nr. 2, 2022: Trugsmålsvurderinga - del 1
PST peiker på antistatlege straumdrag som eit mogleg trugsmål. Det er det ikkje alle som liker.
Politiets sikkerhetsteneste (PST) la førre veke fram si trugsmålsvurdering for 2022. Der fjorårets vurdering såvidt nemnde det dei kalla antistatlege straumdrag, er fenomenet i år skildra meir i detalj, og PST skriv at dei har sett auka aktivitet blant personar med slike overtydingar, og på at gjerningspersonane bak fleire valds- og sabotasjehandlingar i vestlege land dei siste åra kan knytast til dei same konspirasjonsteoriane som også vert forfeikta av personar med antistatlege overtydingar i Noreg.
Dei peiker også på at mykje av den auka aktiviteten er knytt til konspirasjonsteoriar rundt koronapandemien.
Kva idéar er det meir konkret snakk om? PST peiker på to trekk. For det fyrste: idéen om at staten ikkje har eit legitimt grunnlag for å utøva makt. For det andre: konspirasjonsteoriar som fortel at verda vert styrt av ei hemmeleg, global elite med ein vondsinna plan:
I flere nettfora, både norske og transnasjonale, deles store mengder antistatlig propaganda og tilhørende konspirasjonsteorier. Ideene som preger de antistatlige strømningene i Norge, påvirkes og sammenblandes med forhold i utlandet. Retorikken inneholder til tider hets, hatefulle ytringer, trusler og oppfordringer om å utføre volds- og terrorhandlinger. I tillegg påvirker dagsaktuelle hendelser i stor grad hva de fokuserer på. Globale desinformasjonskampanjer i regi av statlige aktører vurderes også å opprettholde og til dels forsterke antistatlige oppfatninger blant sympatisører i Norge.
Dei nemner også ein delvis overlapp mellom antistatleg og høgreekstremt tankegods, både ved at høgreekstreme har omfamna konspirasjonsteoriar rundt korona, og fordi idéen om denne skjulte, globale eliten fell saman med høgreekstreme antisemittiske førestillingar.
PST vidare at det har vore ei auke i talet på valds- og sabotasjehendingar motivert av antistatlege idéar i fleire vestlege land dei siste åra. Måla for åtaka har i hovudsak vore statlege institusjonar, samt vaksinesenter og enkeltpersonar knytt til handteringa av pandemien.
Trugsmålsvurderinga nemner ikkje konkrete døme, men her er nokre som kan tena som illustrasjon på kva dei viser til:
Brannstiftingar eller forsøk på slike retta mot vaksinesenter, noko som har skjedd i Tyskland, Polen, Frankrike og Italia. I italienske Brescia har to menn seinare vorte dømd for å ha kasta molotovcocktails mot eit vaksinesenter.
Avisa La Notizia fortalde i mai i fjor at den eine av dei to gjerningsmennene hadde delteke i ein demonstrasjon mot smittevernreglar i Verona, berande på ein plakat som protesterte mot “helsediktaturet”, og at han på Facebook hadde skrive at det for å “øydeleggja fienden er naudsynt å bruka det same våpenet; frykt”. Same mann har seinare skrive eit ope brev der han årsaka seg for det han hadde gjort, men også skildra det som “ein demonstrativ gest mot vaksineplikta”.Meir nyleg har politiet starta etterforsking etter eit forsøk på brannstifting retta mot eit leilegheitsbygg i canadiske Ottawa. Det er framleis uklårt kva som ligg bak denne hendinga, men fleire media har sett ho i samband med pågåande demonstrasjonar mot smitteverntiltak i byen og med ei påstått konflikt mellom bebuarane og demonstrantar som har inntatt nabolaget, sjå til dømes omtale i avisa Ottowa Citizen.
I Tyskland, der “konspirasjonsteoretikarar og koronaløgnarar dansar polonaise”, for å sitera Frankfurter Rundschau, vakte det betydeleg merksemd då politiet i desember gjennomførte razziar og arrestasjonar retta mot eit miljø prega av konspirasjonsteoriar rundt korona. Bakgrunnen var at tv-kanalen ZDF hadde avdekka mordplanar mot den saksiske regjeringssjefen Michael Kretschmer. Du kan lesa meir om saka hjå ZDF og i Der Spiegel, eller på engelsk hjå DW.
I Belgia jakta belgisk politi forsumaren 2021 i vekesvis på ein soldat som tilsynelatande hadde gått under jorda, og som ein frykta at hadde planar om eit åtak mot virologen virologen Marc Van Ranst, noko du kan lesa meir om i Oppdateringar, nr. 17, 2021.
I USA ser konspirasjonsteoriar rundt korona ut til å spela ei rolle då ein mann drap sin eigen bror, som var apotekar. Eit anna amerikansk døme er ein apotekar som sjølv var påverka av konspirasjonsteoriar, som skal ha øydelagt vaksinedoser med vilje.
– Me er ikkje noko meiningspoliti, og dette har enno ikkje gjeve seg dramatiske utslag i Noreg, men me har sett det i andre land, sa PST-sjef Hans Petter Sjøvold i samband med framlegginga av trugsmålsvurderinga. – Det er når nokon går over til å bruka vald for å få fram meiningane sine at det vert vår sak.
Kva slags episodar kan ein snakkar om i Noreg? Seint i januar freista radikale vaksinemotstandarar å “beslagleggja” vaksiner på eit vaksinesenter på Tøyen i Oslo. Ein av dei sentrale aktivistane i det norske miljøet la i den samanhang også ut ei “oppskrift” på slike aksjonar mot vaksinesenter på sine eigne nettsider.
Ved eit anna høve har ein aktivist knytt til ytre høgre-miljø vorte meldt til politiet for omsynslaus åtferd mot tilsette ved eit vaksinesenter. Det har også førekome sabotasje mot mobilmaster i Noreg, noko som kan sjåast i samanhang med konspirasjonsteoriar rundt utbygginga av 5G-nettet, konspirasjonsteoriar som også har svirra i samband med koronapandemien.
Det PST snakkar om berre er ein flik av ein større landskap, ein del av eit større fenomen, og det fenomenet er på ingen måte einskapleg. Demonstrasjonar mot smittevern har til dømes samla menneske med høgst ulik ideologi og med ulik motivasjon. Nokre har gjerne berre vore frustrerte over smitteverntiltak som utvilsamt har vore inngripande i enkeltmenneske sine liv, i næringslivet, i samfunnslivet, i kulturlivet, tiltak som heller ikkje alltid har vore like godt funderte. Men mange av både deltakarar og appellantar har omfamna konspirasjonsteoriar. Det er mistrua til myndigheitene, mistilliten til det etablerte, som har vore samlande.
Slik har nokre deltakarar kunna snakka om kjærleik og samhald og om kamp mot det dei har oppfatta som totalitært kunna stå saman med aktivistar frå ytre høgre-miljø, frå anti-muslimske Stopp Islamiseringen av Noreg til den beint ut nynazistiske gruppa Den Nordiske Motstandsbevegelse. Eller for å ta eit anna døme: Under ein nyleg demonstrasjon i Bergen var ein av appellantane den norske bloggaren Are Hegrand, som mellom anna har formidla QAnon-idéar på norsk. Ein annan var Roger Dyrøy, nestleiar i fylkeslaget til det kristenkonservative partiet Dei Kristne.
Mistanken mot etablissementet har med andre ord brakt ulike politiske outsidarar saman. Slik har det PST omtaler som antistatlege idéar også kunna spreia seg, slik har konspirasjonsteoriar funne ny såjord, slik har nye alliansar oppstått.
Når ein skal diskutera denne breiare landskapen er det vanskeleg å unngå å også snakka om såkalla alternative media. Eitt døme er nettstaden document.no. For ei veke sidan publiserte nettstaden ein artikkel skrive av Marie Rørvik.
I denne heiter det at det ikkje er lett å sjå kven “som egentlig står bak massevaksineringen”, men at det “siver ut informasjon fra flere hold”. Det vert vidare vist til tyske Reiner Fuellmich, ein advokat kjend for sine heller alternative meiningar om koronaviruset og vaksina: Fuellmich meiner at vaksineringa rett og slett er eit gigantisk brotsverk mot menneskeheita og har sett seg fore å halda eit slags folketribunal mot dei han hevdar er ansvarlege, til dømes Bill Gates. Rørvik sin artikkel avslutter med å spørra om vaksinene har befolkningsreduksjon som siktemål.
Document.no sin redaktør, Hans Rustad, har også sjølv omtalt Fuellmich nyleg, og då som initiativtakar til eit “tribunal med venstresiden og Party of Davos på tiltalebenken”. I same artikkel skriv Rustad:
Vi har nok informasjon til å vite at våre medier og politikere forteller oss en nøye instruert versjon. De har ikke turt å røre ved hvor viruset kom fra og hvem som står bak. For mange av oss er det nytt at en mann som Bill Gates og kona Melinda spiller en så stor rolle internasjonalt. Men slik går det når det skapes gigantformuer som ikke er underlagt noen form for kontroll. Disse menneskene vil gjerne være med på å forme en ny verden.
[…] De er de nye oligarkene. Før var dette noe som bare fantes i Russland. Nå holder de største til i USA, og våre medier og politikere regner dem som “gode”.
De er på samme side. Det er også Erna Solberg, som har fått [et] eget uttrykk i øynene. Hun vet. Hun var med på å finansiere mye av det som har skjedd med vaksiner gjennom GAVI.
Tidlegare i februar skreiv Rustad også ein artikkel der han spekulerer i om vaksinene inneheld nanoteknologi, “metaller og chips”, “noe i vaksinene som myndigheter og Pfizer ikke snakker om”.
Då er det kanskje interessant å spørja: Korleis reagerte document.no på PST si trugsmålsvurdering? På videoplatforma deira, DOC-TV, introduserte programleiar Rebecca Mistereggen trugsmålsvurderinga slik:
Det som eigentleg kjem fram her er at folket er eit samansurium av konspirasjonsteoretikarar, nazistar, oppviglarar med voldspotensial. Alle som ikkje deler konsensus med myndigheitene er konspirasjonsteoretikarar og eit trugsmål mot rikets sikkerhet. Dei har nemleg det PST kallar antistatlege haldningar. Eg gjentar: antistatlege haldningar.
Og litt seinare:
Myndigheitene seier faktisk at folket er eit trugsmål mot myndigheitene, slik eg tolkar det.
Det er kanskje ikkje den beste tolkinga.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera:
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.