nr. 7, 2025: Rumenske draumar
«Europa kan pusta letta ut», sa Høgres Peter Frølich til Nettavisen etter Nicușor Dan vann det rumenske presidentvalet 18. mai. Men kan Europa det?
Frølich kom med sin kommentar etter at det var klårt at den liberale og Europa-orienterte kandidaten Dan hadde vunne det rumenske presidentvalet 18. mai. Han meinte valet var viktigare for Europa enn mange skulle tru. Og han hadde eit poeng. Det handlar mykje om Dan sin motkandidat: den Trump-inspirerte George Simion frå partiet AUR (Alianța pentru Unirea Românilor, Allianse for rumensk samling).
Eller som Frølich seier det: «Ein russiskvenleg president i Romania kunne destabilisert samarbeidet i Europa og sabotert støtta til Ukraina.»
Ein kan også gle seg over at valoppslutnaden var høg, iallfall til Romania å vera. Men historia om det rumenske valet har fleire sider. Det er verdt eit djupdukk.
Eigentleg skulle valet skje i fjor. Då gjekk fyrste valomgang av stabelen 24. november. Den ultranasjonalistiske kandidaten Călin Georgescu fekk flest røyster. For mange var det ei overrasking.
Det er ikkje det at Georgescu var ein heilt ukjent figur. Den tidlegare høgtståande miljøbyråkraten har fleire gongar vart omtalt som ein mogleg statsminister allereie i 2010, og har fleire gongar tidlegare markert seg i rumensk offentlegheit. I eit intervju med allmennkringkastaren TVR i 2018 uttrykte han til dømes at den tyske regjeringssjefen Angela Merkel burde «hoppa i havet, for ho har øydelagt det tyske folket og nesten heile Europa». I det same intervjuet omtalte han Donald Trump som cowboyen USA trengte, og Barack Obama som ei «større amerikansk katastrofe».
I 2020 vart han omfamna som potensiell statsminister av nemnde AUR – partiforkortinga tyder «gull» på rumensk. Det gjentok seg året etter, då landet var herja av politisk krise. Men det vart aldri noko meir av det kandidaturet.
Ei av årsakene var nok at Georgescu i november 2020 kom med mildt sagt kontroversielle utsegner til støtte for både den beinharde trettitalsfascisten Corneliu Zelea Codreanu og for Ion Antonescu, statsminister og Conducător (førar) i det nazi-allierte Romania under andre verdskrigen. Fyrstnemnde var leiar for den berykta rumenske Jerngarden (Garda de Fier), ei fascistgruppe som også var prega av ortodoks mystisisme. Sistnemnde var ein glødande antisemitt som sjølv var høgst delaktig i Holocaust og som på eige initiativ gjennomførte den såkalla reinsinga av landet (curățarea terenului), der hundretusenvis av jødar og titusenvis av sigøynarar vart deportert til Transnistria og drept.
Ifølgje Georgescu var dei to heltar, og «ikkje lakeiar av dei globalistiske kreftene, slik dei som i dag mellombels leier Romania».
I eit TV-intervju i januar 2022 gjentok han noko av dette. Reaksjonane var sterke, og også politikarar i AUR tok avstand.
Då Georgescu stilte til presidentvalet i 2024 var det som uavhengig kandidat. Lenge levna få han særlege sjansar. Så seint som i oktober det året hadde han under ein prosent støtte på ei meiningsmåling.
Mange rekna med at valet kom til å stå mellom to etablerte kandidatar. Den eine var den dåverande statsministeren Marcel Ciolacu, som i 2020 tok over som leiar for det sosialdemokratiske partiet (PSD, Partidul Social Democrat) i kjølvatnet av at partiets sterke mann Liviu Dragnea hadde blitt dømd til ei årelang fengselsstraff for korrupsjon. Han tok over statsministerembetet i 2023, i tråd med ei avtale med den kristendemokratiske regjeringspartneren PNL (Partidul Național Liberal, Det nasjonalliberale partiet).
Den andre forventa kandidaten var sentrums-høgre-kandidaten Elena Lasconi, ein tidlegare journalist som etter å ha markert seg som ordførar i Câmpulung hadde blitt vald som leiar for det liberale partiet URS (Uniunea Salvați România, Unionen Redd Romania).
Ute på høgreflanken var det AURs kandidat, George Simion, som vart sett på som ein mogleg utfordrar til dei to.
Men på valdagen var det Georgescu som vart den store vinnaren. Han fekk nesten 23 prosent av røystene, noko verken meiningsmålingar eller analytikarar hadde sett for seg. Ciolacu, som hadde vore noko av ein førehandsfavoritt, fekk 19,15% og var slått på målstreken av Lasconi med 19,18%. Dermed klarte han ikkje ein gong å kvalifisera seg til andre valomgang.
Georgescu hadde drive valkamp med ein bodskap som kan verka kjent i dagens Europa. Ingrediensane var henta ut frå den moderne høgreradikalismen sitt arsenal. Han forfeikta idéen om ein slags nasjonal gjenfødsel, antiglobalisme og påstått patriotisme, men også vaksinemotstand, fornekting av dei menneskeskapte klimaendringane og ikkje minst åtak på skeive. Han har også hamra laus på den ungarskfødte, amerikanske finansmannen George Soros, som så ofte dukkar opp som busemann i høgreradikale forteljingar.
Men det var ikkje det heile.
Georgescu snakka også om kristen kjærleik, og om nødvendigheita av ei oppvakning. Samstundes omfamna han ei rekkje konspirasjonsteoriar og andre idéar som må omtalast som heller alternative. Han har hevda at vatn har minne, og har påstått at leskedrikkar med kolsyre inneheld nanobrikker som «går inn i deg som en laptop». I eit intervju med britiske Sky News etter valsigeren gjorde han klårt at han ikkje trur på COVID-virusets eksistens. «Ingen har sett det», sa han, «Eg stoler på immuniteten Gud gav oss».
«Alt dette kan høyrast eksentrisk ut, ja, til og med sprøtt», skreiv analytikaren Gabriel Elefteriu i ein kommentar publisert i den høgreorienterte nettavisa Brussels Signal, ei nettavis som ofte forsvarer høgreradikale perspektiv. «For mange … er det på line med mykje av innhaldet dei jamnleg les og deler på sosiale media».
Elefteriu la til at det viktigaste er at Georgescu sin bodskap er annleis. På den eine sida har han ein solid CV, som gjer at han kan framstå med truverde. På den andre sida kan han sjølvsikkert fremma «alternative teorier». Det gjev «ein ganske unik kombinasjon av det ekte og det magiske», skriv Elefteriu.
Den polsk-amerikanske journalisten Anne Applebaum – som har ein ganske annan ståstad – har på si side sagt at det er vanskeleg å i det heile plassera Georgescu. «Sjølv om det kan vera freistande å plassera [han] som `ytre høgre´», skriv ho i ein lengre artikkel i The Atlantic, «fangar ikkje dette gamaldagse omgrepet heile kven eller kva [han] eigentleg representerer»:
Nemningane høgreside og venstreside kjem frå den franske revolusjonen, då adelen, som ville verna om status quo, sat på høgresida i nasjonalforsamlinga, medan dei revolusjonære, som ynskte demokratisk endring, sat på venstresida. Desse definisjonane byrja å koma til kort for omlag eit tiår sidan, då ein del av høgresida, både i Europa og i Nord-Amerika, ikkje lenger tok til orde for varsemd og konservatisme, but snarare for å øydeleggje dei eksisterande demokratiske institusjonane. I sin nye form byrja ytre høgre å likna på det gamle ytre venstre. Nokre stader byrja dei to å smelta saman.
Applebaum omtaler det som ein slags «nyobskurantisme», ei moderne motvilje mot opplysningstida sine ideal:
[Dei tilbyr] magiske løysingar, ein aura av andelegheit, overtru og dyrking av frykta. Blant dei finn ein kvakksalvarar og influensarar som har fått politiske ambisjonar; tilhengjarar av den kvasireligiøse QAnon-rørsla og Pizzagate-liknande avleggjarar, og medlemer av ulike politiske parti over heile Europa som er prorussiske og mot vaksiner, og som i nokre tilfelle også promoterer ein nasjonalisme med mystiske trekk.
Men treff Applebaum? Ein del av trekka ho peiker på er knappast nye på den radikale høgresida. Samstundes har ho eit poeng i at ulike straumdrag flyt saman. Det er ein trend det er verdt å leggja merke til. Den gjer seg gjeldande mange stader.
Skal ein forstå Georgescu sin appell kjem ein likevel vanskeleg unna folkeleg misnøye. Den finst det gode grunnar til i Romania. Sidan kommunismens fall har rumensk politikk vore dominert av PSD og PNL. Samstundes har landet hatt rikeleg med korrupsjonsskandaler, som også har involvert leiande politikarar. Sjølv om kampen mot korrupsjon faktisk har hatt vesentlege framsteg dei siste åra, har dette sjølvsagt lagt grunnlag for mistru og mistillit.
Samstundes har PSD og PNL – som lenge var konkurrentar – dei siste åra regjert saman. Som journalisten Andrei Popoviciu påpeiker i ein artikkel i The Guardian har det for mange rumenarar bidrege til ei kjensle av den politiske klassen rottar seg saman mot folkets interesser.
«For mange rumenarar handla det å røysta på Georgescu ikkje berre om ideologi, men om frustrasjon», skriv Popoviciu.
Spørsmålet er om Georgescu sin overraskande valsiger også handla om noko meir. Georgescu hevda sjølv å ikkje ha brukt ein euro på valkampen, som i stor grad vart driven gjennom sosiale media, ikkje minst Tiktok.
Det var også der, i sosiale media, at valkampen hans brått tok av, tett opp mot presidentvalet i november 2024. Videoar med Georgescu fekk massiv spreiing frå tusenvis av kontoar. Det meir påfallande er at rundt 800 av desse kontoane skal ha eksistert heilt sidan 2016, altså sidan før den opprinneleg kinesiske platforma i det heile vart lansert internasjonalt, og at dei knapt hadde vore aktive før november 2024.
Før me let konspirasjonsteoriane ta oss: dette er ikkje eit teikn på langvarig planlegging. Det det derimot er ein indikasjon på er at det dreia seg om ein gjennomtenkt informasjons- eller marknadsføringskampanje med bruk av kjøpte brukarkontoar. Videoane fekk også uvanleg mange kommentarar, og ein god del av dei såg ut til å stamma frå automatiserte brukarkontoar.
Călin Georgescu gjekk viralt. Spørsmålet er korleis.
Få dagar etter valet bad to av dei som hadde vore kandidatar – Sebastian Constantin Popescu og Cristian Terhes – om annulering av valet. Begge representerte små høgreorienterte parti. Popescu hadde fått 0,15 prosent av røystene. Terhes rett over ein prosent. Det vart ikkje tatt til følgje. Fyrst i desember, etter at ei omtelling av røystene var gjennomført, godkjente den rumenske grunnlovsdomstolen valet.
Det endra seg få dagar seinare. I mellomtida hadde den sitjande presidenten, Klaus Iohannis, på førespurnader frå media, offentleggjort eit dokument frå den rumenske etterretningstenesta. Det omtalte korleis Georgescu sin Tiktok-kampanje hadde blitt koordinert via meldingstenesta Telegram, og peikte også på at influensaren Bogdan Peschir, i Romania kjend som «kongen av Tiktok», hadde brukt millionar på å fremma Georgescu sitt kandidatur. IT-entreprenøren Peschir, også kjent som bogpr, sit på ei formue i kryptovaluta. Han meinte sjølv at det ikkje kunne vera umoralsk å stø ein kandidat han hadde tru på, som kunne «skapa verkelig endring i det vemmelege systemet som har øyda landet vårt».
