nr. 8, 2021: Gamification
15. mars gav Politiets Sikkerhetsteneste ut rapporten "Hvordan påvirker ekstreme digitale nettverk terrortrusselen i Vesten og Norge?". Den er verdt å sjå nærare på.
I den nyleg utkomne boka Homegrown Hate skriv Sara Kamali i eit kapittel om det ho kallar “myta om den einsame ulven”. I den samanhang gjev ho lesarane ein interessant gjennomgang av historia til einsam ulv-åtak som taktikk, både innanfor høgreekstremismen og innanfor den ekstreme islamismen. Når det gjeld den fyrstnemnde har ho dei amerikanske høgreekstremistane Louis Beam og Tom Metzger som startpunkt. Når det gjeld den siste tek ho utgangspunkt i al Qaida-ideologen Abu Mus´ab as-Suri og hans fokus på nizam, system, framfor tanzim, organisasjon.
Så skriv ho:
The ideologies of White nationalism and militant Islamism were developed over centuries and are now dispersed in seconds. During the late 1990s, when the Internet came into broad public use, websites spread the worldviews of militant White nationalists and militant Islamists, promoting war against the United States. Then interactive chatrooms were added, followed by the video and picture-sharing platforms of YouTube, Instagram, and WhatsApp, in addition to social media sites such as Facebook, Twitter and Gab, and message boards like 4chan, 8chan´s /pol/ and /k/, 8kun […].
(Les meir om Gab i førre utgåve av dette nyhetsbrevet).
I dette har Kamali eit utvilsamt poeng. Når me snakkar om ekstremisme, inklusive den som fører fram til reine terroråtak, idag, syner det seg ofte at nettet har spela ei rolle. Det er ikkje underleg.
For det fyrste var enkelte ekstremistar tidleg ute med å ta i bruk netteknologi. Den fyrste rapporten om nettbasert høgreekstremisme er faktisk ADL-rapporten Computerized Networks of Hate. Den kom ut i 1985, og omhandla nynazistiske BBS-ar, inklusive ein drifta av alt nemnde Beam. Den høgreekstreme nettstaden Stormfront kom på si side på verdsveven alt i november 1996.
For det andre speler nettet ei rolle i svært mange menneske sine liv idag, også i det sosiale livet. Onlineverda er ikkje ein annan stad. Det er ikkje annleis for ekstremistar.
Difor er PST sin nye rapport “Hvordan påvirker ekstreme digitale nettverk terrortrusselen i Vesten og Norge?” absolutt verdt å få med seg. Det same er den tilhøyrande podcastepisoden i podcasten Psst.
Rapporten startar med å seia at majoriteten av potensielle trusselaktørar i Vesten i dag “inngår i digitale ekstremistiske nettverk som opererer helt eller delvis løsrevet fra tradisjonelle terrororganisasjoner”. Vidare heiter det at nettverka er basert på deltaking i nettforum, spel, kanalar og chattar, samt konsum, produksjon og spreiing brukarproduserte bilete, videoar og tekstar på fleire ulike plattformer.
Sjølv om PST på ikkje legg opp til ein slik, er det her verdt å understreka viktigheita av unngå ein moralsk panikk i møte med ei medieform ungdom framleis er meir komfortabel med enn mange i foreldregenerasjonen. Med det i mente: PST sin rapport peiker på tre vesentlege trekk. Dei er som følgjer:
Dei såkalla einsame ulvane spring ofte ut frå digitale nettverk, og radikalisering, ideologisk forankring og sosiale nettverk er basert på deltaking i desse. Difor er omgrepet “einsam ulv” også “som regel misvisende”.
Element frå spelkultur og humor (!) er vesentlege element i digital radikalisering og mobilisering. Rapporten peiker til dømes på korleis memer har vorte ei sentral uttrykksform for “både høyreekstreme og ekstreme islamistiske digitale miljøer”.
Organisatorisk tilhøyre har ofte mindre tyding enn tidlegare.
Spelifiseringa (gamification)
Både i rapporten og i Psst-podcasten vert også omgrepet gamification nytta. I Psst-podcasten vert det her synt til Julia Ebner, forfattaren bak den svært lesverdige boka Going Dark: The Secret Social Lives of Extremists. Ebner har også halde ein TedTalk om temaet.
I Going Dark skriv ho:
My heart is racing and I feel sick as I leave the office. I can still see the men and women collapsing one by one as they are hit by the rain of bullets; and I can hear those gunshots fired with the semi-automatic rifle.
I should not have watched the livestream of the mosque attacks in Christchurch, New Zealand.
Gjerningmannen bak det antimuslimske terroråtaket på New Zealand livestreama åtaket sitt, og det i ei form som gjorde at videoen kunne minna om eit såkalt fyrstepersonsskytespel. Seinare har andre også lagt til endå fleire dataspelelement.
Å gje terror eit speluttrykk og å utstyra propagandabodskap (som var det livestreaminga nok var meint som) med element frå spelkulturen var imidlertid ikkje noko nytt. Det same har mellom anna vore gjort av IS, som brukte dronebilete og grafiske effektar på ein måte som etterlikna dataspel i fleire av propagandavideoane sine.
Eit anna kjend døme er referansen til dataspelserien Call of Duty i eit mykje spreidd meme frå ganske tidleg i krigen i Syria:
Dette biletet, som også bruker dataspeluttrykket respawn (dvs. å dukka opp igjen ein annan stad på eit spelkart, etter at ein vert drept) i kombinasjon med ein referanse til paradis, Jannah, var rimeleg openbert meint å treffa ungdom med kjennskap til dataspelkultur.
PST-rapporten peiker på korleis spelifisering kan bidra til å gjera terskelen for valdsbruk lågare, eit poeng som neppe er ugyldig. Likevel er det sentrale ved dette utviklingstrekket likevel eit anna: spelifiseringa er simpelthen ein bruk av gjenkjennelege referansar, og slik sett eit uttrykk for eit paradoks: det hypermoderne si rolle i spreiinga av djupt reaksjonære ideologiar.
Meir om dette temaet:
Julia Ebner: “Christchurch shooting: what terror looks like in the social media age” (The Times)
Julia Ebner: “Dark ops: Isis, the far-right and the gamification of terror” (Financial Times)
Jason Burke: “The Age of Selfie Jihad: How Evolving Media Technology is Changing Terrorism” (CTC Sentinel)
Eliza Mackintosh and Gianluca Mezzofiore: “How the extreme-right gamified terror” (CNN)
Linda Schlegel: “Can You Hear Your Call of Duty? The Gamification of Radicalization and Extremist Violence” (European Eye on Radicalization).
Tips til eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:
Marc-André Argentino skriv om “Pastel QAnon” på nettsidene til Global Network on Extremism and Technology.
Expressen fortel om to russiske nazistar (og tvillingar) som er utvist frå Sverige. Sjå også Expo sin artikkel om den same saka.
Alex Kaplan i MediaMatters kritiserer YouTube: YouTube let the March 4 QAnon conspiracy theory spread
NPR-artikkelen “A Tale Of 2 Radicalizations” ser nærare på to ungdomar sine radikaliseringsprosessar: ein ung deltakar i Capitol-storminga, og ein ung mann som freista å ta seg til Syria for å bli framandkrigar.
The Guardian skriv om anklager mot Proud Boys-medlemer etter Capitol-storminga. Sjå også artiklar i Washington Post og Politico.
Washington Post: They’re worried their mom is becoming a conspiracy theorist. She thinks they’re the ones living in a fantasy world.
NY Times: American Soldiers Help Mozambique Battle an Expanding ISIS Affiliate. Sjå også ein nyleg rapport frå Amnesty om krigsbrotsverk utført av fleire partar i den pågåande konflikten i provinsen Cabo Delgado.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera:
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.