og limer frå dei. Når me skal diskutera høgreekstremismen etter 22. juli 2011 er det naudsynt å også gå lenger attende i tid, og inn i eit anna høgreekstremt landskap enn det kontrajihadistiske.

I 1957 utvandra tyske George Dietz til USA, saman med kona. Dei slo seg ned etter kvart ned i Reedy, West-Virginia. Det er ein småstad med nokre hundre innbyggjarar, nokre hus blant skog og enger, langs ein støvete veg, ein stad som i dag har ei kyrkje, ein daglegvarebutikk og ein jernvarehandel. Der etablerte han ein bokhandel og ei postordreverksemd.

Dietz var fødd sist på 1920-talet, vaks opp i Nazi-Tyskland og hadde mot slutten av andre verdskrigen vore eit stolt medlem av Hitlerjugend. Også i USA engasjerte han seg ytterst på høgresida, og på syttitalet byrja han å gje ut tidsskriftet Liberty Bell. Tidsskriftet vart etter kvart meir og meir opent nynazistisk.

I 1983 fortalte Dietz abonnentane sine at han hadde lært seg «dataspråket». Det same året etablerte han Liberty Bell Network, eit såkalla bulletin board system (BBS). BBS-ane var blant forgjengarane til dagens internett, og kan noko forenkla omtalast som ei enkeltståande nettside ein kunne ringja opp til over ei telefonline.

Det var det året den opprinnelege Tilbake til fremtiden-filmen gjekk på kino, og høgreekstremismen hadde blitt digital. Kva idear vart forfekta på Liberty Bell Network? Washington Post vitja Beam i 1985, og deira intervju med han kan gje oss ein god peikepinn. I det hevda han at Holocaust var ei løgn. Han sa også at jødar, homoseksuelle og svarte burde plasserast i tvangsarbeidsleirer.

Den høgreekstreme aktivisten Louis Beam fekk hjelp av Dietz til å starta sin eigen BBS. Som 19-åring drog han i Vietnam-krigen. Etter å ha vendt heim engasjerte han seg mellom anna i Ku Klux Klan, men etter kvart vart han ein leiarfigur i den Idaho-baserte nynazistgruppa Aryan Nations.

Beam er ingen kven som helst i høgreekstremismen si historie. Han tok mellom anna til orde for det han kalla «leiarlaus motstand». Han meinte at hans likesinna måtte organisera seg i celler, utan kontakt med kvarandre og utan ei sentral leiing, for å kunna føra ein effektiv motstandskamp.

At denne i Beam sine auge måtte vera valdeleg, var det liten tvil om.

Ein annan tidleg BBS-eigar var Tom Metzger, som døydde i november i fjor. Metzger grunnla gruppa White Aryan Resistance, og også han forfeikta leiarlaus motstand. Midt på 1990-talet tok han også i bruk eit anna omgrep, i ein tekst på det som då hadde vorte til verdsveven, world wide web:

«Eg er klar for krigen som kjem», skreiv han. «Eg er krigaren som har gått under jorda, og uavhengig. Eg er i ditt nabolag, på skulen, på politikontoret, i barar, kaféar, kjøpesenter, osv, og eg er `den einsame ulven´».

Den einsame ulven er altså ikkje berre eit omgrep for å skildra sjølvradikaliserte einstøingar. Det er ein idé, ein strategi, ein visjon for den leiarlause motstanden. Og gjennom internett, der høgreekstremismen etter kvart har ei lang historie, har denne visjonen fått nytt liv dei siste åra.

Nettstaden Stormfront er ein av stadene ulveflokken har samlast. Også den oppstod fyrst som ein BBS, tidleg på 1990-talet. Grunnleggjaren Don Black er fødd i 1953, og var altså då ein veteran innan den amerikanske høgreekstremismen.

