nr. 19: Reichsbürger-rørsla

Tusenvis av tyskarar ser på den tyske staten som illegitim. Idéen er gjerne motivert av konspirasjonsteoriar. Og nokre av dei såkalla Reichsbürger kan vera farlege.

Førre utgåve av Oppdateringar om det ekstreme omtalte den nylege årsrapporten frå det tyske tilsvaret på PST, BfV. I den samanhang lova eg også at me i denne utgåva skulle sjå nærare på den såkalla Reichsbürger-rørsla.

Då er det naturleg å starta med omtala i nettopp BfV sin årsrapport. Denne omtaler Reichsbürger (borgarar av Det tyske riket) saman med Selbstverwalter (sjølvforvaltarar), og seier også at grensene mellom dei kan vera uklåre og at det aktuelle miljøet er særs samansett. Det som sameiner ulike enkeltpersonar og små og store grupper i miljøet er ein idé om at den tyske staten (eller meir presist den tyske demokratiske republikken) er illegitim. Delar av miljøet knyter seg opp mot historisk og territoriell revisjonisme.

Konspirasjonsteoretiske idéar er utbreidde.

Eit døme vil nok gjera det heile tydelegare. Ei av gruppene i dette landskapet heiter Königreich Deutschland (kongeriket Tyskland), og vert leia av den kokkeutdanna Peter Fitzek, som også har bakgrunn som karateinstruktør og som eigar av ei tatoveringssjappe. I september 2012 etablerte Fitzek sitt eige kongedøme, nokre mål stort på områda til eit nedlagt sjukehus i Wittenberg. Ein video av ein slags kroningsseremoni vart publisert på nettet. Der er Fitzek omgitt av likesinna, og han les mellom anna opp det følgande:

Inspirert av ynskjet om å tena Skaparen, folket, fred og framgang i verda, og med siktemål om å etablera ein verkeleg fri heim for tyskarane, etter meir enn 60 år, etablerer me – frie menn og kvinner – i tråd med vår eiga vilje, idag, og på dette historiske tidspunktet, ein ny, tysk stat.

I eit intervju med VICE nokre år seinare fortalde han at han hadde stilt som kandidat både som ordførar i Wittenberg og som parlamentarikar, men “eg lærte at eg ikkje kunne forandra lite i det beståande systemet, og difor tenkjer eg at det er betre å bruka kreftene mine på å etablera eit heilt nytt system”.

Det er mogleg det har ein samanhang med at han vann svært få røyster. Fitzek sitt statsprosjekt er på si side eksentrisk nok til å ha fått ein del mediamerksemd.

Men lat oss freista å pakka noko av det litt meir ut. Referansen til ein “fri heim for tyskarane, etter meir enn 60 år” peiker attende til slutten av andre verdskrigen. Då Nazi-Tyskland fall var det også slutten på Det tyske riket, Deutsches Reich. Dagens tyske stat kan sjåast på som ein arvtakarstat. Reichsbürger-rørsla meiner noko anna. Nettsidene til Fitzeks tyske kongedøme hevdar rett nok å ikkje ha noko imot den tyske føderalstaten, men hevdar vidare at “det noverande rentesystemet” ikkje tillet å byggja ein økonomi til felles beste; at mange teknologiar som kunne ha løyst sosiale og økologiske problem vert undertrykt; at helsevesenet har profitt som mål, ikkje helse, og så vidare.

Enn så lenge kan det verka smått konspirasjonsteoretisk, lettare historielaust og noko rosakanta.

Men mørket ligg ikkje langt unna. I 2016 skulle politiet ransaka heimen til Wolfgang P. i bayerske Georgensgmünd. Dei hadde som siktemål å beslagleggja ei større våpensamling, då Wolfgang ikkje lenger vart rekna som skikka til eiga våpen.

Wolfgang P. hadde før dette gått gjennom ei slags radikalisering. Han var noko av ein doomsday prepper, og hadde ikkje berre samla våpen, men også store mengder drivstoff og mengder av matvarer. Han trudde på chemtrails, ei førestilling om at myndigheitene sprayer ulike giftstoff frå fly (og at dette etterlater merkeleg utsjåande kondensstriper). Han er uroa for kriminalitet, fryktar for den ekstreme islamismen, men også for overgrep frå myndigheitene. Han hadde også tatt til seg Reichsbürger-idear.

Då politiet dukka opp opna han eld. Ein politimann vart drept, to vart såra.

I den seinare rettsaken – mellom anna omtalt i journalisten Peter Maxwill si bok Die Reise zum Riss: Berichte aus einem gespaltenen Land – teikna aktoratet eit bilete av ein militant antiautoritær og kaldblodig mordar, som hadde førebudd åtaket på politiet lenge. Forsvararen hevda på si side at ugjerninga var spontan, og at Wolfgang P. ikkje var nokon Reichsbürger, og måla han nærast opp som offer for ein amatørmessg utført politioperasjon.

Litt seinare spurte dommaren etter P. sine personalia: “Eg kan stadfesta at personen er tilstades”, svarte Wolfgang to gongar. Dommaren får vist fram eit utløpt ID-kort av han på storskjerm og sler fast at han er til å kjenna att. Wolfgang P. svarer: “Eg er den frie mannen Wolfgang og ikkje denne personen”. Nokre veker seinare vart han dømd til fengsel på livstid.

Desse referansane til “frie menn” avslører også Reichsbürger-rørsla sitt slektskap til den opphavleg amerikanske sovereign citizens-rørsla.

Tilhengarane av denne vil gjerne hevda at dei er frie menn og kvinner, som har rive seg laus frå den underkastande statsmakta. Også i Noreg har ein sett ein avleggjar, den såkalla frimannsrørsla, som John Færseth har fortalt om i ein artikkel i Fri Tanke.

Politidrapet i Georgensgmünd førte til ny merksemd rundt Reichsbürger-rørsla, både frå tysk politi, tysk tryggleiksteneste og frå media. I 2018 gav forfattaren Tobias Ginsburg ut boka Die Reise ins Reich: Unter Reichsbürgern, etter å ha gått undercover i rørsla i månadsvis, og då mellom anna i Fitzek sitt “kongedøme”.

I eit intervju fortel han at “statsfornektinga” står i ein høgreekstrem tradisjon, det starta blant gamle nazistar i etterkant av andre verdskrigen: Tyskland var okkupert, og dessutan offer for ein jødisk verdskonspirasjon. Etterkvart spreidde idéen om det okkuperte Tyskland seg vidare, inn i andre miljø, der han fekk andre uttrykk. Ginsburg forklarer:

Etter 1945 var det vanskeleg å snakka om den jødiske verdskonspirasjonen offentleg, iallfall dersom du ynskte å ta del i den offentlege samtale. Difor finst det koder.

Ein snakkar ikkje lenger om jødar, men om Illuminati, om internasjonal storfinans eller om østkystlobbyen, medan resten av teorien er igjen. Dei fleste av dei veit sjølvsagt veldig godt kva dei meiner med desse omgrepa. Men i tillegg finst det krinsar, om det er i esoteriske miljø eller blant dei som sverger fullstendig til konspirasjonsteoriar, der folk faktisk trur på mektige satanistar eller på ein konspirasjon av øglemenneske. Det som vert skildra er også der dei same antisemittiske idéane om ei mørk, vondskapsfull, blodsugande elite som undertrykker dei naive teutonarane, og jødehat er dimed framleis eit sentralt, sameinande element.


Høyr også eit lengre intervju med Ginsburg (på tysk) hjå Deutschlandfunk Nova.


BfV-rapporten me starta med fortel at det i løpet vart registrert 772 tilfelle av straffelovsbrot motivert av Reichsbürger- eller Selbstverwalter-ideologi, inklusive 125 tilfelle av valdskriminalitet. Storparten av desse har funne stad i Bayern.

Tilhengarar av desse idéane har dukka opp i samband med demonstrasjonar mot tyske smittevernreglar, ikkje minst frå gruppa staatenlos.info.

At Reichsbürger-rørsla rører seg i utkanten av demonstrasjonar er elles ikkje noko nytt. I slutten av mai 2018 var forfattaren av dette nyhetsbrevet innom ein større demonstrasjon i regi av det høgreradikale partiet Alternative für Deutschland i Berlin. Medan publikum ropte “Merkel muss weg” (Merkel må vekk) fekk eg stukke ei brosjyre i handa, med “informasjon” frå ei Reichsbürger-gruppe.

BfV-rapporten seier også at dette miljøet har “høgt valdspotensial”, og syner mellom anna til to døme på valdelege åtak på polititjenestemenn, båe knytt til at Reichsbürger / Selbstverwalter-aktivistar nekta å bruka munnbind. Rapporten anslår elles at rundt 20.000 tyskarar er tilhengarar av desse idéane, ei auke frå 19.000 i 2019.

I Tyskland har QAnon-ideane også funne god såjord i Reichsbürger-miljø. Som det heiter i ein omfattande artikkel i GQ Magazine:

Germany has moulded its own, Reichsbürger-led approach to QAnon, whereby Trump is working against the Nato allies who have occupied it since the war (Reichsbürger have also gathered outside Berlin’s Russian embassy, pleading for Vladimir Putin to deliver them from Nato’s clutches).

Reichsbürger-rørsla er – iallfall i utgangspunktet – eit særtysk fenomen, prega av tysk historie. Ein finn rett nok tilsvarande miljø også i Austerrike, der dei gjerne vert omtalt under samlenamnet Staatsverweigerer, statsmotstandarar, altså. Løftar me blikket kan me også sjå framvekst av konspirasjonsteoretiske miljø med eit fiendtleg syn på staten også i fleire land. Sjølv om tilsvarande norske miljø er svært marginale, kan dei også sjå ut til å vera i vekst, ikkje minst fordi ulike subkulturelle alternativpolitisk miljø har funne saman i samband med demonstrasjonar mot smitteverntiltak også her til lands.


Kva er dette?

Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhendebrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.

Det vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhendebreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.

Klikk her for å abonnera:

Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.

Share


Tips til eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:

  • Forfattaren av dette nyhetsbrevet skriv i Stavanger Aftenblad om ei ny bok QAnon, som viser oss korleis fenomenet er både gamalt og nytt.

  • Forskarane Graham Macklin og Tore Bjørgo har publisert ein artikkel i Perspectives on Terrorism som ser på 22. juli-terroristen sin påverknad på høgreekstrem terror. Artikkelen er tilgjengeleg som PDF på nettsidene til universitetet i Leiden.

  • Rebecca Ruiz skriv i Mashable om konspirasjonsteoriar som ei psykisk helse-krise.

  • New York Times har publisert ein imponerande videogjennomgang av storminga av Capitol, som mellom set søkjeljos på deltakinga til organiserte grupper som Proud Boys og Oath Keepers.

  • John Færseth skriv i Vårt Land om nettstaden Nyhetsspeilet, som har spela ei sentral rolle i spreiinga av konspirasjonsteoriar her til lands.

  • Olga Stokke skriv i Aftenposten om korleis terrorgruppa IS framleis klarer å rekruttera nye tilhengarar, også i Noreg.