nr. 8, 2022: Terror i Buffalo
Ugjerningsmannen bak eit terroråtak i amerikanske Buffalo hentar inspirasjon frå akselerasjonisme, rasistiske konspirasjonsteoriar og to norske terroristar.
14. mai gjennomførte ein ung mann eit terroråtak retta mot ein daglegvarebutikk i Buffalo i den amerikanske delstaten New York. 18-åringen drap ti menneske, medan han livestreama video på Twitch. Han var utstyrt med kamuflasjeklær, skotsikker vest, hjelm og ei halvautomatisk rifle.
Twitch-sendinga skal ganske raskt ha blitt stogga, men den livestreama videoen – filma med eit actionkamera på eit vis som gjer at filmen får framtoning som eit skytespel – har vorte spreidd via sosiale media. Eit døme på Facebook skal ha vore sett av hundretusenar og delt fleire titals tusen gongar. Medan teknologikjempene har slått ned på deling av filmen, er han framleis relativt enkelt tilgjengeleg på nettet.
Ugjerningsmannen ser også ut for å ha spreidd også eit slags manifest via nettet. Delar av det er kopiert direkte frå manifestet til terroristen bak skyteåtaket på to moskéar i Christchurch i 2019, Brenton Tarrant, som ugjerningsmannen i Buffalo også hevdar seg direkte inspirert av.
Mykje av det aktuelle manifestet består av klipp og skjermbilete, mellom anna av antisemittiske karikaturar. Ugjerningsmannen omtaler seg sjølv om tilhengjar av kvit makt og som fascist.
Han skriv at eitt av måla med åtaket er å «setja fart på historia sine pendelsvingingar» , for å «ytterlegare destabilisera og polarisera det vestlege samfunnet, for til slutt å øydeleggja den noverande nihilistiske, hedonistiske, individualistiske galskapen som har teke kontroll over vestleg tankegang», eitt anna å spreia «forståing til andre kvite om dei verkelege problema Vesten står ovanfor» og «oppmuntra til ytterlegare åtak som til slutt vil starta krigen som vil redda den vestlege verda, den kvite rasa og lata menneskeheita utvikla seg til meir avanserte sivilisasjonar.»
Terroråtaket er med andre ord også ein slags PR-kampanje, ei ekstrem valdshandling meint å spreia bodskapen, å rekruttera fleire, å fremma fantasien om den komande borgarkrigen. Livestream-videoen og manifestet er ein måte å «få auka merksemd og spreia […] idéar på.» Dei tener kort og godt noko av den same funksjonen som såkalla martyrvideoar har gjort for salafijihadistiske terroristar.
Ugjerningsmannen i Buffalo kjem til å verta kalla ein einsam ulv, eit omgrep som i seg sjølv er relativt problematisk, sjølv om han gjennomførte åtaket åleine. Det kjem antakeleg til å verta skrive om hans psykiske helse, også med rette, for den unge mannen skal ha hamna i politiet sitt søkjeljos også tidlegare, etter å ha skrive ein stil om korleis han ynskte å gjennomføra ein skulemassakre.
Som terrorforskaren Iris Malone påpeiker på Twitter er terroråtaket likevel lett å sjå i ein større samanheng:
I Twitter-tråden som følgjer innlegget over viser ho til korleis felles myter, martyrar og symbolikk, gjerne spreidd via nettet, vert brukt for å byggja opp under narrativ og for å skapa ei kjensle av tilhøyre. Ho peiker også på korleis dette kan spela inn i ein radikaliseringsprosess som ender i valdsbruk i eit ynskje om å bli anerkjent.
Det er sjølvsagt ubehageleg å snakka om dette, ubehageleg å skriva om idéane endå ein ung mann har gjennomført massedrap på bakgrunn av, ubehageleg ikkje minst fordi det kan oppfattast som å gje ugjerningsmannen merksemda han så gjerne ynskjer seg.
Samstundes er det naudsynt for å forstå korleis det høgreekstreme terrortrugsmålet ser ut idag.
I norsk samanheng er det også ubehageleg at ugjerningsmannen sitt antatte manifest mellom anna viser til to norske inspirasjonskjelder; terroristen frå 22. juli 2011, Anders Behring Breivik; og den unge mannen som tok livet av si eiga adopterte syster før han freista å gjennomføra eit åtak på ein moské i Bærum i august 2019, Philip Manshaus. Noreg speler med andre ord ei rolle i dette mørke universet.
Kva er det for eit univers? Den antirasistiske organisasjonen ADL sitt senter for ekstremismeforsking har gått gjennom bilete av det som skal vera våpen og anna utstyr tilhøyrande drapsmannen i Buffalo. I ein artikkel peiker dei på nokre viktige element, inkludert desse:
Gjerningsmannen skal ha bore eit såkalla Svart Sol-merke, eit symbol som også er å finna i det som framstår som eit sjølvpublisert terrormanifest. Dette symbolet er ein variant av eit solhjul og er eit symbol som går att i ein del nyfascistisk og nynazistisk propaganda. Det vart også nytta av Tarrant, terroristen bak Christchurch-åtaka.
På den halvautomatiske rifla skal namna til fleire andre høgreekstreme terroristar ha vore skrive inn, mellom dei namnet til 22. juli-terroristen. Talet 2083 skal også vera å sjå på våpenet, ein referanse til Breivik sitt telefonboktjukke klipp-og-lim-manifest.
Namnet til ei svensk jente som vart drepe i det IS-inspirerte terroråtaket i Stockholm i april 2017 skal også ha vore skrive på våpenet. Tarrant hadde også skrive hennar namn på sitt våpen.
Talet 14 er også synleg på våpenet. Det er ein referanse til dei såkalla fjorten orda, eit nynazistisk mantra som også er å finna att i det antatte manifestet: «We must ensure the existence of our people and a future for white children.» Mantraet vart skapt David Lane, som tilhøyrde terrorgruppa The Order, ei gruppe som var aktiv i USA i 1983 og 1984, men er i utbreidd bruk blant nynazistar.
Ein såkalla keltisk kross skal også vera på eit av våpna til gjerningsmannen. Ein variant av denne krossen har vore mykje nytta av høgreekstreme grupper. På begge våpna er dessutan den såkalla odalruna å sjå, og det same er symbolet til den rumenske fascistgruppa Jerngarden.
Alt dette skriv den unge ugjerningsmannen i Buffalo inn i ein idétradisjon. Det same gjer det antatte manifestet hans. Det er særleg to idéar i dette manifestet som viser hans ideologiske tilhøyre.
Den fyrste er trua på den såkalla The Great Replacement, ei førestilling om at kvite er i ferd med å verta erstatta av andre folkegrupper.
Det er eit uttrykk som har vunne fram både i høgreradikale og høgreekstreme miljø dei siste åra, med utgangspunkt i boka Le Grand Remplacement av den franske høgreradikalaren Renaud Camus. Variantar av førestillingane om ei slik stor utskifting har også funne vegen inn i meir etablerte og stovereine politiske miljø, ikkje minst i USA.
Medan denne idéen i høgreradikale miljø gjerne vert knytt saman med innvandringstakt og låge fødselstal, flyt han i høgreekstremismen gjerne saman med førestillingar om at det går føre seg eit folkemord på kvite (white genocide). Slik er det til dømes også i manifestet til Tarrant. Og det er verdt å merka seg: Denne apokalyptiske frykta for rasemessig utsletting har stått sentral i kvit makt-rørsla i mange tiår, og lenge før Camus si bok kom ut i 2011.
Sjølv om dei konspirasjonsteoretiske undertonane er tydeleg til stades også i høgreradikale forståingar, er desse langt meir framtredande i dei høgreekstreme fortolkingane av uttrykket. Det vert også understreka av det sterke innslaget av antisemittiske førestillingar i det antatte manifestet til denne siste i ei rekkje av høgreekstreme drapsmenn.
Den andre er akselerasjonisme (sjå Oppdateringar, nr. 27, 2021 og nr. 1, 2022). Denne er basert på ei grunnleggjande førestilling om at samfunnet er i forfall og at dette forfallet uungåeleg vil føra til ein komande rasekrig. For høgreekstreme akselerasjonistar er det eit poeng å framskunda forfallet og med det rasekrigen, noko dette siste terrormanifestet også peiker konkret på: «Stabilitet og komfort er fiendar av revolusjonær endring. Difor må me destabilisera og plaga samfunnet der det er mogleg.»
Dette medfører også ein grunnleggjande valds- og revolusjonsromantikk. Som det heiter i PST si nyaste trugsmålsvurdering (sjå også Oppdateringar, nr. 5, 2022):
Akselerasjonister fremhever terror som et viktig verktøy for å destabilisere samfunnet og igangsette rasekrigen. Gjerningspersoner i flere utførte og avvergede høyreekstreme terrorhandlinger i Vesten de siste årene har vært inspirert av dette tankegodset.
Dette gjer seg også utslag i at høgreekstreme ugjerningsmenn vert hylla som heltar, framstilt som «helgenar» og liknande. Blant dei som vert omfamna på denne måten er også dei norske terroristane Anders Behring Breivik og Philip Manshaus.
