nr. 2, 2023: Det nye høgre, dei identitære og Legatum forlag
Eit nytt forlag har hamna i hardt vêr. For å forstå kvifor vil det hjelpa å kjenna det franske ytre høgre si historie.
Den siste tida har det skapt ein del merksemd at forlaget Legatum har vorte sluppe inn i Forleggerforeningen.
Bente Pihlstrøm i Humanist forlag er blant dei som har kritisert dette. I eit intervju med Transit Magasin seier ho at ho synest det er problematisk at «et fascistisk forlag skal være medlem av Forleggerforeningen og skaffe seg legitimitet på den måten», og i Aftenposten at ho vurderer å fremma forslag om å ekskludera dei.
Forleggerforeningen sin administrerande direktør Heidi Austlid har svart med å visa til ytringsfridomen. Til Transit seier ho: – Fyrste ledd i Forleggerforeninga sitt formål er å verna om ytringsfriheten, sjølvsagt uavhengig av politisk ståstad.
Det er ein lett underleg kommentar. Som Arnfinn Pettersen påpeiker i ein tekst publisert på sin eigen nettstad er ikkje alle debattar ytringsfridomsdebattar:
[Humanist forlags anliggende var] at Forleggerforeningen er en bransjeorganisasjon som stiller sine ressurser til rådighet for alle som kan gi ut ei bok i året, uten å foreta noen form for vurdering av om de egentlig bør hjelpe ytterliggående grupper med å spre sitt budskap. Forlaget ønsket å anspore til en debatt om hvorvidt det bør være sånn.
For å forstå meir av saka er det naudsynt å gå i djubda. Særleg er det viktig å kjenna til to ytre høgre-rørsler av fransk opphav: dei identitære og det såkalla nye høgre, eller nouvelle droite.
Ifølgje mannen bak Legatum forlag, Tore Rasmussen, har forlaget som mål å tilby bøker som «gjev europearar næring til å kultivera eiga arv og historie». Då er det verdt å leggja merke til at Rasmussen har tette band til den fyrstnemnde rørsla, og då særleg til ein britisk avleggjar. I boka Den norske skyld fortel Anne Bitsch meir om Rasmussen si fortid:
Rasmussen var sentral i oppbyggingen av identitærbevegelsen i Storbritannia og bodde der også en periode mens han markedsførte [den østerrikske identitær] Martin Sellners klesmerke Phalanx Europa. Populariteten internt i organisasjonen dalte imidlertid da hans fortid i Vigrid – en nynazistisk organisasjon som gjorde seg bemerket i Norge på 1990-tallet og tidlig på 2000-tall[et] – kom for en dag.
Mest kjent er Vigrid for sine norrøne ritualet, hvor lederen Tore Tvedt kledde seg ut og døpte unge mennesker i Odins navn og resiterte Edda-dikt ute i skogen. […] Tore Tvedt var en fanatisk holocaustfornekter som med utgangspunkt i «De 14 ordene» til [den amerikanske høgreekstreme terroristen] David Lane spredte budskapet om at den hvite rasen mått reddes fra folkemord.
Ifølgje Bitsch finst det håndfast dokumentasjon på at Rasmussen var ein «god venn av» dei tre domfelte etter drapet på Benjamin Hermansen i 2001. Året før hadde han, saman med sju andre nynazistar, vorte tiltalt for grov vald mot to afrikanske menn som vart angripe med knivar og brustein:
Under rettssaken ble Rasmussen som den eneste frikjent, men [han] erkjente å ha vært til stede under overfallet.
I dag seier Rasmussen, ifølgje Aftenposten, at han «var tenåring og tok ungdomsopprøret [sitt] altfor langt». Noko tilsvarande har han tidlegare sagt i eit intervju med nettstaden document.no.
Legatum forlag har allereie gjeve ut ei bok av svenske Rikard Högberg, Old Europe: Stop the Great Replacement. Som det vert påpeikt i artikkelen i Transit Magasin har Högberg tidlegare mellom anna hevda at det finst ein hemmeleg konspirasjon som kontrollerer bankar, regjeringar og massemedia i ei rekkje land, deriblant Noreg, og som vert styrt av den jødiske Rothschild-familien.
I ein video publisert av det svenske «alternativmediet» Frihetsnytt hevder han mellom anna at det i Ukraina har vore underjordiske militærbaser der ein gjennom «sådanna vidrigheter som jag inte vill gå in på» skremmer barn slik at ein kan hausta stoffet adrenokrom frå hjernene deira. Det er ein bisarr konspirasjonsteori som fyrst og fremst har fått gjennomslag gjennom det såkalla QAnon.
