nr. 7, 2022: Konspirasjonsteoriar som propagandavåpen
Ei samfunnskritisk tilnærming burde innebera å stilla spørsmål ved russisk propaganda og å gjenkjenna konspirasjonsteoriar som våpen. Steigan.no har istadenfor vidareformidla begge delar.
I ein artikkel i Aftenposten for ei knapp veke sidan svara Pål Steigan på kritikk mot nettstaden steigan.no, ein kritikk som også har vorte fremma av Raudt-leiar Bjørnar Moxnes i samband med at fleire Raudt-politikarar har delteke som aksjeeigarar i selskapet bak nettstaden eller har skrive for nettstaden.
Moxnes har mellom anna uttalt at nettstaden opptrer uansvarleg og omsynslaust når dei «spreier konspirasjonsteoriar som undergraver smittevernet i ein dødeleg pandemi». Han har dessutan kritisert dei for «lefling med høgreekstreme» og for å ha vidareformidla russisk krigspropaganda.
Steigan skriv i ein e-post til Aftenposten at han er utsett for ein kampanje «som starta i Washington», som «ledd i USAs psykologiske krigføring», der formålet er å øydeleggja all NATO-motstand og krigsmotstand i Noreg. Han meiner også at påstanden om at han spreier russisk propaganda kjem frå «folk som tydelegvis ikkje veit kva journalistikk er», og han avviser at han spreier konspirasjonsteoriar. Ifølgje Steigan handlar det istadenfor om «synleggjering av klassekamp».
Dagen før Aftenposten-artikkelen publiserte steigan.no ein artikkel skrive av den indiske skribenten M. K. Bhadrakumar. Artikkelen startar med ei lenkje til ei russisk-organisert FN-høyring der russarane skuldar Ukraina og USA for å utvikla biologiske våpen. Artikkelen fortset med å påstå at russiske styrker i Ukraina har «snubla over» bruk av «nummererte fuglar»:
Grupper av trekkfugler [blir] fanget, digitalisert og til dem blir det festet kapsler med bakterier som bærer en brikke som skal kontrolleres via datamaskiner. Disse fuglene blir deretter løslatt til flokken av trekkfugler i de landene som den amerikanske etterretningen har ondsinnede intensjoner mot.
For å gå tilbake til virkeligheten, så snart den «digitaliserte» fuglen er drept og kapselen med bakterier den bærer frigjøres, sprer sjukdommen seg i «X»- eller «Y»-landet. Det blir en svært kostnadseffektiv metode for å skade et fiendeland uten behov for krig eller statskupp eller fargerevolusjon.
Bhadrakumar omtaler dette som «nesten som tatt ut av science fiction», og som noko Hitchcock kunne ha laga ein film av. Og så skriv han: «Hva med Covid-19, som er kjent for å stamme fra finansierte laboratorier som ble administrert av USA? Det er svært sannsynlig at USA kan ha brukt trekkfugler for å drepe kinesiske borgere.»
Artikkelen har tittelen «Masseødeleggelsesfugler».
Det er faktisk litt vanskeleg å vita kor ein skal byrja her. Når det gjeld dei russiske påstandane om utvikling av biologiske våpen i Ukraina kan det vera verdt å visa til gode artiklar hjå blant anna Wired.com, Washington Post og BBC om dette propagandagrepet. The Guardian har i ein podcast også sett nærare på korleis konspirasjonsteoriar om ukrainske biovåpen har vorte til, og om korleis dei spreidde seg i USA.
Når det er sagt: Det er lett å bruka påstandar om biologisk krigføring til desinformasjonskampanjar og for å fremma konspirasjonsteoriar. Det er minst tre viktige årsaker til det. For det fyrste: Krigføring ved hjelp av virus og bakteriar er ein svært skremmande tanke, og samstundes eit felt dei færraste av oss har særleg kunnskaper om. Det gjer det lett å spela på den frykta og lett å utnytta dei kunnskapshola. For det andre: Konspirasjonteoriar som anklager nokon for å medvite spreia sjukdom har ei lang kulturhistorie, og kan difor ha kulturell gjenklang, til dømes inn i konspirasjonsteoretiske miljø som dei såkalla QAnon-miljøa (sjå t.d. Oppdateringar, nr. 2, 2021).
For det tredje: Biologisk krigføring er eit reelt trugsmål, og ei rekkje land har hatt hemmelege program på området, der det nok er langt frå alt som tåler dagslys like godt. Dei som har interesse for det temaet, kan til dømes ta ein titt på boka Germs, sjølv om denne journalistiske boka etterkvart er noko datert. Podcasten QAnon Anonymous har også ein fascinerande, om enn ganske lettbeint, gjennomgang.