Så er spørsmålet: Kvar har ugjerningsmannen i Buffalo henta idéane sine frå? Etterforskinga vil nok gje fleire svar på det etterkvart, men i manifestet ugjerningsmannen sjølv ser ut til å ha spreidd på nettet, fortel han at hamna på det berykta nettforumet 4chan fordi han kjeda seg tidleg under koronapandemien, og at han på den måten fann vegen vidare til fleire rabiat rasistiske nettsider og «lærte sanninga».
Han hevdar også å ha oppdaga inspirasjonskjelda Brenton Tarrant gjennom 4chan.
Det er langt frå usannsynleg. Den såkalla chankulturen er grenseoverskridande på mange måtar, og prega av at postar i svært lita grad vert moderert. Chanforum som 4chan og 8chan (seinare 8kun) har difor spela ei rolle både i utviklinga og spreiinga av konspirasjonsteoretiske førestillingar som QAnon, i framveksten av (den no mindre vesentlege) alt-right-rørsla og i spreiinga av terrormanifest og høgreekstrem akselerasjonisme. Sidan terroråtaket i Buffalo fann stad har det ikkje vore vanskeleg å finna hyllestar av både terroren og ugjerningsmannen der, inkludert stillbilete frå livestreamen, stillbilete som viser drap.
Dei siste åra har likevel andre kanalar vore vel så viktige, inkludert nynazistiske og akselerasjonistiske kanalar på meldingsappen Telegram. Der har det – diverre lite overraskande – også dukka opp hyllestar til ugjerningsmannen i Buffalo, som vert framstilt som ein helgen.
I sum: Trass i at ulike høgreekstreme ugjerningsmenn dei siste åra har vist til ulike konkrete motivasjonar og har hatt ulike mål – jødar, muslimar, svarte – har fleire av dei vist til tidlegare ugjerningsmenn i eit slags kjedebrev av terror. På bakteppet kviler ulike høgreekstreme idéar, miksa saman på ulike måtar og i stor grad henta frå høgreekstrem internettkultur. Idéar om ei stor utskifting, om eit pågåande folkemord på kvite og om naudsynet av valdsbruk for å frambringa ein rasekrig er likevel eit fellestrekk.
Lær meir:
Ekstremismeforskaren Kahtleen Belew skriv i The Atlantic om terroråtaket i Buffalo, og åtvarer mellom anna mot å sjå på ugjerningsmannen som ein «einsam ulv». Juliette Kayyem, som arbeidde med tryggleiksspørsmål i Obama-administrasjonen, skriv om «ulveflokken online» i same publikasjon.
Belew er også intervjua i ein artikkel i New Yorker, der ho blant anna fortel om Great Replacement-teorien.
Forskaren Patrick Swayer ser på korleis idéar om ei stor utskifting dukka opp i den franske valkampen tidlegare i år.
MEMRIs Domestic and Transnational Terrorism Monitor har ein gjennomgang av hyllestar av Buffalo-terroristen. OBS: Sjølv om skjermbileta dei viser er redigerte, er dei svært ubehagelege.
I tillegg til gjennomgangen av terroristen sin symbolbruk lenkja til over har ADL publisert ein artikkel om manifestet, samt ein tekst om korleis ein skal snakka med unge om ugjerningane.
Ekstremismeforskaren Marc-Andrè Argentino ser nærare på manifestet og på materiale frå ei slags dagbok på Discord i ein Twitter-tråd.
New York Times har ein oversikt over artiklar og oppdateringar om den grufulle hendinga. Blant dei er ein artikkel om ugjerningsmannen sitt antatte manifest og korleis det syner koplingar til andre terroråtak.
Southern Poverty Law Center publiserte i juni 2020 ein omfattande artikkel om høgreekstrem akselerasjonisme.
Canadiske CBC har i dokumentarserien The Fifth Estate sett nærare på høgreekstrem akselerasjonisme, mellom anna med utgangspunkt i ein canadiar som no sit fengsla for å ha planlagt terror i USA. Dei har også laga podcasten White Hot Hate.
Aftenposten publiserte i fjor ein lengre artikkel om mellom anna akselerasjonisme. Dei har også publisert ein podcast som ser nærare på radikaliseringa av Philip Manshaus, som viste konkret til akselerasjonisme i rettssaka mot han.
Institute for Strategic Dialogue ser nærare på korleis propaganda forsøker å knytta Buffalo-terroristen til det ukrainske Azov-regimentet (som har røter i ein nynazistisk organisasjon), grunna bruken av Svart Sol-symbolet.
Filter Nyheter skriv om terroråtaket i Buffalo, og om ugjerningsmannen sitt antatte manifest.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Fyll inn e-postadressa di nedanfor for å abonnera. Er du allereie innlogga på Substack trykker du “Subscribe Now”.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.