nr. 15, 2022: Proud Boys
Proud Boys kan vera ei litt vanskeleg gruppe å forstå. To nye bøker kan hjelpa. Også i dette nummeret: om eit skyteåtak i Slovakia.
I førre utgåve av Oppdateringar om det ekstreme kunne du lesa om Oath Keepers, ei av dei to gruppene det kanskje har vore mest merksemd rundt i kjølvatnet av storminga av Kongressen 6. januar.
Den andre er Proud Boys. Den kan kanskje vera litt vanskelegare å få grep om. Proud Boys ber preg av å vera ein gjeng, noko som også gjev seg utslag i at dei kler seg i ei slags uniform (svarte og gule Fred Perry-skjorter), solid plassert ytterst på høgrekanten i amerikansk politikk.
Dei kallar seg sjølv «vestlege sjåvinistar», drikk saman og slåss saman. Dei dyrkar dessutan både drikkinga og valden, og er opne om sin forakt mot Black Lives Matter og mot det dei kallar Antifa. Som det heitte i ein lengre artikkel i fagtidsskriftet CTC Sentinel sommaren 2021:
Proud Boys har ofte stått i opposisjon til innvandring, feminisme, […] Black Lives Matter (BLM), LGBTQ+-rørsler og, mest kjend, til antifascistisk (referert til som antifa) mobilisering. Proud Boys[-medlemer] og leiarskapen deira har framstilt kvar av desse som utslag for «kulturmarxisme» eller kommunisme, og gjer seg jamnleg nytte av konspirasjonsteoriar som framstiller Demokratar og liberale (red. merk: ordet er her brukt i amerikansk forstand) som vondskapsfulle og korrupte. Medlemer av gruppa har vore involvert i målretta valdsbruk, særleg mot venstreorienterte demonstrantar og protestrørsler […].
Ingen utprega triveleg gjeng, med andre ord. Men er det rettast å omtala dei som høgreradikale eller som høgreekstreme? Er det riktig å omtala dei som ein slags nyfascistar, slik canadiske myndigheiter, som også har klassifisert Proud Boys som ei terrorgruppe, gjer? Er dei rett å omtala dei som ei kvit makt-gruppering, slik nokre gjer?
To nylege bøker kan vera hjelpsame for dei som ynskjer å forstå fenomenet betre: Andy Campbells We Are Proud Boys og Luke Mogelsons The Storm is Here.
Den sistnemnde boka, skriven av New Yorker-skribenten og krigsreporteren Luke Mogelson, er ei ganske heseblesande reise gjennom episodar som fører fram til storminga av Kongressen 6. januar. Boka kan tena som ein nyttig introduksjon til fleire amerikanske samtidsfenomen, frå konspirasjonsteoretikerane rundt QAnon til borgarkrigsfantasiane til dei såkalla Boogaloo Bois.
Og sjølvsagt kjem Mogelson også inn på Proud Boys, ikkje minst i samband med at medlemer av ytre høgre-gjengen samla seg i Portland i slutten av september 2020. Han er der, saman med dei, midt i det han omtaler som «eit bisart, spritflyt karneval». Fleire deltakarar går rundt med hattar og jakkemerker med teksten RWDS – right-wing death squad, høgreorientert dødsskvadron – eller med t-skjorter med bilete av kroppar som vert kasta ut frå helikoptre. Ei t-skjorte gjer bodskapen tydeleg: «Pinochet gjorde ikkje noko gale».
Både Proud Boys-leiar Enrique Tarrio – som har afrokubansk bakgrunn – og Joe Biggs, ein annan leiande figur, vert presentert nærare. Mogelson oppfattar Tarrio som noko av ein galleonsfigur og fokuserer på Irak- og Afghanistan-veteranen Biggs. Biggs, som har ein RWDS-tatovering på høgre biceps leia Proud Boys-gjengen til å ropa slagordet «Fuck Antifa», men også til å «feira mannen me elskar mest, Jesus Kristus».
Seinare vert den amerikanske nasjonalsangen spelt. Mogelson legg merke til at ei rekkje Proud Boys-medlemer istadenfor å leggja handa på hjarta lagar «OK»-teikn med fingrane. Attende i 2017 freista nettroll på 4Chan å lura media til å tru at dette var eit kvit makt-symbol, ikkje ein o og ein k, men ein w og ein p, for white power. Faktiske tilhengjarar av kvit makt-ideologi tok snart i bruk det nye symbolet på alvor. Det same har Proud Boys-medlemer, som – for å sitera Campbell – «alltid er viljuge til å kasta seg på ein trollekampanje».