I 1996 gjorde han BBS-en om til ei nettside. Det var det året den originale Independence Day-filmen gjekk på kino, det året Joan Osborne song om korleis det ville vera om Gud var ein av oss, det var året før domenenamnet google.com vart registrert. Sidan har høgreekstremismen på nett skifta form fleire gongar, frå amatørmessige nettsider, til bloggar med kommentarfelt som i seg sjølv vart sosiale miljø, til chanforum, til kanalar i meldingsappar som Telegram og Discord. Men Stormfront har vore der heile tida.

I oktober 2008 registrerte Anders Behring Breivik ein brukarkonto på Stormfront. Han kalla seg «year2183», ein referanse til eit årstal hundre år lenger inn i framtida enn det han til slutt tok med i tittelen til manifestet sitt. Han la ut ein post der han fortalte at han var 29 år gamal og busett i Sverige. Han skreiv at han arbeida full tid med å skriva ei bok om islamiseringa av Europa, og la fram ein idé henta frå den kontrajihadistiske bloggosfæra: me er i ein slags evigvarande krig mellom muslimar og ikkje-muslimar.

Dessutan la han opp ein oversikt over høgrepopulistiske, høgreradikale og høgreekstreme rørsler i Europa. Saman med denne kom ein kommentar der han samanfatta fiendebiletet sitt: feminismen, korrumperte og forræderiske politikarar, media og akademikarar, og «pro-migrasjons-jødedom» vart skildra som eit hol i diket. Muslimar som vatnet som renn inn.

Det var ikkje ein kommentar som skilde seg ut i mengda. Stormfront er ein opent høgreekstrem nettstad, ein stad der hatet flaumar.

5. august 2012 – stadig nokre veker før domen mot Breivik fall i Oslo tingrett – hamna Stormfront igjen i søkjeljoset i samband med terror.

Den dagen gjekk 40 år gamle Wade Michael Page til åtak på ein gurdwara – eit sikh-tempel – i Oak Creek i Wisconsin. Han skaut og drap seks menneske, og såra fire andre, inklusive ein politimann som kom til staden. Page vart også truffe i skotvekslinga med politiet, og etter dette tok han sitt eige liv.

Etterforskinga avdekka raskt at Page hadde vore aktiv i eit høgreekstremt miljø i årevis. Han kom fyrst i kontakt med det medan han stadig tenestegjorde i den amerikanske hæren, midt på 1990-talet. Seinare vart han gitarist og vokalist i fleire høgreekstreme band, som Blue Eyed Devils, som syng: «Now I´ll fight for my race and nation / Sieg heil!» (No skal eg kjempa for mi rase og min nasjon. Sieg heil!). 

Reaksjonane på Stormfront var mangslungne: Nokre freista å framstilla Page som ein gærning. Nokre kom med konspirasjonsteoretiske forklaringar, for å kasta skulda på noko andre enn ein høgreekstrem gjerningsmann. Men nokre omfamna også Page.

Han hadde sjølv vore registrert på Stormfront i ei årrekkje, med fleire ulike brukarnamn. Han signerte gjerne postane sine med talet 88, ei nynazistisk kode for «Heil Hitler».

Dette mønsteret har gjenteke seg fleire gongar. I 2015 gjennomførte Dylann Roof eit terroråtak mot ei historisk svart kyrkje i Charleston, Emanuel-kyrkja. Han verkar å ha vorte radikalisert på nett, og hadde også skrive nokre få innlegg på Stormfront.

Før åtaket – som kosta ni menneske livet – la Roof ut eit slags manifest på sine eigne nettsider. Der la han også ut bilete av seg sjølv. Med våpen. Med sørstatsflagget. Med eit brennande amerikanske flagg. På andre bilete i hans eigenkomponerte mediapakke dukkar talet 1488 opp. I tillegg til 88, er det der teke med ein referanse til dei såkalla fjorten orda, forfatta av den terrordømde høgreektremisten David Lane: «We must secure the existence of our people and a future for white children». Me må sikra vårt folks eksistens og ei framtid for kvite born.

