nr. 6, 2023: Mannen som selde løgner
Ei rettssak i New York kastar nytt ljos på den såkalla alt-right-rørsla.
Sist i mars vart Douglass Mackey funne skuldig av ein jury i Brooklyn. Han var tiltalt for å ha spreidd falsk informasjon om presidentvalet i 2016, med det formål å hindra Clinton-tilhengjarar frå å stemma.
Heilt konkret hadde Mackey, i samarbeid med fleire andre, nytta Twitter og andre sosiale media til å spreia falske meldingar som oppmoda Clinton-veljarar om å gjera det via tekstmeldingar eller gjennom sosiale media. Dette var sjølvsagt ikkje teljande måtar å røysta på.
I eit samandrag av saka syner det amerikanske justisdepartementet til dømes til at han laga ei melding med ei svart kvinne framfor eit «African American for Hillary»-skilt. Meldinga var utforma som ei annonse frå Clinton sin presidentkampanje, og oppmoda til å «unngå kø» og til å «røyste heimefrå» gjennom å senda ei tekstmelding til telefonnummeret 59925. Den aktuelle Twitter-meldinga var også utstyrt med emneknaggen #ImWithHer.
Ifølgje justisdepartementet vart i tida rundt valdagen sendt minst 4900 meldingar med teksten «Hillary» til det aktuelle nummeret.
Saka er interessant av fleire årsaker. Mackey sin forsvarar har hevda at Mackey berre forsøkte å skaffa seg sjølv merksemd gjennom å posta memer.
Støttespelarar av Mackey har framstilt han som ein harmlaus spøkefugl, og nokre har også omtalt han som ein mememartyr. På Twitter har emneknaggen #freericky dukka opp. Den vidgjetne Fox News-verten Tucker Carlson har omtalt rettssaka som «det største åtaket på ytringsfridom og menneskerettar i dette landets nyare historie».
Ein skal vel ikkje tenkja seg om lenge for å koma på betre døme. Carlson har tidlegare også omtalt Mackey som «ein konservativ journalist», og har nylegare hevda at han vart dømd for å gjera narr av Clinton, og at dommen er eit utslag for «tyrannar» med «fullstendig manglande sans for humor».
Det er ikkje berre på Twitter det vert servert feilinformasjon. Eller rein løgn.
Når det er sagt reiser saka heilt reelle spørsmål i skjeringspunktet mellom ytringsfridom og desinformasjon. Blir dommen ståande etter ankehandsaming set han klårare grenser for desinformasjonskampanjar, og kan han også skapa presedens i andre saker. Det fyrste kan kanskje vera etterlengta. Det andre kan også ha problematiske sider.
I vår samanheng er det samstundes interessant at rettssaka gjev nytt innblikk i det amerikanske ytre høgre. Mackey er nemleg mest kjend under eit anna namn, Ricky Vaughn, eit namn han henta frå ein karakter i baseballfilmen Major League. Under det namnet var han ei av stjernene i det som vert omtala som alt-right.
Dette omgrepet er eigentleg litt loddent, då det har vorte nytta i ulike tydingar. Som eg skreiv i ein artikkel i Fri Tanke attende i 2017 var alt-right minst to ting.
For det fyrste: ei rørsle av sjølverklærte kvite nasjonalistar, ei rørsle besatt av kvit identitet. Dei som ynskjer eit innblikk i denne verda – ei verd der samtaletema rundt middagsbordet er ein komande rasekrig, draumar om massedeportasjonar og fantasiar om at kvite menneske vert utsett for eit folkemord – kan med fordel lesa ein rapport gjeve ut av britiske Hope Not Hate attende i 2019.
For det andre: ei rørsle av sinte millennials på nettet, i stor grad menn, som tok til seg mykje av det same tankegodset: rasisme, konspirasjonsteoriar, kvit identitetspolitikk, og som kombinerte det med internettkultur og då ikkje minst med den såkalla chankulturen på nettstader som 4chan og 8chan.
Mackey, som er fødd i 1989, fell i den siste av desse siste kategoriane. Den politiske reisa hans byrja på same måte som fleire andre i alt-right-rørsla: ved at han i 2008 støtta ein outsider i det republikanske primærvalet, ein presidentkandidat som var lite synleg i store media, men som samla støtte på nettet: Ron Paul.
