nr. 12, 2022: Ein komande borgarkrig?
Tre nylege bøker snakkar om ein mogleg komande borgarkrig i USA. Me bør vera meir uroa for det som ligg rett framfor augene på oss.
I eit nyleg intervju med Washington Post snakkar terroranalytikar Malcolm Nance om det han kallar Trump-opprøret i USA, eller The Trump Insurgency in the United States, som han har gjeve forkortinga Titus.
Det same gjer han i den nyleg utgjevne boka They Want to Kill Americans, og i intervjuet gjev han også uttrykk for noko av det same som plager meg med boka.
For all del: Nance har nokre viktige poeng, både om farene ekstremistar utgjer i dagens USA, om korleis Trump som president har bidrege til å spela dei sterkare, om eit republikansk parti på ville vegar og om koplingar mellom apparatet rundt Trump og svært radikale grupper og idéar.
Innvendingane mine er tre. For det fyrste måler Nance med for brei pensel, noko som blir tydeleg alt tidleg i boka, som når han skriv at dei siste fem åra “i varierande grad har omdanna så mange som syttifire millionar amerikanarar til forkjemparar for diktatur og fiendar av demokratiet”. Talet er det same som talet på Trump-veljarar, og lesarar av Nance si bok kan fort verta forvirra: Kva er dette Titus? Er det eit republikansk parti der Trump idag er ein dominerande figur? Er det ei skildring av den delen av partiet og veljarane som har nekta for at Joe Biden vant presidentvalet i 2020, og som har forfeikta konspirasjonsanklager om valfusk? Er det ekstreme, akselerasjonistiske grupper som omfamnar rein nynazisme, dyrkar terroristar som heltar og fantaserer om ein komande borgarkrig? Er det alle tre?
Den breie penselen fører lett til ei samanblanding av fugl og fisk, eller rettare: ei samanblanding av republikanske veljarar som har lata seg påverka av ein amerikansk president si omfamning av valfuskpåstandar på den eine sida og ytterleggåande ekstremistar som Atomwaffen Division på den andre. Kanskje bidreg den også til det som er den andre innvendinga mi, nemleg ei vel lettbeint framstilling av høgreekstreme grupper. Ein stad skriv Nance til dømes at akselerasjonistiske høgreekstremistar har “ein Trump-leia kvit etnostat” som mål. Det er riktig at denne høgreekstreme retninga fantaserer om ein kvit stat, men denne fantasien har i røynda lite med Trump å gjera.
Slike lettvintheiter vert ståande i vegen for tidvis nyttige gjennomgangar av amerikansk høgreekstrem historie. Den står i vegen for diskusjonar om korleis Trump har spela ekstremistar sterkare.
For meir om akselerasjonisme, sjå tidlegare utgåver av Oppdateringar om det ekstreme: #21, 2021; #27, 2021; #1, 2022; #5, 2022; # 8, 2022, #10, 2022.
Dei står også i vegen for lesverdige gjennomgangar av terrorplanar som dei lagt av dei såkalla Michigan Wolverines, som ville kidnappa delstatens guvernør Gretchen Whitmer, halda ein “rettssak” og ta livet av henne som straff for påstått forræderi, eller for korleis døme som det faktisk passar inn i ein større samanhang. Det er for øvrig også ei sak som reiser spørsmål ved FBI sin metodebruk, noko Nance ikkje diskuterer.
Den tredje innvendinga mi er mot den alarmistiske tonen. Skildringa av eit tenkt scenario der ei høgreekstrem gruppe i mars 2023 gjennomfører koordinerte drap og utløyser noko nær ein borgarkrig framstår mest av alt som ein dårleg spelefilm. Dei føretrekk eg å få servert på Viaplay, og ikkje i bokform.
Nance er likevel ikkje den einaste som ser mørke skyer på horisonten. Det same gjer både den canadiske forfattaren og journalisten Stephen Marche i boka The Next Civil War og borgarkrigforskaren Barbara F. Walters i boka How Civil Wars Start. Båe vart gjeve ut i januar i år. Båe inneheld tenkte scenario for ein slik framtidig krig, og klårgjer at dei ikkje ser for seg ein borgarkrig av det slaget som vart utkjempa på 1800-talet.
Marche skriv mellom anna om ein systemisk kollaps forårsaka av naturkatastrofer utløyst av klimaendringar, og om eit bombeåtak retta mot Capitol som starten på ei bølgje med valdsbruk. Medan Marche si bok ofte er lesverdig, og definitivt peiker på nokre reelle utfordringar, verkar scenaria hans både oppstylta og usannsynlege. Det gjer boka til ein slags science fiction innpakka som sakprosa, trass i at det ligg interessante poeng bakt inn i henne, som når han skriv om amerikansk høgreekstremisme, om alt right-figuren Richard Spencer, om såkalla sovereign citizens, eller om konflikta rundt eit bronsestatue av ein sørstatssoldat i Chapel Hill i Nord-Carolina.
