nr. 18: Den tyske høgreekstremismen

Den føderale tryggleikstenesta i Tyskland, BfV, publiserte førre veke sin årlege rapport, denne gongen for året 2020.

Rapporten er på over 400 sider, og diskuterer både høgreekstremisme, venstreekstremisme, ekstrem islamisme og såkalla Reichsbürger, med meir. Reichsbürger skal me sjå nærare på i neste utgåve av Oppdateringar om det ekstreme. I denne utgåva får du eit overblikk over kva rapporten seier om høgreekstremisme.

Det fyrste har me vore innom i ei tidlegare utgåve: det tyske ytre høgre har gått til åtak på smitteverntiltak, og har formidla konspirasjonsteoriar om pandemien. BfV-rapporten peiker her både på “isolerte påstandar” om at ei “jødisk elite” har skapt viruset og medvite forårsaka pandemien, og på den langt meir utbreidde varianten: at tyske myndigheiter har utnytta koronakrisa til å få på plass mekanismar for å overvaka befolkninga.

Dette biletet er likevel ikkje eintydig. Sven Skoda frå mikropartiet Die Rechte har til dømes ytra seg kritisk til konspirasjonsteoriar rundt COVID-19, men har samstundes sett moglegheit til ein revolusjon: “Ei kvar forverring av situasjonen har potensiale til å skaka alt det noverande” (“Jede Verschärfung der Zustände hat auch immer das Potential alles bisherige ins Wanken zu bringen.”)

Høgreekstremistar har delteke i ei rekkje demonstrasjonar mot smitteverntiltak, og sjølv om dei ikkje har dominert desse, har dei kunna utnytta dei til å spreia sin bodskap. I samband med at rapporten frå BfV vart lagt fram kommenterte også den tyske innanriksministeren Horst Seehofer nettopp dette: Høgreekstremistar har gong på gong kunna demonstrera saman med ikkje-ekstreme motstandarar av smitteverntiltaka, og desse andre demonstrantane har sjeldan tatt avstand frå meddemonstrantane frå ytre høgre.

Det er noko ein kan kjenna att frå fleire land. I slutten av april publiserte til dømes det svenske tidsskriftet Expo ein større artikkel om dei svenske gateprotestane mot koronarestriksjonar. Dei skreiv:

Mobiliseringen skedde framförallt i nyandliga kretsar men väckte också intresse inom svensk extremhöger. På plats på Medborgarplatsen syntes både lokala och ditresta personer med kopplingar till bland annat Nordiska motståndsrörelsen, Det fria Sverige och Alternativ för Sverige. 

Også i Noreg har me sett tilsvarande, noko forfattaren John Færseth peiker på i ein kronikk i Aftenposten frå midten av april. Politiets sikkerhetsteneste (PST) har dessutan åtvara om at koronapandemien kan bidra til radikalisering, då også grunna sjølve tiltaka:

PST-sjef Hans Sverre Sjøvold pekte på at tiltakene mot korona-viruset skaper økonomisk usikkerhet og arbeidsledighet, og har bidratt til økt sosial isolasjon.

– I tillegg ser vi at høyreekstreme i dag henter inspirasjon fra en bredere ideologisk plattform og er langt mer transnasjonale enn tidligere, sa Sjøvold.

BfV-rapporten peiker på eit område der pandemien har hatt motsett effekt. Den har lagt ein dempar på den høgreekstreme og høgreradikale musikkscena i landet, som ikkje er heilt ubetydeleg. Færre konsertar og tilsvarande arrangement har latt seg gjennomføra enn tidlegare år.

Internettradikalisering på ytre høgre er ikkje berre noko PST ser på, men også eit tema i BfV sin rapport. Dei peiker på at biletet er samansett, frå “dels valdsorienterte enkeltpersonar via lause samanslutningar til strengt hierarkisk strukturerte grupper og organisasjonar”, men peiker på at nettet gjer det mogleg å knyta band til andre med tilsvarande idéar på ein enkel, rask og grenseoverskridande måte:

Høgreekstreme grupper eller personar nyttar […] både konvensjonelle og kommersielle platformer som Facebook, Twitter og Steam og meir ukonvesjonelle variantar som sine eigne forum, 4chan og Gab. Grunna auka deplatforming, særleg på dei større sosiale nettverka, migrerer høgreekstreme brukarar frå konvensjonelle plattformer til mindre regulerte alternative plattformer som kan nyttast anonymt.

BfV-rapporten inkluderer også eit underkapittel om det nye høgre, Neue Rechte, noko ein kan lesa meir i detalj om i ein engelskspråkleg artikkel publisert av det tyske tidsskriftet DW. Det omfattar mellom anna den såkalla identitære rørsla, som også tidlegare har vore omtalt av BfV. I tillegg ser rapporten i denne samanhang nærare på tidsskriftet Compact, gruppa Ein Prozent, og foreininga Institut für Staatspolitik.

Meir plass vert likevel nytta på dei politiske partia NPD, Die Rechte og Der III. Weg, samt på den såkalla “Der Flügel”, fløyen, innad i Alternative für Deutschland. Denne kan du lesa meir om i ein artikkel frå Filter Nyheter.

Den mest alvorlege høgreekstreme valdshandlinga i Tyskland i 2020 fann stad i Hanau i februar. Då drap ein 43 år gamal mann ni menneske i eit åtak på to shishabarar, før han drog heim og også tok livet av mor si og seg sjølv. Mannen verka å ha vore motivert av høgreekstrem ideologi, og av eit hat retta mot innvandrarar, men verka også å vera psykisk sjuk. Som VICE Magazine skriv:

The man responsible for Germany’s worst far-right terror attack in four decades was not, in the words of one leading far-right expert, “a classical neo-Nazi.”

Instead, judging by the material he posted online, Tobias Rathjen appears to have been driven by a toxic mix of racist, conspiracist, and incel ideology, and likely suffered from serious mental health problems, experts say.

BfV-rapporten peiker på at den tyske, høgreekstreme scena i hovudsak også var oppteken av nettopp å framstilla gjerningsmannen som sprø. Nokre meinte også at staten gjorde nytte av udåden til å auka undertrykkinga av dei, og enkelte spekulerte i at ei større, statleg samansverjing låg bak. Nokre omtalte til og med udåden eksplisitt som utført av dei hemmelege tenestene.

Høgreekstrem vald er likefullt relativt vanleg i Tyskland. BfV-rapporten peiker på 1023 rapporterte valdshendingar frå høgreekstremt hald i 2020, ei auke samanlikna med 2019. Storparten av denne valdskriminaliteten er kategorisert som “framandfiendtleg”, og det inkluderer mellom anna ikkje mindre enn 13 brannstiftingar, i tillegg til to drapsforsøk og ei drapssak (åtaka i Hanau).

Og ifølgje BfV er det ikkje mindre enn 13.300 “valdsorienterte høgreekstremistar” i Tyskland.


Kva er dette?

Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhendebrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.

Det vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhendebreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.

Klikk her for å abonnera:

Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.

Share


Tips til eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:

Sidan sist:

  • I Oppdateringar om det ekstreme, nr. 17, kunne du lesa om jakta på den forsvunne belgiske soldaten Jürgen Conings, som ein frykta planla eit terroråtak. Conings er no funnen død. Les meir om saka i Politico.

  • I Oppdateringar nr. 16 vart den såkalla labhypotesa om COVID-19 diskutert. Den har også vore gjenstand for ei utgåve av podcasten QAnon Anonymous, som no er gjort tilgjengeleg for alle. Vertane intervjuer mellom anna virologen Alex Greninger. Høyr podcasten på Soundcloud: