nr. 7, 2023: Proud Boys
Fleire medlemer av ytre høgre-gategjengen Proud Boys er no dømd for å ha delteke i ei opprørsk samansverging. Lat oss utforska bakteppet.
Dominic Pezzola var den fyrste demonstranten som tok seg inn i den amerikanske kongressbygningen. Han hadde fått tak på eit politiskjold. Saman med ei gruppe av andre demonstrantar hadde han overvelda ei gruppe med politifolk, og tatt seg opp ei trapp til eit stort vindu.
Han brukte politiskjoldet til å knusa seg veg jennom det. «Go, go, go», ropte nokon bak han. Så entra dei Capitol.
Hugsar du bileta av den einsame politimannen Eugene Goodman som blir fulgt av ei sint gruppe demonstrantar opp trappene, i retning senatkammeret, og om sidan klarer å leda dei vekk frå inngangen til kammeret, der evakueringa berre hadde byrja? Fremst i den flokken var Doug Jensen, kledd i ei mørk lue og i ei svart t-skjorte tredd over ein genser. T-skjorta hadde ein stor Q i amerikanske fargar, og orda «Trust the Plan», stol på Planen. Begge delar var klåre referansar til det konspirasjonsteoretiske QAnon-universet.
Like bak Jensen fulgte Pezzola.
Hadde ikkje Goodman lukkast i føra denne gruppa vekk frå inngangen til senatet, hadde det truleg enda med skot, slik det gjorde når demonstrantar seinare freista å ta seg i representantkammeret.
QAnon-nærværet er ein vesentleg del av historia om 6. januar 2021. At det kunne gått langt verre er også vesentleg.
Men her er ein annan viktig detalj: Rett bak Jensen fulgte Dominic Pezzola. Han tilhøyrde gruppa Proud Boys, gruppa Trump under ein valdebatt nokre månader hadde bedt «stå klare». Trump og hans allierte skulle seinare fnysa av påstandar om at dei hadde oppildna ein gategjeng.
Men i Proud Boys var meldinga ei melding dei tok på alvor.
Torsdag denne veka vart fem medlemer av Proud Boys dømde i ein rettssal i Washington D. C. Ein av dei var Dominic Pezzola.
Han vart rett nok frikjend for den mest alvorlege anklaga, den etter lova om å ha delteke i ei «opprørsk samansverging». Det er ein lovparagraf som vart innført i 1861, då som ein del av Unionen sitt forsøk på å beskytta seg mot opprøret i Sørstatane.
Fire andre var dømde etter den same paragrafen, fire menn som i motsetnad til Pezzola var leiarfigurar i organisasjonen: Ethan Nordean, Joseph Biggs, Zachary Rehl og den dåverande leiaren sjølv, Enrique Tarrio. Det skjedde sjølv om sistnemnde ikkje ein gong var i Washington D.C. den lagnadstunge dagen.
Under rettssaken synte aktoratet videoar av andre medlemer av Proud Boys som opptrådte valdeleg under demonstrasjonane. Dei argumenterte for at Tarrio og dei andre tiltalte hadde nytta desse som eit «verktøy» i forsøket på å hindra maktoverdraging frå Donald Trump til Joe Biden. Forsvaret avviste dette som absurd, og som eit forsøk på guilt by association.
For å forstå bakgrunnen for dommen, kan det difor vera naudsynt å vita litt meir om Proud Boys. Det er ei historie som startar med Gavin McInnes, ein britiskfødd kanadiar som i si tid var blant grunnleggjarane av magasinet Vice, der han tidleg på 2000-talet skreiv artiklar som vel kan seiast å utfordra grensene for anstendigheita.
Det inkluderte ein slags guide til korleis ein kunne få kvinner av ulik bakgrunn til sengs (litt uavhengig av kor interesserte dei eigentleg var). «Ved sidan av den opplagte blandinga av kokain og Viagra er det ingenting som gjer deg til meir av ein svart mann enn [den amfetaminbaserte ADHD-medisinen] Adderall», skreiv McInnes, «Den gjer kuken din til ei stridsøks […]. Vårt resterande råd er det vanlege. Så snart du får klarsignal, gjer alt utanom valdtekt, og skrem nesten livsskiten ut av henne.»
Etterkvart gjekk Vice frå å vera eit edgy gratismagasin til å vera eit digitalt mediahus, og meir mainstream. Då vart McInnes sin stil meir av eit problem enn ein fordel, og i 2008 førte «kreative skilnader» til at han gjekk sine eigne vegar. Han starta ei nettside kalla Street Carnage, dreiv litt med standup, gav ut ei bok kalla How to piss in public, og var med å grunnleggja eit reklamebyrå han i røynda vart kasta ut av etter å ha skrive ein artikkel som forsvarte transfobi.
Og så starta han et nettbasert talkshow med sitt eige namn, med det same grove språket som tidlegare, og med meir enn ei dose av både kvinneforakt og rasisme, den siste pakka inn som stolt «vestleg sjåvinisme». McInnes var edgy, dansande på kanten av avgrunnen, og inviterte gjestar som Breibart-skribenten Milo Yiannopoulos, alt-right-leiaren Richard Spencer, den berykta «mannsaktivisten» Daryush ‘Roosh’ Valizadeh, den britisk ytre høgre-aktivisten Tommy Robinson (eigentleg Stephen Yaxley-Lennon) og den høgreekstreme hackaren Andrew ‘Weev’ Auernheimer.
Det var også på dette showet at Proud Boys vart fødd, ei rørsle av McInnes-fans som vart omdanna til ein «drikkeklubb» som i realiteten var meir av ein valdsforherligande gategjeng. Ei dose rølp. Ei dose amerikansk ytre høgre.
Fram til i 2018 var McInnes også sentral i organisasjonen. I november 2018 gjekk han ut av han. I det minste offisielt.
For å bli med i Proud Boys måtte du erklæra deg som «vestleg sjåvinist». For å nå det andre nivået, måtte du gjennom ein slags dåp der du må lista opp namnet på fem frukostblandingar medan andre medlemer denger laus på deg. Dessutan måtte du forsaka masturbasjon. For å nå det tredje nivået måtte du ta ei tatovering som fortel at du er ein Proud Boy. Og for å nå det fjerde? Då måtte du ha vorte arrestert eller ha vore i eit alvorleg, valdeleg samanstøyt på vegner av organisasjonen.
Slike har det vore mange av. Sidan tidleg i 2017 har Proud Boys vore involvert i samband med ei lang rekkje demonstrasjonar som har enda opp i valdelege konfrontasjonar.
Proud Boys har sjølvsagt omfamna Trump. Samstundes har dei utstyrt seg sjølv med t-skjorter som forherliger politisk vald. «Eg er berre her for valdsbruken». Eller «Pinochet gjorde ikkje noko gale», med bilete av ein person som vert kasta ut av eit helikopter, ei metode den brutale chilenske diktatoren sitt regime tok i bruk mot motstandarar.
Kven vart definert som hovudfiende? Antifa. Det er eit omgrep som i utgangspunktet refererer til laust samansette venstreradikale og venstreekstreme miljø, miljø som ikkje sjølv er tilbakehaldne med valdsbruk retta mot politiske motstandarar. I røyndomen er Antifa ei forkorting for «antifascistisk aksjon». Det er ikkje ein organisasjon, men snarare ein slags organisatorisk idé, ein idé som har hatt gjennomslag blant både anarkistisk og kommunistisk orienterte grupper som ser på vald på gateplan som ein naudsynt del av kampen mot fascismen.
I Proud Boys sitt univers er det noko meir: eit slags uformeleg monster, som står bak mørke komplott for å gjera USA om til eit marxistisk helvete.
Og det er ei førestilling Proud Boys ikkje er åleine om. Ho er utbreidd på den amerikanske høgresida. Ho har vorte omfamna, gang på gang, av leiande republikanske politikarar, inkludert Donald Trump.
Rettssaka mot dei fem Proud Boys-medlemene har gjeve oss ytterlegare innblikk i Proud Boys-kulturen.