I vår samanhang er dette det vesentlege: Det finst sjølvsagt laboratorier i Ukraina – som i ei lang rekkje andre land – som har forska på virus og bakteriar. Nokre av dei har fått støtte frå EU, USA og / eller Verdas helseorganisasjon (WHO). Det er ingen løyndom. Det er heller ingen løyndom at USA under det såkalla Biological Threat Reduction Program etter Sovjetunionen sitt fall har samarbeidd med laboratorier i Ukraina. Den uttalte intensjonen har vore å hindra at sovjetiske biologiske våpen vart spreidd, og å bidra til større tryggleik ved forskning på farlege patogen.
Det finst derimot ingen dokumentasjon på at Ukraina har arbeidd med å utvikla biologiske våpen med amerikansk støtte. Og påstandane om masseøydingsfuglar smakar ganske riktig ein heil del av sci-fi-historier og av fiksjon, noko som kanskje burde få alarmbjellene til å ringa ganske høgt. Det er dessutan verdt å merka seg korleis Bhadrakumar sin tekst implisitt maler dei såkalla fargerevolusjonane som eit resultat av vondsinna innblanding frå amerikansk etterretning. Det tilsvarer korleis dei framstilt i russisk propaganda.
Det er ei framstilling som også har hatt ein viss appell på den radikale venstresida. Og det er ei framstilling som overser dei lokale tilhøva som har utløyst folkelege opprør i land som Ukraina og Georgia, beveggrunnane og motiva til både politikarar og heilt vanlege menneske som har gjort opprør mot autoritære og halvautoritære regime. Dei vert redusert til brikker på eit sjakkbrett i ei verd som vert framstilt som om ho dreier seg rundt USA og amerikansk etterretning si akse.
Det er også verdt å merka seg at Bhadrakumar spekulerer i at koronaviruset er eit resultat av amerikansk biologisk krigføring mot Kina, ei ganske spinnvill konspirasjonsanklage (men knapt nok den einaste slike om korona som har fått føter å gå på steigan.no). Den mest utbreidde og etablerte teorien om COVID-19 sitt opphav er at det har oppstått og har spreidd seg naturleg. Den mest plausible alternative teorien er at viruset ved ein feil har sluppe ut av eit kinesisk laboratorium og at kinesiske myndigheiter har lagt skjul på dette, ein teori som ofte har vorte kopla saman med konspirasjonsteoriar (sjå Oppdateringar nr. 16, 2021).
Men der har me det altså: Dagen før Aftenposten-artikkelen publiserte steigan.no ein artikkel som ikkje berre vidareformidla heller tvilsame russiske propagandapåstandar, men som også kom med påstandar om at amerikanarane driv med biologisk krigføring via trekkfuglar og som dessutan spekulerte i at USA står bak COVID-19.
Om Steigan sjølv ser på dette som journalistikk er det nærast komisk.
Om han meiner det er «synleggjering av klassekamp» er det snarare tragisk, og eit døme på korleis ein del på den radikale venstresida har kasta klasseanalysa over bord og erstatta den med propagandistisk tøv basert på konspirasjonsanklager.
Er det overraskande? Kanskje ikkje. Som konspirasjonsteoriforskaren Jan-Willem van Prooijen peiker på i si høgst lesverdige bok The psychology of conspiracy theories trivst konspirasjonsteoriar best ved dei politisk polane. I demokratiske land syner fleire studiar at trua på slike følgjer ei u-kurve i den politiske landskapen: Det er færre av dei i sentrum og fleire av dei ved ytterkantane. Det er ikkje vidare underleg: når avstanden til det etablerte vert større, er mistilliten også større, og der det er mistillit har konspirasjonsteoriar betre vekstvilkår.
I blant fører også tiltru til konspirasjonsteoriar til at tilsynelatande politiske motpolar finn saman. I fleire europeiske land har konspirasjonsteoriar om smittevern ført saman ei suppe av aktivistar med ytre venstre-sympatiar, ytre høgre-aktivistar og også personar frå miljø prega av alternativ spiritualitet.
Eitt av poenga mine i boka Giftpillen, som snart kjem i pocketutgåve, er at konspirasjonsteoriar er eit dårleg verktøy for dei som tyr til det som eit resultat av ei avmaktskjensle. Dei legg til rette for dårleg samfunnskritikk, og dreg også fokus vekk frå reelle samfunnsproblem. Dei øydelegg for politiske diskusjonar tufta i reelle motsetnader.