Den mest skremmande av dei to bøkene er likevel den mest nøkterne av dei, Walters si bok. Sjølv om også ho tillet seg ei dramatisk skildring av eit tenkt scenario ein serie bombeåtak i november 2028, er det meste av boka ein presentasjon av situasjonar som aukar fåra for borgarkrigar, med referanse til faktiske slike forskjellige stader i verda. Walters peiker på at dei opptrer oftare i ufullstendige demokrati, både i statar som er i ein demokratiseringprosess og i statar der demokratiet blir sveikka. Ho peiker på korleis ei tidlegare dominant gruppe som opplever at posisjonen deira vert sveikka ofte speler ei rolle
.
Ho skriv om politisk faksjonalisme der identitet vert viktigare enn politikk, og peiker på det ho kallar “etniske entreprenørar” som dyrkar fram mistru, hat og - viktigast - frykt for dei andre. Ho fortel om rolla sosiale media har spela for slike, til dømes i samband med forfølgingane av rohingya-folket i Myanmar, ein gjennom verken Facebook eller Telenor kjem vidare godt ut av. Denne gjennomgangen er både lesverdig, interessant og lærerik, sjølv om ho ved nokre høve burde vore grundigare, til dømes rundt Russland si avgjerande rolle for krigføringa i det austlege Ukraina attende i 2014, og i blant meir presis, som når ho – i samband med ein diskusjon rundt det europeiske ytre høgre – skriv om Sverigedemokraterna.
I mange høve vil omstenda ho skriv om slett ikkje føra til borgarkrig, og Walters skriv også om korleis ein slik vart unngått i Sør-Afrika i samband med apartheidregimets fall, der mange av føresetnadene var på plass. Likevel er det vanskeleg å lesa Walters si bok utan å verta uroa for at USA skal verta råka av meir politisk vald, og kanskje av omfattande politisk vald. Det er ein foruroligande tanke, også fordi det vil ha konsekvensar i andre delar av verda. Korleis ville ein slik situasjon påverka trugsmål frå ekstremistar andre stader, gjennom eksport av ekstreme idear? Korleis ville det påverka trugsmålet frå til dømes ekstreme islamistar, som høgst sannsynleg ville sjå på eit sveikka USA som ein moglegheit? Korleis ville det påverka den geopolitiske situasjonen i Europa? Slike spørsmål er det lett å sitja att med ved lesning av Walters’ bok.
Eg kjem til å tenkja på ei line i ein Rammstein-låt, og på eit sitat frå Leonard Cohen. Det fyrste: “We’re all living in Amerika”. Det andre: “You won’t like what comes after America”.
Det kanskje mest interessante med spekulasjonar om moglegheitene for ein ny amerikansk borgarkrig er likevel ikkje spekulasjonane i seg sjølv, men at dei dukkar opp.
I amerikansk høgreekstremisme er sjølvsagt fantasiane om den komande borgarkrigen sjeldan langt unna, som hjå Oath Keepers (sjå også Oppdateringar #4, 2021). Fantasiane gjorde seg gjeldande i samband med storminga av Capitol, inkludert i t-skjorter med teksten MAGA Civil War.
Det er ein form for valdsromantikk ein i blant også vil finna hjå skrivebordskrigarar i det norske ytre høgre, gjerne saman med meir utbreidde anklager om landsforræderi.
No dukkar spekulasjonar om fåra for ein framtidig borgarkrig i USA opp på andre kantar. Sjølv når det er som ein slags science fiction i sakprosaform fortel det noko om amerikanske utfordringar.
I ei bokmelding i The Atlantic kjem irske Fintan O’Toole i den samband med ei betimeleg åtvaring: ein idé om at noko slikt er nær sagt uunngåeleg – eit inntrykk ein kan få hjå Marche, men ikkje hjå Walters –er i seg sjølv skadeleg. Han fortel korleis trua på ein komande (nord-)irsk borgarkrig bidrog til å forverra situasjonen i nord-Irland tidleg på syttitalet, “nettopp fordi denne domedagsmentaliteten vart delt av ordinære, rasjonelle folk som far min”.
O’Toole leverer også ein annan kritikk som treff godt: Han meiner at USAs verkelege problem ikkje er at det kan verta slitt i bitar av politisk vald, men snarare at landet har lært seg å leva med den politiske valden. “No skjer det igjen”, skriv han, “sjølv kuppforsøket 6. januar er allereie normalisert i mykje av den politiske kulturen. Marche er så oppteken av den komande katastrofa at han verkar å vera ute av stand til å fokusera på det som ligg framfor nasa hans”.
Det er grunn til ein viss alarmisme, i møte med Capitol-opptøya, i møte med løgner om valfusk og i møte med utbreidde konspirasjonsteoriar. Det er grunn til uro over at verdas mektigaste land er prega av politisk polarisering, og over at det republikanske partiet er på ville vegar. Det er grunn til å vera uroa for meir politisk vald, og meir valdeleg ekstremisme. Og sjølv om det kanskje ikkje vil gje klangbotn blant europearar og nordmenn prega av ei solid dose antiamerikanisme: det er grunn til ei uro over korleis verda vil sjå ut med eit sveikka USA.
Og det er det idag.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.