nr. 6, 2024: Bakteppet
Noko av det grunnleggande ved populismen som politisk stil er at han teiknar opp ei konflikt mellom folket – folk flest, vanlege folk, arbeidsfolk – og ein elite som vert framstilt som livsfjerne, arrogante og nedlatande.
I tillegg vil populismen gjerne teikna opp enkle løysingar på vanskelege problem. Det fungerer betre i valkamp enn etterpå. Det er kanskje ein lærepenge ein kan trekkja frå det konservative partiet (Tories) sitt valnederlag i Storbritannia. Som statsvitaren Geoffrey Evans ved Universitetet i Oxford seier det til Reuters var dei konservative populistar, men det har ikkje gått så bra, og dermed har veljarane flykta frå partiet.
– Eg vil ikkje seia at det er ein reaksjon mot populismen, seier Evans også.
Han har openbert rett. Mange av veljarane som lot seg overbevisa av Boris Johnson sin populistiske stil i 2019 let seg ikkje lenger overbevisa. Den gongen fekk partiet 43,6 prosent av røystene. No i juli 2024? 23,7 prosent. Grunnen er likevel ikkje at veljarane har gått for Tories sin gamle hovudmotstandar Labour. Mykje av årsaka er istadenfor framgangen til det høgrepopulistiske Reform UK, som fekk 14,3 prosent av røystene.
Det synleggjer eit større fenomen. Det går føre seg ein dragkamp på høgreside i heile Europa, ein dragkamp mellom konservative liberaldemokratar og høgreradikale krefter. I 2023 og 2024 har ytre høgre gått fram i ei rekkje land. Storbritannia er ikkje eit unntak, men endå eit døme. Det britiske valsystemet med einmannskrinsar inneber at Reform UK får ganske lite att for framgangen, berre fem av 650 seter i House of Commons. I ganske mange valkrinsar har Reform UK sin vekst istadenfor kosta dei konservative dyrt, og bidrege til å gje Labour eit svært solid fleirtal i parlamentet.
For å seia det på ein annan måte: eit parti til høgre for dei konservative gav sentrum-venstre sigeren.
Reform UK vert leia av den tidlegare Brexit-forkjemparen Nigel Farage, og har ført ein valkamp som liknar mykje på ytre høgre-parti elles i Europa. Det har handla om innvandringsmotstand, om motstand mot klimapolitikk og nullutsleppsmål og om åtak på «splittande woke-ideologi» og «transkjønsideologi».
I tillegg har dei lova høgare løner, lågare energiprisar og å verta kvitt ventelistene i det offentlege helsevesenet, og sjølvsagt har dei framstilt Labour og Tories som to sider av same sak. I tillegg har Farage markert seg gjennom å gjenta ein tidlegare påstand, nemleg at EU og NATO provoserte fram krigen mot Ukraina.
Partiet har samstundes forsøkt å gå på ei stram line, og har søkt å framstå som eit alternativ for veljarar uavhengig av bakgrunn, blant anna gjennom å ta avstand frå rasisme, i det minste i offentlegheita. Fram til heilt nyleg var faktisk pakistanskfødde Ben Habib nestleiar i partiet. – Eg er det beste eksempelet på kva Reform UK er, sa Habib i eit intervju med ei pakistansk avis i byrjinga av juli. – Eg er stolt av mi pakistanske arv, far min er pakistanar og mor mi er engelsk. Eg elskar identiteten min og eg er ein av leiarane i Reform UK. Det kan ikkje vera eit rasistisk parti, og eg avviser påstanden om at me er eit ytre høgre-parti.
Berre nokre dagar før dette hadde ein undercover-reportasje frå Channel 4 ein viss ståhei. I reportasjen kom valgkampmedarbeidarar i partiet med både rasistiske og homofobe kommentarar. Dei drøyaste kom frå ein friviljug valkampmedarbeidar, Andrew Parker, ein eigedomsutviklar og deltidsskodespelar utan andre roller i partiet. Det kunne dermed framstå som noko av ein storm i eit vassglas, i motsetnad til dei homofobe ytringane frå George Jones, ein mann med ei viktigare rolle i valkampteamet.
Reaksjonane i etterkant er likevel interessante. Sjølv om partiet tok avstand frå ytringane, anklaga dei også TV-kanalen for å ha planta Parker som skodespelar, for å koma med dei rasistiske kommentarane. Richard Tice – no parlamentarikar for Reform UK – skulda Channel 4 for å blanda seg inn i valet, og meinte at det var TV-kanalen som hadde blitt tatt med buksa på knea.
