nr 1, 2023: Banda
Patriotic Alternative er kanskje den viktigaste nyfascistiske organisasjonen i dagens Storbritannia. Han har også band til nordiske høgreekstremistar.
I slutten av november publiserte den britiske antirasistiske organisasjonen Hope Not Hate ein artikkel som fortener meir interesse også i Noreg. Artikkelen fortel om band mellom den britiske organisasjonen Patriotic Alternative, og den nordiske nynazistorganisasjonen Nordiska Motståndsrörelsen (NMR), ein organisasjon du også kunne lesa om i Oppdateringar #16, 2022.
Organisasjonen fekk sist merksemd då dei laurdag 29. oktober marsjerte i Oslo sentrum. Dei forstyrra eit kulturarrangement for born, hylla Vidkun Quisling, og ropte slagord om nasjonalsosialisme, kvit makt og revolusjon.I det dei forsøkte å ta seg i retning Blitzhuset vart dei stogga av politiet. Dei svara med å ropa: «Stolt, kvit, revolusjonær», før det heile utarta, og alle 35 deltakarane i demonstrasjonane vart arrestert.
Som den sentrale norske NMR-aktivisten Tommy Olsen – ein mann med lang fartstid i den norske, nynazistiske rørsla – sa i eit intervju publisert av organisasjonen sjølv:
Eg ville gjenskapa det ikoniske biletet av nasjonalsosialistar som marsjerte ned Karl Johan […] for å seia at sjølv om nasjonalsosialistane tapte andre verdskrigen er me framleis i live og me marsjerer vidare.
Han omtalte også dagen for det tyske åtaket på Noreg, 9. april 1940, som «dagen dei tyske kameratane kom til vår unnsetnad». Intervjuet var på NMR sin engelskspråklege podcast, der det heile vart kombinert med eit forsøk på å samla inn pengar og på å rekruttera nye medlemer til den nazistiske organisasjonen.
I røynda avslørte demonstrasjonen kor svakt det nynazistiske miljøet er i Noreg idag. Av dei som deltok i demonstrasjonen var det 25 svenskar, seks danskar og berre fire nordmenn. Samanlagt har NMR kanskje eit par håndfullar aktive medlemer idag. Også i Sverige, der organisasjonen oppstod og har større omfang, har han vorte sveikka dei siste åra, blant anna som eit resultat av ei splitting. I Finland er organisasjonen forboden. Nyleg vart fire finnar dømd for å ha halde fram aktiviteten under eit anna namn Kohti vapautta (Mot fridomen). Ein femte mann vart i denne samanheng dømd for hærverk mot synagoga i Turku.
At organisasjonen er betydeleg sveikka hindrar dei ikkje i forsøk på framstå som meir vellukka enn dei er. Det har heller ikkje hindra dei frå å verta sett på som noko av eit føredøme for høgreekstrem organisering i andre land, eller frå å knyta band til beslekta miljø i andre land.
Podcasten der Olsen vart intervjua speler ei rolle i dette. Ein av vertane for podcasten, NMR-aktivisten Andreas Holmvall (også kjent som Andreas Johansson), vitja hausten 2022 den nasjonale konferansen til den britiske rørsla som kallar seg Patriotic Alternative (PA). Podcasten er ifølgje eigenomtala «den endelege løysinga på ditt podcastproblem» og «ei nasjonalsosialistisk kringkasting». Det er difor ikkje vidare overraskande at Holmvall i ei tale på konferanse, ifølgje seg sjølv, mellom anna «beskrev min resa från pacifistisk hippie til den nationalsocialist jag är idag».
Han gjorde det for eit venlegsinna publikum. Det seier ikkje reint lite om Patriotic Alternative. Organisasjonen søkjer å framstilla seg som «ei gruppe for samfunnsbygging og aktivisme», men er kanskje det viktigaste dømet på nyfascistisk organisering i dagens Storbritannia. Lat oss starta med å sjå nærare på Patriotic Alternative sin grunnleggjar og leiar: Mark Collett.
Collett har vore aktiv ytterst på den britiske høgresida sidan tidleg 2000-tal, fyrst i National Front, sidan i British National Party, blant anna som leiar for ungdomspartiet.
Etter at han spela ei heldig uheldig hovudrolle i to TV-program, der han mellom anna omtalte Hitler i positive ordelag og omtalte homofile menn som «AIDS-apekattar», mista han posisjonen i BNP Youth. Nokre år seinare vende han likevel, og utruleg nok, attende som sjef for partiet sitt PR-arbeid. I 2010 forlot han BNP etter ei konflikt med partileiaren Nick Griffin. I den samanheng vart han også avhøyrd av politiet i samband med påståtte trugsmål om å ta Griffin av dage, skuldingar han nektar for.
