nr. 5, 2025: Dommen mot Marine Le Pen
Marine Le Pen er dømd for underslag. Kva betyr det for Frankrike og for det franske ytre høgre?
31. mars vart den franske politikaren Marine Le Pen dømd i ei omfattande underslagssak. Det same vart 23 andre i hennar høgreradikale parti Rassemblement National (Nasjonal Samankomst).
Blant dei er partiveteranen Bruno Gollnisch, og hans tidlegare assistent Yann Le Pen, Marine si søster.
Bakgrunnen er at partiet mellom 2004 og 2016 brukte store pengesummar som skulle gå til å betala parlamentariske assistentar for partiet sine folkevalde på europeisk nivå til å istadenfor betala partitilsette i Frankrike, tilsette som slett ikkje jobba for EU-parlamentet.

Ifølgje den 152 sider lange domsfråsegna var det snakk om systematisk underslag av offentlege middel, og det vert lagt vekt på at dette var samfunnsskadeleg.
Le Pen sjølv vart idømd ei fengselsstraff, der to år er ubetinga, i form av soning med fotlenkje. Ho vart også frådømd retten til å stilla til val dei neste fem åra. Denne delen av domen vart gjort gjeldande med det same. Sjølve avgjersla kviler på den franske straffelova, der det finst ei moglegheit til å ileggja ei slik tilleggsstraff.
«Ikkje til å tru», sa Marine Le Pen på veg ut av rettssalen.
Vil du ha fleire Oppdateringar? Vurder eit gratis eller eit betalt abonnement.
Le Pen og 11 av dei andre domfelte har sidan anka, medan dei 12 andre har akseptert dommen.
Avhengig av ankesaka kan dommen uansett medføra at Marine Le Pen ikkje kan stilla det til franske presidentvalet i 2027. Ho har stilt som presidentkandidat tre gongar før, og har tidlegare varsle at dette vil bli hennar siste forsøk. Faren Jean-Marie Le Pen, som du kan lesa meir om i Oppdateringar #1, 2025, freista heile fem gongar.
Denne gongen har det franske ytre høgre for alvor hatt håp om siger, ikkje minst etter meiningsmålingar som tyda på at Le Pen låg svært godt an til å vinna fyrste valomgangen.
Dersom Marine Le Pen faktisk vert hindra frå å stilla kan det vera slutt på ein æra der Le Pen-familien har dominert franske høgreradikalisme. Rett nok er Marine Le Pen sin mest openberre etterfølgjar, 29 år gamle Jordan Bardella, ekskjærast av Marine Le Pen si niese. Marion Maréchal, ei anna niese, er dessutan europarlamentarikar og leiar for det konkurrerande og meir ytterleggåande ytre høgre-partiet Identité-Libertés. Dei siste månadane har det vore ei viss tilnærming mellom Maréchal og Le Pen, som tidlegare har vore i konflikt.
Frå byrjinga av rettssaka har Marine Le Pen hevda at den er eit resultat av at politiske motstandarar ynskjer henne «politisk død». Etter at dommen fall har ho mellom anna sagt at «systemet har sluppe ei atombombe». Bardella, som ofte får æra for å ha gjort partiet meir relevante hjå unge, har snakka om «domaranes tyranni» og omtalt dommen som eit uttrykk for «deira frykt for at me skal vinna valet» og som eit drap på det franske demokratiet.
Helga etter at dommen fall arrangerte Rassemblement National ein demonstrasjon i Paris under slagordet «Berg demokratiet». Oppmøtet i godveret var nok langt frå så stort som partiet hadde håpa, men fleire tusen menneske var til stades. Le Pen sjølv entra sjølvsagt scena. Ho framstilte seg – som så ofte før – som ein underdog og som representant for menneske som blir forakta av den politiske eliten. Ho gjekk til åtak på det ho meiner er åtak på ytringsfridomen, på påstått forutinntatte dommarar og på eit system ho meiner er rigga for å halda partiet hennar frå makta, samstundes som landet ifølgje henne går stadig lenger i retning ruin og kaos.
Ein heksejakt, kalla ho det. Og ho har fått støtte. Frå Elon Musk, som hevdar at dommen er eit resultat av at «den radikale venstresida utnytter rettsvesenet for å fengsla sine motstandarar». Frå den tidlegare brasilianske presidenten Jair Bolsonaro, som har slått an same tone. Frå den ungarske statsministeren Viktor Orbán, som rett og slett skreiv «Je suis Marine» – eg er Marine – på Musk sitt sosiale medium X.
Og også frå USAs president Donald Trump, som på sitt eige sosiale medium skreiv: «Frigjer Marine Le Pen». Som om ho sat fengsla.
Dette er langt frå den fyrste korrupsjonsskandala i fransk politikk. Då Jean-Marie Le Pen kvalifiserte seg til andre valgomgang i presidentvalet i 2002 – i seg sjølv eit gjennombrot for det franske ytre høgre – var det etter ein valkamp der han nettopp søkte å framstilla seg som ein mann av folket, som kunne forsvare dei mot ein korrupt elite. Bodskapet hadde ein viss appell, sidan den sitjande konservative presidenten Jacques Chirac faktisk hadde blitt etterforska for nettopp korrupsjon.
Chirac vann andre valomgang i eit valskred, etter at jamvel ungsosialistane hadde oppmoda til å røysta på han, med slagordet «røyst på ein skurk, ikkje ein fascist!».
Samstundes som saka mot Marine Le Pen har det også gått føre seg ei rettsssak mot tidlegare president Nicolas Sarkozy. Han vert anklaga for korrupsjon etter angiveleg å ha inngått eit avtale med Libyas tidlegare president Moammar Gadaffi for å finansiera valkampen sin i 2007. Han risikerer ei betydeleg fengselsstraff, og – som Le Pen – å mista retten til å veljast.
Som Frankrike-kjennar Bjørn Kvalsvik Nicolaysen skriv i Dag og Tid denne moglegheita lagt til i den franske lova om politisk korrupsjon i 2004.
I 2016 vart reglane ytterlegare innskjerpa, gjennom den såkalla Loi Sapin II. Den kom på plass etter at den venstreorienterte ministeren Jérôme Cahuzac vart avslørt i omfattande skattesvindel. Loi Sapin II vert referert inngåande i domen mot Le Pen og dei andre RN-medlemene, men likevel ikkje gjort gjeldande: brotsverka dei vert skulda for er frå tida før lova vart innført.
Det er verdt å nemna at Le Pen sjølv var blant dei som i årevis hadde etterlyst ein strengare praksis, blant anna gjennom boka Pour que vive la France frå 2012. I 2013 argumenterte ho i eit TV-intervju for livslang utestenging av korrupsjonsdømde politikarar.
«Kvifor ikkje gjera det for favorisering? Kvifor ikkje for underslag av offentlege midlar? Kvifor ikkje for fiktive jobbar?», sa ho, samstundes som ho understreka sitt eige blendakvite samvit. «Dei vil ikkje klara å sverta meg, for eg har etikk, eg har moral, eg held meg til dei, og når eg krevjer etikk og moral, så gjeld det også for meg sjølv».
Spørsmålet no er kva resultat dommen vil få. Når det gjeld det juridiske, heng det på ankesaka. Grunnlaget for dommen framstår som solid, men ankedomstolen kan sjølvsagt koma til å trekkja ein annan konklusjon likevel.
Politisk er spørsmålet om det vil styrka eller sveikka det franske ytre høgre. Dersom Marine Le Pen ender med å ikkje kunna stilla til det franske presidentvalet er det i utgangspunktet dårlege nyhende for Rassemblement National.
