nr. 4, 2021: Oath Keepers
Fleire medlemer av Oath Keepers er no sikta i samband med storminga av den amerikanske kongressbygningen. Men kva er dette for ei gruppe?
Forskaren Sam Jackson si bok Oath Keepers: Patriotism and the Edge of Violence in a Right-Wing Antigovernment Group er neppe ein kioskveltar, men ho må seiast å ha kome ut på eit godt tidspunkt.
Nokre månader etter at boka kom ut vart den amerikanske kongressbygningen storma, og blant dei som deltok i storminga var medlemer av denne militsgruppa. 19. februar kunne ei rekkje amerikanske media (sjå t.d. Wall Street Journal) melda at til saman ni påståtte medlemer av organisasjonen no er sikta for å ha delteke i ei samansverjing.
Siktinga mot dei viser til at det den 4. januar vart publisert ei oppmoding på Oath Keepers sine nettsider, retta til “alle patriotar” om å koma seg til den amerikanske hovudstaden for å stø “president Trump sin kamp for å slå ned utanlandske og innanlandske fiendar som forsøker å gjennomføra eit kupp, gjennom massivt stemmejuks […].”
Det framgår vidare at desse ni personane, saman med andre, planla å ta seg inn i kongressbygningen, for å hindra Kongressen si godkjenning av valmannsstemmene. Det vert vist til at dei hadde med seg uniformer, militære vestar, hjelmar og radioutstyr. Det vert synt til ei rekkje døme på den interne kommunikasjonen deira.
Men kven er Oath Keepers? Det korte svaret er at dei er ei militsgruppe som søkjer å rekruttera noverande og tidlegare politifolk, samt veteranar frå det amerikanske forsvaret. Gruppa hevdar å forsvara den amerikanske Grunnlova, men er gjennomgåande prega av konspirasjonteoriar, særleg rundt føderale myndigheiter. Eit nyttig samandrag og ein del talande sitat er å finna på nettsidene til den antirasistiske organisasjonen Southern Poverty Law Center.
For å få eit lengre svar er Sam Jackson si bok i høgste grad lesverdig. I boka sitt innleiande kapittel gjev Jackson også ein nyttig introduksjon til den ekstreme høgresida i USA meir generelt, og peiker han på at det grovt sett finst tre ulike (men tildels overlappande) straumdrag innanfor han:
Det rasistiske straumdraget omfattar til dømes Ku Klux Klan, men også nynazistar og det såkalla alt-right. Det nativistiske straumdraget handlar om utlendingar (og følgjeleg også innvandrarar) som trugsmål mot det amerikanske, anten det no er kommunismen (som for John Birch Society i deira mest aktive periode), islam eller illegal innvandring frå latinamerikanske land. Desse to straumdraga flyt gjerne saman. Dei kan også vera lettare å kjenna att frå ein europeisk ståstad enn det tredje, meir distinkte, det Jackson omtaler som anti-government og som ein på norsk kanskje kan kalla anti-statleg (sjølv om det fort vert litt upresist).
Innanfor dette straumdraget peiker Jackson på to kategoriar: dei såkalla sovereign citizens og den såkalla militsrørsla. Oath Keepers høyrer heime i den siste. Det tyder ikkje at dei ikkje er påverka av dei andre straumdraga i det heile, men det hjelper for å plassera dei i ein historisk kontekst: Oath Keepers er ein avleggjar av ei rørsle som i stor grad vaks fram på 1990-talet, prega av både Ruby Ridge og Waco. Dei har tradisjonelt sett på føderale myndigheiter som eit trugsmål mot det amerikanske folket, og meiner at amerikanarar må førebu seg på ei unngåeleg komande konflikt mot myndigheitene. Desse førestillingane er i høgste grad påverka av konspirasjonsteoriar.
EKSTERN LESNING:
Du kan lesa meir om sovereign citizens, og om nordmenn som let seg inspirera av dei i John Færseth sin artikkel «Tror det er mulig ´å melde seg ut av samfunnet´» på fritanke.no.
For meir informasjon om militsrørsla, sjå til dømes nettsidene til Anti-Defamation League.
Jackson ser nærare på både korleis Oath Keepers framstiller seg sjølv og på historia til organisasjonen, frå den vart oppretta i mars 2009. Han ser også på korleis dei knyter seg opp mot amerikansk historie, og då ikkje minst mot den amerikanske revolusjonen. Han gjer dette gjennom å sitera frå tekstar publisert av gruppa sjølv, og frå intervju med grunnleggjaren og leiaren Stewart Rhodes.
Ei svakheit ved boka er at den fokuserer på åra mellom 2009 og 2016. Noko av det mest interessante Jackson peiker på er nemleg korleis Oath Keepers sitt fiendebilete endra seg etter valet av Donald Trump. Medan fokuset før valet i 2016 låg på føderale myndigheiter (dog sjølvsagt med betydelege mengder agg mot og konspirasjonsteoriar rundt Clinton-familien) har fiendebiletet etter valet oftare dreidd seg om Trump sine motstandarar, og ikkje minst om radikale venstresideaktivistar som - med rette eller ikkje - vert knytt til det såkalla Antifa.
Til sist: Det er verdt å merka seg at Oath Keepers ikkje berre – for å bruka Jackson sine ord – “spaserer langt kanten til valdsbruk”. Gruppa oppmodar medlemene sine til å vera aktive i sine eigne lokalsamfunn, og ser på det å vera gode naboar som ein moglegheit til å også sanka støtte. Difor har dei blant anna vore aktive i hjelpearbeid, til dømes etter at orkanar i 2017 herja både i Texas, Florida og på Puerto Rico.
Meir enn noko anna er gruppa likevel prega av førestillingar om pågåande trugsmål mot Amerika, mot dei sjølv og mot amerikanske fridomsideal. Desse trugsmåla vert oppfatta å koma frå mange kantar: frå internasjonale økonomiske og politiske elitar, frå tyranniske myndigheiter på både føderalt nivå og delstatsnivå, frå terroristar, frå kriminelle. Desse trugsmåla må møtast gjennom opplysningsarbeid, men også gjennom å førebu amerikanarane på framtidig væpna konflikt. Og jo meir konkrete trugsmåla vert oppfatta å vera, jo meir resolutte mottiltak vil Oath Keepers meina at det er naudsynt å ta.
Det er inga overrasking at dei var blant demonstrantantane som storma den amerikanske kongressbygningen.
VIL DU VITA MEIR?
Høyr intervju med Sam Jackson i ein podcast frå Albany NY Library.
NY Times: Oath Keepers Plotting Before Capitol Riot Awaited ‘Direction’ From Trump, Prosecutors Say
Tips til eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:
Agenda Magasin: Forfattaren av dette nyhetsbrevet skriv om PST si trusselvurdering i artikkelen «Trugsmåla».
Frankrike forklart (podcast): Hvorfor rammes Frankrike av islamistisk terrorisme? Med Petter Nesser.
Washington Post: The FBI warned about far-right attacks. Agents arrested a leftist ex-soldier
The Guardian: Australian Proud Boys sought combat-trained supporters to 'arrest' police at Covid lockdown protests
NY Times: James Ridgeway, Hard-Hitting Investigative Journalist, Dies at 84. Writing for many publications, he drew attention to neo-Nazis, corporate polluters, preening politicians and the practice of solitary confinement.
Washington Post: On social media, vaccine misinformation mixes with extreme faith
The Soufan Center: The Future of QAnon: Fringe Conspiracy or Acute Security Threat?
Komande webinar frå Henry Jackson Society, 1. mars: Incarcerated and Indoctrinated: How to Tackle Extremism in Prisons
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera:
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.