Etter dette forsvann han frå søkjeljoset i nokre år, sjølv om han mellom anna skal ha delt ut løpesedlar saman med gruppa National Action, ei høgreekstrem gruppe som vart forbode i 2016, og som me kjem attende til. I åra som fulgte bygde han ei følgjarskare i sosiale media, mellom anna på YouTube, som ein slags britisk alt-right-figur. I 2017 gav han ut ei sjølvpublisert bok, der han mellom anna trakk i tvil holocaust, og omtala nasjonalsosialisme i «si sanne og reine form» som «ei einande kraft som kan driva vestens fiendar vekk frå vestlege strender og frigjera den vestlege mannen».
Han heldt også taler på ulike arrangement. Det skjedde mellom anna i regi av Scandza Forum, eit forsøk frå nordiske raseideologiske aktørar på å laga ein konferanseserie med intellektuelt tilsnitt.
På Scandza Forum i København i 2019 møtte han i pen dress og heldt han ei tale om populisme. I ho skulda han mellom anna «media og elitane» for å sikra seg at vanlege folk ikkje har noko å seia og ikkje er representert, fordi «dei som styrer media, den internasjonalistiske ligaen som trekkjer i trådane til dei prostituerte politikarane, ikkje er vanlege folk, men faktisk hater vanlege folk». Deretter definerte han «vanlege folk» som «dei innfødde folka i Europa, folk av europeisk opphav»:
[Internasjonalistane] hater oss. Dei hater folk med europeisk opphav, og dessutan ynskjer dei oss vekk, avla bort og erstatta i våre eigne opphavsland. Difor har internasjonalistane laga eit system for å kvitta seg med oss, og dei kallar det demokrati. […] Deira demokratiske system tilbyr ikkje eit verkeleg val, det var aldri meint å tilby eit verkeleg val. Det såkalla liberale demokratiet gjev illusjonen av eit val, for nøkkelen til alt dette er at når du trur du er fri, når du har illusjonen av eit val, er det langt mindre sannsynleg at du gjer opprør.
Han seier det ikkje i klartekst i denne talen, men kven er desse internasjonalistane han snakkar om?
Ein treng kanskje ikkje leita så lenge for å finna svaret. Også før han grunnla Patriotic Alternative vitja Mark Collett fleire gongar NMR sin engelskspråklege podcast. I intervjuet skryt han uhemma av NMR. Så snakkar dei om «det jødiske spørsmålet». Collett seier:
Sjølv innanfor – kva skal eg kalla det – den koshernasjonalistiske rørsla er folk i ferd med å klår over JQ («The Jewish Question»), dei blir klår over folka som er disproporsjonalt involvert i å fremma masseinnvandring og multikulturalisme, og eg blir stadig invitert til ulike program og på ulike scener for å snakka om dette. […] Eg meiner alt-right med suksess har brakt det jødiske spørsmålet mykje nærare mainstream enn det har vore på fleire tiår.
Med andre ord: Grunnleggjaren av Patriotic Alternative er ein mann som gjerne fører antisemittisk koseprat med nynazistar.
Og han er ikkje åleine. I fjor haust gav Hope Not Hate ut ein omfattande rapport om rørsla Collett har grunnlagt. Der kjem det mellom anna fram at fleire aktivistar i organisasjonen har ei fortid med den forbudte nynazistiske organisasjonen National Action, ein organisasjon som opent omfamna høgreekstrem terrorisme.
Det kan vera nyttig med eit kort tilbakeblikk. National Action (NA) vart oppretta i 2013, samstundes som dei større britiske nasjonalistorganisasjonane British National Party og English Defence League var i noko nær fritt fall. Nokre av aktivistane fann kvarandre på det no forlengst nedlagte, nynazistiske nettforumet Iron March (sjå t.d. Oppdateringar #1, 2022: Vanviddets publikum), ein stad der den norske terroristen Anders Behring Breivik vart hylla som ein helt.
National Action forkasta demokratiet, og omfamna istadenfor idéen om revolusjonær handling. Dei vart meir og meir ytterleggåande. I juni 2015 hamna dei i søkjelyset etter at 26 år gamle Zack Davies gjekk til angrep på tannlækjaren Sarandev Bhamra på ein supermarknad, utstyrt med hammar og kniv, og medan han ropte «kvit makt». Berre timar før åtaket hadde han posta eit bilete av seg sjølv saman med NA sitt flagg på Facebook. I offentlegheita søkte National Action å distansera seg frå Davies. Då høgreekstremisten Thomas Mair – som i motsetnad til Davies ikkje hadde band til NA – drap Labour-politikaren Jo Cox i juni 2016 hadde tonen endra seg. NA omfamna Mair offentleg, og fleire medlemer av organisasjonen oppfordra andre til å følgja Mair sitt eksempel. Nokre månader seinare vart organisasjonen forbode, som fyrste høgreekstreme organisasjon i Storbritannia sidan andre verdskrigen.