Sidan Le Pen framleis kjemper for å stilla, vil Bardella i så tilfelle få lita tid på seg til å driva valkamp. Han vert av nokre sett på som meir pragmatisk og meir spiseleg enn Le Pen, men han er samstundes ung og har ikkje ein like trufast skare bak seg som henne. Sjølv om han har vore noko av ei stjerne på Tiktok, har det dessutan vorte tydeleg at han ikkje er like mediesterk som mange trudde. Som Bjørn Kvalsvik Nicolaysen skriv i Dag og Tid: «Han gav ut bok i fjor, til stor åtgaum. Sidan er det vorte eit munnhell at nokon, helst den eigentlege forfattaren, må forklåre Bardella kva som står i boka».
På den andre sida kan Rassemblement National sjølvsagt lukkast i sin strategi i møte med dommen, og med å endå tydelegare teikna opp seg sjølv som det einaste alternativet i fransk politikk, og som dei einaste som står opp mot den politiske eliten. Dommen kan styrka partiet si rolle som utfordrar og outsider.
Samstundes er det ikkje gitt. Medan ei nyleg meiningsmåling frå Elabe viser at Marine Le Pen framleis vil kunna sanka opp mot 36 prosent av røystene i ein fyrste valomgang, viser ho også at 54 prosent av franske veljarar meiner dommen illustrerer at det franske demokratiet og maktfordelinga fungerer godt, og at heile 68 prosent meiner at det er å venta at ei avgjersle om tap valbarheit vert gjort gjeldande med det same.
Støtta frå Elon Musk og Donald Trump kan dessutan visa seg å verta noko av ein giftpille, ingen av dei er vidare populære i Frankrike.
Det einaste som synest visst er at dommen vil gje meir sinne og meir mistillit blant mange av dei som allereie støttar Le Pen og hennar parti. Det kan vera eksplosivt nok.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet vert laga på på fritida, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg:
Tilgang til heile arkivet
Tilgang til chat, saman med andre betalande abonnentar og Øyvind Strømmen, for spørsmål, diskusjon og forslag.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com
Eksterne lesetips
Donald Trump har benåda endå ein deltakar i 6. januar-opptøya, Thomas Caldwell. Les meir på TheHill.com.
Patrick Crusius, gjerningsmannen bak eit høgreekstremt terroråtak i El Paso i 2019, har fått tilbod om å seia seg skuldig i åtaket for å unngå dødsstraff, skriv mellom andre CNN. Sjå også omtale i lokalavisa El Paso Matters.
Den canadiske høgreekstreme propagandisten Patrick Gordon Macdonald, også kjent som Dark Foreigner, er dømd for terrorstøtte for si rolle i den akselerasjonistiske organisasjonen Atomwaffen Division. Les meir hjå den kanadiske kringkastaren CBC.
Den kjente historikaren Timothy Snyder meiner at Trump-administrasjon eldar opp antisemittisme, samstundes som dei hevdar å bekjempa han. Sjå Snyder sin substack.
«Nazistiska mordhyllningar säljs via Facebook», skriv svenske Expo, som granskar kanalane høgreekstremistar nyttar for å selja sine produkt.
Den amerikanske høgreekstreme (og akselerasjonistiske) gruppa kjend som The Base, som har ein leiar basert i Russland, forsøker ifølgje The Guardian å rekruttera til attentat og åtak på infrastruktur i Ukraina.
PBS har publisert ein podcast om sin nylege dokumentar The Rise and Fall of Terrorgram. Om du vil vita meir om høgreekstrem akselerasjonisme er begge verdt å få med seg.
Tulsi Gabbard, USAs etterretningssjef under Donald Trump, har peika på Joe Kent som leiar for det nasjonale kontraterrorsenteret. I 2020 blesta Kent sjølv etablera av den paramilitære gruppa 1st Amendment Praetorian. Det er ikkje det einaste bandet han har til ytterleggåande miljø, ifølgje ein artikkel i Mother Jones.