nr. 24: Ein tankevekkjar
Den amerikanske journalisten Carla Power har skrive ei tankevekkjande bok om arbeid mot ekstremisme.
Hannah Arendt viste oss kanskje den nazistiske vondskapens banalitet, men motiva som vert tilskrive den moderne jihadistiske terroristen forblir djupt framandarta. Han vert nekta banalitet, nekta konteksten som kanskje tillet han rasjonalitet, og som kanskje kan forklara, men ikkje unnskylda saka hans.
Det skriv Carla Power tidleg i boka Home, Land, Security: Deradicalization and the Journey Back from Extremism, i ei innleiing som er både provoserande og litt ubehageleg. For Power problematiserer også vår bruk av ordet “vondskap” i samband med den jihadistiske ekstremismen, mellom anna med utgangspunkt i denne avisframsida frå The Sun, etter det grufulle terroråtaket mot ein Ariana Grande-konsert i Manchester, 22. mai 2017.
I MITT EIGE JOURNALISTISKE ARBEID RUNDT EKSTREMISME har eg ofte koma til å tenkja på vondskap, sjølv om eg sjeldan har skrive om det.
På sett og vis har eg funne det uungåeleg. Å lesa skildringar frå Utøya, frå Beslan eller nettopp frå Manchester har gjort det naturleg å tenkja på vondskap. Å lesa grotesk hatpropaganda og valdsfantasiar gjer det same. Å sjå propagandavideoar frå IS der valdsfantasiane vert gjort til røyndom, gjerne blanda med dataspelestetikk. Å sjå gjerningsmannen Brandon Tarrant sin eigen livestream av det anti-muslimske terroråtaket i Christchurch, der ei massakre ser ut som eit slags skytespel …
Kort fortalt: Sjølv om det tabloide i framstillinga deira byr meg imot, synest eg ikkje det er urimeleg av The Sun å snakka om vondskap. I blant tenkjer eg kanskje me snakkar for lite om vondskapen.
Men Power fortset si forteljing med eit intervju med mora til eit anna terroroffer i Manchester. Ho heiter Figen Murray. “You foolish boy,” tenkte ho då ho fyrste gong såg eit bilete av gjerningsmannen, og då ho nokre veker seinare vart vitja av ein høgtståande tenestemann i politiet, retta han henne når ho snakka om dei 23 menneska som døydde den skjebnesvangre kvelden:
“Nei, det var tjueto som døydde”.
“Vel, terroristen døydde også”, svara Figen.
“Å, me tel ikkje gjerningsmenn i politiet”, svara politileiaren.
“Vel, han var framleis eit menneske,” sa Figen. “Han var nokon sitt barn”.
Figen Murray vert også intervjua i den vakre dokumentarfilmen A Manchester Story, som er tilgjengeleg for leige via Vimeo, ein film om det gode i mennesker, mot eit bakteppe av det vonde.
NOKON SITT BARN, ALTSÅ. Det er kanskje det sentrale i Home, Land, Security. Powers dreg til Birmingham for å møta mor til ein ung IS-krigar, ein ung mann som verkar å ha vorte sugd inn i ekstremismen via ein slags drøymande naivitet, og som ender med å mista livet. Mora heiter Nicola Benyahia, og også hennar historie er sjelevrengande. Etterkvart kjem boka også til møtet mellom dei to mødrene, og då er det vanskeleg å halda tårene attende, så sterkt vert møtet mellom to mødre som på ulikt vis har mista borna sine til ekstremismen skildra.
Det er ein inngangsport til fleire samtaler, og til eit større tema: avradikalisering. Og med det vert også behovet for å menneskeleggjera ekstremisten ikkje berre tydeleg, men openbert. Det er likevel enklare når ho skriv om Abdullahi Yusuf, ein somalisk-amerikansk ungdom som vart stogga på veg til Syria, enn når ho skriv om Amir Abdillah, som var involvert i eit bombeåtak i Jakarta i 2009 og som dessutan ikkje verkar vidare rehabilitert.
Mest interessant vert det kanskje når Power besøker Pakistan og også Khyber Pakhtunkhwa, nordvest i landet, på grensa til Afghanistan: “[Der] var menneska som vart med i desse militsane naboar, slektningar og vener”. Ho snakkar med dei som driv Sabaaon, ein internatskule for born og ungdomar med ei fortid i det pakistanske Taliban. Ho snakkar med ein ung mann som har gått frå å vera Taliban-spion til å jobba for Sabaaon, etter å ha teke psykologutdanning.