Det innebar ikkje at National Action forsvann. Ei hard kjerne av aktivistar heldt fram aktiviteten, og ein av dei, Jack Renshaw, planla sjølv å ta av dage ein annan britisk parlamentarikar. I tillegg ville han drepa ei politikvinne som var involvert i etterforskinga av Renshaw, ikkje for høgreekstremisme, men for å freista å lura gutar tidleg i tenåra til å ha sex med han.
Renshaw – også han tidlegare leiar for BNP Youth – lukkast aldri i å gjennomføra planane sine. Eit anna medlem av NA, Robbie Mullen, hadde i det løynde hoppa av, og gav informasjon til Hope Not Hate. Politiet arresterte Renshaw, som seinare vart dømd til ei livstidsstraff for terrorplanar. I kjølvatnet rakna resten av National Action. Fleire har også vorte dømde for å tilhøyra den no ulovlege organisasjonen, seinast i april 2021.
Vil du vita meir?
Historia om National Action og avhopparen Robbie Mullen vart dramatisert i ITV-serien The Walk-In i 2022. Ho vert også fortald av Hope Not Hate-medarbeidaren Matthew Collins i dei to bøkene Nazi Terrorist og The Walk In. Dei er også omtalt i Paul Jackson si bok Pride in Prejudice.
I fjor sommar avslørte Hope Not Hate at Alex Davies, ein av National Action sine grunnleggjarar og no dømd til ei lengre fengselsstraff, var aktiv i Patriotic Alternative si avdeling i Wales i to år. Sam Mella, som har hatt ei leiarrolle i Yorkshire-avdelinga til PA, hadde også koplingar til National Action. Ein annan aktivist i same avdeling, Jake Bewick, var tidlegare medlem av NA. Det same var Kris Kearns, ein annan prominent PA-aktivist.
Hope Not Hate sin rapport om Patriotic Alliance nemner dessutan to skribentar som berre er kjend under pseudonym, Fenek Solère og Morgoth. Solère skreiv i 2015 ein artikkel publisert på National Action sine nettsider der han framstilte dei som ein del av «ein krigargenerasjon» viljuge til å ofra seg for å «frigjera Europa». Han er idag ein ivrig bidragsytar til Patriotic Alternative sine nettsider, der han mellom anna har skrive om den russiske ytre høgre-tenkjaren Aleksandr Dugin (sjå også Oppdateringar #13, 2022). Morgoth, som vert promotert av PA, snakka på si side varmt om Renshaw attende i 2015, og har også delt NA-propaganda som omfamna det ekstremislamistiske terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen.
Dersom det siste forvirrer deg: National Action sin fascinasjon for terror var så omfattande at dei også lot seg inspirera av IS. Det skjedde mellom anna gjennom at tok til orde for «kvit jihad».
Eit lite sideblikk til Norden: Nordiska Motståndsrörelsen – organisasjonen som idag pleier band med Patriotic Alternative – hadde også kontakt med National Action. I 2015 drog ein av NA sine grunnleggjarar, Benjamin Raymond, til Finland, der han mellom anna møtte medlemer av den finske avdelinga av NMR. På eit bilete frå opphaldet, publisert mellom anna i Daily Express, held han det som truleg er eit Sturmgewehr 44 i hendene (eit tysk automatgevær som vart utvikla under andre verdskrigen og som også tente som inspirasjon for sovjetiske AK-47)..
I etterkant av besøket skreiv Raymond ein rapport på National Action sine nettsider. Dei er for lengst vekke, men i boka Nazi Terrorist gjev Matthew Collins att noko av innhaldet. Der framgår det at Raymond også møtte den ganske obskure, finske ytre høgre-tenkjaren Kai Murros, ein tidlegare maoist:
Me var samde om ei framtidig kambodiansk løysing på problema som herjar nasjonane våre. Eg møtte Kai igjen i Helsinki der han utdjupa denne tematikken: «Det var anti-kommunismen min som fekk meg til å stø Raude Khmer […].»
Eit kontaktpunkt mellom finske nynazistar og åndsfrender i andre land var det tidlegare nemnde forumet Iron March, noko det finske kringkastaren YLE har omtalt. Også nordmenn var aktive der. Eit anna koplingspunkt var den finskætta høgreekstremisten Mikko Vehvilainen, som tenestegjorde i den britiske hæren.
Ifølgje Hope Not Hate har Patriotic Alternative idag rundt 200 - 250 aktive medlemer, i tillegg til eit langt større tal følgjarar på nett, ikkje minst på meldingsappen Telegram. Medlemene kjem frå ulike stader: tidlegare BNP-medlemer, folk som har vore aktive i UKIP, tilhengjarar av den tidlegare English Defense League-leiaren Tommy Robinson, hooligans med ytre høgre-sympatiar, og så vidare.
