

Discover more from Oppdateringar om det ekstreme
nr. 14, 2022: Oath Keepers – ei oppdatering
Opptak frå ein Zello-kanal og eit lekka medlemsregister gjev nye innblikk i militsorganisasjonen Oath Keepers.
I Oppdateringar nr. 4, 2021, såg me nærare på den amerikanske militsgruppa Oath Keepers, då med utgangspunkt i Sam Jackson si lesverdige bok om gruppa. Det er på tide med ei oppdatering.
Men fyrst ei samanfatting: I den nemnde boka set Jackson opp ein modell som er nyttig både for å skilja mellom ulike straumdrag innan det amerikanske ytre høgre, og for å plassera Oath Keepers. Modellen er utforma som eit Venn-diagram, og skil mellom tre ulike straumdrag:
Det rasistiske straumdraget omfattar til dømes Ku Klux Klan, men også nynazistar og det såkalla alt-right. Det nativistiske straumdraget handlar om frykten for utlendingar (og følgjeleg også innvandrarar) som trugsmål mot det amerikanske. Desse to straumdraga flyt gjerne saman.
Det tredje straumdraget er det Jackson omtaler som anti-government. Innanfor dette straumdraget, som ein på norsk noko upresist kan kalla anti-statleg, peiker Jackson på to kategoriar: dei såkalla sovereign citizens og den såkalla militsrørsla.
Det er i den sistnemnde kategorien Oath Keepers høyrer heime. Det tyder ikkje at dei ikkje er påverka av dei andre straumdraga, men plasseringa hjelper for å plassera dei i ein historisk kontekst: Oath Keepers er ein avleggjar av ei rørsle som i stor grad vaks fram på 1990-talet, då mot eit bakteppe prega av den såkalla beleiringa av Waco (sjå også bonusartikkelen under).
Grupper innan militsrørsla har tradisjonelt sett på føderale myndigheiter som eit trugsmål mot det amerikanske folket, og meiner at amerikanarar må førebu seg på ei uungåeleg, komande konflikt mot myndigheitene. Desse førestillingane er i høgste grad påverka av konspirasjonsteoriar. Slik har det også vore i Oath Keepers.
Som Jackson skriv (i mi omsetjing til nynorsk):
Framfor alt anna, er Oath Gruppe ei gruppe som vert drive av oppfatninga av overhengande trugsmål: mot Amerika, mot dei sjølv og naboane deira og mot fridomsideala. Desse trugsmåla kjem frå alle kantar: frå ein internasjonl konspirasjon beståande av finansielle og politiske elitar, frå tyranniske myndigheiter på føderalt nivå og delstatsnivå, frå terroristar og kriminelle. Nokre gongar er trugsmålet abstrakt, som til dømes når den amerikanske identiteten vert truga av utlendingar som flaumar inn over nasjonens grenser. Oftare er trugsmålet konkret og dramatisk: trugsmål mot den fysiske tryggleiken frå terroristar eller militariserte myndigheitspersonar, trugsmål mot den økonomiske tryggleiken frå finansielle og politiske elitar, trugsmål mot fridom og mot naturgjevne rettar frå myndigheitene.
Etter at Donald Trump vart amerikansk president endra Oath Keepers’ fiendebilete seg. Dei omfamna presidenten, og vart i stor grad opptekne av Trump sine motstandarar, ikkje minst av radikale venstresideaktivistar som – med rette eller ikkje – vart knytt til det såkalla Antifa.
Då Trump tapte presidentvalet vart Oath Keepers blant dei som kjøpte løgna om at valet hadde voret stole, og ei rekkje medlemer av organisasjonen var involvert i storminga av den amerikanske kongressbygningen 6. januar 2021. Nokre er mistenkt for å ha samla ei større mengd med våpen og ammunisjon like utanfor Washington D.C og det som ein del av forsøket på å stogga Biden frå å bli president.
Ikkje overraskande har den såkalla 6. januar-komitéen, ein spesialkomité i Representantanes hus, også sett søkjelyset på Oath KEepers. Under ei høyring i juli vart det fokusert på Oath Keepers og på gruppa Proud Boys, ei gruppe me skal koma attende til i neste utgåve av Oppdateringar. Det tidlegare Oath Keepers-medlemet Jason Van Tatenhove vitna:
Eksterne lenkjer:
60 Minutes om Oath Keepers (YouTube)
New York Times: How Oath Keepers Are Accused of Plotting to Storm the Capitol
The Guardian: Guns, ammo … even a boat: how Oath Keepers plotted an armed coup
Aftenposten: De anklages for å stå bak stormingen av Kongressen. Dette er Oath Keepers.
For berre nokre dagar sidan publiserte den såkalla 6. januar-komitéen, ein spesialkomité i Representantanes hus, ei twittermelding med eit opptak der ein kan høyra Oath Keepers inne og utanfor kongressbygningen 6. januar snakka saman.
