nr. 6, 2021: Åtaket på Pekka Kataja
Det påtalemyndigheitene meiner var eit drapsforsøk virvlar opp litt av kvart ytterst på den finske høgrekanten.
17. juli 2020 vart Pekka Kataja brutalt overfalt i heimen sin i den finske tettstaden Jämsänkoski. To menn utgav seg for å skulla levera ein pakke til Kataja, og når han opna døra for dei, vart han slått med det som truleg var ein hammar, og deretter sparka i hovudet. Gjerningsmennene sa ingenting.