Paul vert gjerne omtalt som ein libertarianar. Han har markert seg både som tilhengar av ein isolasjonistisk utanrikspolitikk (og som motstandar av den såkalla av den såkalla krigen mot terror), og som tilhengar av ein liberal narkotikapolitikk. Samstundes gav han i fleire tiår ut eit nyhetsbrev der anti-statlege, konspirasjonsteoretiske og rasistiske idéar florerte. Som James Kirchick skriv i The New York Review:
Sjølv om Paul ofte vert omtalt som ein ortodoks libertarianar, kan ideologien hans betre skildrast som paleolibertariansk. Den deler prinsippa om avgrensa statsmakt med den tradisjonelle libertarianismen, men legg større vekt på konservative sosiale verdiar, kvit motvilje og isolasjonistisk nasjonalisme. Den er på mange måtar ein forgjengar til dagens alt-right, og Paul har sjølv vist seg å vera noko av ein inngangsport til endå meir ytterleggåande politiske rørsler.
I 2014 var han del av den såkalla Gamergate-rørsla. Denne rørsla søkte å framstilla seg sjølv som ein kamp mot korrupsjon i dataspeljournalistiskk, men starta med ei rein løgn om den kvinnelege spelskaparen Zoe Quinn og var i stor grad prega av kvinneforakt. Som folklorist og spelforskar Kristian A. Bjørkelo skreiv attende i 2015:
Rørsla har demonstrert ein heilt utruleg aggresjon mot kvinner frå delar av dataspelmiljøet og tvinger oss til å stille ein del spørsmål om kva som gjekk føre seg der.
Eller som Lasse Josephsen skreiv i Morgenbladet i januar 2023:
Gamergate ender med å bli en av de styggeste trakasseringskampanjene i internettets historie. På steder som 4chan og Reddit blir slagplaner klekket ut, og adresser og personlige opplysninger om journalister gravd frem. Journalister og kvinnelige kritikere av Gamergate-kampanjen blir bombardert med trusler om drap og voldtekt. De få moderate stemmene på gamernes side blir raskt druknet av de tusenvis av rasende hetserne som benytter sjansen til å fyre opp en intens kulturkrig.
Gamergate stilte dataspelentusiastar i eit dårleg lys, bidrog til å bekrefta fordomar og bidrog til ein ny runde med moralsk panikk knytt til dataspel. Men i røynda var kvinneforakten i stor grad av politisk karakter, knytt til anti-feministiske subkulturar. I røynda var det noko av kimen til alt-right som nettrørsle. Og Mackey var med. For han hadde Paul vorte for lite radikal. Som Huffington Post fortel omfamna han både anti-feminisme og kvit nasjonalisme. I eit intervju med Radix Journal, ein publikasjon drifta av alt-right-leiaren Richard Spencer, uttrykte han at han hadde oppdaga at media var svindlarar, og at han byrja å utforska «dei ulike uttrykka for kulturmarxisme» og «jødane si rolle i undergraving, homoseksualitet og så vidare».
Han var ikkje åleine i denne radikaliseringa, men innan 2016 omfamna han ope den kvite nasjonalismen. Han snakka om rasebevissthet og om rasemessig separasjon, og delte antisemittiske framstillingar i bøtter og spann.
Han nytta seg også av dei såkalla «triple parantesane», ei slags antisemittisk kode for jødar:
Der har du Tucker Carlson sin «konservative journalist».
I røynda var Mackey – som etterkvart bygde seg opp ein ikkje ubetydeleg følgjarskare på Twitter – ikkje uvesentleg i å selja høgreekstremisme til eit republikansk publikum. Som journalisten Michael Edison Hayden skriv i ein artikkel for Southern Poverty Law Center serverte han ein miks av nyhetsartiklar og lenkjer til nettstader som den berykta nynazistiske nettsida Daily Stormer. Han hadde også kontakt med andre prominente høgreekstremistar: Daily Stormer-redaktøren Andrew Anglin, den antisemittiske bloggaren Mike Peinovich og også Matthew Q. Gebert, som mista jobben han hadde i det amerikanske utanriksdepartementet etter at det vart avslørt at han var involvert i det høgreekstreme miljøet.