Her er eit lite utdrag av samtala:
Røyst 1: CNN sa nettopp at alle medlemene av Kongressen er evakuert til eit sikkert rom.
Røyst 2: Det finst ingen trygg stad i USA for nokon av dei jævlane akkurat no.
Røyst 3: Eg voner dei skjøner at me ikkje spøker.
Opptaket kjem frå ein open kanal på walkie talkie-appen Zello. Eit over to timar langt opptak frå den same kanalen er tidlegare publisert av på SoundCloud av On The Media:
Tidlegare i september publiserte ADL ein rapport med utgangspunkt i lekka informasjon om medlemer i Oath Keepers.
ADL har gått gjennom denne informasjonen og funne 373 personar som arbeider i politiet, inklusive 10 politisjefar og 11 sheriffar. I tillegg har dei funne ei rekkje personar med folkevalde verv, fyrst og fremst på lokalt nivå, men også på delstatsnivå. Blant dei:
Wendy Rogers, som er senator i delstatsparlamentet i Arizona og opent medlem av organisasjonen.
Phil Jensen, som er representant i delstatsforsamlinga i sør-Dakota, og som etter datalekkasjen vart intervjua om dette i Rolling Stone Magazine.
Delstatssenator Bob Giuda i New Hampshire, som hevdar å ha forlatt organisasjonen.
Chad Christensen i delstatsforsamlinga i Idaho, som nyleg tapte mot den meir moderate Josh Wheeler i det republikanske primærvalet. Christensen har vore open om sin medlemskap i Oath Keepers.
David Eastman i delstatsforsamlinga i Alaska, som også er open om sin medlemskap, og som har meint at sakene mot Oath Keepers i kjølvatnet av 6. januar 2021 er politisk motiverte. Eastman var sjølv med på demonstrasjonen utanfor kongressbygningen den dagen, og hadde sjølv ivrig omfamna skuldingane om valfusk. Det er ingen indikasjonar på at han gjorde seg skuldig i lovbrot.
ADL meiner talet på folkevalde som dukkar opp i medlemslistene er «høgst urovekkjande» (mi omsetjing til nynorsk):
Når anti-government-ekstremistar har folkevalde verv, gjev det dei ei farleg moglegheit til å bruka makta si til å fremma ideologien sin på måtar som dramatisk kan påverka veljarane og undergrava demokratiet. Dessutan har folkevalde viktige og betrudde posisjonar i samfunnet, og dermed kan deira støtte til […] ekstremistiske rørsler og ideologiar gje eit ferniss av legitimitet som kan nyttast til å fremma agendaen deira ytterlegare. Til sist kan nærværet deira innan desse institusjonane også hindra myndigheitene frå å fungera som dei skal, og slik påverka innbyggjarane negativt.
Rettssaka mot Oath Keepers-leiar Stewart Rhodes i samband med storminga av Kongressen er venta å starta 26. september.
Lesetips:
Om Oath Keepers:
Politico: Hidden hand involved in Stewart Rhodes’ bid to derail Oath Keepers Jan. 6 trial
Texas Tribune: Two constables, four police chiefs and over 3,000 other Texans were members of the Oath Keepers, report says
SPLC: Exclusive: Oath Keepers Leader Stewart Rhodes' Children Speak
Om andre tema:
Lithub: Luke Mogelson on the Far-Right, the Militia Movement, and the Threat of Trumpism
The Conversation: Conviction of two Michigan kidnap plotters highlights danger of violent conspiracies to US democracy
NBC: Satanic panic is making a comeback, fueled by QAnon believers and GOP influencers.
C-REX: What is the relationship between the far right and environmentalism?
Anders Jupskås i Washington Post: Sweden’s new governing coalition relies on a party founded by neo-Nazis
NRK: Som 19 åring sprengte han en moské. Hvorfor? Historien gjennom moskébomberens øyne.
Sydsvenskan: Här är Nyans-kandidaterna som hyllar terror och sprider hat mot judar
Bonustekst
tidlegare publisert i Stavanger Aftenblad, 18. april 2022
Skuggane frå Waco
19. april 1993 brann det i hovudbygningen til Mount Carmel Center, der ei religiøs gruppe leia av David Koresh heldt til. Tragedien kastar framleis skuggar.
Sundag 28. februar det året skulle den føderale politieininga Bureau of Alcohol, Tobacco and Firearms, mest kjend som ATF, ransaka eigedomen til ei heller obskur religiøs gruppe som noko misvisande vart kalla Branch Davidians.
Bakgrunnen var i hovudsak mistanke om at gruppa hadde mengder av ulovlege våpen.
Skuldingane mot gruppa, leia av 33 år gamle David Koresh, var likevel fleire. Dagen før ransakinga hadde lokalavisa Waco Tribune-Herald trykt den fyrste i ein serie artiklar der Koresh vart skulda for overgrep mot og seksuell omgang med mindreårige.
Raidet gjekk gale. Det oppstod ei skotveksling, og fleire vart drepne, både ATF-agentar og medlemer av Koresh si gruppe.
