nr. 12, 2021: Affaire Mia
Ei desperat mor stod bak kidnappinga av ei ung jente i Frankrike. Bak den triste historia ligg også ei forteljing om konspirasjonsteoriar.
13. april vart ei åtte år gamal jente, Mia, kidnappa frå den vesle landsbyen Les Poulières aust i Frankrike. To menn oppsøkte heimen til bestemor hennar, utgav seg for å vera representantar for barnevernet og tok henne med seg.
Nokre dagar seinare vart jenta funne att, i eit kunstnarkollektiv i ein tidlegare fabrikkbygning i sveitsiske Sainte-Croix, saman med si 28 år gamle mor. Mora mista omsorgen for jenta tidlegare i år, og fekk berre møta henne to gongar i månaden.
Politiet meiner det var mora som hadde bestilt kidnappinga. Dei meiner også at hennar endelege mål var å ta jenta med seg til Russland.
I Frankrike har denne saka – kjend som Affaire Mia – fått betydeleg merksemd den siste tida. Politiet kom nemleg raskt på sporet av mennene som er mistenkt for å ha hjulpe mora med kidnappinga. Eit vitne skal ha lagt merke til eit bilskilt. Bilskiltet var registrert i databasa til DGSI, det franske tilsvaret til PST, som hadde snappa opp meldingar som kunne tyda på planar om å bomba vaksinesenter. Hjå ein av dei tre som vart arrestert etter kidnappinga, ein 23 år gamal mann, skal det ha blitt funne materiale til å laga eksplosiver.
Dei mistenkte tilhøyrer alle saman det som vert skildra som eit konspirasjonsteoretisk og antistatleg miljø. Ein av dei, ein 58 år gamal mann frå Paris, har i avhør forklart at han er ein «dissident» og ein «motstandar av dette systemets barbari». Han sa også at han var stolt av å ha hjulpe den vesle jenta å koma saman med mor si igjen, og samanlikna seg med den fiktive gentlemanstjuven Arsène Lupin.
Informasjon frå avhøra førte også til at fransk politi gjekk ut med ei internasjonal arrestordre mot ein franskmann busett i Malaysia, Rémy Daillet-Wiedemann. Han vert mistenkt for å ha oppmoda til kidnappinga, og kanskje også for å ha bidrege økonomisk til planen.
På slutten av 00-talet var Daillet-Wiedemannleiar for sentrumspartiet MoDem i fylket Haute-Garonne. I 2010 vart han ekskludert frå partiet. Sidan har han gått i ei … anna retning: Ifølgje Le Parisienhar han over fleire år etablert seg som ein leiande figur innan franskspråkleg konspirasjonskultur. Videoane hans er sett av hundretusenvis, og har fått auka utbreiing under pandemien.
På ei av fleire nettsider han står bak tek Daillet-Wiedemann til orde for eit «fredeleg» og «folkeleg» statskupp i Frankrike. Når ein ser nærare på målsetnadene for dette kuppet ser nokre av dei ut til å vera bygd på konspirasjonsteoriar, mellom anna om 5G-nettet og vaksiner. Andre er bygd på nasjonalisme, og eit reaksjonært familiesyn. Tidsskriftet Street Press har i ein artikkel omtalt korleis Daillet-Wiedemann gjennom ulike kanalar også har formidla innhald med paralellar til QAnon-rørsla.
Og det er ikkje fyrste gong namnet hans har dukka opp i ei kriminalsak: I november 2020 køyrde ein mann gjennom porten til gendarmeriet i Dax, sør-vest i Frankrike, før han smadra inn i bilar på parkeringsplassen. Gjerningsmannen, som synte seg å ha psykiske problem, vart raskt arrestert. «Eg hadde eit normalt liv», fortalte han i retten i januar. Koronapandemien førte til at han ikkje kunne arbeida, og at han hadde lite anna å gjera på enn å sitja heime, på nettet, der han såg på konspirasjonsteorivideoar. Etterkvart kom han i kontakt med Daillet-Wiedemann på nettet. Politiet fatta interesse for sistnemnde som ei mogleg inspirasjonskjelde for åtaket.
I 2018 vart mor til vesle Mia ein del av «gule vestar»-rørsla. Det var ei populistisk grasrotrørsle som ei tid vakte betydeleg merksemd, også internasjonalt. I utgangspunktet protesterte dei mot veksande drivstoffprisar og mot det dei – ikkje heilt med urette – såg på som urettvise endringar i skattesystemet.
Men det var også ei rørsle organisert i sosiale media, utan noko klår leiing, og det var ei rørsle som utgjorde godt jordsmonn for både falske nyhende og for konspirasjonsteoriar, ikkje minst fordi dei «gule vestane» allereie bar på omfattande mistillit mot etablissementet. Kanskje er det også forklaringa på at kvinna i 2019 og 2020 – ifølgje den franske allmennkringkastaren RFI – vart oppteken av «vaksiner, 5G-teknologi og særleg av idéen om ein vondsinna stat om tek born frå familiane deira». Nokre av postane hennar i sosiale vart prega av teoriar ein kan kjenna att frå QAnon-universet.
I april 2020 skreiv kvinna til dømes om «berykta pedofile» i elitane, og klaga ho over at konvensjonelle media aldri snakka om dette, men at ein istadenfor måtte gjera sin eigen research. «Våkn opp sauer. New World Order, 5G-chip, satanisme, osv., osv.».
I januar i år avgjorde ein domstol at mormora mellombels skulle få omsorgen for vesle Mia. Det vart gjort av fleire årsaker, blant anna fordi mora skal ha kome med suicidale kommentarar, men også fordi ho hadde nekta å senda dottera på skulen.
Daillet-Wiedemann driv også ei nettside om heimeskule. I eit intervju med Le Parisien hevdar barnerettsadvokaten Michel Amas dessutan at den malaysiabusette ekspolitikaren er ein «farleg galning» som har gått etter foreldre som frå før har hatt vanskar med myndigheitene, og som gjerne også er økonomisk sårbare.
«Ei mor, ein far, eit par, tar bornet sitt ut av skulen, over natta, utan å varsla nokon. Skuleleiinga melder frå dette og det juridiske systemet byrjar å røra på seg», seier Amas.
Mia er attende hjå mormora no. Mor hennar er sikta i ei straffesak. Det same er sju personar som er mistenkt for å ha vore involvert i bortføringa.
Det heile er ei tragisk historie. Truleg er det også nok eit døme på kor destruktive effektar konspirasjonsteoriar kan ha på livet til dei som ramlar ned i kaninholet.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonsteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera:
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff ? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Tips til eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:
Buzzfeed News fortel om korleis konspirasjonsteoriar rundt overgrep mot born har vorte ein veg inn i høgreekstremisme.
Filter Nyheter fortel ei slåande og trist historie om konspirasjonsteoriar som har splitta ein familie: Tre brødre forteller.
I ein podcast frå Niskanen Centre vert konspirasjonsteoriforskarane Joseph Uscinski frå Universitetet i Miami og Adam Enders frå Universitetet i Louisville intervjua om arbeidet sitt. Podcasten er også tilgjengeleg i tekstformat. Uscinski åtvarer mellom anna om å overdriva QAnon som fenomen: When you poll on QAnon properly, it’s small, it’s stable, and it’s one of the fringier beliefs out there, yet the media coverage was, “This is huge.”
Brian William i MSNBC intervjuer Melissa Ryan, forfattar av nyhetsbrevet Ctrl - Alt-Right - Delete om ytterleggåande idéar si gjennomslagskraft i det republikanske partiet i USA.
NBCNews.com fortel at det amerikanske justisdepartementet no forventar å ta ut siktemål mot meir enn 500 personar i samband med storminga av Capitol.
CNN fortel om QAnon i Japan: Japan's QAnon disciples aren't letting Trump's loss quash their mission.
BBC: Mozambique gas project: Total halts work after Palma attacks. Sjå også førre utgåve av dette nyhetsbrevet.
Alyssa Milano intervjuer Christian Picciolini i podcasten Sorry: Not Sorry. Picciolini er ein tidlegare høgreekstremist som arbeider med å hjelpa andre ut av hatgrupper, og også forfattar av fleire bøker, inklusive Breaking Hate: Confronting the Culture of Extremism.