I 2018 var alt-right-rørsla i ferd med å rakna, blant anna i kjølvatnet av den såkalla Unite the Right-paraden i Charlotteville i 2017, som enda med at den høgreekstreme ugjerningsmannen James Alex Fields jr. køyrde bilen sin inn i ei gruppe motdemonstrantar, eit åtak der eitt menneske vart drept og 35 såra.
Mackey var blant dei som involverte seg i debatten om det som var kalla optics, ein diskusjon om korleis kvit makt-miljøet skulle opptre for å vinna fleire tilhengjarar og for å unngå å støyta folk frå seg. Han meinte dei burde unngå hatsymbol og heller søkja å blanda seg blant mainstream-konservative.
Den interne krangelen førte til at Paul Nehlen, ein forretningsmann og mislukka republikansk politikar kjend for sterkt antisemittiske utsegner, i ein hissig diskusjon avslørte Mackey sin eigentlege identitet. Det vart raskt plukka opp av Huffington Post. Mackey sine foreldre tok avstand frå ideane hans. I kjølvatnet forsvann «Ricky Vaughn» frå offentlegheita. Berre etter at at det amerikanske justisdepartementet tok ut siktelse mot han hamna han på ny i offentlegheita sitt søkjeljos, mellom anna som ein slags cause célèbre for den ytterleggåande høgresida.
I mellomtida flytta han frå New York til Florida, og forsøkte han – ifølgje hans eiga utsegn i rettssaken – å snu om på livet sitt.
Michael Edison Hayden har fulgt rettssaka mot Mackey. I ein annan artikkel for SPLC har han mellom anna med utdrag frå utspørringa av den tidlegare alt-right-stjerna, utdrag som kastar ytterlegare ljos på idéane Mackey ein gong forfekta:
[Aktor Erik] Paulsen: Herr Mackey, skreiv du at «ein ikkje kan stola på at innvandrarar, borna til innvandrarar, et cetera, røyster i sitt nye heimlands interesser»?
Mackey: Ja, eg sa det.
Paulsen: Kvifor sa du dette?
Mackey: Fordi eg trudde på det på den tida.
Paulsen: Dette er på den tida du sendte rundt memer som dersom dei vart fulgt bokstaveleg tala ville lura folk frå å stemma?
Mackey: Ja.
Paulsen: Inkludert på spansk?
Mackey: Ja, ei på spansk.
Paulsen: Me nemnde dette for litt sidan, men du meinte faktisk at kvinner ikkje burde stemma, stemmer ikkje det?
Mackey: På den tida var det det eg meinte.
Under rettssaken sa Mackey også at han hadde bedt familien sin om orsaking. I kva grad han faktisk har endra syn er uklårt. Som Hayden fortel har han stadig ein brukarkonto på det sosiale mediet Gab, ein samlingsstad for kvit makt-tilhengjarar. Den har han blant anna nytta til å samla inn pengestøtte til rettssaka.
Det same har han gjort via eit nyhetsbrev på Substack, der han framstiller det som ein kamp for ytringsfridomen.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Eksterne lese- og lyttetips:
Journalisten Luke O’Brien vert intervjua om Mackey-saka i ein nyleg episode av Daily Beast-podcasten Fever Dreams.
ADL har publisert ein rapport om antisemittisme, hatytringar og konspirasjonsteoriar spreidd via Substack.
Indigo Oliver i The New Republic skriv om boka Birchers: How the John Birch Society Radicalized the American Right. Denne vil også verta omtalt i ei seinare utgåve av Oppdateringar.
Den amerikanske høgreekstremisten Rob Rundo har blitt arrestert i Romania. Les meir om dette hjå SPLC, og meir om Rundo i Balkan Insight.
Ei ny studie frå Konrad Adenauer-stiftinga viser betydeleg omfang av idéar liknande på den såkalla Reichsbürger-rørsla i Tyskland, fortel welt.de. Studia er tilgjengeleg på kas.de. Sjå også Oppdateringar #19, 2021: Reichsbürger-rørsla og Oppdateringar #18, 2022: Kupplanane.
Wired Magazine skriv om korleis den nederlandske småbyen Bodegraven hamna midt i ein konspirasjonsteoristorm. Sjå også Oppdateringar #22, 2021: Satan i Bodegraven.
European Eye on Radicalization har publisert ein ny rapport om afghansk Taliban og jihadistiske trugsmål mot land i Europa og Midtausten.