nr. 2, 2024: Dei lange skuggane frå Waco
28. februar 1993 forsøkte den føderale politieininga ATF å raida ei heller obskur religiøs gruppe nær Waco, Texas. Det fekk blodige følgjer, og er ei hending som stadig kaster lange skuggar.
Namnet Waco har vorte uløyseleg knytt til hendinga, men det såkalla Mount Carmel-senteret låg eigentleg nokre mil nordaust for denne byen i Texas, ikkje langt frå småstaden Axtell.
Det tilhøyrde eit lite religiøst samfunn, som – noko misvisande – vart kalla Branch Davidians. Dei vart leia av 33 år gamle David Koresh, som i gruppa sine auge var ein profe…