I bakgrunnen dukka også det mystiske sør-afrikanske selskapet FA Agency opp. Ifølgje franske Le Monde tyder mykje på at dette selskapet i røynda er eit tomt skal, styrt av Gambling Media Group, som igjen er eit nettverk av selskap knytt til eit opprinneleg ukrainsk reklamebyrå, Zlodei (det tyder «skurkar»), som fyrst og fremst har drive med reklame for pengespel og nettkasino.
Den rumenske etterretningstenesta konkluderte med at ein utanlandsk, statleg aktør kunne stå bak, men peikte ikkje konkret på kva for aktør. I både rumenske og utanlandske media gjekk mistanken likevel i retning Russland.
Uansett fekk avsløringane den rumenske grunnlovsdomstolen til å snu. Dei konkluderte med brot på vallova, og avgjorde at fyrste valomgang måtte haldast på ny. Det skjedde berre dagar før den andre valomgangen eigentleg skulle finna stad 8. desember 2024. Georgescu låg ifølgje dei fleste målingane godt an til å vinna.
Både Georgescu og motkandidaten Lasconi protesterte sterkt på avgjersla, som dei omtalte som udemokratisk. «Makthavarane sår panikk, men ingen kan stogga det rumenske folket», sa Georgescu. Elon Musk fekk brått også interesse for rumensk politikk: «Korleis kan ein dommar kansellera eit val og ikkje vera rekna som diktator», spurte han.
Det var uansett ikkje ei avgjersle eigna til å dempa den misnøyen og mistilliten Georgescu hadde vunne på. Det fulgte store demonstrasjonar. Samstundes vart rumenske veljarar ytterlegare polarisert.
I Die Zeit peiker den rumensk-fødte tyske journalisten Miriam Davoudvandi på det openberre: Dette handlar om langt meir enn Tiktok. Det handlar om at rumenske veljarar har rykka mot høgre. Det vart også synleg i det rumenske parlamentsvalet 1. desember 2024. Ein tredjedel av veljarane røysta då på ytre høgre-parti, både AUR, det meir radikale S.O.S. Romania og det noko meir diffuse Partidul Oamenilor Tineri (Partiet for Unge). Davoudvandi er samd i at Tiktok kan ha gjeve Georgescu ein betydeleg boost, men peiker på at han ikkje minst har tent på å vera eit alternativ til etablissementet:
[I Romania], der mange gjerne røystar mot systemet og det såkalla etablissementet, vert det som vanlegvis vert sett på som manglar hos ein kandidat – som at han ikkje har partibakgrunn og er lite kjend – oppfatta som teikn på integritet og ryggrad.
[…] Gamle parti og moderate kandidatar står for ei vidareføring av det beståande. Georgescu derimot lovar endring – og samstundes tradisjon.
Det er kanskje ikkje så mykje nyobskurantisme som det er ei kjend oppskrift: ei blanding av ei romantisert fortid og ei idyllisert framtid. Den speler ofte ei rolle når høgreradikalismen byr opp til dans.
Så langt: Bakteppet. I det nye presidentvalet i mai i år fekk ikkje Georgescu delta, igjen på bakgrunn av brot på vallova. Det rumenske ytre høgre sin kandidat vart istadenfor George Simion, som fekk støtte frå eige parti, men også frå både Georgescu og frå AUR sine konkurrentar i Partiet for Unge.
Han vann fyrste valomgang, med nesten 41 prosent av røystene. Dan fekk til samanlikning berre knappe 21 prosent. I ei tale etter valsigeren lova ein sjølvsikker Simion å byggja «det Romania du drøymer om, det Romania du vil venda attende til».
Det er ikkje tilfeldig: i rumensk diaspora i vest-Europa var Simion svært populær.
På mange område framstår han som ein meir typisk og meir glattpolert høgreradikalar enn Georgescu. Han let inspirera av italienske Giorgia Meloni og Donald Trump, sjølv om det siste kanskje mest av alt er eit utslag for opportunisme. Han har også snakka varmt om El Salvadors autokratiske president Nayib Brukele.