MEN DET ER IKKJE TIL Å NEKTA FOR. Khyber Pakhtunkhwa er ein annan stad, og sjølv om Sabaaon synest å vera uvanleg vellukka i sitt avradikaliseringsarbeid, kjennest intervjua med avradikaliseringsarbeidarar i Tyskland nærare og meir relevante.
Og så dreg Powell til ein by eg har eit nært personleg tilhøve til: belgiske Mechelen.
DÅ EG I 2011 GAV UT BOKA DET MØRKE NETTET starta eg med å fortelja om ein kommentar eg snubla over på internett, medan eg budde i nettopp Mechelen: “Mechelen er den fyrste islamistiske enklaven i Flandern”, heitte det. Kommentaren var frå februar 2005, og bakgrunnen for han var planar om ein ny moské i byen.
Mechelen var på frontlinja i det innbilte Eurabia. Og på den andre sida: Ein dag kjøpte eg meg ei utgåve av ei av Belgia sine franskspråklege aviser på veg til jobb. Der vart Mechelen omtalt som “i hjarta av den flamske rasismen”. Ikkje så rart, kan henda, det høgreradikale partiet Vlaams Belang gjorde det skarpt i byen.
Ein skulle tru det la grunnlag for den typen kumulativ ekstremisme Power støyter på i Tyskland, der den ekstreme islamismen har kunna rekruttera på både framandfrykt, islamhat og høgreekstrem vald (Power siterer Julia Reinelt i Violence Prevention Network: “Dei kan seia: ´Sjå berre. Du er uynskt her i Tyskland. Du kan ikkje leva som truande muslim her. Du vil aldri bli akseptert, så kom til kalifatet”), og der ytre høgre sjølvsagt har kunna mobilisera ved å visa til den ekstreme islamismen og til salafijihadistisk terror.
Og til ei visst mon gjorde det det. Byen har hatt sine utfordringar med ekstreme politiske miljø. Og med kriminalitet. På 1990-talet hadde staden utnamnet “Chicago ved elva Dijle”. Då kona og eg flytta dit hadde byen eit dårleg nok rykte til at ein bekjent av oss åtvara oss. Han budde i Brussel sin kanskje mest berykta bydel: Molenbeek.
MEN IDAG ER MECHELEN NOKO AV EI SOLSKINSHISTORIE, mykje takk vere ein av heltane i Power si bok: den liberale borgarmeisteren Bart Somers.
“Kvar gong eg høyrer om born som vert rekruttert av [IS], kan eg ikkje sjå berre ein terrorist”, siterer ho Somers på. “Eg ser også onkelen eg aldri kjende”. Bart Somers sin onkel Jan døydde på Austfronten, som femtenårig rekrutt til den nazistiske Volkssturm-militsen. Somers sin bestefar Ludwig hadde vore medlem av det flamsknasjonalistiske partiet Vlaams Nationaal Verbond, og hadde blitt med på reisa då VNV knytte seg stadig tettare til nazismen. Det er noko Bart Somers hugsar på i diskusjonar om politisk ekstremisme.
Han har vore opptatt av noko anna også, heilt sidan han i 2001 for fyrste gong vart borgarmester i Mechelen. Under Somers har det vorte satsa meir på politiet (belgisk politi er delvis kommunalt forankra), noko som har vore viktig i kampen mot kriminalitet, men samstundes har han vore oppteken av å gje alle i byen ei kjensle av høyra til. Det har vore viktig i kampen mot ekstremisme:
“For å seia det på ein litt provoserande måte”, smiler Somers, “freistar me å rekruttera dei til vårt samfunn, før nokon med ein radikal ideologi kan rekruttera dei”.
Blant det som har stått sentralt for Somers og hans politiske allierte er eit arbeid for å skapa møteplassar, og for å byggja opp under ein identitet som “mechelaar”. Sjølv eg tenkjer i blant på meg sjølv slik, årevis etter å ha flytta frå Mechelen.
PÅ MANGE MÅTAR skulle eg ynskja at Carla Power si bok gav fleire svar av denne typen. Tydelege svar. Klåre idéar om kva som faktisk fungerer i arbeidet mot ekstremisme, og i avradikaliseringsarbeid. Det gjer ikkje Home, Land, Security, kanskje fordi lappeteppet er for samansett, bileta for ulike i Indonesia, Pakistan, USA, Tyskland og Belgia.
Men boka er tankevekkjande. Og nettopp difor er ho også verdt å lesa.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhendebrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen, som nyleg også har gjeve ut boka Giftpillen: konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft. Den kan du lesa meir om på forlaget Res Publica sine nettsider eller på oyvindstrommen.no, der du også kan tinga ei signert utgåve av boka. Eit utdrag frå boka kan lesast på nettsidene til Agenda Magasin.
Dette nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhendebreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera: