nr. 3, 2023: Brua
Ein flamsk politikar har forlatt parlamentet. Ein flamsk ytre høgre-aktivist vender attende til aktivismen. Også i denne utgåva: Bokmelding.
I byrjinga av februar trakk den flamske politikaren Dries Van Langenhove seg som parlamentarikar. «Eg går ut av parlamentet», sa han, under ein pressekonferanse, «men eg sluttar ikkje med politikk. Eg har alltid kjend meg meir som aktivist enn som politikar».
Dette er ei historie om kor kort vegen i blant er mellom den parlamentariske høgreradikalismen og revolusjonære fantasiar, i eit stort parti, midt i hjarta av Europa.
For å fortelja den historia kan det vera nyttig å gå attende i tid, og å kryssa ei landegrense. Som omtalt i førre utgåve av Oppdateringar vart den høgreradikale grupperinga Bloc Identitaire oppretta i Frankrike i 2003. Blant dei som stod bak nyetableringa var tidlegare medlemer av Unité Radicale, ei gruppe som hadde vorte forbode etter at eit medlem freista å ta den franske presidenten Jacques Chirac av dage.
Også Bloc Identitaire kunne ha vore ein parentes innan den franske høgreradikalismen si historie, ei smågruppe blant eit mylder av smågrupper. Grunnen til at det ikkje skjedde er fyrst og fremst ungdomsrørsla, som fyrst heitte Jeunesses Identitaire (Identitær Ungdom), men seinare fekk namnet Génération Identitaire (Identitær Generasjon). Frå tidleg på 2010-talet av skaffa dei sistnemnde seg mykje merksemd, både gjennom spektakulære aksjonar og gjennom ei krigserklæring i videoform retta mot 1968-arane.
Genération Identitaire hadde også ein slåande logo: den greske bokstaven lambda i gult på ein bakgrunn av svart. Ideologisk fokuserte dei på europeisk identitet, og kvilte dei tungt på idéane frå den såkalla nouvelle droite-rørsla, og det på punkt etter punkt. Blant inspirasjonskjeldene var Dominique Venner og Guillaume Faye.
I mars 2021 vart Génération Identitaire tvangsoppløyst av franske myndigheiter. Som grunngjeving vart det peikt på at gruppa «promoterer […] ein ideologi som fremmer hat, vald og diskriminering mot enkeltmenneske» og søkte å elda opp til harme mot utlendingar og mot franskmenn av utanlandsk opphav. Det vart også synt til at gruppa hadde «karakter av å vera ein privat milits», og på at fleire som hevda å tilhøyra gruppa hadde stått bak valdshandlingar eller forsøk på dette.
Nokre veker tidlegare demonstrerte nokre hundre medlemer og sympatisørar av organisasjonen i Paris, i protest mot tvangsoppløysinga. Blant dei var Dries Van Langenhove, som då hadde site i parlamentet ei tid, som representant for det flamsknasjonalistiske partiet Vlaams Belang. Han hadde rett stilt på lista deira som uavhengig kandidat, etter å ha vorte kjend som leiar i den uavhengige, nasjonalistiske ungdomsrørsla Schild & Vrienden (Skjold og venar). Også andre medlemer av denne gruppa var tilstade i Paris. Det var ikkje så rart: Schild & Vrienden er ein av dei utanlandske avleggjarane til Génération Identitaire. Dei laga til og med ein tilsvarande video som den franske «krigserklæringa». Den var dårlegare produsert, utan dei same nærbileta og den svarte bakgrunnen, men med same bakgrunnsmusikk.
At Van Langenhove deltok vakte likevel ein del merksemd i Belgia, då det på denne tida var strenge koronatiltak i landet, blant anna eit forbod mot ikkje-naudsynte utanlandsreiser. Van Langenhove såg sjølv på reisa som «særs naudsynt»: «Når det regnar i Paris, dryp det i Brussel», sa både han sjølv og Vlaams Belang-leiaren Tom Van Grieken til De Standaard.
At Dries Van Langenhove i det heile hadde fått stilla på lista til Vlaams Belang er verdt å leggja merke til. Det skjedde nemleg ikkje før, men etter at Schield & Vrienden hadde hamna i hardt vær.