For å ta eit konkret døme: Det er gode grunnar til å diskutera korleis smitteverntiltak mot COVID-19 har påverka næringsliv, samfunnsliv og kulturliv, og det finst legitime innvendingar mot strenge tiltak med vaklande grunngjeving. Konspirasjonsteoriane sitt stadige nærvær i desse debattane har gjort dei vanskelegare og ikkje enklare å føra. Når dei legitime innvendingane vert erstatta med ville påstandar om George Soros, Bill Gates eller med like ville påstandar om at COVID-19 vart forårsaka av amerikansk biologisk krigføring vert fornufta kasta ut vindauga, debatten drukna i støy og folk sin kvardag forsvinn i store, men usanne historier om kampen mellom det gode og det vonde.
Ei reelt samfunnskritisk tilnærming til konspirasjonsteoriar som fenomen føreset difor at ein kjenner dei att som problem. Dei av oss som måtte meina at det trengs radikale samfunnsendringar må også, uavhengig av politisk ståstad, vera særleg på vakt mot konspirasjonsanklager.
Men konspirasjonsteoriar høyrer ikkje berre heime hjå dei avmektige. Som den islandske forskaren Eirikur Bergmann minner oss om i boka Conspiracy & Populism: The Politics of Misinformation vert dei ofte både skapt og oppretthalde av politiske elitar. Ifølgje Bergmann bør me difor, når me skal studera konspirasjonsteoriar, både sjå på kven som er mottakelege for dei, på kven som ender opp med å tru på dei og samstundes undersøka dei aktørane som produserer og fremmer dei for å oppnå politisk gevinst.
Som eg skriv i Giftpillen ligg to innvendingar i dagen. Den fyrste: Det er ingen motsetnad mot å tilhøyra det politiske elitesjiktet i eit samfunn og å faktisk tru på konspirasjonsteoriar. Dei treng difor ikkje å vera fremma av eigennyttige årsaker. For det andre: Det å snakka om eliter som held vanlege folk for narr kan jo også høyrast litt ut som ein konspirasjonsteori.
Det er likevel lita tvil om at politiske elitar opp gjennom historia har nytta seg av skremselspropaganda, ryktespreiing, løgner og retorisk manipulasjon, eller om at konspirasjonsanklager utgjer ein viktig del av dette biletet.
I eit fascinerande essay publisert i New York Times, publisert 25. april, skriv mediehistorikaren Ilya Yablokov – også forfattar av boka Fortress Russia: Conspiracy Theories in the Post-Soviet World – om korleis konspirasjonsteoriar er ei drivkraft for Vladimir Putins Russland.
Han innleier med på peika på at konspirasjonsteoriar i to tiår har vorte nytta for å understøtta regimet og for å sanka folkeleg støtte, men at dei ikkje ser ut til å ha spela noko rolle i politiske avvegingar: «Dei var historier meint å gje meining til det regimet, av sine eigne årsaker, gjorde».
Men det har endra seg, argumenterer Yablokov. No har konspirasjonsteoriar festa grepet og dei verkar å vera ein motivasjon bak Kreml sine avgjersler. Putin – som tidlegare har halde ein viss avstand til dei, den oppgåva har vorte overlatt til statlege media og politikarar på lågare nivå – har vorte ein sentral formidlar av dei. Yablokov understrekar at det sjølvsagt ikkje er mogleg å vita kva Putin tenkjer, men peiker på at han formidlar ei rekkje slike førestillingar: anklager om at Vesten vil stykka opp Russland i småbitar, anklager om at NATO har gjort Ukraina om til ei militærforlegning, anklager om at russisk opposisjon ynskjer å øydeleggja Russland frå innsida, anklager om at LHBTQ-rørsla er eit anti-russisk komplott og anklager om ukrainske biologiske våpen. Yablokov oppsummerer:
Alle fem av desse konspirasjonsteoriane, og mange fleire, har funne ein plass i eit Russland i krig. Det vert nytta for å legitimera krigen i Ukraina, både av vanlege borgarar og av Kreml. I tillegg har konspirasjonsteoriar vorte ein måte å avvisa stadig sterkare bevis for russiske ugjerningar – som istaden vert utmåla som utanlandsk svindel. Brotsverka i Butsja var til dømes umiddelbart skulda på ukrainarane, som [vert påstått] å anten ha laga falske bilete eller å ha drept uskuldige for å leggja skulda på den russiske hæren. […] CIA spinner nettet sitt.
