nr. 1, 2025: Jean-Marie Le Pen
7. januar 2025 døydde Jean-Marie Le Pen. Livshistoria hans rommer fleire historier om det europeiske ytre høgre.
23. juli 1953: Ei gruppe handelsmenn – leia av bokhandlaren og lokalpolitikaren Pierre Poujade – hindrar skattefuten i å gå gjennom bokføringa til ein kjøpmann i det sørfranske småbyen Saint-Céré.
Det kan synast som ein historisk bagatell, men den dagen vart ei kortvarig, men langt frå ubetydeleg politisk rørsle fødd. Same haust gjekk Poujade vidare: han etablerte det han kalla Forsvarsalliansen for handelsmenn og handverkarar, Union de défense des commerçants et artisans (UDCA).
Rørsla hadde klårt definerte fiendar: politikarar, skattebyråkratar, intellektuelle, uforståande journalistar, alle desse urbane elitane som – i UDCA si forståing – stod saman mot ærleg arbeidande franskmenn. UDCA vaks raskt. Seinsommaren 1955 hadde dei over 350.000 betalande medlemer, og gav dei mellom anna ut to aviser; månadsavisa L´Union og vekeavisa Fraternité française.
I 1956 stilte Poujade si rørsle også til val, og dei lukkast med å vinna 52 seter i det franske parlamentet.
Dei fleste av dei såkalla poujadistane sine parlamentarikarar var butikkeigarar, handverkarar og småentreprenørar. Mellom unntaka var ein tidlegare politimann, Jean Dides, og to studentar, Jean-Maurice Demarquet og Jean-Marie Le Pen. Sistnemnde var 27 år gamal og vart det nest-yngste medlemet av nasjonalforsamlinga. Saman utgjorde dei tre også kjernen i den meir militant nasjonalistiske delen av poujadismen. Le Pen markerte seg med sin sterke motstand mot å gje Algerie større sjølvstyre, men også gjennom å villa innskrenka fridomen til den «ærekrenkande og demoraliserande» pressa og gjennom å ønska sanksjonar mot det franske kommunistpartiet. Økonomiske spørsmål tok han i mindre grad opp.
Den unge Jean-Marie Le Pen ønskte å omskapa UDCA si valliste, L´Union et fraternité française (Fransk union og brorskap), til eit ekte parti, og til eit ultranasjonalistisk slikt. Det førte til intern konflikt. Poujade avviste dei same ultranasjonalistane som «yrkesnasjonalistar» og som «ei gruppe trangsynte høgreekstreme utan kontakt med den politiske og folkelege røyndomen». I 1957 vart Le Pen og hans kumpanar stengt ute frå UDCA. Le Pen drog ei tid til Algerie som fallskjermsoldat – og vert også skulda for å ha delteke i tortur der, noko han seinare langt på veg vedgjekk og forsvarte.
Snart fall poujadismen som rørsle saman. Trass betydeleg oppslutning, vart den berre eit blaff. Likevel kan UDCA sjåast på som definerande for dei meir vellukka døma på europeisk høgrepopulisme i det som gjerne vert kalla den andre bølgja innan det europeiske ytre høgre etter andre verdskrigen. Der den fyrste bølgja i bestod av reint nyfascistiske parti, med Movimento Sociale Italiano som det mest vellukka, var poujadismen mindre ideologisk prega. Sjølv om Poujade omtalte den franske nasjonalforsamlinga som «det største bordellet i Paris» var han heller ingen uttalt antidemokrat.
Poujadismen har slik sett klårare parallellar i danske Mogens Glistrups Fremskridtspartiet og i norske Anders Langes parti – ikkje minst med sine røter i skatteopprør – enn i partia som seinare skulle dukka opp i ei rekkje europeiske land, blant anna nettopp i Frankrike.
5. oktober 1972: Jean-Marie Le Pen hadde lukkast i å bli gjenvald i 1958, som ein av få av dei opprinneleg poujadistiske parlamentarikarane. I 1962 lukkast han ikkje.
Le Pen slutta ikkje av den grunn å engasjera seg i politikken, og då i meir uttalt ultranasjonalistisk politikk. Han stod mellom anna sentralt i presidentvalkampen til ytre høgre-politikaren Jean-Louis Tixier-Vignancour i 1965, ein valkamp som brakte unge revolusjonære nasjonalistar saman med både Vichy-nostalgikarar og restar av den poujadistiske rørsla. Tixier-Vignancour enda med 5,2% av røystene. Sjølv om det skulle gå tjue år før det franske ytre høgre oppnådde liknande røystetal, var han milevis frå å kvalifisera seg til andre valomgang. Etter valet framstod den franske høgreradikalismen som både svak og splitta.
På slutten av sekstitalet samla fleire smågrupper – i betydeleg grad prega av rein nyfascisme – seg likevel til ein ny organisasjon, Ordre Nouveau (Ny orden, ON). Dei gav ut tidsskrifte Pour un Ordre Nouveau, og kombinerte ultranasjonalisme, antikapitalisme og antimarxisme med idéar om ein europeisk «tredje veg». I tillegg fokuserte dei på nordafrikansk innvandring til Frankrike, som vart framstilt som ei slags motkolonialisering.
Ordre Nouveau ynskte å etablera ein samla front framfor valet i 1973, og 5. oktober 1972 vart partiet Front national pour l'unité française (Nasjonal front for fransk einskap til) etablert. Jean-Marie Le Pen stod sentralt i grunnlegginga, og vart også vald som leiar. Inspirasjon fann dei franske høgreradikalarane i tidlegare nemnde italienske MSI, som dei også hadde tett kontakt med. Det franske partiet sin logo vart ein rein kopi av den italienske partilogoen; berre med dei franske fargane, istadenfor dei italienske.
Det nye partiet samla både radikalnasjonalistiske studentar, ungdomar frå Ordre Nouveau og ei rekkje gamle franske fascistar og nazikollaboratørar. Valet vart – kanskje ikkje heilt overraskande – ein fiasko.
![](https://substackcdn.com/image/fetch/w_1456,c_limit,f_auto,q_auto:good,fl_progressive:steep/https%3A%2F%2Fsubstack-post-media.s3.amazonaws.com%2Fpublic%2Fimages%2F6708870f-e7fa-46c8-b481-e9abb89e6629_781x449.png)
Fiaskoen førte til ny konflikt. Le Pen meinte at den einaste måten å koma seg ut av den politiske bakevja på, var gjennom å dyrka fram ein meir stoverein profil og å fokusera på val som politisk metode. Andre såg på Front National som fullstendig mislukka, og ynskte heller ny, militant aktivisme.
I 1973 resulterte ein valdeleg konfrontasjon mellom Ordre Nouveau og ytre venstre-gruppa Ligue Communiste i at franske myndigheiter valde å forby begge organisasjonane. Ei rekkje sentrale Ordre Nouveau-aktivistar gjekk då vidare til å stifta eit anna parti, Parti des forces nouvelles. I Front National vart derimot Jean-Marie Le Pen verande den definerande krafta i mange år framover.
Blant dei som var med i leiinga dei fyrste åra var også François Duprat, eit tidlegare Ordre Nouveau-medlem og relativt glødande antisemitt, som også spela ei viktig rolle i å spreia holocaustnekting i Frankrike.
I ein artikkel i tidsskriftet Cahiers européenes - notre Europe i januar 1974 skildra han det han såg på som grunnlaget for det nye partiet: beinhard anti-parlamentarisme, ein motstand mot det demokratiske systemet, men også naudsynet av å samarbeida med andre parti på høgresida. To år seinare publiserte Duprat boka Manifeste nationaliste révoluttionaire (Nasjonalrevolusjonært manifest). Han skreiv:
Den revolusjonære nasjonalismen ser på Frankrike som ein kolonisert nasjon, som det hastar å avkolonialisera (…). Det er openbert at denne situasjonen ikkje vert oppfatta av våre landsmenn: blindskapen er eit resultat av våre utbyttarar sine evner; dei tek kontroll over massemediene, og deretter, umerkeleg, over heile vår nasjonale kultur, viss eksistens no kan nektast for.
Duprat vart drept i eit bilbombeåtak i 1978, eit åtak ei ukjent jødisk gruppe tok på seg ansvaret for, men som aldri faktisk vart oppklart. Duprat kan samstundes tena som nok eit illustrerande døme på Front National sine røter i ein revolusjonær fascisme som i betydeleg grad var prega av nyfascistisk tenkning.
21. april 2002: Jean-Marie Le Pen vart lenge verande ein marginal figur. Han stilte til presidentvalet i 1974, men fekk mindre enn ein prosent av røystene. I 1981 freista han på ny å stilla til val, men denne gongen klarte han ikkje å samla nok støtte til å kvalifisera til ein plass på røysteseddelen.
Utover på åttitalet vaks likevel Front National. I 1982 fekk dei eit visst gjennombrot i regionalval, og året etter i lokalval, også gjennom samarbeid med andre parti på høgresida. I 1984 fekk partiet nesten 11 prosent av røystene i europarlamentsvalet, og dermed vart Le Pen for fyrste gong europarlamentarikar.
I 1986 fekk partiet nær ti prosent av røystene i parlamentsvalet, og 35 parlamentarikarar. Partiet hamra laus på innvandring og utryggleik, og tente på misnøye med økonomiske og sosiale vanskelegheiter, særleg i det særlege Frankrike. I 1988 stilte Le Pen nok ein gong til val som president, no med ein profil som l´outsider, som utfordrar det etablerte. I tillegg til gjennom innvandringsmotstand hadde han markert seg ved å omtala gasskamra som «ein detalj i historia om andre verdskrigen» og gjennom å villa sperra HIV-smitta og AIDS-sjuke inne i eigne «sidatorium». Han fekk nær 15 prosent av røystene i fyrste valomgang. I 1995 prøvde han igjen, med eit tilsvarande resultat.
I parlamentsvala i 1993 og 1997 oppnådde partiet hans på si side høvesvis 12,7% og 14,9% i fyrste valomgang, men det franske valsystemet – med enkeltmannskrinsar og to valomgangar – innebar likevel at partiet ikkje vann eit einaste mandat i det fyrste valet og berre eitt i det andre. Likevel må dei definitivt reknast som ein del av den tredje ytre høgre-bølgja i europeisk politikk, saman med andre parti med røter i syttitalets nyfascistiske nyorientering, men også med parti som tidlegare hadde vore nærare mainstream, som austerrikske FPÖ og sveitsiske SVP. Denne bølgja toppa seg på mange måtar med presidentvalet i Frankrike i 2002, 21. april 2002.
Dei fleste rekna med at andre valomgang skulle koma til å stå mellom den sitjande presidenten, konservative Jacques Chirac, og den sitjande statsministeren, sentrum-venstrekandidaten Lionel Jospin. Slik skulle det ikkje gå. Jospin hadde gjennomført ei rekkje viktige sosiale reformar, men fekk samstundes kritikk frå meir radikale venstresiderøyster, og i presidentvalet vart mange venstresiderøyster fordelt ut på ulike kandidatar som kvar for seg hadde låg oppslutning. Samstundes var valoppslutninga låg.
Le Pen satsa på si side på ei meir moderat tone enn i tidlegare val, og på ein populistisk bodskap. Han søkte å framstå som ein mann av folket, som ein som kunne forsvara dei mot eit korrupt etablissement. Det var ein bodskap med ein viss appell, ikkje minst fordi Chirac faktisk hadde blitt etterforska for korrupsjon.
Valdagen røysta godt og vel 5,6 millionar franskmenn, nær 19,9 prosent, likevel på Chirac. Jospin enda opp med vel 4,6 millionar røyster, 16,2 prosent. Og Le Pen fekk vel 4,8 millionar, 16,9 prosent. Dermed var valsjokket eit faktum; andre valomgang skulle ikkje stå mellom høgre- og venstresida, men mellom den korrupsjonsanklaga Chirac og ultranasjonalisten Le Pen.
Det høyrer med til historia at Chirac vann andre valomgang med heile 82,2 prosent av røystene, etter ein valkamp der jamvel ungsosialistane hadde oppmoda til å røysta på han: «Votez escroc, pas facho!», «Røyst på ein skurk, ikkje ein fascist!». Chiracs overlegne valsiger var skuffande for Le Pen, som før valet rett nok hadde gardert seg ved å seia at han forventa omfattande valfusk, og etterpå påstod at valresultatet kom av «sovjetiske metodar» og var «eit sviande nederlag for det franske håpet».
16. januar 2011: Nederlag eller ikkje; på mange måtar var valet i 2002 høgdepunktet i Le Pens politiske karriere. Då han for femte gong freista å stilla som presidentkandidat, i 2007, fekk han berre 10,44 prosent av røystene, og partiet hans sleit endå meir i motbakke, og oppnådde ikkje meir enn 4,3 prosent i fyrste omgang av parlamentsvalet eit par månader seinare. Ein del av forklaringa var at høgresidekandidaten Nicolas Sarkozy på nokre område hadde lagt seg nærare Front National, eller – for å bruka Le Pen sine ord – hadde plyndra partiet.
Front National vart også kasta ut i indre strid om kven som skulle vera etterfølgjaren til den 82 år gamle partileiaren. Nokre ville overlata roret til Bruno Gollnisch, japanskprofessoren og hardlineren som lenge hadde framstått som Le Pen sin naturlege arvtakar. Mange ville istadenfor ha Marine Le Pen, Jean-Marie Le Pen si yngste dotter.
I januar 2011 vant ho den interne dragkampen, noko avisa Le Monde omtaler som den eldre Le Pen sin siste politiske siger. Sjølv vart han utnemnd som ærespresident.
Det skulle ikkje vara.
20. august 2015: Under den interne valkampen hadde Marine Le Pen skapt kontrovers i fransk offentlegheit, gjennom ei tale til partimedlemer i Lyon der ho samanlikna muslimsk gatebøn med ein okkupasjon: «For dei som ynskjer å snakka mykje om andre verdskrigen: dersom det handlar om okkupasjonen, ja, så bør me også snakka om han. (…) Det er sjølvsagt ingen panservogner, ingen soldatar, men det er like fullt ein okkupasjon og den tynger lokale innbyggjarar».
Marine Le Pen sitt politiske prosjekt var likevel ei «avdemonisering» av Front National. Det innebar eit visst oppgjer med antisemittismen og sterkare fokus på sosiale spørsmål. Det innebar også – faktisk alt før ho overtok styringa – at ho tok avstand frå nokre av faren sine kontroversielle fråsegner. I eit intervju med France 5 i 2009 hadde ho til dømes tatt avstand frå faren si etterkvart gjentekne omtale av gasskamra som ein detalj i historia: «Eg har ikkje det same synet på desse hendingane som min far».
I 2015 førte «avdemoniseringa» fram til at Front National tok eit oppgjer med sin eigen partistiftar og mangeårige leiar, på bakgrunn av nye ytringar om gasskamra som ein detalj, positiv omtale av den franske nazikollaboratøren Philippe Pétain og ein kommentar om nødvendigheita av å samarbeida med Putins Russland for å berga «den kvite verda». Marine Le Pen omtalte dette som eit politisk sjølvmord, Le Pen den eldre vart suspendert frå partiet. Etter at han også hadde gått til sak mot sitt gamle parti vart han endeleg ekskludert i august.
Ikkje lenge etterpå starta han opp ei ny nasjonalistisk forening og i 2016 også eit nytt politisk parti, Comités Jeanne.
Igjen hadde han vorte ein marginal figur, sjølv om namnet Le Pen vart ståande att som ei merkevare for den nasjonalistiske høgresida. Marine Le Pen sitt parti opplevde vekst, og kan sjåast på som toneangivande i den fjerde ytre høgre-bølgja, som er prega av det statsvitaren Cas Mudde i ein nyleg artikkel i det svenske tidsskriftet Expo omtaler som «mainstreaming och normalisering». Andre parti har i større grad blitt påverka av høgreradikale idéar, og fleire høgreradikale og leiarar parti har også kome til makta.
7. januar 2025: 7. januar 2025 døydde Jean-Marie Le Pen, 96 år gamal. I løpet av åra som har gått har Marine Le Pen etablert hans gamle parti, no døypt om til Rassemblement National (Nasjonal Samankomst, RN) som ei betydeleg kraft i fransk politikk. Etter å ha mislukkast med å koma til andre runde i presidentvalet i presidentvalet i 2012, lukkast ho i det same i både 2017 og 2022. I det siste vann ho nær 41,5 prosent av røystene.
