nr. 3, 2025: Dommen mot Jan Petrovskij
Den russiske nynazisten Jan Petrovskij budde i Noreg i ei årrekkje. No er han av tingretten i Helsinki dømd til forvaring, for krigsbrotsverk i Ukraina.
Han kaller seg Voislav Torden no. Fredag i førre veke dømde tingretten i Helsinki han til forvaring med 12 års minstetid, ein finsk «livstidsdom», for krigsbrotsverk i Ukraina.
I 2014 var han sentral i den paramilitære gruppa Rusitsj, som kjempa saman med såkalla prorussiske separatistar i det austlege Ukraina. I røynda var krigen i aust-Ukraina og annekteringa av Krym, byrjinga på den russiske krigen mot Ukraina.
5. september 2014 det året var Rusitsj involvert i eit bakhaldsåtak på styrker frå den friviljuge ukrainske Aidar-bataljonen, dette under ei våpenkvile, og angiveleg etter å ha nytta seg av ukrainske flagg for å lura motstandaren.
I eit intervju med Aftenposten har Petrovskij sjølv forklart seg om hendinga:
– Om ein skryt av å vera frå Aidar, må ein ta ansvar. Me hata dei for deira angrep på sivilbefolkninga. Så me gjekk til åtak på dei. Skaut og brente dei. Tre Aidar-soldatar vart fanga av ei anna gruppe. Hadde dei hamna hjå oss, hadde dei ikkje vore i live.
I etterkant av bakhaldsåtaket dukka det opp bilete på nettet, som synte Rusich-krigarane i etterkant av hendinga. På eit av dei poserer Petrovskij sjølv, ved sidan av eit brennande lik. Rusitsj publiserte dessutan ein video der ein tilfangetatt soldat frå den ukrainske Aidar-bataljonen – Ivan Issyk – får ein såkalla kolovrat skåre inn i kjaken. Det er eit hakekrossliknande symbol som vert nytta av slaviske nypaganistar. Og av høgreekstremistar.
Retten i Helsinki la ansvaret på Petrovskij for det mennene han leia gjorde. Det inkluderer drapet på ein såra ukrainsk soldat. Torden vart dessutan dømd for å ha spreidd nedverdigande bilete av ukrainske soldatar gjennom sosiale media. Der erklærte Rusitsj at dei ikkje ville visa nokon nåde.

Jan Petrovskij er fødd i den sibirske byen Irkutsk. Likevel er dette også ei norsk historie. Petrovskij kom nemleg til Noreg og til Tønsberg som sekstenåring, etter at mor hans gifta seg med ein nordmann. I det nemnde intervjuet i Aftenposten kallar han Russland for sitt «moderland», men Noreg for sitt «faderland».
Han fortel også at han i ungdomen var «veldig interessert i historie og historisk rekonstruksjon»: – Det finst eit band mellom Skandinavia og den nordlege delen av Russland. Me har ei felles fortid. Mi tru er heidensk, ei nordisk tru. Eg representerer ei nordisk rase.
Om du synest det ringer av høgreekstremt tankegods, er det neppe tilfeldig. Etter nokre år i Noreg byrja Petrovskij – som elles har ei utdanning innan produktdesign frå Oslo – å vanka i høgreekstreme miljø.
I 2010 stakk den russiske nynazisten Vjatsjeslav Datsik, også kjent som «Raude Tarzan», av frå eit psykriatisk sjukehus i St. Petersburg.
Vatsik var ein leiande figur i den høgreekstreme gruppa Slavisk Union, ei gruppe som drøymde om ein panslavisk union. Han tok seg ulovleg over grensa til Noreg, og oppsøkte eit miljø rundt tatoveringsstudioet Metal Tattoo i Oslo, som i media vart omtalt som ein samlingsstad for fleire austeuropeiske høgreekstremistar. Etter ei stund meldte Datsik seg til Politiets utlendingseining. Med seg hadde han eitt skarpladd våpen. Han vart arrestert. I etterkant slo politiet også til mot Metal Tattoo, der dei fann fleire våpen.
Då Datsik vart framstilt for varetektsfengsling var han kledd i ei t-skjorte med nazisymbol og tysk tekst, og gjorde han også ei nazihelsing. På ein video spreidd av støttespelarane hans på YouTube poserte han med våpen framfor eit banner med SS-logo og teksten «Min ære er troskap» på norsk.
Datsik søkte om politisk asyl i Noreg, men fekk avslag. Han vart også dømd for brot på våpenlova, og sidan utvist til Russland.
I tingretten i Oslo var også Petrovskij. Han vanka i miljøet rundt Metal Tattoo og eigde ei øks som vart beslaglagt under ransakinga, men enda ikkje med å bli dømd. I etterkant meiner Petrovskij sjølv, igjen ifølgje intervjuet i Aftenposten, at han vart overvaka av PST.
I mai 2014 drog Petrovskij til St. Petersburg. Snart vart han altså ein del av Rusitsj. Denne gruppa – som fungerte som eit underbruk av den berykta (og halvstatlege) «privathæren» kjent som Wagner-gruppa.
Rusitsj var leia av Aleksej Miltsjakov, også kjend som «Fritz», endå ein russisk høgreekstremist. I eit intervju med den norske, høgreekstreme nettstaden Frie Ord fortalte Petrovskij at Rusitsj for det meste bestod av frivillige frå Russland og andre europeiske land, og at dei fleste av kampfellene hans var heidningar som fulgte «norrøn krigstro» i kampen for «det store Novorossija og framtiden for vårt folk og våre familier».
