Oppdateringar om det ekstreme

er eit nyhetsbrev laga av Øyvind Strømmen, som gjev deg oppdateringar om ulike former for ekstremisme, om konspirasjonsteoriar, om radikalisering og i blant om andre ting.

Nyhetsbrevet vil inkludera både artiklar skrivne av Strømmen sjølv, og tilrådingar til lesestoff og anna knytt til temaet. Det kan også koma til å dukka opp stoff frå gjesteskribentar.

Kven er Øyvind Strømmen?

Øyvind Strømmen er ein norsk frilansjournalist og forfattar som gjennom ei årrekkje har arbeidd med ekstremisme. Han har skrive fleire bøker om høgreekstremisme, og kjem hausten 2021 ut med ei bok om konspirasjonsteoriar. For meir informasjon om Strømmen, sjå oyvindstrommen.no.

Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.

Kontakt

Kontakt Øyvind Strømmen på oyvindstrommen (at) gmail.com.

Abonnement

Du kan velja mellom tre ulike abonnement:

  • gratis abonnement

  • betalt abonnement, 30 EUR i året

  • betalt abonnement, 5 EUR i månaden

Klikk her for å abonnera: