nr. 3, 2024: ISKP og terror i Moskva
Det brutale terrorangrepet i Moskva 23. mars var ei pinleg affære for Putin og bør få alarmklokker til å kime i fleire land.
I litt over åtte år har eg nokre gongar i året hatt ei gjestespalte i Stavanger Aftenblad, der eg mellom anna har skrive om ekstremisme i ulike former.
Dagens spalte er den siste i rekkja, då avisa no skal ha inn nye gjesteskribentar. Det er litt vemodig, men tyder samstundes at eg får meir tid til å jobba med dette nyhetsbrevet. I denne utgåva går eg djupare inn i det som også er tema for mi siste spalte i Aftenbladet: det grufulle terroråtaket mot konserthallen Crocus i Moskva, 22. mars i år.
Kvelden 22. mars, i forkant av at ein utseld konsert med rockebandet Piknik skulle ta til, opna væpna menn eld mot publikum i konserthallen Crocus i Moskva-forstaden Krasnogorsk. Minst 144 menneske skal ha mista livet, anten under sjølve terroråtaket eller av skader dei fekk. Hundrevis vart såra.
Åtaket er blodigare enn sjølv IS´ sine grufulle terroråtak i Paris i november 2015.
Nokre veker tidlegare – 7. mars 2024 – meldte den russiske etterretningstenesta FSB at dei hadde avslørt ei IS-tilknytt terrorcelle i Moskva, som angiveleg hadde planar om å gå til åtak på ei synagoge i byen. To terroristar, både to kazakhstanske statsborgarar, vart drept i ei skotveksling med FSB-styrker.
Like etter gjekk den amerikanske ambassada i Moskva ut med ei åtvaring om at ekstremistar hadde planar om å gå til åtak på mål i byen. Ambassada bad amerikanske borgarar om å unngå folkemengder og konsertar. Amerikanske tenestemenn skal også ha vore i direkte kontakt med russiske myndigheiter, for å åtvara om eit mogleg åtak frå terrorgruppa kjent som Islamsk Stat, og frå undergruppa som er kjend som ISKP.
Kven dei er, skal vi koma attende til.
Åtvaringane vart ikkje tekne på alvor. Den russiske presidenten Vladimir Putin skal sjølv ha omtalt dei som ein provokasjon som var meint å skremma og destabilisera det russiske samfunnet.
Då terroråtaket faktisk skjedde vart det raskt lemma inn i propagandakrigføringa mot Ukraina, og det til trass for at IS snart tok på seg ansvaret. I ei melding publisert via meldingsappen Telegram skraut dei over å ha angripe «ei stor samling kristne» og over å ha forårsaka «stor øyding».
23. mars publiserte det IS-tilknytte «nyhetsbyrået» Amaq dessutan ein video filma ved hjelp av eit actionkamera av ein av gjerningsmennene sjølv. Det var forferdelege bilete, av skyting, av drepte menneske og av ein terrorist som skjer over strupa på eit såra offer. «Drep dei, vis inga nåde», seier ei stemme på videoen.
Fyrst måndag 25. mars peikte president Putin på radikale islamistar som dei skuldige. Då var fire mistenkte gjerningsmenn – alle tajikiske borgarar – alt arrestert; det hadde dessutan dukka opp videoar av at minst to av dei vart utsett for tortur, spreidd via Telegram-kanalar.
Russarane slutta likevel ikkje å retta peikefingre både mot det overfalte nabolandet og mot vestleg etterretning. 28. mars sa det russiske utanriksdepartementet si talskvinne Maria Zakharova jamvel at det var «svært vanskeleg å tru» at IS kunne ha kapasitet til gjennomføre eit slikt åtak.
Som eg skriv i Stavanger Aftenblad er denne retorikken knappast overraskande, både løgner og konspirasjonsanklager er vante våpen for Moskva. Dei fungerer. I samband med Crocus-åtaket har dei flytta fokus vekk frå russisk etterretningssvikt og frå den pinlege avvisinga av amerikanske åtvaringar.
Som storavisa Financial Times rapporterer har anklagene mot Ukraina også funne gjenklang i den russiske befolkninga. Konspirasjonsanklager som dette har dessutan eit publikum også i vestlege land. På nettstaden steigan.no vert til dømes ISKP omtalt som «ikke [...] noen reell organisasjon», men snarare som «et verktøy USA bruker».
Men sant og seie er ikkje dei russiske anklagene dei einaste som har svirra i etterkant av terroråtaket. Ukraina har skulda den russisk etterretningstenesta FSB for sjølv å ha minst ein finger med i spelet i samband med terroren.
På nettet har det til dømes vorte gjort mykje ut av bilete som viser fleire blåkledde menn i konsertlokalet, godt hjulpe av den eksil-belarusiske nett-TV-kanalen Nexta. Det er påstandar av ein type som peiker attende mot «falsk flagg»-anklagene som i årevis har versert rundt ei rekkje bombeåtak mot russiske leiligheitsbygg i 1999. Desse bombeåtaka var ein viktig del av opptakta til Vladimir Putins fyrste krig som russisk president: den blodige krigen i nord-Kaukasus.
Vestlege etterretningskjelder og terrorforskarar har samstundes vore lite i tvil: Åtaket på Crocus kom frå ISKP, IS-underbruket som er døypt opp etter Khorasan, eit historisk område i sentral-Asia som mellom anna omfattar Afghanistan og Tajikistan.
Etter at IS mista kontrollen over landområda dei hadde erobra i Syria og Irak, har andre område vorte viktigare for terrororganisasjonen. I dag gjer IS-avleggjarar seg blant anna gjeldande fleire stader på det afrikanske kontinentet, mellom anna i Mosambik (sjå også Oppdateringar #11, 2021: Cabo Delgado) og i Mali. Også i Afghanistan har gruppa makta å overleva. Der vart underbruket ISKP offisielt etablert i 2015, tildels av utbrytarar frå Taliban. Etter at Taliban tok over makta i landet, har ISKP vore ei torn i sida til dei. ISKP forsøker å undergrava Taliban sin kontroll, utnytter situasjonen i område med maktvakuum og går i sin propaganda stadig til åtak på Taliban for å vera veike og jamvel for å vera «lojale dukker for dei amerikanske krossfararane».
Sidan 2020 har ISKP vorte leia av 29-årige Sanaullah Ghafari, ein veteran frå IS si krigføring i Irak og Syria.
Under hans leiarskap har dei stått bak ei rekkje blodige terroråtak: eit åtak på universitet i Kabul i november 2020, sjølvmordsbombeåtaket mot flyplassen i Kabul i august 2021, under den amerikanske evakuering frå landet; fleire åtak mot afghanske sjiamuslimar og dessutan eit bombeåtak mot den russiske ambassaden i Kabul i september 2022. På «heimebane» i Afghanistan har dei slitt.
Samstundes har dei i aukande grad synt seg å ha internasjonale ambisjonar, både når det gjeld rekruttering og når det gjeld val av mål. Tidlegare i år slo dei til dømes til mot ei minnemarkering for den iranske generalen Qasem Soleimani i den iranske byen Kerman. 98 menneske vart drept.
Ei trong for å skaffa seg finansielle støttespelarar kan, som terrorforskaren Antonio Giustozzi seier i eit intervju med Politico, vera blant beveggrunnane for å gjennomføra terroråtak som dei i både Kerman og Moskva. IS som sådan har eit behov for å visa at dei stadig er relevante. Nettopp Russland utgjer også ein viktig del av fiendebiletet deira. Som den norske terrorforskaren Brynjar Lia har peikt på i VG er det fleire grunnar til dette: konflikter i Kaukasus, Russland si rolle i den syriske borgarkrigen og dessutan Russland sitt gode tilhøve til Iran. Alt dette har også spela ei rolle i ISKP sin propaganda, spreidd både via meldingsappen Telegram og gjennom nettpublikasjonar på fleire ulike språk. Det inkluderer usbekisk, tajikisk, russisk og engelsk.
Men dei internasjonale ambisjonane til ISKP gjer seg også gjeldande i vest-Europa. I løpet av det siste året har gruppa gjentekne gongar dukka opp på radaren til politi og etterretningstenester, og det i ei rekkje ulike land.
I fjor vart ein tenåring arrestert i belgiske Leuven, mistenkt for terrorplanar. Medan planane ikkje skal ha vore konkrete skal ungdomen ha snakka om å laga ei bombe med sprengstoffet TATP. Han skal ha sympatisert med IS og ISKP. Dessutan skal han også ha vore i kontakt med tre unge menn i Austerrike som angiveleg planla eit åtak mot ei regnbogemarkering i Wien. Tidsskriftet Knack fortalte i fjor sommar dette:
Ifølgje informasjonen vi set på var dei tre arresterte ungdomane frå Austerrike og 16-åringen frå Leuven del av eit jihadistisk miljø som er spreidd over heile Europa, men som ikkje er strukturert eller organisert. Ungdomane oppildna kvarandre i chatgrupper på Telegram og gjennom andre kanalar.
Også dei unge jihadistspirene i Austerrike skal ha vore inspirert av ISKP, noko avisa Der Standard er blant dei som har skrive om.
Seinare har ISKP også dukka opp i samband med terroretterforskningar i Tyskland, Nederland og Frankrike. Berre dagar før terroråtaket i Russland vart to menn pågripe i Tyskland, mistenkt for å ha planlagt eit terroråtak retta mot den svenske riksdagen.
Terroråtaket i Moskva bør uroa oss. Det viser at ISKP har både kapasitet og vilje til å angripa utanfor sine kjerneområde. Det er også ei åtvaring, og ei vi i vest-Europa helst ikkje bør oversjå.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Tips gjerne også andre om nyhetsbrevet.
Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera på e-post oyvindstrommen@gmail.com.