Som leiaren Mark Collett sjølv har sagt søkjer dei å pakka bodskapen sin inn på ein måte som kan seljast.
I botn ligg likevel ei førestilling med djupe røter på den ekstreme høgresida: forteljinga om eit pågåande folkemord på kvite. Aktivismen deira har i stor grad bestått av løpeseddelutdeling og såkalla «banner drops», til dømes gjennom å henga store bannerar på bruer over motorvegar, for å skaffa seg sjølv merksemd.
Ein av kampanjane deira har bestått av å hengja bannerar med bodskapen «White Lives Matter». Den har også spreidd seg til andre land. Dei ivrigaste til å følgja han opp? Den Nordiska Motståndsrörelsen, som mellom anna har gjennomført ein slik aksjon på ei gangbru over E39 i Bergen.
Men historia om høgreekstrem organisering har eit refreng. Sommaren 2021 vart Dean Morrice dømd til ei lang fengselsstraff for fleire brotsverk knytt til terrorisme. Han hadde mellom anna skaffa seg kjemikalier til å byggja bomber, dokument som vert omtalt som «terrormanualar» og oppskrifta på eit 3D-printa skytevåpen. Morrice ser ut til å ha vore ein varm tilhengjar av den høgreekstreme terroristen bak det blodige dobbelt-terroråtaket i nyzealandske Christchurch i 2019, og spela inn ein video av seg sjølv medan han spela gitar til terroristen sitt eige videoopptak frå åtaket. Retten fekk også høyra korleis han var ein ivrig deltakar på ytre høgre-forum på nett, og korleis han glorifiserte høgreekstreme terroristar som «helgenar».
Fleire media omtalte korleis han tidlegare hadde vore medlem av det høgrepopulistiske anti-EU-partiet UKIP. Langt meir betydeleg synest det å vera, som Hope Not Hate påpeiker i sin rapport om Patriotic Alternative, at han var aktiv i nettmiljøet rundt organisasjonen. I ei slik Telegram-gruppe skreiv han at National Action «hadde noko av den beste propagandaen».
Retta feil:
Ein lesar har påpeikt at våpenet Raymond held på biletet frå Finland ikkje er ein AK-47 (Kalasjnikov) som fyrst omtalt i denne artikkelen (og i Daily Express), men snarare truleg er det tyske Sturmgewehr 44, som var utvikla under andre verdskrigen. Sturmgewehr 44 tente som ei inspirasjonskjelde for AK-47.
Tips til eksternt stoff:
Tim Hume i VICE Magazine fortel om Patriotic Alternative sine White Lives Matter-aksjonar.
The Times skreiv om Mark Collett og Patriotic Alternative i ein omfattande artikkel i oktober 2021 (bak betalingsmur). Høyr også podcasten Stories of our Time sin episode i samband med artikkelen.
Lasse Josephsen skreiv i 2019 om «de hvite jihadistene» for Fri Tanke. Artikkelen omtaler mellom anna National Action og Iron March-forumet.
I same tidsskrift skreiv John Færseth i 2019 om Scandza Forum, i samband med at dette vart gjennomført i Oslo.
Same år skreiv også Harald Klungtveit og Jonas Skybakmoen i Filter Nyheter har også skrive om Scandza Forum. Det gjorde dei også i 2017, i ei sak som vart klaga inn til PFU av ein av dei medvirkande, norske Olav Torheim. PFU fann at Filter Nyheter ikkje hadde brote god presseskikk. Sjå også saka i PFU-basen.
VICE Magazine skreiv inngåande om dommen mot Jack Renshaw i 2018.
BBC publiserte i 2020 ein dokumentar som mellom anna tek for seg Iron March-oppfølgjaren Fascist Forge.
Robbie Mullen og Matthew Collins er begge intervjua i ein podcastepisode publisert av The Guardian i 2019.
Conor Gallagher skriv i Irish Times skriv om koplingar mellom irske ytre høgre-aktivistar og Patriotic Alternative.
I eit essay i Morgenbladet skriv Lasse Josephsen om korleis det moderne ytre høgre heng saman med japanske forum for diskusjon rundt anime og manga.
Kenichi Serino skriv for PBS om kva det nylige åtaket på brasilianske myndigheitsbygg fortel om det globale ytre høgre. New York Times har ein omfattande gjennomgang av det som hende i Brasil 8. januar.
Bridget Johnson skriv for Homeland Security Today om terrortrendar å følgja med på i 2023.
Jakub Jezek i tsjekkiske Voxpot intervjuer Rudolf Kviz om det såkalla Terrorgram-samfunnet, radikalisering og terroråtaket i Bratislava i fjor haust.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.