I september 2018 sende VRT – det flamske tilsvaret på NRK – ein dokumentarreportasje om Schield & Vrienden. Reportasjen synte korleis gruppa planla og gjennomførte konfronterande demonstrasjonar, korleis dei drev med trolling av politiske motstandarar på nett og korleis dei satsa på såkalla entryisme, å koma seg på innsida av etablerte organisasjonar. Interessant nok synte den også korleis dei søkte kontakt med det ungarske regjeringspartiet Fidesz, kjent for å omskapa Ungarn til eit «illiberalt demokrati».
Alt dette hadde nok Schield & Vrienden lite imot at vart kjend i offentlegheita. Verre var det at dokumentaren også synte korleis dei snakka i sine interne digitale forum. I det offentlege var dei pent kledde, unge vaksne som snakka om familieverdiar, flamsk identitet og det dei framstilte som eit positivt alternativ til politisk korrekt tenking. Internt delte dei djupt rasistiske memer, memer som forherliga nazismen og nedsetjande kommentarar om både kvinner og minoritetar. Det inkluderte uforfalska antisemittisme. Då Dries Van Langenhove vert konfrontert med det, nekta han for alt, og han påstod at det var forfalska.
I etterkant av reportasjen starta belgisk politi etterforsking av gruppa, på grunnlag av mistenkte brot på rasismelova, på den belgiske lova mot holocaust-fornekting og på våpenlover. I 2021 vart det teke ut tiltale, mellom anna mot Van Langenhove. Rettsprosessen er framleis pågåande.
Vlaams Belang ligg i dag skyhøgt på meiningsmålingane. I 2024 er målet regjeringsmakt saman med det flamsk-nasjonalistiske sentrum–høgre-partiet Nieuw-Vlaamse Alliantie (N-VA), sjølv om dei sistnemnde – iallfall per no – har omtalt ein koalisjon som utelukka.
Fleire analytikarar har peikt på at den uavhengige representanten Dries Van Langenhove og ein potensiell rasismedom mot han då er eit problem. Pieter Lesaffer i Nieuwsblad skriv at partiet lenge har vore på jakt etter «ein elegant exit» for Van Langenhove.
Ein omfattande artikkel i avisa De Standaard vart det perfekte høvet. Avisa fulgte Van Langenhove si gruppe på meldingsappen Telegram ein månad, men set fokus på fleire ulike ting:
Korleis Van Langenhove har omfamna den boar-separatistiske byen Orania i Sør-Afrika, ein by som er ein slags siste rest av apartheid. Ikkje berre det, han har flørta med idéen om noko tilsvarande i Flandern, eit «vitskapleg eksperiment» som «ville vera interessant».
Dei ganske tette banda mellom Van Langenhove og den nederlandske politikaren Thierry Baudet, ein politikar som i det siste har fått merksemd ikkje berre for å omfamna den eine ville konspirasjonsteorien etter den andre (han har mellom anna uttalt at han trur at vondskapsfulle reptiler styrer verda, ei førestilling den britiske konspirasjonsteoriguruen David Icke har forfeikta).
Korleis Van Langenhove har skulda «heile etablissementet» for å «støtta pedofili», ei skulding som leier tankane både til det konspirasjonsteoretiske QAnon-universet og – i belgisk samanheng – til dei mange komplottskuldingane knytt til den sjokkerande Dutroux-saka. Sjølv avviser Van Langenhove QAnon som «eit marginalt amerikansk fenomen».
Avisa viser også til korleis han gjennom kritiske kommentarar til COVID19-vaksina eldar opp folk på Telegram. Der svarer han ikkje sjølv, men blant reaksjonane han har fått er både påstandar om folkemord, ynskje om ein militær straffedomstol mot dei som har fremma vaksina, krav om dødsstraff og ein påstand om at «partia har seld sjela si for store pengar til det globalistiske jødenettverket (jodenmatrix)». Van Langenhove fiskar altså i mildt sagt opprørt vatn.