Ukrainarane vart på si side framstilt som «separatister som ønsker å rømme vekk fra vår felles kultur og historie». Det rimer med eit verdsbilete prega av ei blanding av høgreekstremisme, fantasien om ein panslavisk rike og idéar om slavisk nypaganisme. Det har også ein klangbotn i offisiell anti-ukrainsk propaganda frå russiske myndigheiter.
Då intervjuet vart publisert av Frie Ord var Petrovskij tilbake i Tønsberg.
Vurderer du eit abonnement på Oppdateringar?
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev, og på artiklar som er mindre enn seks månader gamle. Betalande abonnentar får i tillegg:
Tilgang til heile arkivet
Tilgang til chat, saman med andre betalande abonnentar og Øyvind Strømmen, for spørsmål, diskusjon og forslag.
Natt til søndag 14. februar 2016 gjennomførte ytre høgre-gruppa Soldiers of Odin si fyrste markering i Noreg, då ein liten gjeng kledd i svarte hettegensarar med vikinghjelm og norsk flagg på ryggen trakka rundt i Tønsberg sine gater. Soldiers of Odin var i seg sjølv eit importprodukt: ein norsk avleggjar av ei finsk innvandrarfiendleg vigilantgruppe oppretta av Mika Ranta. Ranta hadde koplingar til den nordiske nynazistorganisasjonen Nordiska Motståndsrörelsen, og den finske varianten flomma også over av både rasisme og høgreekstrem symbolikk.
I Noreg var det Ronny Alte som var talsperson. Han hadde også spela sentrale roller i forsøka på å laga norske avleggjarar av dei anti-islamske gruppene English Defence League og Pegida.
Blant dei som gjekk saman med Alte i Tønsberg var Jan Petrovskij. Det same var ein norsk ven av både Petrovskij og Datsik, Ronny Bårdsen.
Bårdsen hadde i eit intervju med Tønsbergs Blad fleire år tidlegare gjeve uttrykk for si støtte til Datsik, men hevda der å ikkje vera høgreekstrem, men ein nasjonalist som «tar avstand fra hakekorset og germansk hilsen». I røynda hadde han sjølv ei fortid frå eit nynazistisk miljø på Sørlandet.
Norske Soldiers of Odin vart eit kortvarig blaff.
I oktober 2016 vart Jan Petrovskyi pågripe av væpna politi, etter å ha mista sin opphaldstillatelse i Noreg. Snart vart han utvist frå landet, på bakgrunn av det Politiets Sikkerhetsteneste omtalte som «grunnleggjande nasjonale interesser».
Året etter omtalte den russiske nettavisa Fontanka at Rusitsj var aktive i Syria, der dei kjempa på diktatoren Bashar al-Assad si side. Assad hadde også støtte frå Russland. På eit bilete som også vart publisert av NRK kunne ein sjå Aleksej Miltsjakov i eit basseng tilhøyrande Wagner-gruppa si base i landet. Han smilte mot kamera.
Etter alt å døma var Petrovskyi også i Syria, no under aliaset «Norðmaður», norrønt for nordmann. Rusitsj var mellom anna involvert i kampar mot IS i Palmyra. Paradoksalt nok hadde ein av Petrovskij sine gamle vener frå Noreg – Oleg Neganov – i mellomtida blitt IS-krigar, etter å ikkje berre å ha konvertert til islam, men også frå ei form for ekstremisme til ein annan.
I 2022 starta Russland sitt fullskalaåtak på Ukraina, ikkje lenger under dekke av «separatistar» aust i landet. Petrovskij deltok også. Medan russisk propaganda hevda at målet for «spesialoperasjonen» i Ukraina blant anna var «denazifisering» var russiske høgreekstremistar på frontlinjene. Ein av dei hadde band til Noreg. Han hadde no skifta namn til Voislav Torden.
18. juni det året fann ei gravferd stad i St. Petersburg, for ein fallen russisk soldat. Etter at ein russiskortodoks prest hadde tala fekk Torden ordet, ifølgje ein artikkel i alt nemnde Fontanka og ein seinare artikkel i Aftenposten. Han hylla den falne soldaten:
– Han var den fyrste i mi eining som kryssa grensa og som byrja å reinsa våre russiske landområde for invasjonsstyrker, sa Torden. – Døden hans er eit føredøme for framtidige krigarar som vel å følgja denne vanskelege vegen, for å forsvara fedrelandet vårt frå fiendar (…), frå fiendar som er inne i landet vårt og forsøker å riva det i filler. (…) Framfor han har Valhalls portar i sanning opna seg. Han vil gå gjennom dei med ære og tapperheit. Ein dag skal me møta han der, samlast rundt det same bordet og festa. Leve Russland!
19. juli 2023 etter kryssa Torden – eller Petrovskij, om du vil – grensa til Finland. Kanskje var han desillusjonert etter at Putins forsøk på blitzkrieg hadde mislukkast.
Under sitt nye namn hadde han fått opphaldstillatelse i Finland, der kona hans var student.
Dagen etter freista han å reisa vidare til Nice, men vart han arrestert på flyplassen i Helsinki. Ukraina bad om å få han utlevert, men det avslo finsk høgsterett, som viste til dårlege tilhøve i ukrainske fengsel. Istadenfor vart han stilt for finsk rett. I førre veke vart han altså dømd.
Dommen er anka, og såleis ikkje rettskraftig.
Likevel kan det sjå ut som om fortida endeleg har innhenta Jan Petrovskij.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet vert laga på på fritida, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg:
Tilgang til heile arkivet
Tilgang til chat, saman med andre betalande abonnentar og Øyvind Strømmen, for spørsmål, diskusjon og forslag.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com