nr. 4, 2025: Konteksten
Austerriksk politi slo i førre veke til mot eit miljø dei meiner har lokka homofile menn i ei valdsfelle. Det er del av ei større historie.
Fredag i førre veke kunngjorde austerriksk politi at dei hadde slått til mot ei gruppe dei mistenkjer at står bak ei rekkje angrep mot homofile, der ofra vart lurt i ei felle, utsett for vald, rana og audmjuka. Filmar av dei valdelege åtaka vart delt i chatgrupper på nettet.
Det er ei metode som tidlegare har vorte nytte av høgreekstremistar i Russland og Belarus. Det mest kjende dømet på det er kanskje gruppa som på engelsk vart omtala som Occupy Pedophilia (russisk: Оккупай-педофиляй), som i årevis stod bak valdelege åtak, hovudsakleg retta mot homofile. I 2014 vart dei omtalt i HBO-dokumentaren Hunted: The War Against Gays in Russia.
Avisa Der Standard skriv at den austerrikske gruppa såg på seg sjølv som «pedojegarar». Det er eit fenomen som har dukka opp i fleire land, også i Noreg; ei form for sjølvtekt der påståtte pedofile vert banka opp og filma av dei sjølverklærte «jegarar» – gjerne unge menn – før filmane vert spreidd i sosiale media. Men mennene politiet meiner vart ofre for den austerrikske gruppa var ikkje pedofile.
Dei var homofile menn.
Og «jegarane»? Ifølgje Der Standard hadde dei koplingar til høgreekstreme miljø. Avisa nemner konkret Tanzbrigade Wien og avleggjaren Division Wien; den fyrste ei gruppe høgreekstreme technofans; den andre ei gruppe som sjølv omtaler seg som ei ungdomsgruppe knytt til den identitære rørsla (sjå også Oppdateringar #5, 2021; 18, 2021; 2, 2023). Under politiaksjonane – som fann stad fleire stader i Austerrike – vart det også funne både våpen og nazimemoribilia.
Ei rekkje antatte gjerningspersonar vart arrestert, i alderen 14 til 26, tolv menn og tre kvinner. Elleve av dei har austerriksk statsborgarskap, i tillegg vart ein kroatisk, ein rumensk, ein slovakisk og ein tysk statsborgar arrestert.
Michael Lohnegger, sjef for kriminalpolitiet i den austerrikske delstaten Steiermark omtalte aksjonen som eit slag mot hatkriminalitet motivert av ofra si seksuelle orientering. Etterforskninga starta etter ei rekkje ran i fjor vår og sommar, som ifølgje Lohnegger synte seg å ikkje handla om vanlege ran, men om «hatkriminalitet med sikte på å skada og audmjuka», om overlagte overfall og i eit høve også om det politiet meiner var eit drapsforsøk.
Frå før er ei rettssak allereie i gang i Graz, mot tre andre personar, skulda for å ha stått bak liknande brotsverk.
Det austerrikske dømet er langt frå unikt. Nyleg publiserte forskarane Jared R. Dmello, Mia Bloom og Sophia Moskalenko ein artikkel som ser nærare på korleis ulike former for ekstremistar finn saman i hat mot skeive.
Dei åtvarer om at anti-skeive narrativ vert nytta av ekstreme gruppe med ulike ideologiar, «frå jihadistar til høgreekstremistar til QAnon-tilhengjarar til incels», og peiker også på korleis dette skjer samstundes som både ytre høgre og meir tradisjonelt konservative krefter søkjer å sveikka skeive sine rettigheiter, og gjerne kjem med «giftige og diskriminerande kommentarar» (Sjå også: Oppdateringar #11, 2022).
Ekstreme grupper har ei vare dei vil selja, og hatet mot skeive er salbart.
«Det austerrikske ytre høgre har funne ein ny fiende», skreiv Liam Hoare i ein artikkel i New Statesman sommaren 2022. Sjølv om det nok kan diskuterast kor nytt dette er, peiker han på eit interessant døme.
