nr. 7, 2021: Gab
Store mengder brukardata frå det alternative sosiale mediet Gab er lekka etter eit datainnbrot. Ifølge Gab-sjefen står “mentalt sjuke transedemonhackarar” bak.
27. oktober 2018 gjekk Robert Gregory Bowers til åtak på Tree of Life-synagoga i Pittsburgh, Pennsylvania. Han drap elleve menneske og såra seks.
Alt tyder på at 46 år gamle Bowers var motivert av høgreekstrem og antisemittisk ideologi. I det han opna eld skal han ha ropt “Alle jødar må dø”, og like i forkant av åtaket posta han ein kommentar på Gab. Ko…