

Discover more from Oppdateringar om det ekstreme
nr. 9, 2023: Waffenkraft
Ein domstol i Paris dømde i dag fire unge menn til fengselsstraffer for å ha planlagt terror.
«Ingen liknar meir på ein framtidig jihadist enn ein aspirerande nynazist», skreiv Le Monde-journalisten Soren Seelow i ein artikkel publisert 19. juni. Han rapporterte frå ei rettssak i Paris, ei rettssak mot fire unge menn, tiltalt for å ha planlagt terror.
Seelow er avisa sin terrorspesialist, og har tidlegare gjeve ut boka Le cellule saman med illustratøren Nicolas Otero. Den handlar om terroråtaka IS gjennomførte i Paris i november 2015. Han peiker på fleire trekk han meiner gjer saka til noko av eit spegelbilete: rolla nettet spela i danninga av terrorcella, korleis dei fire vart radikalisert, den svart-kvite retorikken deira, nokre av måla, og jamvel ein fascinasjon for ekstremislamistisk terror.
I dag fall dommen mot dei fire. Retten konkluderte med at dei planla alvorlege lovbrot, «truleg massedrap». Hovudmannen Alexandre Gilet vart dømd til 18 års fengsel. Dei tre andre fekk kortare fengselsdommar.
Dommane er ikkje rettskraftige. Dei fire har ti dagar på seg på å anka.
Det var på forumet WaffenKraft dei møtte kvarandre. Det var yngstemann – den gongen framleis ikkje myndig – som laga møtestaden, som ein privat kanal på chatteplatforma Discord. Logoen var ei såkalla svart sol, eit symbol som med nazistiske konnotasjonar. Inspirasjonen henta han frå den opphavleg amerikanske gruppa Atomwaffen Division, ei høgreekstrem gruppe prega av den såkalla akselerasjonismen, ein idé om at valdsbruk er både naudsynt og ynskjeleg for å framskunda det noverande samfunnets kollaps og ein komande rasekrig.
Dette er sjølvsagt ikkje heile historia. Alle fire var av ulike årsaker sårbare for radikalisering.
Yngstemann hadde ei mor med psykiske vanskar og ein valdeleg far. Ein av dei andre levde i skuggen av ein far som vert skildra som både «autoritær», «sint» og «svært langt til høgre». Ein annan mista mora til kreft i ung alder, og då faren gifta seg på ny med ei gassisk kvinne, såg guten på henne som noko nær ein djevel.
Og Gilet? Han vert skildra som noko av ein einstøing, som brukte tida si på nettet, stadig meir fanga i ein loop av sinne, rasisme, jødehat, homofobi. Sjølv hevdar han å ha vorte sjølvradikalisert i kjølvatnet av terroråtaka i Paris i 2015.
På Waffenkraft-forumet fann dei saman. Dei snakka om Hitler og Mussolini, og rakka ned på jødar («ein klikk av parasittar»), muslimar og homofile («avskyelege vesen»). Ein av dei kalla seg «Panzer», ein annan «Confucius». Gilet kalla seg «FrenchCrusader», fransk krossfarar. Dei diskuterer høgreekstrem litteratur, som valdfantasiroman Turner Diaries av nynazisten William Luther Pierce, ein slags fabelprosa om høgreekstrem terror som kulminerer i folkemord, og essaysamlinga Siege av James Mason, ein av den høgreekstreme akselerasjonismen sine store leiestjerner.
Men dei møttest ikkje berre på nett. Saman drog dei også på skogstur for å øva på skyting. På vegen tok dei eit bilete der dei gjer ei nazihelsing. På turen snakka Gilet om å skyta den venstreradikale politikaren Jean-Luc Mélenchon.
Då Gilet vart arrestert i september 2018 fann etterforskarane fleire våpen: ein pistol, ei pumpehagle, ei halvautomatisk rifle. Dei fann ei teikning som førestiller ein riddar som skyt på born av ulik etnisk opphav. Men valdsfantasiane er meir konkrete enn som så: det dukka også opp eit slags manifest, der han skildra fleire scenario for åtak.
I retten fortalte dei andre tiltalte at Gilet var besatt med terroråtak. At han ville gjera som jihadistane. Seelow i Le Monde skriv:
«Han såg seg sjølv som i konkurranse med dei, og han ville overgå dei. Me snakka mest om åtaket på Bataclan», forklarer ein av dei. «Eg trur han ville gjera noko verre enn Bataclan».
Sjølv hevda han at det aldri hadde vore snakk om noko konkret, men vedgjekk han at hadde tenkt på å gjennomføra terror, utan å vera «psykologisk klar for det».
Heime låg han var eit naziflagg, Adolf Hitlers Mein Kampf, og det såkalla manifestet til den norske massedrapsmannen Anders Behring Breivik. I sitt eige «manifest» omfamna franskmannen Breivik: «Bravo til krossfararen Breivik, for hans utmerka presisjonsoperasjon». Han omfamnar også ein annan terrorist, den ekstreme islamisten Omar Matteen, som i juni 2016 drepte 49 menneske i eit åtak på den skeive utestaden Pulse i Orlando i Florida.
I det førti sider lange dokumentet nemner Gilet også moglege mål for terroråtak, blant dei ein moské, det franske kommunistpartiet og Europarlamentet, «eit prioritert mål». Han skildrar korleis åtak kan gjennomførast, med skytevåpen, køyretøy, kniv, og utfordringar ved dei. «For auka motivasjon, kan du setja på litt musikk».
«Det var eit dokument eg skreiv ein dag eg var sint. Eg lot berre sinnet mitt renna ut», sa han i retten.
Men Gilet gjorde meir enn å skriva. Han kjøpte mengder av ammunisjon, forsøkte å skaffa seg ein Kalasjnikov på dark web, freista å få tak på sprengstoffet C-4, søkte på Google etter «trykkokarbombe» og undersøkte han også potensielle mål.
«Forstår du at desse nettsøka kan vera urovekkjande?», spurte hans eigen advokat, Fanny Vial.
«Dersom ein jihadist søkte etter kalasjnikov og kyrkjer på Google, ville eg absolutt finna det urovekkjande», svara Gilet.
Ifølgje Søren Seelow i Le Monde har fransk politi sidan 2017 avverga ni høgreekstreme terrorplott. I 2021 vart seks medlemer av den antimuslimske gruppa Organisation des armées sociales dømd til fengselsstraffer for å ha delteke i eit terrornettverk. I 2022 vart eks-soldaten Auréline Chapeau dømd til ni års fengsel for terrorplanar mot jødiske mål. I februar i år vart tre medlemer av den vesle høgreekstreme gruppa Barjols dømde.
Ifølgje Le Monde er fransk etterretningsteneste uroa for tre ulike kategoriar av ekstremisme knytt til ytre høgre. Størst er uroa for akselerasjonistar, gjerne unge menn radikalisert på nettet. Dette er eit miljø også PST har åtvara imot. Det same gjer Europol i sin ferskaste rapport om terrortrugsmål i Europa.
Fransk etterretning er også uroa for konspirasjonsteoretiske miljø, som ikkje i seg sjølv er høgreekstreme, men som er «mottagelige» for nokre av idéane innan høgreekstremismen. Desse miljøa er langt større i omfang, og det er krevjande å identifisera det fåtalet som faktisk kan vera viljug til å ta i bruk vald.
Til sist følgjer nyfascistiske grupper, der uroa er knytt til at enkeltmedlemer kan verta radikalisert vidare til valdeleg ekstremisme, på litt same måte som det skjedde med medlemer av den radikale islamistgruppa Forsane Alizza. Og medan talet på avverga ekstremislamistiske plott i Frankrike sidan 2017 er langt høgare, heile 41: uroa for høgreekstremismen er langt frå grunnlaus.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Tips gjerne også andre om nyhetsbrevet.
Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Eksterne lesetips:
Le Monde har publisert fleire gode artiklar på fransk om Waffenkraft-saka. Fleire av Le Monde-artiklane er også tilgjengelege på engelsk.
Charlie Hebdo har publisert ein utmerka artikkelserie om rettssaka (på fransk, prøveartiklar tilgjengelege utan abonnement).
For meir om Atomwaffen Division, sjå SPLC: Leaked Chats, Documents Show Atomwaffen Founder´s Path to Terror Plot
Lasse Josephsen har skrive om mellom anna Atomwaffen Division og koplingar til Noreg i ein artikkel i Aftenposten frå 2022.
For meir om akselerasjonisme, sjå også min artikkel om det høgreekstremet terroråtaket i Bratislava i fjor, publisert i Stavanger Aftenblad.
Expos Daniel Poohl skriv om drapet Ing-Marie Wieselgren i Almedalen i Visby i fjor: «Många ville se förövaren som förvirrad och psykiskt sjuk. Men i själva verket var han ett exempel på en ny form av extremism».
Svenske FOI Totalförsvarets forskningsinstitut har publisert ein ny rapport om «antidemokratiska extremistmijöer i Sverige», som vert skildra som «ett komplext och ständigt föränderligt landskap där konspirationstänkande, rasism, misogyni och den ryska regimens propaganda samverkar».