nr. 1, 2024: Attende til Kankaanpää
Høgreekstrem akselerasjonisme dukkar opp i samband med tre politietterforskningar i Finland. Det gjer også bisarr "satanisme".
I Oppdateringar nr. 27, 2021 kunne du lesa om arrestasjonen av fem menn i traktene rundt tettstaden Kankaanpää i det finske landskapet Satakunta.
Etterforskninga mot dei fem starta eigentleg med det som vart omtala som ei mindre narkotikasak. I den samband vart mennene – ifølgje den svenskspråklege avisa Hufvudstadsbladet – fyrst mistenkt for «grovt skjutvapenbrott och brott mot bestämmelserna om explosiva varor». Sidan fekk saka ein ytterlegare dimensjon, i det politiet meinte dei andre brotsverka vart gjort «i terroristiskt syfte.»
Hufvudstadsbladet skreiv også:
Skyddspolisens specialforskare Eero Pietilä säger att det handlar om accelerationism. – Vi har analyserat det material som samlats in och jämfört det med internationella ideologier och nätverk som glorifierar terrorism, säger Pietilä.
Grunnleggjande byggjer akselerasjonismen på ein tanke om at (det liberaldemokratiske) samfunnet går i retning ein uungåeleg undergangen. Akselerasjonistar meiner at denne kollapsen også kan påskundast, og at det bør gjerast, for å raskast mogleg erstatta det noverande samfunnssystemet med det dei ser på som eit idealsamfunn.
Denne idéen finst forsåvidt i fleire former, men dei siste åra har omgrepet særleg vorte knytt til den høgreekstreme varianten. I denne ser ein for seg ein uungåeleg og apokalyptisk rasekrig mellom kvite og ikkje-kvite. Denne rasekrigen, meiner dei, må framskundast ved hjelp av polarisering, politisk vald og terror.
Akselerasjonismen har etterkvart vore tema i ei rekkje utgåver av dette nyhetsbrevet. I nr. 21, 2021 kunne du lesa om korleis omgrepet dukka opp i rettssaka mot Philip Manshaus, og litt om røtene i det nynazistiske nettforumet Iron March. I nr. 5, 2022 vart PST si omtale av akselerasjonisme i trugsmålsvurderinga for 2022 diskutert. I nr. 8, 2022 var temaet eit terroråtak i amerikanske Buffalo i mai 2022, eit åtak som var motivert av akselerasjonistisk ideologi. I nr. 10, 2022 dukka akselerasjonistisk litteratur opp i samband med rettssaka mot ein svensk høgreekstremist. Og i nr. 8, 2023 skreiv eg om eit terroråtak i slovakiske Bratislavia der ugjerningsmannen også henta inspirasjon frå nettbasert akselerasjonisme.
Når ein skal diskutera terrortrugsmålet frå høgreekstreme idag, kjem ein kort fortalt ikkje utanom akselerasjonismen.
Difor er det også på tide å igjen venda blikket mot Kankaanpää. Tidlegare i januar vart det nemleg klårt at finske påtalemyndigheiter har tatt ut tiltale mot til saman seks personar i Kankaanpää-saka. Dei seks vert anklaga for ei heil rekkje ulike brotsverk, inkludert mishandel, utpressing og brot på våpenlovgivning. To av dei vert også tiltalt for brot på finsk terrorlov.
I fjor sommar skreiv finske media at politietterforskinga mellom anna såg på planar om eit bombeåtak retta mot ein flyktningbustad i Niinisalo, nokre kilometer aust for Kankaanpää. Storavisa Helsingin Sanomat skriv no at det ikkje er mistanke om nokon konkret angrepsplan. Visestatsadvokat Jukka Rappe tilbakeviser også dette i eit intervju med det svenske tidsskriftet Expo: «I motsats till den mer eller mindre färgstarka rapporteringen i finska medier har vi inga indikationer på konkreta förberedelser för en egentlig terrorattack».
I det same intervjuet fortel han at «de tilltalade misstänks vara medlemmar i en radikaliserad högerextrem grupp med intresse för accelerations-ideologi».
I ein lengre artikkel frå i fjor sommar, fortalde Tuomas Rimpiläinen hjå den finske allmennkringkastaren YLE at politiet mistenker «satanistisk nynazisme».
Ok, lat oss stogga litt der: Dette kan høyrast litt ut som ein moralsk panikk som har blitt liggjande altfor lenge i kjøleskapet. Satanpanikk har vi erfaringar med også i Noreg, og – vel – Satan sel aviser.
Når det er sagt: boka 21 polkua pimeyden valtakuntaan (21 vegar til Mørkets Rike), ei bok skriven av pseudonymet Louhi Loosi, skal ha dukka opp i etterforskninga av Kankaanpää-gruppa. Som Ilti-Sanomat påpeiker er det ei bok som låner idéar frå den obskure og djupt voldsforherligande gruppa Order of Nine Angles, som den norske skribenten Didrik Søderlind har omtalt som «enten en nazistorganisasjon forkledd som satanistisk orden – eller en satanistisk orden forkledd som nazistorganisasjon.»
Heilt uviktig er ikkje dette, for idéar derfrå har også funne vegen inn i den høgreekstreme akselerasjonismen, blant anna takk vere Joshua Caleb Sutter og hans såkalla Tempel ov Blood (ja, det vert skrive nett slik). Sutter har også drive med forlagsverksemd, og har gjeve ut boka Iron Gates, ein sadistisk voldsfantasi av det groteske slaget.
Den vart omfamna av den akselerasjonistiske gruppa Atomwaffen Division.
Dette høyrest ut som plottet til ein dårleg film av typen som aldri gjekk på kino. Her er ein twist til: Sutter har vist seg å vera FBI-informant.
YLE-artikkelen frå i sommar peikte også på koplingar mellom Kankaanpää-mennene og andre finske nynazistmiljø.
Blant dei omtalte koplingane er band til ei gruppe i Muurame nær Jyväskylä, med band til det amerikanske Hammerskins-miljøet. Også koplingar til den såkalla Nordiske Motstandsrørsla, ei nynazistgruppe av svensk opphav, vert nemnd. Denne rørsla vart i 2020 forboden i Finland. Ho har også hatt aktivitet i Noreg.
Dessutan nemner artikkelen band til ein ikkje namngjeven «britisk skinhead» og til tre leiande figurar på den ekstreme finske høgresida, heller ikkje dei omtalt med namn.
Dersom det ikkje er rein sensasjonalisme, kan det teikna til ein interessant rettsprosess mot mennene frå Kankaanpää.
Som Expo skriv er Kankaanpää-saka også berre ei av fleire. I oktober dømde tingretten i Päijät-Häme tre menn for ulike brotsverk «i terroristisk syfte». Heller ikkje dei var anklaga for å ha planlagt eit konkret terroråtak, men saka er urovekkjande nok. Den av mennene som fekk den lengste dommen, 29-årige Viljam Lauri Antero Nyman, hadde laga eigne våpen med ein 3D-printer og freista også å skremma ein familie i nabolaget vekk frå heimen sin. Ifølgje domen var hudfargen deira motivet.
På telefonen sin skal for øvrig Nyman ha hatt lagra ei PDF-utgåve av 21 polkua pimeyden valtakuntaan, ifølgje Ilti-Sanomat.
I avhør omtalte Nyman satanisme som eit interessant fenomen og boka som «bra greier», men sa han samstundes at han ikkje på nokon måte var satanist eller dreiv med satandyrking. Ei meir edrueleg tilnærming enn å snakka om «satanistisk nynazisme» kan i så måte vera å sjå på denne fascinasjonen som eit utslag for den generelle fascinasjonen for og dyrkinga av vald som finst innan akselerasjonismen.
At Nyman og kumpanane hans sverma for denne er det nemleg liten tvil om. Den svenskspråklege avisa Hufvudstadsbladet fortel:
I januari [2023] skriver Viljam Nyman på Telegram: ”En ny grupp på temat accelerationism har öppnat”. I gruppen Rautanuoriso postar han en liten teaser: Det är tillåtet att tala om olika scenarier i gruppen, bara det handlar om att behandla ett tema och inte om hård uppvigling, kom ihåg att lägga till ‘behandlar ett tema’ eller ‘bara i minecraft’ eller dylikt om ni talar om tunga grejer.”
[…] På ruinerna ska ett annorlunda samhälle byggas, förklarar den tidigare sannfinländaren som misstänks för de falska bombhoten.
”Redan att teoretiskt utforska ämnet anses farligt, eftersom det avslöjar att dagens värld drar sina sista andetag, den är en torso som är murken inuti och rutten på ytan”, säger han i en intervju på en högerextrem sajt.
Eitt par månader seinare ynskte han til lukke med årsdagen for «Tarrant-streamen til chattane», ein referanse til ugjerningsmannen Brenton Tarrant og til terroråtaket retta mot to moskéar i nyzealandske Christchurch i 2019.
Også i ei tredje sak dukkar både akselerasjonismen og 21 polkua pimeyden valtakuntaan opp. Dette er kanskje den mest bisarre.
I mars 2023 vart ein 43 år gamal mann pågripen av Centralkriminalpolisen, mistenkt for å ha sendt falske bomber til partikontora til tre finske parti: sosialdemokratiske SDP, venstrepartiet Vasemmistoliitto og grøne Vihreät. Ifølgje YLE fekk politiet seinare mistanke om at den same mannen planla eit ritualdrap, på bakgrunn av ein videosnutt publisert på Tiktok. Eg let YLE oppsummera:
I tillegg til den kappekledde mannen viser videoen ein skog, åkrar, ein innsjø og ei dyreskalle. […] Det generelle inntrykket er mørkt og ritualistisk.
Mot slutten av videoen, vert det vist ein tekst:
I dei vest-finske skogane ventar eit hemmeleg tempel på eit offer. Kvart syttande år, når stjernene står rett på himmelen…
YLE viser også til meldingar i ei gruppe på Telegram, samtaler mellom pseudonyma Kahen Kilon Siege og Herra Kansa. Det fyrste tilhøyrer alt nemnde Nyman. Det andre vert av YLE sett i samband med 43-åringen bak dei falske bombene, sjølv om han sjølv nektar for dette. Samtala seier uansett mykje. Kahen Kilon Siege skriv at han har laga 3D-printa våpen. Herra Kansa svarer:
Finland manglar akkurat denne typen verkeleg radikal handling som sender sjokkbølgjer gjennom heile samfunnet, slik gru at folk spyr av sjokk når dei høyrer at noko slikt har skjedd.
Ein annan stad skriv Herra Kansa at han er ein av forfattarane bak 21 polkua pimeyden valtakuntaan.
Ifølgje YLE har politiet også funne meldingar på 43-åringen sin mobiltelefon som peiker i den retninga. Den finske allmennkringkastaren fortel vidare at dei gjennom eigen research har kunna stadfesta at områda som er å sjå i den nemnde Tiktok-videoen er å finna i skogane nær mannen sin heim og ved ein innsjø i nærleiken. Dei fortel at dei sjølv har funne eit «alter» vist på videoen.
Den aktuelle mannen var for øvrig tidlegare medlem av det høgreradikale partiet Sannfinnane, har skrive ei rekkje tekstar publisert på partiet si bloggplatform. Han har tidlegare også skrive ei analyse for ein tenketank med tette band til partiet.
Det heile kan bli ei ganske pinleg sak for Sannfinnane, sjølv om mannen ifølgje Hufvudstadsbladet enn så lenge har «motiverat sina handlingar med att det handlade om reklam för en bok han skriver.»
Sjølv om det skulle vera sant, er det liten tvil om at mannen har gjeve uttrykk for svært ytterleggåande standpunkt.
Hufvudstadsbladet siterer ein artikkel den tidlegare sannfinnen har publisert på nett. Der skriv han at det i røynda ikkje finst menneskerettar, og at det også finst «andre oppfatningar av kva som er sant, andre verdivurderingar. Ifølgje desse kan skadelege medlemer slettast ut av samfunnet.»
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Tips gjerne også andre om nyhetsbrevet.
Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera på e-post oyvindstrommen@gmail.com.
Eksterne lesetips
Her finn du tips til lesestoff, podcastar og anna som kan vera verdt å få med seg, knytt til ekstremisme og / eller konspirasjonsteoriar.
Svenske Expo skriv om valdsfantasiar og valdsretorikk i rørsla Knapptryckarna: – – Alla borde beväpna sig för att möta Putin, men på väg till Ryssland kan man ju passera riksdagen också, säger Bejerstrand ackompanjerad av skratt från övriga paneldeltagare.
Non-profit-mediehuset Correctiv fortalde tidlegare i januar om eit hemmeleg møte som inkluderte representantar for det tyske høgreradikale partiet AfD, identitære og andre på ytterste høgreside i landet, og der det vart diskutert ein plan for massedeportasjonar. Saka har vakt stor merksemd i Tyskland og ført til store demonstrasjonar mot AfD. Artikkelen er tilgjengeleg både på engelsk, tysk, og fleire andre språk.
I Oppdateringar nr. 9, 2022 kunne du lesa om høgreekstremistar som kjempa for Putin. Artikkelen nemnde også Igor Girkin, som sidan har hamna på kant med russiske myndigheiter, og nyleg vart fengsla. Sjå også min artikkel om Girkin i Stavanger Aftenblad i juli 2023.
ICCT (International Centre for Counter-Terrorism) har laga ein podcast om det som på norsk gjerne (og noko misvisande) vert omtalt som antistatleg ekstremisme. I den nylege episode 3 intervjuer dei forskaren Julia Ebner, som i fjor gav ut boka Massenradikalisierung.
20 år gamle Aimenn Perry vart nyleg dømd for brannbombinga av ei sosialliberalt orienert kyrkje i Ohio, visst nok i protest mot at det skulle arrangerast dragshow i kyrkja. Perry hadde band til den høgreekstreme gruppa White Lives Matter. Les meir i Washington Post eller USA Today.