Den sommaren sette høgreradikale aktivistar – frå nettopp det identitære miljøet – opp ein mur framfor inngangen til eit bibliotek i Wien. Muren var malt i Austerrikes raud-kvite fargar, og utstyrt med slagordet og emneknaggen #NoPrideMonth.
Bakgrunnen var at dragartisten Candy Licious skulle lesa eventyr for barn på biblioteket, eit arrangement meint å fremma både toleranse og lesning. Aktivistane la også igjen løpesedlar: «Me vil aldri godta at barn i dette landet vert indoktrinert med seksuell propaganda», heitte det.
Dei identitære var ikkje åleine. Bystyrepolitikaren Leo Kohlbauer frå det nasjonalistiske partiet FPÖ – no for øvrig landets største – sende ut ei pressemelding der han protesterte mot det same og la til at «barn vert indoktrinert med denne offentleg finansierte globohomo-ideologen».
Det er eitt godt døme på korleis idéar også sprer seg frå eit reint ekstremistiske landskap og inn i den parlamentariske høgreradikalismen. Globohomo er i utgangspunktet eit ganske obskurt omgrep, som bind saman to fiendebilete, eit rundt «globalistane» og «globalistisk homogenisering», eit rundt homofile. Det dukka fyrst opp i dei såkalla alt-right-miljøa, der høgreekstrem ideologi flaut saman med internettkultur, mellom anna frå chanforum.
Sidan har det vore å sjå mange stader: i eit dataspel laga med støtte frå den tyske, høgreekstreme gruppa Ein Prozent, i podcastar frå svenske nazistar, i putinistisk propaganda, hjå den kvinneforaktande influensaren Andrew Tate, i det djupt antisemittiske manifestet til den slovakiske terroristen Juraj Krajčík (sjå Oppdateringar #8, 2023; 9, 2024), men også hjå høgreradikale politikarar i både FPÖ og tyske AfD.
Hatet mot homofile og mot transpersonar dukkar opp igjen og igjen i ekstremismen. Det er ikkje overraskande, då ekstremisme ofte har forakt mot annleisheit som ein sentral ingrediens. Samstundes burde det oftare setjast søkjeljos på.
Men som ekstremismeforskaren J. M. Berger skriv i boka Extremism har også ekstremismen ein kontekst. Han oppstår, skriv Berger, frå sosiale økosystem, på ein måte som kan minna om været.
Det finst ikkje to orkanar som er heilt like kvarandre, peiker han å, men me kan likevel kjenna dei att når dei formast, me kan følgja utviklinga deira, me kan gjera anslag om korleis dei kjem til å utvikla seg vidare. «Men me kan ikkje forstå orkanar om me ikkje forstår tropiske stormar», skriv Berger, «og me kan ikke forstå stormar om me ikkje forstår vindar og hav».
Dei anklaga ugjerningsmennene i Austerrike representerer ein orkan. Men om me skal snakka om vindane og havet, har me meir å snakka om.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet vert laga på på fritida, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg:
Tilgang til heile arkivet
Tilgang til chat, saman med andre betalande abonnentar og Øyvind Strømmen, for spørsmål, diskusjon og forslag.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com
Eksterne lese- og lyttetips:
Jason Pack intervjuer ekstremismeforskaren og den prisvinnande forfattaren Julia Ebner over to podcastepisoder: 1, 2.
HateWatch / SPLC fortel om rettssaka mot nynazisten og akselerasjonisten Brandon Clint Russell.
Radka Trokšiarová, som overlevde nemnde Juraj Krajčík sitt terroråtak mot ein skeiv pub i Bratislava, er intervjua i den nye ProPublica-dokumentaren The Rise and Fall of Terrorgram.
Reuters rapporterer om uro for at FBI trappar ned innsatsen mot heimedyrka ekstremisme, etter at Trump utnemnde Kash Patel til FBI-sjef.