Partiet sin kandidat i valkrinsen West Ham og Beckton – Georgie David – valde imidlertid å avslutta valkampen og istadenfor å slutta seg til det konservative partiet. Ho ytra at partileiinga ikkje var rasistisk, men anklaga «eit stort fleirtal blant kandidatane» for både rasisme og kvinneforakt, og leiinga for å ikkje handtera dette ordentleg, og for heller søkja å feia det heile under teppet.
David hadde unekteleg eit poeng: Channel 4-reportasjen var berre ei sak i ei rekkje av saker. Attende i april kunne det konservative tidsskriftet The Spectator samanfatta heile ti saker der partiet hadde måtta droppa kandidater, fleire av dei på grunn av rasistiske ytringar. Ein av dei – Benjamin “Beau” Dade – hadde tidlegare publisert ein artikkel der han tok til orde for å deportera «millionar av utlendingar» og for å forby «forræderiske og revolusjonære organisasjonar» som allmennkringkastaren BBC, reklamefinansierte Channel 4 og den antirasistiske organisasjonen Hope Not Hate.
Samstundes har Nigel Farage sitt parti vorte eit slags lys i mørkret for eit hardare ytre høgre. Den tidlegare English Defence League-leiaren Stephen Yaxley-Lennon, meir kjend som Tommy Robinson, har omtalt Reform UK som det einaste partiet i valet som gav håp. Paul Golding, leiar i mikropartiet Britain First, gjekk ikkje like langt, men oppmoda veljarane til å gå for Reform UK fordi «partiet slår til topartisystemet med slegge» og er «det beste av det dårlege».
Mark Collett, leiar i det nyfascistiske Patriotic Alternative (sjå også Oppdateringar #1, 2023), har på sett og vis også omfamna Farage, om enn i ein veldig klam klem. Som nettopp Hope Not Hate skriv ser Collett på Reform UK som «kontrollert opposisjon», men meinte han samstundes at partiet både utfordra og kunne øydeleggja det konservative partiet gjennom «verkeleg nasjonalistisk politikk». Kenny Smith i Homeland Party, ei obskur utbrytargruppe frå det allereie ganske obskure Patriotic Alternative, har kome med liknande tonar: «Eg stoler ikkje på Nigel Farage. Han er systemets verktøy. […] Likevel er eg begeistra for det han og Reform gjer for tida. Dei veltar systemets trillebår. Dei er eit trugsmål mot topartisystemet, og det er fantastisk».
Om Reform UK sin framgang faktisk er eit trugsmål mot det heller gamaldagse britiske valsystemet gjenstår å sjå, men desse representantane for meir ytterleggåande idéar har fått rett i at partiet har utfordra Tories. Til dels kan det sjåast på som eit produkt av eit kjent fenomen: når konservative låner den populistiske høgreradikalismen sine klede – slik Boris Johnson gjorde – er det gjerne originalen som ender opp med å tena på det til sist.
Det heile har også ført til ei sjelegransking hjå dei konservative, det byrja allereie valnatta. Suella Braverman – blant dei som vert nemnd som mogleg ny leiar for Tories – har nyleg uttalt at partiet ikkje lenger har monopol på høgresida og at Reform UK utgjer «eit eksistensielt trugsmål» mot Tories. Ho vil difor vinna Reform UK-veljarar attende, mellom anna med trengare innvandringspolitikk, motstand mot «det vanvittige woke-viruset» og ved å gå inn for at Storbritannia ikkje lenger skal anerkjenna den europeiske menneskerettskonvensjonen (!).
Dei konservative sitt problem? Den strategien har ikkje fungert så langt, mykje fordi veljarane faktisk er opptekne av andre ting enn kulturkrig. Det er også gode grunnar til å tru at eit nytt forsøk på meir eller mindre radikal høgrepopulisme i Tories-regi ikkje vil fungera for partiet. Som David Gauke skriv i The New Statesman: «Å gje løfter ein ikkje kan levera på til ei avgrensa mengd med høgreorienterte veljarar er ei oppskrift på å mislukkast».
Og ikkje berre det. Det er ei oppskrift på meir misnøye, ei oppskrift som kan føra fleire veljarar til Reform UK eller til andre utfordrarar frå høgre.
Dette er fyrste delen av eit essay om kampen om den europeiske høgresida si sjel. I andre del er temaet den franske valet.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet vert laga på på fritida, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.