Nokre dagar seinare vart den fyrste TV-debatten mellom Trump og Biden arrangert. Moderator Chris Wallace pressa Trump for ein kommentar om ytre høgre:
Trump ender med å svara:
Proud Boys, stå attende og stå klare. Men eg skal fortelja deg at nokon må gjera noko med Antifa og venstresida, for dette er ikkje eit høgresideproblem, dette er eit venstreside…
På det sosiale mediet Parler gledde nemnde Biggs seg over kommentaren, som han tolka som eit signal om å gå til åtak på Antifa.
I tilfellet Proud Boys, og også hjå Trump, er Antifa ein konstruksjon, ein busemann, meir enn eit reelt fenomen. Sjølv om Antifa i høgste grad eksisterer som organisatorisk idé blant venstreradikale, og også blant grupper som omfamnar valdsbruk som taktikk og som bade i både revolusjons- og valdsromantikk, er ytre høgre-konstruksjonen Antifa noko meir. Den er ein slags spydspiss i eit venstreorientert komplott mot Amerika, eit mørkt trugsmål, ei overveldande fåre, ein del av ein konspirasjon. Dermed er det heller ikkje grenser for kva dei kan få skulda for.
Seinare, etter at Trump hadde tapt valet, etter at Proud Boys hadde slutta seg til påstandane om at han eigentleg hadde vunne, skreiv Tarrio på Parler at ordren om å stå attende ikkje lenge var gjeldande. Seinare, 6. januar 2021, var Proud Boys massivt til stades blant demonstrantantane, slik Enrique Tarrio også hadde lova. Sjølv var han der ikkje. Han vart arrestert dagen før, knytt til ei sak frå ein månad tidlegare, då eit Black Lives Matter-banner vart stole frå ei kyrkje i byen og sett fyr på.
Biggs var der. Han var blant dei fyrste demonstrantane som tok seg inn i den amerikanske Kongressen.

Var det planlagt? Mogelson meiner det ikkje er tvil om at «hundrevis av Proud Boys, Oath Keepers, Groypers, Three Percenters og andre [i patriotrørsla]» hadde kome til Washington D.C. med valdsbruk for auge, men anser samstundes at det som faktisk hende var ei «komprimert utgåve av det som hadde skjedd gjennom heile 2020», «eit formlaust raseri, eit felles delirium skapt av frykt og feberaktig sjølvrettvise»:
[Ifølgje tilståinga til Proud Boys-medlemet Charles Donohoe] sende Biggs ei melding til Proud Boys-leiarskapen kl. 09:20 den 5. januar, med meldinga: «Me har ein plan». Men han fortalde aldri kva den planen besto og gav ikkje Donohoe praktisk råd i korleis han skulle utførast. Det som verkar mest sannsynleg for meg er at Proud Boys avgjort ville gjera noko, men at dei venta på å bli fortalt akkurat kva. Dei stod klare.
Boka We are Proud Boys er skrive av Andy Campbell, som har dekka Proud Boys i fleire år for den venstreorienterte nyhetsnettstaden Huffington Post. Som New York Times-meldar Adam Hothschild peiker på i ei bokmelding er det ei bok med fleire svakheiter: ho verkar å vera noko av eit hastverksarbeid, og er prega av både klisjéar og av det som lett kan tolkast som overdrivingar.
Samstundes er det å ha fulgt gruppa gjennom fleire år definitivt noko som taler til Campbell sin fordel. Gjennomgangen av Proud Boys si historie er interessant, lesverdig og synleggjer idégrunnlaget bak organisasjonen tydeleg.
Det startar med Gavin McInnes, ein canadiskfødd skribent og podcastar, som sjeldan vert nemnd utan at det også vert nemnd at han var med å starta VICE Media attende i 1994. I denne samanhang er det langt seinare The Gavin McInnes Show meir interessant, sidan det er der Proud Boys i praksis blir fødd, på eit show med eit slags humorpreg, men samstundes med ein underliggande bodskap der både rasisme, kvinneforakt og ei forherleggjering av vald er ein del av pakken.