To tidlegare medlemer, Jeremy Bertino og Matthew Greene, har vore blant aktoratet sine vitner. Greene, ein tidlegare soldat, fortalte retten at vald var ein gjennomgripande del av organisasjonen, at det vart forventa av medlemer at dei skulle bruka vald og at dei også aktivt oppsøkte bråk for å oppnå dette. 11. desember samla dei seg i den amerikanske hovudstaden: «Når me marsjerte rundt, såg me etter Antifa. Me søkte å koma så nær som mogleg, å koma ansikt til ansikt med dei. Og når me fann dei, freista me å yppa dei til fysisk konfrontasjon.»
Dagen etter stal Tarrio og ei rekkje andre Proud Boys-medlemer eit Black Lives Matter-banner frå ei kyrkje, og sette dei fyr på det.
Like etterpå fulgte endå ein valdeleg konfrontrasjon med motdemonstrantar. I denne vart fleire medlemer av organisasjonen knivstukne. På det sosiale mediet Parler skreiv Joseph Biggs: «Me vart knivstukke. Men me gav dei også juling». Han heldt fram: «Me vil stå opp. Me vil bekjempa vondskapen. Me er Proud Boys». Og litt seinare: «Tida er no. Vil du underkasta deg? Lyda og knela. Eller vil du stå saman med oss og sloss attende. Me er framtida. Me er 1776».
Referansen til 1776 er knappast unik for Proud Boys. Han har til dømes vore vanleg i den såkalla militsrørsla. Han er også knappast utydeleg. Det var det året USA erklærte sjølvstende; eit uløyseleg knytta til den amerikanske revolusjonen. No fantaserte Proud Boys om ein ny revolusjon, og også om ein ny borgarkrig.
10. november hadde Biggs skrive ein bloggpost der han gav uttrykk for at mainstream-media hadde lurt folk til å tru at Biden hadde vunne valet. «Kjøp ammunisjon», skreiv han. «Reingjer våpna dine. Skaff deg mat og vatn som kan lagrast. Vær budde!». 27. november skreiv Nordean:
Me prøvde å vera greie og å spela i tråd med reglane, no vil de måtta hanskast med monsteret de har skapt. Ånden frå 1776 har vendt attende, og har skapt grupper som Proud Boys, og me kjem ikkje til å slukna. Me vil veksa akkurat som flamma som driv oss og spreia oss akkurat som kjærleiken som driv oss. Vi stopper ikkje, vi gjev ikkje opp, og no … kjem me heller ikkje til å tilgi. Hell og lukke til alle forrædarar mot landet me elskar så mykje… de kjem til å ha bruk for det.
Tiltala mot dei fem Proud Boys-medlemene inkluderte andre, men tilsvarande døme. Den viste også til etableringa av ei eiga undergruppe med berre «håndplukka medlemer», Ministry of Self Defense. Og tiltala hevda dessutan at dei gjennom kryptert kommunikasjon hadde planlagt åtaket på kongressbygningen, og også koordinerte dette. Det er dèt som er den opprørska samansverginga.
Blant dei som vart knivstukke 12. desember var Bertino. Han hadde ei leiarrolle i organisasjonen, og var også ein del av ei håndplukka undergruppe som vart kalla Ministry of Self Defense. Bertino har tidlegare inngått ei avtale med aktoratet, og har sagt seg skuldig i å delta i ei opprørsk samansverging.
Bertino var ikkje til stades då Trump-tilhengjarar 6. januar 2021 storma kongressbygningen. Han var stadig i rekonvalesens, heime i Nord-Carolina. Men han fulgte med heimefrå, og han var oppglødd. Livebileta frå demonstrasjonen kjendest historiske. Revolusjonen var i gang. Han sendte meldingar til andre i Proud Boys. Oppmoda dei til å ta seg lenger inn i kongressbygningen. Nokre av dei gjekk til leiaren i gruppa, Enrique Tarrio: «Du veit at me fekk dette til å skje», «1776, motherfucker».
I retten peikte ikkje Bertino på eksplisitte planar eller ordre om å gå til åtak på kongressbygningen. Han snakka istadenfor om det han meinte var ei implisitt haldning: at ein måtte gjera det som skulle til for å stogga Biden frå å verta president. Stemninga var, sa han, prega både av både Proud Boys sin valdskultur og av ein stigande desperasjon.