Simion har ei mastergrad i historie, men portrett av han fokuserer gjerne meir på fortida hans som fotballhooligan. Den politiske karriera hans starta for alvor i 2019, då han stilte som uavhengig kandidat i europarlamentsvalet. Ikkje lenge etterpå skipa han AUR, som i dag er Romanias nest-største parti. Før dette hadde han fyrst og fremst markert seg gjennom å driva kampanje for samanslåing av Romania og nabolandet Moldova, der majoriteten er rumenskspråkleg. Det er ein draum han deler med mange rumenske nasjonalistar, som gjerne ser attende til det stor-Romania som eksisterte i mellomkrigstida.
Oppskrifta han er elles gjenkjenneleg: han serverer ramsalt kritikk av etablissement, går til åtak på globalisme, forfekter motstand mot «kjønsideologi» og står for ein europaskepsis som vert pakka inn som «eurorealisme». Partiet hans markerte seg dessutan som kritiske til smitteverntiltak under korona.
Simion blir i blant også skildra som prorussisk. Det er ei sanning med visse modifikasjonar. Simion har omtalt krigen i Ukraina – også eit naboland – som russisk aggresjon, og har kalla Vladimir Putin ein krigsforbrytar. Samstundes er han uttalt negativ til støtte til Ukraina, som han anklager for å undertrykka sin rumenskspråklege minoritet. Og under valkampen snakka han, på ny, om Georgescu – som har omtalt Ukraina som «eit fiktivt land» – som mogleg statsminister.
Før andre valomgang lukkast Dan som nemnd i å mobilisera veljarane. Etter fyrst å ha erklært seg sjølv som valvinnar, anerkjente Simion nederlaget. Så ba han grunnlovsdomstolen annulera valet, etter å ha kome med høgst tvilsame påstandar om omfattande valfusk. Grunnlovsdomstolen avviste klagen. På eit bakteppe av mistillit og annuleringa av presidentvalet i fjor, synest det tvilsamt at det vil redusera polariseringa av rumensk politikk med det fyrste.
Sjølv om Nicușor Dan – som stilte som uavhengig kandidat – vann ein klår siger, kan det diskuterast kor sterkt mandatet han har fått frå rumenske veljarar faktisk er. Etter fyrste valomgang i presidentvalet vart dessutan Romania kasta ut i ei regjeringkrise, i det sosialdemokratane forlot regjeringa. I teorien kan det enda med eit nyval, noko som truleg vil tena AUR.
Men kvifor har ytre høgre styrka seg monaleg i Romania? Igjen kan det vera nyttig å syna til journalisten Andrei Popoviciu, som før andre valomgang på ny skreiv i The Guardian:
Sanninga er at «pro-europeisk» og «anti-europeisk» berre er merkelappar. Dei dekkjer over det faktum at det rumenarane eigentleg tek avstand frå er ein heimleg politisk klasse som har pakka EU-flagget rundt seg, samstundes som dei har hatt makta gjennom årevis med økonomisk stagnasjon, korrupsjon og brotne løfter. Trass alt stør nesten 90 prosent av rumenarane tilknytinga til EU og NATO, ifølgje ei undersøking frå [tidlegare] i år.
Begge presidentkandidatane er, på kvar sin måte, anti-etablissements-kandidatar. Dan har bygd sin karriere på å kjempa mot korrupte eigedomsbaronar og politikarar gjennom rettssystemet, Simion har bygd si på raseriutbrot på fjernsynet og på brennande taler som treff eit publikum som er frustrert over den politiske eliten.
Popoviciu omtaler valet som slutten på ein æra. Både i det avlyste valet i desember og i valet no i mai nådde ingen av dei etablerte partia sine kandidatar andre runde. På eitt vis kan det faktisk gje rom for håp om politisk endring i eit land som har stagnert. Samstundes er det nettopp dette politiske vakuumet som har gjeve ytre høgre spelerom og valsigrar.
Det er med andre ord slett ikkje sikkert at europeiske liberaldemokratar kan pusta letta ut.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet vert laga på på fritida, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg:
Tilgang til heile arkivet
Tilgang til chat, saman med andre betalande abonnentar og Øyvind Strømmen, for spørsmål, diskusjon og forslag.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com