Eg var på [Newsmax med verten Steve Malzberg] i går og eg berre, «Det er moro å slå til desse ungdomane fordi dei aldri har blitt slått til før», og Malzberg berre, «Du går ikkje inn for valdsbruk, gjer du?», og eg var berre «Jo, absolutt. Eg er faktisk sint for at du ikkje har gått inn for det tidlegare. Det er noko vidunderleg og effektivt».
Gavin McInnes
I 2016 skapte McInnes ein gjeng ut av publikummet sitt, nokon han også annonserte på The Gavin McInnes Show.
Nokre månader seinare introduserte han gruppa for eit vidare publikum i tidsskriftet Taki’s Magazine. Der fortalde han at gruppa var «vestlege sjåvinistar som nektar å be om orsaking for å ha skapt den moderne verda», og som lengta etter den gongen «jenter var jenter og menn var menn». Han presenterte også tre av «gradene» i organisasjonen:
Fyrste grad: å ha erklært seg sjølv som Proud Boy.
Andre grad: å ha gjennomgått ein slags «dåp» beståande av å lista opp namna på frukostblandingar medan du får pryl av andre medlemer av gruppa, i tillegg til eit løfte om å ikkje masturbera på ein månad.
Tredje grad: å ha lata seg tatovera med teksten Proud Boys.
Han nemnde ikkje den fjerde graden i organisasjonen, men det gjorde han i eit seinare intervju med Joe Rogan. For å nå dit måtte ein verta arrestert eller vera involvert i eit alvorleg, valdeleg slagsmål på vegner av organisasjonen. Igjen vart det pakka inn som ein slags humor.
Røyndomen er mindre morosam. Som me alt har vore innom var Proud Boys i høgste grad til stades under storminga av Kongressen 6. januar 2021. Campbell skriv:
Den fyrste som braut seg inn i kongressbygningen var ein Proud Boy.
Dominic Spazzola – eller «Spazzo» som han var kjend som for gjengen sin i New York –hadde kjempa til seg eit politiskjold frå ein politimann og hadde kome seg opp trappetrinna til bygningen, fram til eit stort vindauge ute av syne frå hovudinngangen.
[…] Pezzola løfta skjoldet over skuldra si og køyrde det inn i vindauga om og om igjen […].
Campbell viser også koplinga mellom Proud Boys og det berykta Unite the Right-arrangementet i Charlottesville i 2017, som enda med at ein motdemonstrant vart drept etter at nazisympatisøren James Alex Fields Jr. køyrde bilen sin inn i ei gruppe av dei. Unite the Right samla store delar av det amerikanske ytterste høgre, men var prega av høgreekstreme grupper. Men initiativtakaren Jason Kessler var Proud Boys-medlem, og hadde også fått høve til å promotera arrangementet gjennom eit intervju på Gavin McInnes sitt show (du kan høyra delar av intervjuet i podcasten This American Life).
Etter å ha prata med Kessler la McInnes til at han var litt «fram og attende» om Unite the Right:
På den eine sida er eg ikkje redd for å verta assosiert med [høgreekstremisten] Richard Spencer. På den andre sida vil eg venda attende til det me eigentleg handlar om, nemleg øl.
I etterkant, i møte med kritisk søkjeljos, vart Kessler kasta ut av organisasjonen, og McInnes hevda at Kessler aldri hadde høyrd til blant Proud Boys. Men Kessler hadde uansett fått både ein mikrofon og eit publikum, og fleire Proud Boys-medlemer deltok under Unite the Right. Blant dei: Enrique Tarrio.
Campbell avsluttar si bok med å seia at organisasjonen er den mest vellukka ekstremistgruppa i den digitale tidsalderen og med å gje uttrykk for at dei framleis har ei tilsynelatande lysande framtid. Begge delar er diskutable påstandar. Proud Boys er definitivt ikkje den einaste ytterleggåande gruppa internett har spela ei viktig rolle for, og store delar av leiarskapen deira er idag i juridiske problem knytt til storminga av Kongressen. Organisasjonen slit idag dessutan med intern krangling.
Campbell har eit gyldigare poeng når han peiker på skaden Proud Boys allereie har gjort gjennom å fremma og normalisera politisk vald.
Les, sjå og høyr meir
Eit tilpassa utdrag frå Campbell si bok er publisert av NBC News: How a woman infiltrated the Proud Boys.
Campbell er også intervju i Daily Beast-podcasten The New Abnormal.
Eit intervju med Mogelson og eit utdrag frå boka hans er publisert av The Guardian.
Politico skriv om Proud Boys-medlemer Jeremy Bertino, som har tilstått deltaking i eit «opprørsk komplott» i samband med storminga av Kongressen 6. januar 2021.
CTC Sentinel-artikkelen frå 2021, som er omtalt over, er framleis verd ein kikk. Du kan laste ned heile utgåva av tidsskriftet i PDF-format, og får dermed også med deg fleire andre interessante artiklar om ytre høgre.
SPLC sin omfattande presentasjon av Proud Boys gjev også nyttige peikarar vidare.
Både Mogelson og Campbell er intervjua i ei utgåve av New York Times-nyhetsbrevet On Politics.
Video frå USA Today: Former Wisconsin Proud Boy saw racism, anti-Semitism and bullying
Eit skyteåtak i Slovakia
Onsdag skaut og drap ein mann to menneske ved den skeive baren Tepláreň i Bratislava. Den antatte gjerningsmannen stakk av frå staden, men vart funnen død av politiet torsdag morgon, tilsynelatande etter sjølvdrap.
Den antatte har av landets statsminister Eduard Heger vorte omtalt som «ein radikalisert tenåring». Han skal ha vore aktiv på Twitter, på ein profil som no er fjerna, men som forfattaren av dette nyhetsbrevet har hatt høve til å sjå på ei arkivert utgåve av. Der posta han høgreekstrem propaganda, og dessutan lenkjer til eit manifest som osar av antisemittisme og av hat mot LGBT-personar. Han hevda også å sjå på mellom andre den norske massedrapsmannen og terroristen Anders Behring Breivik som eit førebilete.
ADL har publisert ei analyse av spora den antatte gjerningsmannen har etterlatt digitalt, på ein Twitter-profil og i form av det som framstår som eit manifest. Dei peiker på at han var aktiv på Twitter frå april 2021, og at han i denne tida stadig nytta seg av retorikk og bilete prega av kvit makt-ideologi, inkludert glorifisering av terroristiske massemordarar.

Han skal også ha hinta om planar om valdsbruk i fleire meldingar på Twitter, samt ha fantasert om ein komande rasekrig. ADL skriv også at mannen delte bilete av seg sjølv utanfor Tepláreň attende i august, og at det kan sjå ut som han både tvitra sin intensjon om å utføra ei valdshandling og skryt av angrepet i etterkant. Dette gjev grunnlag for å stilla spørsmål ved kor effektiv Twitter si innhaldsmoderering er, meiner ADL.
Filter Nyheter skriv også om skyteåtaket, og har gått gjennom det tilsynelatande manifestet. Til liks med ADL peiker dei på antisemittisme, på hat retta mot LGBT-personar og på akselerasjonisme som viktige bestanddelar.
Hendinga har ført til diskusjonar om hatretorikk i Slovakia, blant anna fordi det også dukka opp kommentarar som hylla drapa og latteremojis i sosiale media i etterkant av åtaket. Det skjedde også i kommentarfeltet på slovakisk politi sine facebooksider.
For å lesa meir om skyteåtaket, sjå VICE Magazine, eller sjå omtale på slovakisk i slovakiske Pravda.
Lesetips:
Øyvind Strømmen skriv om Yannick Verdyck, som vart skoten og drepen under ein belgisk politiaksjon, i ein artikkel i Stavanger Aftenblad. Verdyck omtala seg sjølv som «suveren», var ein såkalla «preppar» og trudde på konspirasjonsteoriar, men var han ekstremist eller martyr?
Forskningsmagasinet Apollon / forskning.no skriv om konspirasjonsteoriar som fåre for folkehelsa.
Spiegel skriv om korleis Björn Höcke og den «ekstreme fløyen» har teke kontroll over det tyske høgreradikale partiet AfD.
Amy Kazmin i Financial Times skriv om kva Giorgia Meloni sin valsiger i Italia kan tyda for Europa.
Alex Jones har blitt dømt for å betala milliardar av kroner i erstatning til Sandy Hook-foreldre. Les meir hjå BBC og ta gjerne eit tilbaketitt på Oppdateringar, nr. 6, 2022.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.