Hans eigne meldingar er ikkje dårlege døme. Då politi og nasjonalgarde til sist klarte å rydda kongressbygningen for demonstrantar var Bertino oppgitt. «Me har mislukkast», skreiv han i meldingsappen Telegram, og han klaga over at uromakarane hadde laga bråk berre for å ta selfies på kontoret til Nancy Pelosi. Dagen etter sendte han ei talemelding: «Eg er ferdig. Eg tok ikkje ein kniv i den jævla … i lungene for å sjå korleis makta faen meg vert gjeve retta tilbake til dei vondskapsfulle kuksugarane. Me treng ein jælva krig. Me må ta det tilbake. Og me må, for faen, ta desse jævlane. Dommar, jury, bøddel, me må henga forrædararar, for helvete!».
Leiande figurar i to grupper har no blitt dømde for å delta i ei opprørsk samansverging 6. januar. I november vart Steward Rhodes og Kelly Meggs dømde for det same, høvesvis den nasjonale leiaren for Oath Keepers (sjå også Oppdateringar #4, 2021), og leiaren for gruppa si Florida-avdeling.
Dei risikerer betydelege fengselsstraffer.
Dommane kan vera vesentlege. Som ein artikkel i Vox påpeiker har amerikanske påtalemyndigheiter tidlegare sjeldan tiltalt noko for dette lovbrotet, og endå sjeldnare lukkast med det. I 2012 vart til dømes fem medlemer i ei underleg kristen militsgruppe i Michigan frikjende for ei tilsvarande anklage. Deira prat om ein ny revolusjon, og om å ta livet av politifolk, vart definert å vera innanfor dei svært vide rammene ytringsfridomen har i USA.
Før 6. januar-rettssakene må ein faktisk heilt attende til 1995 for å finna ein fellande dom etter denne gamle lova. Den fall mot den ekstreme islamisten Omar Abdel-Rahman, kjend som «den blinde sjeiken». Ein del år tidlegare, i 1988, vart ei rekkje leiarfigurar innan amerikansk høgreekstremisme frikjent for tilsvarande anklager i den såkalla Fort Smith-rettssaka. I den grad den saka fekk nokon konsekvens i det heile, var det gjennom å gje den aller mest ekstreme høgresida i USA eit moralsk boost.
Dei nyare rettsavgjerslene kan ha motsett effekt.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Eksterne lese- og lyttetips:
Aymann Ismail har intervjua ekstremismeforskaren Cynthia Miller-Idriss om domane, om moglege konsekvensar og om kva rettssakene ikkje har fokusert på. Intervjuet finn du på Slate.com.
Washington Post har publisert ei rekkje døme på meldingar og videoar frå innsida av Proud Boys, i samband med rettssaka.
New York Times har skrive innsiktsfullt om dommen og om FBI si etterforskning av Proud Boys.
For deg som vil vita meir om Proud Boys er Huffpo-journalisten Andy Campbell si bok We are Proud Boys ei svært god innføring. Les også Campbell sin artikkel om domen hjå Huffington Post, og les intervju med Campbell hjå NPR.
VICE Magazine har publisert eit intervju med eit av jurymedlemene i Proud Boys-saka.
Attende i 2021 skreiv Jakob Schulz på Lawfare Blog om ei rettssak om opprørsk samansverging frå 1950-talet. I 1954 storma ei gruppe puertorikanske nasjonalistar tilhøyrande inn i den amerikanske kongressbygningen. Dei skaut og såra fire folkevalde. Schulz trekkjer i sin tekst interessante liner til 6. januar 2021.
Tyske Verfassungsschutz, som delvis kan samanliknast med vårt PST, har definert ungdomspartiet til ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD) som ekstremt. Svenske Expo skriv meir om dette.
Deichman, folkebiblioteket i Oslo, landa til slutt på å stansa eit arrangement i regi av ytre høgre-forlaget Legatum (sjå også Oppdateringar #2, 2023 og #4, 2023). Filter Nyheter fortel meir om saka.
Ei grufull ny skytemassakre har funne stad i Allen, Texas. Sjølv om mykje er uklårt har det kome indikasjonar på at gjerningsmannen hadde høgreekstreme sympatiar. Les meir i Rolling Stone.