Etter dette omringa FBI eigedomen i 51 dagar. Den 19. april forsøkte dei å få slutt på det heile ved hjelp av pansra køyretøy og store mengder tåregass. Rundt lunsjtider den dagen for 29 år sidan byrja det å brenna i hovudbygningen på eigedomen. 76 av Koresh sine tilhengjarar mista livet til flammane, som eit resultat av røykforgifting eller etter å ha vorte skotne. Ein 3 år gammal gut døydde etter å ha vorte stukke i brystet med kniv.
Amerikanske styresmakter meiner det var Koresh og tilhengjarane som starta brannen, som del av eit massesjølvmord. Mykje tyder på at det stemmer. Men ytst på den amerikanske høgrekanten byrja det fort å svirra påstandar om at det var FBI som hadde starta brannen.
Blodige konsekvensar
På dagen to år seinare gjennomførte Timothy McVeigh det til då blodigaste terroråtaket i amerikansk historie. Han sette av ei bombe ved ein føderal bygning i Oklahoma City. 168 menneske vart drepne, inkludert 19 born. Datoen var ikkje tilfeldig. McVeigh sitt terroråtak var meint som ei hemn.
McVeigh vert ofte framstilt som ein «einsam ulv». I røynda var han ikkje ein gong åleine om planlegginga av det grufulle terroråtaket. Vel så vesentleg i vår samanheng: McVeigh hadde delteke i og henta idéane sine frå ei breiare rørsle, den såkalla patriotrørsla. To år tidlegare hadde han drege til Waco medan FBI omringa eigedomen Mount Carmel. Til liks med mange andre i rørsla såg han på denne tragedien som ei massakre utført av føderale styresmakter, og som eit startskot på ein krig mellom amerikanske styresmakter og ekte amerikanske patriotar.
McVeigh ynskte å slå attende, også inspirert av boka «Turner Diaries», ein slags rasistisk fabelprosa der hovudpersonen, Earl Turner, deltek i ein ekstremt valdeleg revolusjon mot styresmaktene, og mellom anna gjennomfører eit åtak mot ein føderal bygning ved hjelp av bombe av same type som den McVeigh nytta i Oklahoma City.
Det er verdt å merka seg at McVeigh i enkelte høgreekstreme nettmiljø har ei høg stjerne den dag i dag. Det gjeld ikkje minst blant såkalla akselerasjonistar, som drøymer om å påskunda ein komande rasekrig gjennom ekstrem valdsbruk, og som hyllar ugjerningsmenn som både McVeigh og norske Anders Behring Breivik.
Waco som startpunkt
Waco kastar lengre skuggar. Som forskaren Sam Jackson påpeiker i ei bok om militsgruppa Oath Keepers – ei av gruppene som i høgste grad var til stades i samband med storminga av den amerikanske kongressbygningen 6. januar i fjor – speler hendingane i Waco i 1993 stadig ei viktig rolle for mange i den amerikanske patriotrørsla.
Oath Keepers er blant dei som meiner at Waco illustrerer føderale styresmakter sine overgrep mot amerikanarar, mot Grunnlova og mot gudgitte rettar. Dei meiner også tilsvarande kan koma til å skje igjen. Ja, ordet «waco» har til og med vorte nytta som eit slags verb av gruppa, for å skildra slike overgrep mot sanne amerikanske patriotar.
Alex Jones
patriotrørsla svirrar det sjølvsagt mengder av konspirasjonsteoriar, men Waco speler også ei rolle i breiare amerikansk konspirasjonsteori-kultur. Lite illustrerer dette betre enn forteljinga om ein ung og ganske ukjend radiovert som vitja åstaden for tragedien nokre år etterpå, i år 2000. Han omtala då staden som «eit monument over øydingane til politistaten», før han la til: «Velkomen til den nye verdsordenen».
Den unge mannen var Alex Jones. Han er i dag ein dei mest sentrale aktørane innan amerikansk konspiranoia. Via nettstaden Infowars og på The Alex Jones Show har han omfamna ei nær endelaus rekkje konspirasjonsteoriar: forteljingar om mørke, sataniske komplott; påstandar om at amerikanske myndigheiter sjølv stod bak terroren 11. september; «Pizzagate»; idéen om eit pågåande skjult folkemord mot kvite; førestillinga om at global oppvarming er ein slu svindel og så vidare. Jones har spela ei sentral rolle i å dra mange ned i konspirasjonsteoriane sitt djupe kaninhol.
Men det starta på mange måtar med Waco, og med ein kampanje for å bygga opp att Mount Carmel-senteret. Det var gjennom denne kampanjen at Jones fyrst klarte å få nasjonal merksemd i USA.
I dag vil mange vera samde i at både AFT og FBI handterte situasjonen i Waco elendig, og mange vil meina dei bar ein heil del av skulda for tragedien. Dei som har interesse av vanvit på den amerikanske høgrekanten – i ulike variantar – kjem samstundes ikkje unna arven etter Waco.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.