nr. 4, 2024: Misnøyeriddarane
Ytre høgre freistar å ri på ryggen til bondeprotestar. I Sverige har dei lukkast dårleg, men eit «bondetog» utan traktorar fortel likevel ei historie.
I ulike europeiske land har det hausten 2023 og våren 2024 funne stad bondeprotestar. Som Bjørn Gimming i Norges Bondelag seier det i ei utgåve av Landbrukspodden frå mars i år er det «ganske stor variasjon mellom ulike land for kva bonden opplever som krevjande, og kva dei demonstrerer mot; sjølv om det nok i botn ligg ein frustrasjon over svak lønsemd…