Roof var åleine om å utføra terroråtaket. Han vart også skildra som ein einstøing, ein loner. Men han var ikkje åleine om å ta i bruk slagordet til David Lane.

Når eit terroråtak kjem frå «ein av oss» vert det lett freistande å leita i det personlege etter forklaringar. Kor var det det gjekk galt?

Det er jo ikkje feil. Det personlege er viktig, jamvel avgjerande. Det kan vera gode grunnar til å spørja kvifor ein høgreekstrem ugjerningsmann enda opp med å verta det. Men når dette vert sett opp som kontrast til det ideologiske, er det ei merkeleg øving.

Fleire høgreekstreme ugjerningsmenn har ei tru på seg sjølv som redningsmenn. Fleire fantaserer om den komande krigen. Dylann Roof hadde eit ynskje om å starta ein rasekrig, og klaga i manifestet sitt over at ingen gjorde noko anna enn å sitja på nettet å skriva.

«Nokon må vera modige nok», skreiv Dylann Roof.

Han var kanskje ein einstøing. Men han hadde omfamna det som ikkje kunne avvisa han: Ideologien.

Det er eit refreng. Og ein grunn til å stilla spørsmålet: Kor einsame er desse einsame mennene?

Ein del av svaret handlar om ei kvinne. Ei forstyrra ung kvinne. Ei farleg kvinne. Det er ei historie som handlar meir om ein lengsel etter det ekstreme enn om ekstremisme, og ei historie som startar med ein nettbasert romanse.

22 år gamle Lindsay Souvannarath vart kjend med 19-årige James Gamble via sosiale media. Ho budde i utkanten av Chicago, forsøkte å skriva ein roman om ein gut som forelskar seg i døden, og brukte fritida si på måleri og på å lesa Nietzsche. Han var frå canadiske Nova Scotia, ein arbeidslaus, hasjrøykande ungdom utan vidare interesse for verken litteratur eller kunst.

Dei fann likevel tonen, kanskje fordi dei båe var outsiderar, kanskje fordi dei båe opplevde at andre fann dei skremmande, og på sitt vis sette pris på det. Og kanskje fordi dei båe var columbiners, del av ein subkultur med ein mørk fascinasjon for dei to unggutane som i 1999 gjennomførte ein massakre på Columbine High School.

Snart byrja dei to å snakka om å gjennomføra ei massakre sjølv. Var det som ein fantasi til å byrja med? Kanskje. Men etter kvart vart det konkret: Valentinsdagen 2016 skulle dei gå til åtak på ein supermarknad i Halifax, med skytevåpen og molotovcocktails; målet var å ta livet av så mange som mogleg. Det gjekk ikkje slik. Nokon hadde tipsa politiet, og dagen dei to skulle møtast vart James oppsøkt av politi heime, noko som enda med at han tok sitt eige liv. Lindsay vart arrestert på flyplassen i Halifa, og seinare dømd til fengsel på livstid.

Souvannarath hadde også flørta med nynazismen. Ho hadde dessutan hatt eit nettforhold til ein russar kjend som Alexander Slavros, grunnleggjaren av det obskure nettforumet Iron March.

Iron March var ein annleis ulveflokk. Der vart ikkje høgreekstreme terroråtak møtt med tilsvarande ambivalens som på Stormfront. Der fann glødande høgreekstremistar frå ulike kantar av verda saman, blant dei også nordmenn. Der vart ugjerningsmenn beundra. Kontrajihadistane hadde – med nokre få, marginale unntak – ikkje vita av 22. juli-terroristen. Dei ville helst bortforklara han. Helst lata som han ikkje hadde noko med deira idéar å gjera. På Iron March vart han derimot dyrka som ein helt. Der vart han jamvel kalla St. Anders, og omtalt som «ein inspirerande figur», som hadde «kjempa mot Sodomas vondskap».