I årevis har Vlaams Belang ikkje hatt det minste problem med Van Langenhove, iallfall ikkje i offentlegheita. På pressekonferansen der han kunngjorde at han trakk seg frå parlamentet, sat han stadig side om side med Vlaams Belang-leiar Tom Van Grieken, som ville «støtta han i denne vanskelege avgjersla». Van Grieken sa at dei stadig står saman i sin nasjonalistiske kamp.
Van Langenhove har vore ei slags bru til ein meir ytterleggåande landskap. «Ei bru for mykje», heiter det i eit flamsk ordtak om å gå for langt. Det skjedde til slutt.
Denne teksten er ei revidert og utvida utgåve av ein artikkel som tidlegare har stått på trykk i Stavanger Aftenblad.
Fjordman og Faye
Den norske ytre høgre-bloggaren Fjordman har også latt seg inspirera av Guillaume Faye. I eit essay publisert på den kontrajihadistiske nettstaden Gates of Vienna i mai 2011 viste Fjordman blant anna til ei tale Faye heldt i Moskva i 2006. Der sa Faye mellom anna dette:
[Europa] har blitt invadert, okkupert og kolonisert av menneske frå sør og av islam. [Kontinentet] er dominert av USA, som fører ein nådelaus økonomisk krig mot det. Det kollapsar demografisk, ettersom befolkninga eldast og det sluttar å reprodusera seg sjølv. Det har blitt gjort svakt av dekadente, nihilistiske ideologiar kledd i lettvint optimist og underlagt ein unik tilbakegang i kultur og utdanning, til primivitisme og materialisme. Europa er verdas sjuke mann. Og dets politiske klassar, og dei intellektuelle elitane, samarbeid aktivt i dette rasemessige sjølvmordet.
[…] Ein rasekrig er no føreseieleg i fleire europeiske land, ein underjordisk krig som vil vera langt meir øydande enn «terrorisme». Den kvite befolkninga vert fordriven, eit slags folkemord vert utført mot den med medverknad eller fråhald frå den herskande klassen, media og politikarar, for ideologien desse samarbeidande elitane opprettheld er tilført eit patologisk hat mot deira eigne folk og ein sykeleg lidenskap for blanding.
Solid om høgreradikalismens historie
Elisabetta Cassina Wolff har skrive ei lesverdig bok om høgreradikalismen si historie.
I fjor haust kom boka Nasjonalisme og høyreradikalisme i Europa 1789 - 2019 ut på forlaget Cappelen Damm Akademisk. I førre utgåve av dette nyhetsbrevet synte eg til denne boka i samband med ein gjennomgang av den såkalla identitarismen.
Eg lova også å koma attende til boka. Det er det gode grunnar til. Elisabetta Cassina Wolff si bok er ein lesverdig gjennomgang av høgreradikalismen si europeiske historie. Den tør vera av interesse både for generelt historieinteresse og for dei som ynskjer seg ein relativt lettlest historiefagleg introduksjon. Startpunktet er den franske revolusjonen, sluttpunktet er vår eiga samtid.
Som Wolff skriv i avsluttinga vert me konfrontert med «den ideologiske kontinuiteten på ytre høyrefløy», sjølv om «[o]pposisjonen mot egalitarisme og liberalisme har […] anttat svært ulike former, avhengig av tid og kontekst og som respons på den politiske utviklingen ellers».
Blant boka sine styrker er eit eige kapittel om fin de siècle-epoka, på 1880- og 1890-talet, ei periode som ofte får for lite merksemd i historiebøkene.
I dette kapitlet presenterer Wolff – med utgangspunkt i den amerikanske historikaren Stanley Payne – ulike former for autoritær nasjonalisme som gjorde seg gjeldande i denne perioden. Wolff går særleg inn på tre land: Frankrike, Tyskland og Italia. Trådane vidare inn det tjuande hundreåret er openberre.
To av landa får, naturleg nok, også særleg plass i det neste kapitlet i boka, som handlar om fascismen i Italia og Tyskland i mellomkrigstida. Det fører fram til ein nyttig diskusjon om kjennetrekk ved fascismen som ideologi. Her er det til dømes interessant å leggja merke til at fascistane «hadde pretensjoner om en demokratisk legitimering»:.
