nr. 3, 2022: Konvoien
Laurdag gjekk ein demonstrasjon av stabelen i Oslo. Inspirert av den såkalla fridomskonvoien i Canada har også norske smittevernmotstandarar ynskt å få til ein bilkonvoi.
I alt møtte eit par-tre hundre menneske og i overkant av 100 køyretøy opp ved NRK sitt hovudkontor på Marienlyst, til Norway Freedom Convoy. Blant norske flagg vaia også det canadiske, og dessutan det gule Gadsden-flagget: ein klapparslange med teksten “Don´t tread on me”, ikkje trakk på meg.
Det er i seg sjølv interessant: dette er eit flagg med djupe røter i amerikansk historie, eit flagg som på 1970-talet vart nytta som eit slags symbol på libertarianismen, og eit flagg som i nyare tid har vorte omfamna av både tea party-rørsla og av mykje av det amerikanske ytre høgre. Gadsden-flagget dukka opp under den berykta Unite the Right-demonstrasjonen i Charlottesville i 2017, det dukka opp då Capitol vart storma 6. januar 2021 og det dukka altså opp i ein demonstrasjon mot smitteverntiltak i Oslo i februar 2022.
På sett og vis er det treffande: mange av idéane som svirrar i den norske avleggjaren av Freedom Convoy har amerikanske røter. Ideologien er uklår, men denne kjensla av å verta trakka på ser ut til å vera eit fellestrekk. Nokre av demonstrantane har også på seg ei gul stjerne, som for å samanlikna uvaksinerte sin situasjon med jødeforfølgingar.
Hovudkrava til demonstrantane var todelt: For det fyrste sa dei nei til koronapass. For det andre krevde dei at alle koronarestriksjonar skal opphøyra. Vart ikkje krava oppfylde innan fire om ettermiddagen skulle dei vidare til Stortinget.
Det enda med demonstrasjon framfor Stortinget også, igjen med nokre hundre deltakarar, appellar og musikk.
Representantar for dei to småpartia Demokratane og Partiet Dei Kristne var til stades. Dei sistnemnde var blant dei få som faktisk stilte med ein lastebil, som i tillegg til å seia nei til “koronapass og smitteverndiktatur” også synte fram ein appell mot høge straumprisar og dessutan teksten: “Alt for Norge! Nei til globalisme, ACER, EØS og Parisavtalen”.
Krav om at alle restriksjonar skal opphøyra? Snakk om smitteverndiktatur? Det kan synast merkeleg, særleg når alle dei forskriftsfesta tiltaka mot korona faktisk vart fjerna 12. februar.
Kanskje kjem ein nærare forklaringa i ein engelskspråkleg post publisert på ei facebookside som reklamerte for demonstrasjonen.
Der heiter det (her i omsetjing): “Det einaste som er ekstremt med fridomskampen som no spreier seg over heile verda er at han er ekstremt rettvis”. Og vidare:
Eg er meir overtydd enn nokon gong om at den oppvakninga som skjer no er ekstremt viktig, i Noreg som i Canada, USA og mange andre land som er i ferd med å få fridomen sin avskaffa i regi av globale, kapitalsterke, udemokratisk og menneskefiendtlege krefter. Me veit kva som skjer. Me veit kva retning det går i. I nokre land har det gått lenger enn i Noreg. Planen er offisiell og har ingenting med konspirasjonsteoriar eller ekstremisme å gjera. Etter å ha fått med seg den hårreisande og avskyeleg utenkelege reaksjonen frå globalistane sine manipulerande kampanjemedia og dei skamlause løgnene frå dei korrupte myndigheitene i ulike land, er det berre rimeleg å seia: Denne kampen er ein kamp verdas frie folk berre må vinna.
Eit gjennomgåande tema i samband med demonstrasjonen utanfor NRK og Stortinget denne helga har vore ei høyring som ligg ute på regjeringa sine nettsider. Det er ei høyring som i hovudsak handlar om å forlenga verketida til dei mellombels reglane som alt eksisterer for koronasertifikat. I tillegg er det ei justering av ordlyden i ein paragraf i lova, for å tydeleggjera skiljet mellom smitteverntiltak og bruk av koronasertifikat som dokumentasjon i samband med slike tiltak.
Ganske udramatisk skulle ein tru? Vel, i såkalla alternative media og gjennom sosiale media vert det spreidd ei heilt anna forståing, basert på lausrivne sitat frå høyringsnotatet. For notatet nemner jo både vaksineplikt og andre dramatiske smitteverntiltak. Dermed er sirkuset i gang.
Pål Steigan på steigan.no meiner det er snakk om innføring av eit diktatur. Andre meiner at tyranniet anten er innført eller like rundt hjørnet.
I røynda er dei nemnde tiltaka tiltak å finna i smittevernlova, og det har dei vore lenge før korona. I møte med eit “alvorlig utbrudd av allmennfarlig smittsom sykdom” kan myndigheitene taka slike tiltak i bruk. Men det er ein del grunnleggjande føresetnader som skal vera på plass: tiltaka må vera medisinsk-fagleg grunngjeve, dei må vera naudsynte av omsyn til smittevernet, og dei må framstå som tenlege etter ei heilskapsvurdering. Lova seier også at det skal leggjast vekt på friviljug medverknad og sler fast at tvangstiltak ikkje kan brukast "når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep".
Har alt av smitteverntiltak i Noreg dei siste åra vore godt nok grunngjeve? Tja. Gulating lagmannsrett har til dømes konkludert med at regelverk innført i Bergen kommune ikkje vart klårt nok medisinsk-fagleg fundert.
Det er verdt å leggja merke til at FHI, Helsedirektoratet og regjeringa ikkje lenger definerer korona som eit “alvorlig utbrudd av allmennfarlig smittsom sykdom”, noko som er ein viktig del for grunngjevinga for at dei forskriftsfesta tiltaka no er oppheva.
For å seia det brutalt: Påstanden om det nært føreståande tyranniet er ei løgn, og det er ei løgn basert på desinformasjon. I samband med motstand mot vaksiner og smitteverntiltak vert denne desinformasjonen diverre ikkje ratt sjeldan vevd saman med eit meir omfattande konspirasjonsteoretisk verdsbilete, som i den siterte facebookposten: Lumske og globalistiske krefter vil ta fridomen frå oss. Media fortel oss ikkje om det, og myndigheitene er korrupte og lyg berre til oss.
Fleire av appellantane på laurdag var innom PST si nylege trugsmålsvurdering, og korleis antistatlege idéar der vart peika på som ei mogleg kjelde til radikalisering.
Så er dette ekstremisme? Der gjeld det å halda tunga beint i munnen. For det fyrste finst det sjølvsagt rikeleg med legitime spørsmål rundt smitteverntiltaka. Også koronavaksineringa går det an å føra debattar om på eit sakleg grunnlag; til dømes rundt klokskapen i vaksinering av born. Og sjølvsagt finst det heilt rimeleg frustrasjon med korleis smitteverntiltaka har slått ut for folk flest, for næringslivet, for kulturlivet, for samfunnslivet.
Det sørgelege er at desse debattane gong på gong verta spora av gjennom vidareformidling av desinformasjon, og påhekting av konspirasjonsteoretiske førestillingar. Men verken desinformasjon eller konspirasjonsteoriar er i seg sjølv ekstremisme, og iallfall ikkje i den tydinga PST bruker ordet. Det er få som er drege inn i dette konspirasjonsteoretiske universet som faktisk vil oppmoda til eller uttrykka aksept for valdsbruk, snarare vert det ofte snakka om kjærleik og samhald.
Som PST skriv i si trugsmålsvurdering (mine uthevingar, red.mrk):
Det er foreløpig lite sannsynlig med et terrorangrep fra personer med antistatlige overbevisninger i Norge. Et eventuelt angrep vil sannsynligvis bli utført av en eller få personer. Ulovlige virkemidler som skadeverk og ordensforstyrrelser vurderes imidlertid som mer sannsynlig. […]Tematikken og trusselen er i en gråsone mellom politisk motivert vold og ordensforstyrrelser, og er følgelig et ansvar som også ivaretas av politiet.
Då er det jo verdt å leggja merke til at ein av appellantane på markeringa utanfor Stortinget i går den same Heiko Santelmann som var sentral i forsøket på å “beslagleggja” vaksiner på eit vaksinesenter på Tøyen i Oslo seint i januar (som omtalt hjå til dømes Filter Nyheter).
Dessutan: Førestillinga om at Noreg er eller i ferd med å bli eit diktatur, eit tyranni, er sjølvsagt også ein idé som kan bidra til radikalisering. Nokre flørtar heilt opent med valds- og revolusjonsromantikk. I eit lesarinnlegg publisert på steigan.no heilt nyleg heiter det til dømes:
Ved å innføre omfattende bruk av passerseddel, og ved å opprettholde trusselen om å holde folk som gisler i en årelang unntakstilstand underlagt den despotiske og tyranniske «smittevernstaten» […] åpnes det for to framtidige scenarioer:
En borgerkrig. Eller et livløst og sjelløst samfunn preget av styresmaktenes totalkontroll over enkeltindividet.
Den norske fridomskonvoien var ein bleik kopi av den canadiske. På eitt område liknar han likevel, han er ein slags allianse av dei misnøgde, eit slags forbund av mistillit.
Det inkluderte ei rekkje representantar for aller ytterste høgre. Hans Jørgen Lysglimt Johansen frå mikropartiet Alliansen var der. Han har gjentekne gongar uttalt seg glødande antisemittisk. Han var der saman med tidlegare medlemer av den nynazistiske organisasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen. Sentrale medlemer av den antimuslimske organisasjonen SIAN var der også. Ein velkjend aktivist frå den såkalla frimannrørsla, ei slags norsk sovereign citizens-rørsle var òg blant dei frammøtte.
Då er det grunn til å minna om kva som står i PST si trugsmålvurdering likevel:
Det er en delvis overlapping mellom antistatlig og høyreekstremt tankegods. Konspirasjonsteoriene rundt covid-19- pandemien forfektes også av flere høyreekstremister. Videre er ideen om at en skjult global elite styrer verden delvis sammen - fallende med høyreekstreme antisemittiske forestillinger.
I neste utgåve av Oppdateringar skal me sjå nærare på dei trugsmåla PST stadig ser på som dei største når det gjeld ekstremisme: høgreekstremismen og den ekstreme islamismen.
Les meir om temaet:
Den London-baserte tenketanken Institute for Strategic Dialogue gav i desember ut ein eigen rapport om anti-lockdown-rørsla i Canada. Dei viser til at nokre av dei som deltek i protestrørsla er frustrerte enkeltpersonar, men at mange av dei mest uttalte og mest sentrale aktivistane kjem frå ytre høgre.
Nettstaden The Verge fortel om korleis den canadiske “fridomskonvoien” har samla internasjonal støtte gjennom “a tangle of Facebook groups, Telegram channels, and random influencers, […] amplified and expanded by right-wing broadcasters like Carlson, The Daily Caller, or Canadian right-wing media network Rebel News”.
VICE News har hatt fleire artiklar om den canadiske demonstrasjonen. Det inkluderer ein artikkel om fire menn som vart arrestert i samband med ei tilknytt markering i Alberta, og som no er mistenkt for å ha planlagt drap. Avisa Globe and Mail har også skrive om dette.
Kringkastaren CBC har nyleg publisert eit radioinnslag om den saka, som også vert sett i samband med militsgruppa Diagolon.
Globe and Mail fortel også om korleis journalistar som har dekka protestane har vorte møtt av sjikane: “Brent Jolly, president of the Canadian Association of Journalists, said some form of hostility has always been a part of the job. But the scale of hate on display during the recent protests is unprecedented.”
Avisa har elles kritisert statsminister Justin Trudeau si handtering av situasjonen på kommentarplass (krev abonnement): “[He] has called mandate opponents misogynists and racists, a fringe minority with unacceptable views. Those who are demonized demonize back. Turning opponents of pandemic restrictions into the Other helped Justin Trudeau get re-elected. The occupation is the fallout.”
Europakommisjonen publiserte i fjor sommar ein rapport, utarbeidd av Institute for Strategic Dialogue, om antisemittisme i samband med koronapandemien. Den kan lastast ned frå europa.eu.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Fyll inn e-postadressa di nedanfor for å abonnera. Er du allereie innlogga på Substack trykker du “Subscribe Now”.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.