Åtaket Souvannarath og Gamble planla var ikkje politisk motivert. Men det var den fyrste gongen Iron March vart nemnd i samband med at ekstreme valdsfantasiar vart konkrete. Det skulle ikkje bli den siste.

Iron March vart lagt ned i 2017, men nådde å fungera som ei slags fødestove for høgreekstreme grupper i både Storbritannia og USA.

Dessutan sytte Iron March for at den heller lite kjende høgreekstreme ideologen James Mason brått fekk eit nytt publikum. På åttitalet gav han ut eit nyhetsbrev kalla Siege. Der omfamna han terror som verkemiddel, og etterlyste han «einsame ørner».

Dei som hang der har gått vidare til andre avkrokar på nettet, og har teke med seg Mason sine idéar, inklusive dei som eksisterer i eit territorium som kan likna på columbiners sin mørke valdsfascinasjon. Det såkalla Siege-miljøet omfamnar det dei kallar akselerasjonisme, ein idé om at det å gjennomføra ugjerningar vil framskunda det eksisterande samfunnet sin uunngåelege samanbrot, framskunda rasekrigen, framskunda framveksten av det som skal koma etterpå.

Dei pakkar det ikkje inn.

I 2019 gjennomførte Brenton Tarrant eit dobbelt terroråtak i nyzealandske Christchurch, retta mot to moskéar. Han publiserte eit manifest som kunne synast å vera prega av idéar som kunne minna om Siege og Iron March.

Det er truleg at han plukka dei opp frå såkalla chanforum, ikkje minst 8chan, eit anonymt forum som i betydeleg grad har vore prega av både konspirasjonsteoriar og av ekstreme idear.

I manifestet uttrykte han støtte til både Breivik og Dylann Roof. Han påstod dessutan at han hadde vore i direkte kontakt med Breivik, ein høgst tvilsam påstand, men ein del av den ganske omfattande sjølviscenesetting hans. Tarrant annonserte åtaket sitt på 8chan og livestreama det på Facebook. Videoen var filma med eit actionkamera, slik at den kunne minna om eit dataspel.

Han drap 51 menneske. Men på 8chan var det dei som såg på det som eit føredøme, ein «high score», og som byrja å omtala han som ein sankt. Og snart fulgte åtak inspirert av Tarrant: eit åtak på ei synagoge i Poway i California, på ein supermarknad i El Paso. Og på ein norsk moské.

I mai 2020 stod Philip Manshaus for retten, tiltalt for drapet på si eiga adopterte søster, og for å ha gått til åtak på al-Noor-moskéen i Bærum.

Manshaus freista å gjera rettssalen til ein talarstol. Han sa at for å forstå handlingane hans, måtte ein forstå akselerasjonismen. Han snakka om behovet for ein revolusjon, og om korleis media vert styrt av «kulturmarxistar». Han hevda at det pågår eit folkemord å kvite europearar og amerikanarar, og at det igjen er eit resultat av jødisk kontroll over samfunn og media.

Desse idéane hadde han funne på nettet.

Det har gått ti år sidan terroråtaka 22. juli. Sidan den gongen har Noreg altså nok ein gong vorte råka av eit høgreekstremt terroråtak, utført av ein gjerningmann radikalisert online. I andre land finst det langt fleire døme.

Det er ikkje ei historie om «verdens ensomste mand», sjølv om einsemd kan gjera menneske meir sårbare for radikalisering, sjølv om den kan vera ein del av dei personlege forteljingane me så lett søkjer etter når ugjerningsmenn er «ein av oss».

Det er heller ikkje ei historie om einsame unge gutar og menn som likar å spela dataspel til langt på natt.

Det er ei historie om sosiale fellesskap som dyrkar ekstreme idéar, og som i blant finn fruktbar jord for hatet sine frø. Ei historie om ulveflokken, snarare enn om stadig nye einsame ulvar.