I den ideologiske teksten «Fascismens doktrine» fra 1932, som filosofiprofessor Giovanni Gentile (1875–1944) førte i pennen på vegne av Mussolini, leser vi at fascistene avviser parlamentarisme og det representative demokratiet som «bløff og bedrageri». Det kvantitative demokratiet som opererer gjennom valgkrets og folkets representanter, er en styreform som gir en illusjon av suverenitet og av likhet mellom menneskene, mens makten i virkeligheten ligger hos «andre, noen ganger hemmelige krefter», blir det påstått. Det kvalitative og korporative demokratiet var derimot det «ekte demokratiet».
Når det gjeld etterkrigstida (1945 - 1980), skriv Wolff særleg inngåande om to land og om to fenomen: den italienske nyfascismen og det franske nye høgre.
Nokre vil kanskje synast at dette smalnar inn perspektivet, men valet hennar er høgst rimeleg. Båe fenomena speler nemleg ei vesentleg rolle for den vidare utviklinga av ytre høgre, ikkje minst i vest-Europa. Dessutan er det nasjonale kontekstar mange i Noreg kjenner for dårleg. Wolff sin introduksjon til temaa – også med utgangspunkt i italiensk og i noko mon med fransk litteratur – er såleis etterlengta. Den kan også tena til å opplysa debattar som den omtalt i Oppdateringar #2, 2023. I tillegg fungerer den som viktig bakgrunn når me i Wolff si bok deretter nærmar oss vår eiga tid.
I løpet av drøyt 250 sider gjev Wolff ein solid av høgreradikalismens historie. I tillegg kjem ein solid litteraturoversikt. Men når 230 års historie skal presenterast gjer det sjølvsagt at nokre tema vert mindre behandla enn dei kanskje burde. Til dømes kunne ein ynskja seg meir inngåande presentasjonar av ytre høgre i aust-Europa og det austlege sentral-Europa, sjølv om Wolff gjev greie samanfattingar av utviklinga i Polen og Ungarn, og ikkje minst av Viktor Orbán sitt såkalla «illiberale demokrati».
Når det er sagt er Wolff si bok svært solid. Ryddig definisjonsbruk, kortfatta presentasjonar og eit rikt litteratutilfang bidreg til at ho skaper orden i det kaoset av idéar, grupper og personar ho presenterer. Lesaren vil kort fortalt sitja igjen med eit betre overblikk over både høgreradikalismen si historie og over høgreradikalismen idag.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil
difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Eksterne lese- og podcasttips
Africa Center for Strategic Studies har publisert ein gjennomgang som viser vekst i valdelege åtak gjennomført av ekstreme islamistar på det afrikanske kontinentet. Gjennomgangen inkluderer også eit kart som synleggjer dei ulike ekstremislamistiske gruppene og nettverka som er aktive.
PST har lagt fram si trugsmålsvurdering for 2023.
Aftenposten viser til trugsmålsvurderinga, og påpeiker: Terrorister er nesten alltid menn, men det nevner ikke PST med ett ord i sin trusselvurdering.
Det svenske tidsskriftet Expo har publisert ein lang artikkel om Aleksandr Dugin:
«Aleksandr Dugin brukar kallas Putins hjärna. Men vilka likheter har Putins grandiosa självbild och paranoida omvärldsanalys med den västerländska extremhögerns ryska favoritfilosof?». Sjå også Oppdateringar #13, 2022.Nyzealandske Byron C. Clark har nyleg gjeve ut boka Fear:
New Zealand's hostile underworld of extremists. I den samanheng er han intervjua i fleire media, blant dei Stuff.co.nz og i podcasten Saturday Morning. Boka er også meldt i The Conversation.Nemnde The Conversation har nyleg også publisert ein artikkel om spreiinga av QAnon utanfor USA.
Amerikanske Anti-Defamation League har publisert ein rapport om korleis deplatforming har påverka fire nettplatformer der det har vorte spreidd høgreekstremt innhald, blant dei 8chan / 8kun.
France24 skriv om konspirasjonsteoriar om byplanlegging (!).
New York Times skriv om desinformasjonsekspertar som åtvarer mot kunstig intelligens-chatbotar.
Vox skriv om to pågåande rettssaker knytt til ekstremistars bruk av sosiale media, men med vidtrekkjande implikasjonar.