Den som les Eliot Borenstein, professor i russlandsstudier, si bok Plots against Russia: Conspiracy and Fantasy after Socialism frå 2019 vil kjenna igjen fleire påstandar som den siste tida har vorte nytta av Russland: Ukraina er ikkje eit eigentleg land. Ukraina er ei dukke i hendene til vondskapsfulle “atlantisistar” (les: NATO og USA). Ukrainarane er fascistar eller nazistar, fargerevolusjonar er kokt opp av USA og vert likna med virus, og så vidare. I denne framstillinga har konspirasjonsteoriar ein naturleg plass, og kanskje også ei uungåeleg rolle.
I 2014 vart eit Malaysian Airlines-fly, flight MH17, skote ned over Donetsk i det austlege Ukraina. Flyet var på veg frå Amsterdam til Kuala LUmpur, med 283 passasjerar og ei besetning på 15 personar ombord. 193 av dei var nederlendarar. Seinare etterforskning har vist at flyet vart skote ned med eit Buk-missil avfyrt av russiskstøtta separatistar, med eit våpensystem som hadde vorte transportert inn frå Russland tidlegare same dag. Meir informasjon er å finna på nederlandske myndigheiter sine nettsider.
Det er også mogleg, men ikkje bevist, at russiske offiserar også var direkte involvert, noko til dømes det tyske gravejournalistkollektivet Correct!v har skrive om i ein djuptgåande artikkel.
I Russland har forklaringa heile tida vore ei anna. Der har krigen i det austlege Ukraina frå fyrste stund vorte framstilt som ei konflikt mellom den russiske sivilisasjonen på den eine side og eit «globalistisk, atlantistisk, ekspansivt og russofobisk Vesten» på den andre. Korleis kunne ein då forklara katastrofa med eit nedskote passasjerfly? Gjennom å peika på ei samansverjing, eller rettare sagt: gjennom å peika på ei heil rekkje ulike og til dels motstridande påståtte samansverjingar. Mellom anna vart det hevda at det var ukrainarane som stod bak nedskytinga som ein falsk flagg-operasjon, for å leggja skulda på separatistane.
I Plots against Russia understrekar Borenstein at nedskytinga etter alt å døma var ei forferdeleg tabbe, at dei russiskstøtta separatistane trudde dei skaut etter eit ukrainsk militærfly. Ei slik tabbe var likevel ikkje mogleg å sameina med det konspiratoriske biletet som alt då dominerte den russiske dekninga av ein krig som framleis var avgrensa til det austlege Ukraina: omveltninga i Ukraina tidlegare det året var ikkje eit resultat av folkeleg oppstand, men snarare eit vestlegstøtta kupp. Vestvendinga i Ukraina var grunna manipulasjon frå USA og EU. Historia om nedskytinga av MH17 vart snart tolka inn i den same ramma.
Ein skulle tru at ei samfunnskritisk tilnærming til slike påstandar frå ei stormakt med imperialistiske ambisjonar, ville vera å stilla kritiske spørsmål og å peika på korleis påstandar som dette vart nytta til å underbyggja makt. På steigan.no var det motsett. Dei vidareformidla russiske propagandapåstandar. Når dette var møtt med kritikk, mellom andre frå den norske økonomen og skribenten Bjørn Johan Berger, skulda Steigan i 2017 den vestlege dekninga av MH-17-nedskytinga for å vera «fake news produsert av medier som har sluttet å drive journalistikk og har gått over til å være propagandamaskiner».
At dette kjem frå ei nettside drifta av Pål Steigan – ein mann som tidlegare har sverma for totalitær kommunisme – er kanskje ikkje overraskande. At ein del andre let det passera som samfunnskritikk er berre trist.
I artikkelen i Aftenposten vert også Frode Bygdnes, fylkestingspolitikar for Raudt i Troms og Finnmark, intervjua. Han gjev uttrykk for at steigan.no speler ei viktig rolle. Kritikken frå Moxnes mot nettstaden avfeier han slik: – Eg synest at Raudt-leiinga skadar seg sjølv. På steigan.no kjem politiske og økonomiske analyser som du ikkje finn i vanlege media idag. Det trengs.
At det trengs meir mangfald i norske media kan eg vera samd i. Då er det likevel om å gjera at verken konspirasjonsteoriar eller vidareformidling av russisk propaganda får passera som journalistikk eller som samfunnskritikk. Istadenfor bør slikt gjenkjennast som det dèt er: til skade for ein opplyst debatt.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Fyll inn e-postadressa di nedanfor for å abonnera. Er du allereie innlogga på Substack trykker du “Subscribe Now”.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.