I 2024 vart partiet hennar – no leia av Joseph Bardella – det største i røystetal i det franske parlamentsvalet, med heile 37,1% i andre valomgang. Det franske valsystemet, og utstrakt taktisk røystegjeving mot RN, førte likevel til at partiet berre vart tredje-størst i nasjonalforsamlinga (sjå artikkelen under).
Framhald nedanfor.
Namneskifte og avdemonisering til trass er det framleis eit parti som ber med seg den same arven. Ein god del av den ideologiske grunnmuren er framleis til stades, noko som også let seg spora i reaksjonane på partigrunnleggarens bortgang. Den noverande partileiaren i Rassemblent National, Bardella, skreiv i samband med dødsfallet ikkje berre at Le Pen hadde tent Frankrike, både i uniform i Algerie og som folkevald i nasjonalforsamlinga og europarlamentet, men også at han alltid forsvarte landets identitet og sjølvstende.
Ytre høgre-konkurrenten Eric Zemmour gjekk lenger: «Utover kontroversane, utover skandalane, er det me vil hugsa i dei komande tiåra at han var blant dei fyrste til å åtvara Frankrike mot dei eksistensielle trugsmåla som venta. Han vil stå att som eit bilete på ein mann og hans mot, i ei tid der det ikkje var så mange modige menn».
Og over grensa i Belgia kom let Tom Van Grieken, leiaren i det høgreradikale, flamske partiet Vlaams Belang, høyra frå seg:
Jean-Marie Le Pen var den fyrste politikaren som slo gjennom med eit program retta mot masseinnvandring i Europa. Sjølv om me ikkje alltid var samde i alt han sa eller skreiv, er hans påverknad på fransk politikk framleis enorm. Han var på mange måtar eit føredøme for vårt parti. Nokre gongar sta, ofte lite fleksibel, men alltid endefram og tru mot prinsippa sine.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet vert laga på på fritida, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Eksterne lesetips:
Pro Publica har publisert ein lang og høgst lesverdig reportasje om ein villmarksekspert som på eiga hand gjekk undercover i den amerikansk militsrørsla, inklusive Oath Keepers. Oath Keepers kan du også lesa meir om i Oppdateringar nr. 4, 2021.
Terroråtaket i Magdeburg 20. desember – som har kosta seks menneske livet – har framleis eit uavklart motiv. Medan det kunne framstå som eit ekstremislamistisk åtak, har gjerningsmannen tidlegare markert seg som sterkt fiendtleg innstilt til islam og har han uttrykt støtte til det høgreradikale partiet AfD. Åtaket vart uansett gjenstand for desinformasjon frå ytre høgre. Avisa Tagesschau ser nærare på det i ein artikkel.
1. januar 2025 fann eit liknande terroråtak stad i amerikanske New Orleans. Gjerningsmannen bak dette åtaket verkar å vera inspirert av terrorgruppa IS, som også sjølv har hevda at gjerningsmannen var inspirert av deira bodskap. Les meir i New York Times. For meir kontekst, sjå ekspertkommentarar publisert på nettsidene til tankesmia Atlantic Council.
Sør-Korea er i ei pågåande politisk krise. I den er også konspirasjonsteoriar ein ingrediens. Ein artikkel i Japan Times fortel meir.
NPR har snakka med ekstremismeforskar Eviane Leidig om «momfluencers» som kombinerer matlaging og hushaldningstips med kvit nasjonalisme.
Vibeke Knoop Rachline skriv i Aftenposten i samband med tiårsdagen for terroråtaket mot redaksjonen i Charlie Hebdo: «7. januar er det gått ti år siden terrorangrepet mot satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris. Det har fått enorme konsekvenser – ikke bare i Frankrike.»
Rachline har elles gjeve ut den lesverdige boka Terror i Europas hjerte (2019), om IS-åtaka i Paris i november 2015. Boka følgjer den overlevande terroristen Salah Abdeslam på hans veg frå festglad ungdomskriminell i Brussel til terrorist i Brussel.