nr. 5, 2021: Dei identitære
Ein belgisk parlamentarikar drog til Paris for å demonstrera, trass i koronarestriksjonar. Han risikerer ei bot. Men bak ligg ei større historie om det europeiske ytre høgre.
Førre helg demonstrerte nokre hundre medlemer og sympatisørar av ytre høgre-gruppa Génération Identitaire i Paris, i protest mot at gruppa kan koma til å verta tvangsoppløyst av franske myndigheiter.
Blant dei var også Dries Van Langenhove. Van Langenhove er innvald i det belgiske parlamentet som representant for det flamsknasjonalistiske partiet Vlaams Belang. Han stilte til val på lista deira som uavhengig kandidat, og er ikkje partimedlem, men snarare ein leiande figur i den uavhengige, nasjonalistiske ungdomrørsla Schild & Vrienden (Skjold og venar). Også andre medlemer av denne gruppa var tilstade i Paris.
Det har skapt litt merksemd i Belgia, all den tid det gjeld strenge koronatiltak i landet, blant anna eit forbod mot ikkje-naudsynte utanlandreiser. Difor risikerer Van Langenhove ei bot, sjølv om han sjølv ser på reisa som “særs naudsynt”:
“Når det regnar i Paris, dryp det i Brussel”, seier både Van Langenhove og Vlaams Belang-leiaren Tom Van Grieken til De Standaard.
I seg sjølv er historia ein bagatell. Men bakenfor ligg ei større historie: ei historie om tette band mellom det flamske og det franske ytre høgre, og om den såkalla identitære rørsla.
Génération Identitaire
Røtene til den identitære rørsla er å finna i 2003. Året før hadde eit medlem av den såkalla tredjeposisjonistiske gruppa Unité Radicale freista å ta den franske presidenten, Jacques Chirac, av dage. I kjølvatnet vart Unité Radicale forbode. Nokre medlemmer var blant dei som oppretta Bloc Identitaire. I 2012 fekk ungdomsfløyen Génération Identitaire merksemd for ein video med ei “krigserklæring” mot 68-arane, og deretter for ein protestaksjon mot ein moské som var under bygging i Poitiers.
Sjå også:
Kristian Bjørkelo: “Identitærane kjem”, Humanist, november 2014.
José Pedro Zúquete si bok The Identitarians frå 2018, som kjem ut i paperbackutgåve seinare i år.
Ideologisk har Génération Identitaire mykje til felles med den såkalla nouvelle droite (nye høgre)-rørsla, ei rørsle som oppstod med tenketanken Groupement de recherche et d’études pour la civilisation européenne (Gruppe for forskning og studiar på europeisk sivilisasjon) i 1968, og som på mange måtar var eit forsøk på å reformulera diskrediterte idéar frå det ytterste høgre. Det skjedde blant anna gjennom eit fokus på etnopluralisme, ein idé om at ulike etniske grupper må ivaretakast gjennom at dei lever fråskilt frå kvarandre.
Den av nouvelle droite-tenkjarane som er viktigast for dei identitære er Guillaume Faye. Han hevdar sjølv å ha brote med rørsla i 1986, fordi dei gjekk rundt i sirklar. Faye har mellom anna skrive boka Archeofuturism (1998), der han går til åtak på dagens Europa som “eit produkt av modernitet og egalitarianisme”. Han meiner at me står ved slutten av ein historisk syklus, og at “barbarane” ikkje lenger står ved Europa sine portar, men i Europa sjølv. Faye sitt mål er å leggja på plass eit intellektuelle grunnarbeid for “revolusjonær handling grunna i, men ikkje alltid knytt til tradisjon”.
Génération Identitaire har også eit sjølvbilete prega av revolusjonær nasjonalisme, og dei har teke i bruk aksjonistiske verkemiddel, både for å provosera og for å gje seg sjølv merksemd. Den mest spektakulære aksjonen var kanskje då dei i 2018 sette opp eit symbolsk gjerde ved fjellpasset Col de l´Echelle på den fransk-italienske grensa, under slagordet “Forsvar Europa”.
Seinare same år gav Al Jazeera-dokumentaren Generation Hate eit innblikk frå innsida av Génération Identitaire (tilgjengeleg på YouTube: del 1, del 2). I dokumentaren fekk ein blant anna høyra korleis eit leiande medlem i Lille-avdelinga av organisasjonen, Rémi Falize, fantaserte om å gjennomføra terrorangrep retta mot muslimar.
15. mars 2019 gjekk ein anti-muslimsk ekstremist, Brenton Tarrant, til åtak mot to moskéar i nyzealandske Christchurch. Han drap 51 menneske. Den australske gjerningsmannen hadde henta sine rasistiske og antisemittiske idéar frå nettet. Tarrant la også ut eit slags manifest i samband med ugjerninga, prega av den same nettkulturen.
Sjå også:
Lasse Josephsen: “Dødskulten på nettet”, Fri Tanke, 1. mai 2019.
Manifestet inneheldt også, jamvel i sjølve tittelen, ein idé den identitære rørsla har omfamna: ei konspirasjonsteoretisk førestilling om at det går føre seg ei stor utskifting av Europa sin originale befolkning. På engelsk: The Great Replacement. På fransk: Le Grand Remplacement. Snart kom det fram at Tarrant også hadde donert pengar til identitære i både Frankrike og Austerrike.
Både Al Jazeera-dokumentaren og koplingane til Christchurch-terroristen er blant det som har vorte løfta fram av tilhengjarar av å forby gruppa.
Etterkvart framstår det også som ganske truleg at ei tvangsoppløysing av Génération Identitaire vil koma, sjølv om den franske forskaren Jean-Yves Camus – ein ekspert på ytre høgre – ikkje har tru på at det vil ha effekt. I Charlie Hebdo skriv han: “Me kan beklaga det, men det vil alltid finnast [grupper som] Génération Identitaire. Berre politikk kan hindra desse gruppene frå å veksa i tyding”.
Schild & Vrienden
Det starta i Frankrike, men Génération Identitaire inspirerte snart til etableringa av tilsvarande grupper i fleire land. I Austerrike har ei GI-gruppe leia av Martin Sellner hatt fleire hundretals aktive (I 2017 vitja Sellner for øvrig Oslo). I Tyskland har GI vore aktive sidan 2012, og tysk tryggleiksteneste har anslått at det er rundt 600 tyske GI-medlemer. I Portugal finst det ei lita gruppe som kallar seg Escudo Identitário (Identitært skjold). I Sverige har det vore halde ei rekkje konferansar med identitært utgangspunkt. I Noreg har det også vorte gjort fleire forsøk på å etablera identitære nettverk, utan vidare hell, men nordmannen Tore Rasmussen har spela ei rolle i den britiske avleggjaren av organisasjonen.
Sjå også:
Rapporten “From Banners to Bullets” frå Hope not Hate, som gjev ein oversikt over identitære miljø i ulike land.
Og i Belgia? I Belgia har dei Schild & Vrienden, ein organisasjon etablert av nettopp Dries Van Langenhove i 2017. Det starta langt på veg som ei facebookgruppe, med deling av memes og videoar, men vaks raskt til eit ikkje ubetydeleg miljø, som til liks med Génération Identitaire nytta seg av aksjonar for å få merksemd.
I det offentlege har Schild & Vrienden framstilt seg som ei rørsle grunna i identitet og familieverdiar. I 2017 slapp dei ein video der medlemer av organisasjon sa at dei ikkje ville ha “gater der kvinner ikkje lenger er trygge”, “eit samfunn som har gløymd normene og verdiane våre”, eller “eit Europa der europearar er i mindretal”, men at dei ynskte seg “motstandsdyktig ungdom”.
I 2018 sendte den flamske kringkastaren VRT ein dokumentarfilm om Schild & Vrienden, der gruppa si sjølvframstilling vart sett opp mot det som gjekk føre seg på gruppa sine interne sosiale media: på ei Facebook-gruppe og på ein kanal på Discord, som elles kanskje er mest kjend som ei gamerplatform.
I det offentlege tok Schild & Vrienden avstand frå rasisme. I dei interne gruppene flauma det bokstaveleg talt over med rasistiske, antisemittiske og også sexistiske meldingar og memes. I etterkant vart det starta etterforskning mot fleire medlemmer av gruppa, og nyleg vart det kjend at ni medlemer av organisasjonen vil verta stilt for rretten etter belgisk rasismelov, nokre av dei også for å ha fornekta holocaust, ei straffbar handling i Belgia. Blant dei er Van Langenhove, som sidan har vorte parlamentarikar. Avisa De Morgen skriv:
Etterforskarane fann også ut at Van Langenhove i blant tinga memes – kollasjer med ei humoristisk meint undertone, blant anna frå W.D., som også er blant dei tiltalte. Eit døme: eit meme med teksten “Kapp hender, samle inn diamantar, Kongo tilhøyrer oss”.
Det er ein referanse til dei mørkaste kapitla i belgisk kolonihistorie. Ifølgje politiet nytta Van Langenhove seg også av det afrikanskklingande pseudonymet Jean-Paul Mbongo, som han nytta til å posta sexistiske kommentarar.
“Når det regnar i Paris, dryp det i Brussel”, javisst. Den identitære rørsla i Frankrike inspirerte Schild & Vrienden, som også henta inspirasjon frå det amerikanske alt-right, men til liks med Génération Identitaire har også Schild & Vrienden hamna i vanskar fordi ein TV-dokumentar avslørte haldningane på innsida av organisasjonen.
Slik sett er det kanskje ikkje så rart at medlemer av organisasjonen fann det naudsynt å dra til Paris for å stø opp under sine politiske svirebrør.
Tips til eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:
Øyvind Strømmen i Stavanger Aftenblad: Når spiritualitet og konspirasjonsteoriar flyt saman, kan kald forakt pakkast saman med varme ord om kjærleik
Podcasten / radioprogrammet On the Media diskuterer deradikalisering, blant andre med den norske forskaren Stig Jarle Hansen.
The Conversation: Why we did it: the Kenyan women and girls who joined al Shabaab
Economist: What their chosen reading says about America´s far right
Mother Jones: After the Capitol Insurrection, Telegram Moved to Ban White Nationalists. Today, It’s a Different Story.
MDR: Razzien gegen Neonazi-Netzwerk in Thüringen, Sachsen-Anhalt und Hessen
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera:
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.