---

Del 2: Baklandet

27. juli 2011 stilte Navjot Sandhu eit betimeleg spørsmål i Dagens Næringsliv: Kva om Anders heitte Ahmed? Korleis ville Noreg då ha reagert? Korleis ville Noreg har reagert på eit bombeåtak i Oslo gjennomført av ekstreme islamistar, på eit massedrap på ungdom utført av slike?

Det er ikkje altfor vanskeleg å svara. Me kan sjå attende på korleis det faktisk vart reagert, då flesteparten av oss framleis trudde at terroråtaket i Oslo var eit islamistisk terroråtak, før rapportane byrja å koma frå Utøya, før rykta byrja å spreia seg om ein høg, blond mann.

Litt ut på ettermiddagen 22. juli 2011, før terroren kom til Utøya, la Per-Willy Amundsen i Frp ut ei melding på Facebook: «I dag er en mørk dag for nasjonen Norge. La oss håpe at det ikkje er mange drepte». Det var ei klok melding. Ein av følgjarane hans skreiv: «Eller i det minste håpe at de drepte er innvandringsvennlige sosialister».

Det vart skrive av ein tidlegare listekandidat for det djupt rasistiske partiet Norgespatriotane.

Ganske raskt kom også følgjande kommentar: «Naive sosialister sin skyld dette, som har tatt inn ALT mulig dritt som kan krype og gå, huff». Den er skrive av same person som klokka 17.22 – eit minutt etter at dei fyrste skudda fall på Utøya – la til: «Det snakkes om terrorhandling. Det kan vel like gjerne være grupper i den norske etniske befolkning som står bak dette. Grupperinger som har sett seg lei av overkjøringen av det norske folk, som foregår med denne regjeringen. Demokratiet har denne regjeringen gang på gang vist folket at ikkje gjelder, der de har turt frem i diktatorstil overfor den norske etniske befolkning. Det er trist at uskyldige har gått med. Stoltenberg og hans klan, ser jeg derimot ikke som uskyldige i dette tilfellet».

På Amundsen sin vegg ytrer denne kvinna i tillegg at ho trur «svært mange skulle ønske at en av de to døde var statsministeren selv». Klokka er 17.33.

Ho fekk sjølvsagt kraftig motbør frå andre av Amundsen sine facebookfølgjarar. Men lat oss ikkje gløyma at desse idéane dukka opp.

Også på Siv Jensen sin facebookvegg kom det kommentarar som gav sosialistar og innvandringspolitikken skulda for terroråtaket i Oslo. Dessutan kom det ein kommentar der det heitte: «Nei folkens, no tar vi med hagla og melde oss på teatime!». Teatime siktar til eit initiativ frå Antirasistisk Senter, ein kampanje der muslimar inviterte ikkje-muslimar heim på té, slik at dei kunne bli betre kjent med kvarandre sine kulturar.

Men desse ytringane frå 22. juli er blåbær samanlikna med kva som fekk passera i nettdebattar i åra før.

Eitt av dei mest hårreisande døma kjem frå nettstaden Hegnar.no, men ein kunne ha funne tilsvarande også på nettsidene til større mediehus. Hegnar.no sitt debattforum var likevel kjend for å ha om lag null moderering. I juli 2010 gjekk ein anonym debattdeltakar inn der og skreiv: «[Statsminister Jens] Stoltenberg er en mye større landssviker enn Quisling».

Svara kom raskt: «Helt enig!», «Quisling når ikke Stolten til anklene en gang», «Quisling, en landssviker? Ja, det er sant. Stoltenberg, en landssviker? Jepp, det er også sant. Hva er problemet?».

Ein kar skreiv at han ikkje kunne forstå korleis Stoltenberg var ein landssvikar, «all den tid han ikke er norsk, men jøde», og som jøde «har ingen lojalitet til nordmenn».

«Der kom jødehateren og ødela nok en tråd», heitte det i eit svar. «Som vanlig er klage sendt til admin». Men administrator gjorde ikkje noko ved dette heller. Debatten gjekk istadenfor vidare i det opprinnelege sporet, og snart kom ein kommentar som fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på meg, vel eitt år seinare: «Utøyet på Utøya er opplært til å hylle landssvik»

Dette er ikkje frå ein eller annan ekstremistblogg. Det er ikkje frå nettstaden til ei høgreekstrem gruppe. Dette er frå nettdebatten til eit norsk medium, med eit ikkje ubetydeleg tal lesarar.

Og her er det ubehagelege: Muslimhatet, jødehatet, arbeidarpartihatet … kjem det berre frå ekstremistar? Er det eit fenomen knytt til høgreekstremismen åleine? Til marginale utgrupper? Til folk som det for lengst nedlagte partiet Norgespatriotene, som for øvrig skulda også Siv Jensen for landssvik? Til dagens Alliansen? Eller til nazigruppa som er frekk nok til å kalla seg den Nordiske Motstandsrørsla?

Lat oss dukka ned i nokre nylegare kommentarfelt på jakt etter svaret. 9. juli publiserte rights.no ein artikkel om drapet på ein svensk politimann, og om at den svenske forfattaren Björn Ranelid «illsint og gråtende» hadde «gått ut på Facebook og definert `mange svenske politikere´ som `landsforrædere´ med `blod på hendene´».

Den statsstøtta tenketanken delte også denne artikkelen på Facebook. I kommentarfeltet som følgjer sluttar ei rekkje følgjarar seg til landsforrædarskuldinga:

«Visst er de landsforrædere. Både de og andre lands ledere fortjener denne karakteristiskken. Uten tanke for hva slags følger det fikk for land og folk har de i minst 40 år drevet en bevisst import av en fremmed ukultur som har ødelagt landene våre og omgjort dem til noe vi ikke lenger føler oss trygge i. Se hva resultatet er. Skal man ikke reagere? Er det ikke på tide å ta et oppgjør med disse forræderne?», heiter det i ein kommentar.

«Hva er det hvis det ikke er landsforræderi? Det er et forræderi mot det svenske folket! Det er det samme forræderi som bygger seg opp her i landet! […] De skyldige er svært enkelt å peke ut, det er globalistiske politikere som ønsker dette», står det i ein annan. «Det er jo sannheten. Fatter ikke hva som feiler disse politikerne. Vår sivilisasjon råtner på rot. Og det er en villet politikk», skriv ein tredje. Ein fjerde: «Det rare er at sånne mennesker sover godt om natten… og det verste er at Norge ligger rett i kjølvannet etter Sverige». Ein femte: «Ja, landsforrædere. Feiginger og svake små utgaver av mennesker. Disse folkene må og skal stå til ansvar for sitt svik».

Kven har skrive desse kommentarane? Eit pseudonym, som på sin eigen profil er mest oppteken av å protestera mot smitteverntiltak og mot koronavaksina, med ganske tydelege konspirasjonsteoretiske undertonar. Tre ganske lukka profilar, to av dei kanskje pensjonistar. Ein mann som på si eiga side postar om fine turar og om dataspel, som uttrykker støtte til Trump, og som ser ut til å ha slutta seg til idéen om at Trump tapte presidentvalet grunna valfusk.

Ein av profilane fører oss også vidare, inn på ei facebookgruppe som er fiendtleg innstilt til «APs Rikskringkasting». Der vert det delt ein artikkel frå document.no om at NRK er «mikrofonstativ for Arbeiderpartiets krav om `oppgjør´ med hat og rasisme». I kommentarfeltet kjem påstandar om at NRK er ein «sosialistisk interesseorganisasjon», sjølvsagt, men også kommentarar som denne: «Merkelig at nordmenn fortsatt ønsker å støtte Ap, som har gått bak ryggen på fire millioner nordmenn og islamisert landet i femti år». Og denne: «Folk som av personlighet er folkeforræder jobber i media. Folk som av personlighet er folkeforræder, leter alltid etter måter å hjelpe fremmednasjonale [på], og å angripe sin egen nasjon […]».

Kven skriv? Anonyme profilar. Ein av dei med eit norsk flagg som profilbilete.

Eit klikk vidare, inn på document.no-artikkelen. I kommentarfeltet der kan me lesa at Arbeidarpartiet ynskjer «total meiningskontroll», at dei har DDR som førebilete, at me lever under eit «både totalitært og korrupt» system, at NRK er «løgnmedia», at Noreg blir meir og meir islamisert, med hjelp frå Arbeidarpartiet, men også frå «Høyre, Venstre og KrF», som er «vel så ivrige i tjenesten med å legge Norges kultur og tradisjon, kristendom og dannelse død til fordel for Muhammeds skrekkvelde». At NRK driv med hjernevask.

Og at venstresida berre boksar mot skuggar når dei snakkar om høgreekstremisme.

Og det er nettopp det: Dette landskapet er ikkje høgreekstremt. Det me gløttar inn i er eit høgreradikalt bakland. Og trass konspirasjonsteoriar, trass muslimfrykt, trass forakten mot Arbeidarpartiet, trass fantasiane om islamisering, trass i at det også dukkar opp omfamningar av Fjordman, trass alt dette … dette er ikkje ekstremismen sitt bakland. Det er eit bakland til Framstegspartiet.

Sjølvsagt er ikkje alle i Frp vidare komfortable med det. Langt derfrå. I ei rekkje andre europeiske land ville dette dessutan vore veljarane til høgreradikale parti. I Noreg har Frp samla opp protestveljarar på høgresida, og stått i vegen for etableringa av eit parti til høgre for seg.

Men dette er heller ikkje eit bakland Frp kan ta for gitt. Diverse småparti freistar å erobra det. Meiningsmålingar kan tyda på at Demokratane til ei viss grad kan lukkast i det i år.

Og det er dette baklandet Frp appellerer til når dei opp gjennom åra har snakka om «snikislamisering» eller då Sylvi Listhaug la ut eit bilete med teksten: «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet».

---

Del 3: Ubehaget

Det har kome nye røyster til no, i diskusjonen om 22. juli. Røyster som etterlyser eit større oppgjer. Røyster som ikkje kjem til å tagnast.

Det er enkelt å konfrontera ekstremismen. Sjølv om det er grunn til å åtvara mot nettmiljø som hyllar terroristar, er dei miljøa små og marginale. Det er ikkje mange som uttrykker støtte til Breivik, Roof, Tarrant, Manshaus … Den høgreekstreme ulveflokken er reell. Men ikkje stor.

Samstundes: Det finst ikkje noko menneske som er ei øy. Og ekstremismen lever heller ikkje i ei verd for seg sjølv. Han andar i den same lufta som resten av oss, og kan finna næring i eit høgreradikalt landskap, i konspirasjonsteoriar, i forakt, i polarisering. Anders Behring Breivik oppsøkte Stormfront. Men han skreiv langt fleire kommentarar i kommentarfeltet til document.no. Og dei skilde seg ikkje vidare ut i mengda.

Ingen utanom gjerningsmannen kan lastast for udådane 22. juli.

Men om me skal ta eit oppgjer også med det høgreradikale baklandet, så vil det sjølvsagt vera langt meir ubehageleg. Meir ukomfortabelt. Meir betent. Og grunnen til det er enkel: Det er nærare oss.

Oppdatering, 29. juli: Sitata frå document.no er henta frå kommentarfeltet til artikkelen, dette har blitt presisert i teksten.


Kva er dette?

Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhendebrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.

Det vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhendebreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.

Klikk her for å abonnera:

Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.

Share