nr. 27, 2021: Akselerasjonismen
Finsk politi har arrestert fem menn, i samband med mistankar om terrorplanar motivert av høgreekstremisme. Dei fem vert sett i samband med den såkalla akselerasjonismen.
Tysdag i førre veke vart fem menn arrestert i Finland, mistenkt for terrorplanlegging med eit høgreekstremt utgangspunkt. Dei fem er mellom 23 og 26 år, og alle busette i traktene rundt Kankaanpää, ein tettstad i det finske landskapet Satakunta. Tre av dei er tidlegare dømd for valdskriminalitet, i samband med slagsmål.
Ein av dei fem har sidan sluppe u…