nr. 4, 2022: Informasjonskrigen
Konspirasjonsteoriar er eit våpen. Det er på tide å ta det på alvor.
Eigentleg skulle dette nyhetsbrevet handlar om PST si trugsmålsvurdering, og om trugmåla PST ser på som dei største når det gjeld ekstremisme: høgreekstremismen og den ekstreme islamismen. Men så kom det ein storkrig i Europa.
Det er ein krig som neppe går slik Putin hadde tenkt. Det verkar som om den ukrainske motstandsvilja er langt større enn den russiske leiarskapen såg for seg.
I tillegg kan ein få inntrykk av at dei har undervurdert omverda. I dag vedtok ei ekstraordinær generalforsamling i FN å fordøma og å krevja stans i invasjonen av Ukraina. 141 land røysta for. 35 avsto frå å røysta, av mange ulike årsaker. Men berre fem land røysta imot: Russland sjølv, Kviterussland - som i lita grad fører ein sjølvstendig politikk, Syria, Nord-Korea og Eritrea.
Det er ikkje ei liste av vener noko land bør ynskja seg, eigentleg, og det må sjåast på som eit politisk nederlag for Russland. Det same må dei omfattande økonomiske sanksjonane landet no blir råka av.
Økonomiske sanksjonar er ofte eit lite treffsikkert våpen, og ein kan risikera ein "rally to the flag"-effekt. Det har det vore mange døme på. Men det er neppe noko tvil om at dette svir. Saman med russiske tapstal kan ein vaklande russisk økonomi gjera russisk opinion langt meir ubehageleg for Putin å forhalda seg til. Det gjer det også vanskelegare å føra krig.
Men den russiske militærmakta er stor, og det er diverre altfor lett å sjå for seg at dei no vil setja inn tyngre skyts mot det ukrainske forsvaret. Den store respekten me har fått for ukrainske heltemot gjer likevel ikkje at me bør lata oss fanga av ynskjetenking i så måte.
Når det er sagt: Dei siste dagane har eg sett fleire døme på korleis russisk militærmakt har vorte møtt med sarkastiske kommentarar frå ukrainarar. Sarkasmen handlar om at det altså er slik russkiy mir (den russiske verda) ser ut. Om den russiske leiarskapen ser for seg ei slags innlemming av Ukraina i eit stor-Russland, må dei rekna med langvarig og hard motstand.
Det er omlag så langt eg vil gå i mine analyser av krigen. Eg har ingen militærfagleg bakgrunn. I norsk samanhang kan me kanskje likevel vona på ein endra europadebatt, på meir interesse for kva som rører seg i sentral- og aust-Europa, og på ei viss sjølvransaking på den norske venstresida. I den samband er Snorre Valen sin nylege tekst i VG verdt å lesa.
I samband med debatten om å senda norske våpen til Ukraina – ein debatt der det bør gå an å ha ulike, velbegrunna syn – skreiv også SV-aren Mikkel Grüner noko interessant heilt nyleg: "[Jeg] merker meg at det finnes en undertone, et ekko av russisk propaganda som har trengt dypt inn i egne rekker."
Smak litt på den setninga.
Sjølv har eg sett ekkoet mange stader, både til venstre og til høgre, og også dei siste dagane. Det dukkar opp på ulikt vis. Men ikkje minst dukkar det stadig vekk opp i form av konspirasjonsteoriar. I boka Giftpillen, gjeve ut i fjor haust, peikte eg mellom anna attende til ein tidlegare russisk krig. I august 2008 gjekk russiske styrker inn i Georgia, i det som vart påstått å vera ein slags “fredsskapande operasjon”, i forsvar for den russiskstøtta utbrytarrepublikken Sør-Ossetia.
Det høyrest kanskje kjent ut.
Det var ein krig dei russiske styrkene vann enkelt, og ein krig som i lita grad gjekk ut over Russland internasjonalt. Men likevel hadde den russiske leiarskapen ei kjensle av å ha tapt den internasjonale omdømekrigen i samband med konflikta. Internasjonalt orienterte russiske statsmedia hadde ikkje lukkast i å vinna gjennomslag for det russiske synet utanfor landets grenser.
Alt fleire år tidlegare hadde russiske myndigheiter etablert TV-kanalen Russia Today for – med Vladimir Putin sine eigne ord – å forsøka å bryte «det anglosaksiske monopolet på dei globale informasjonsstraumane». I kjølvatnet av Georgia-krigen skifta kanalen namn til RT. Fokuset vart også endra, eller som John Færseth skriv i den høgst lesverdige boka Fyrtårnet i øst, Putins Russland og vestlige ekstremister:
I stedet for å fremheve det som var positivt i Russland, skulle man vise at Vesten var like ille eller verre, ved hjelp av reportasjer om politisk uro, dårlig håndtering av problemer fra myndighetenes side og halv-apokalyptiske advarsler om en nær forestående samfunnskollaps. Alt sammen gjerne koblet til islam, flyktninger og innvandrere, eller til feminisme, transaktivisme og andre former for «politisk korrekthet».
I tillegg fekk konspirasjonsteoriar meir plass. Som den amerikanske journalisten Liz Wahl, som ei tid arbeida for RT, seier i eit intervju:
Manglande tillit til media, myndigheitene og den politiske klassen er utbreidd blant amerikanarar. Denne mistilliten er det enkelt å arbeida med. Og RT gjer det godt. Dei spinn på konspirasjonsteoriar som finn god såjord blant frustrerte og misnøgde amerikanarar. Kanalen fremmer paranoia om ei global elite som trekkjer i trådane og om korrupte vestlege regjeringar.
Færseth peiker på korleis russiske media som RT og Sputnik News ofte har løfta fram både konspirasjonsteoretikarar og høgreradikale, noko som på den eine sida gjev desse meir merksemd og autoritet, og på den andre sida også gjer det mogleg å visa eit russisk heimepublikum vestlege “dissidentar”, og gjennom desse styrka ei indremedisinsk forteljing om Russland som offer for vestlege komplott. Med andre ord: Konspirasjonsteoriar er eit våpen. Og det våpenet har vore ein del av Putin-regimet sitt arsenal i årevis.
Det er eit våpen som har virka. Og det eit våpen det er naudsynt å ta på alvor.
Les meir om temaet:
“Working in a Russian newsroom nearly a decade ago prepared me for modern day America. In both environments, conspiracy theories, false equivalencies, and half-truths infect the discourse and deform reality. In this current environment, truth and fact struggle to break through the paranoid and misinformed noise”, skreiv Liz Wahl i ein nyleg tekst for Daily Beast.
John Færseth syner paradoksa i den russiske framstillinga av høgreekstremisme i Ukraina, i ein nyleg gjennomgang for Vårt Land.
Rolling Stone Magazine ser nærare på nokre konspirasjonsteoretiske tilnærmingar til krigen i Ukraina, frå at den er eit “falsk flagg” til at Putin har gått til krig mot “djupstaten”.
Farhad Manjoo skriv i New York Times om korleis russisk propaganda rundt krigen i Ukraina har vore ineffektiv: “But we’re seeing something else, too: that our fear of Russian domination over digital discourse may have always been a little overblown.”
Avisa The Guardian gjev eit noko anna bilete frå Australia.
Politico fortel om korleis ein del av Russland sine tidlegare allierte i Europa har fått eit forklaringsproblem. For franskspråklege kan også ein artikkel frå den franske utgåva av Huffington Post vera av interesse, om eit bilete av Le Pen og Putin i valkampmateriell, som brått vart heller pinleg.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Fyll inn e-postadressa di nedanfor for å abonnera. Er du allereie innlogga på Substack trykker du “Subscribe Now”.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.