Idéen om «The Great Replacement» – som ein finn att i den nemnde boktittelen – er på si side ei førestillinga om at det går føre seg ei utskifting av den kvite rasa, eller beint ut eit folkemord mot kvite, ikkje ulikt det nemnde David Lane åtvara imot.
Sjølve omgrepet kjem frå den franske forfattaren Renaud Camus, mellom anna frå ei bok kalla nettopp Le Grand Remplacement, gjeve ut i 2011. Denne vart også referert direkte til under eit nyleg bokbad i regi av Legatum, då av mannen som har fungert som redaktør for Högberg si bok, Bjørn Christian Rodal, tidlegare nestleiar i mikropartiet Alliansen. Ifølgje Camus vert innfødde, kvite europearar erstatta av ikkje-kvite innvandrarar frå Afrika og Midtausten. Slik han ser det er dette likevel berre ein del av eit større bilete: ein verdsomspennande remplacisme, drive fram av antirasistiske dogmer og gjennom førestillinga om at raser ikkje eksisterer.
Camus sitt omgrep har dei siste åra sanka tilhengjarar mellom anna i nettopp den identitære rørsla Rasmussen er ein del av, samt i det amerikanske alt-right. Slik fann det til dømes vegen til dei mykje omdiskuterte demonstrasjonane i Charlottesville i 2017, i form av slagordet «You will not replace us».
– Eg stør ein fri og open debatt om viktige samfunnstema som demografi, seier Tore Rasmussen til Aftenposten.
Mon det.
Blant andre forfattarar Legatum har varsla dei vil gje ut er franskmennene Alain de Benoist og Dominique Venner.
I Aftenposten-artikkelen får Rasmussen høve til å presentera de Benoist som ein mann som «ynskjer å styrke demokratiet», og Venner som «ein relevant historikar og tenkjar» om ein vil få meir innsikt i europeisk historie.
Lat oss difor sjå bakover i europeisk historie, og nærare bestemt til etableringa av tankesmia GRECE (Groupement de Recherche et d’Études pour la Civilisation Européenne, Studie- og forskningsgruppe for den europeiske sivilisasjonen) seint på 1960-talet. Sentralt stod Alain de Benoist.
Den gong var han stadig ein ung mann, som mellom anna hadde vore aktiv i Fédération des Étudiants Nationalistes, ein studentorganisasjon trygt plassert i den nyfascistiske idétradisjonen, og mellom anna inspirert av den glødande antisemitten Robert Brasillach. De Benoist hadde også vore journalist i det nyfascistiske tidsskriftet Europe-Action, grunnlagt av – nettopp – Dominique Venner. Sistnemnde hadde vore aktiv i ei anna nyfascistisk gruppe, Jeune Europa (Unge Europa), og hadde dessutan site fengsla på bakgrunn av medlemskap i Organisation de l'armée secrète (OAS), ei paramilitær gruppe som mellom anna stod bak ei rekkje terroråtak i freistnaden på å hindra Algerie frå å lausriva seg.
Miljøet rundt Europe-Action var på jakt etter å formulera fascistisk ideologi på nytt. Det skulle bidra til at dei forkasta delar av den fascistiske arven, samstundes som dei heldt på idéen om ein revolusjon som kunne gjenreisa nasjonen som ein slags fugl føniks.
I GRECE gjekk nyorienteringa vidare. For det fyrste skjedde det ved at det var henta inspirasjon frå tidlegare høgreradikale tenkjarar, særleg frå dei såkalla konservative revolusjonære under Weimar-republikken, som Oswald Spengler og Carl Schmitt, men også frå folk som den italienske fascistiske filosofen Julius Evola. For det andre skjedde det ved eit fokus på såkalla metapolitikk, ein idé som var henta frå den italienske kommunistiske teoretikaren Antonio Gramsci. Metapolitikken handla kort og godt om at det var mogleg å fyrst gjennomføra ein kulturell revolusjon før ein kunne oppnå ei politisk omveltning, ein trong ein kulturkrig for å vinna framtidige tilhengjarar. For det tredje skjedde det ved at ein, som det heitte i ei utgåve av GRECE-publikasjonen Eléments, «forkasta utdatert terminologi». Nettopp dèt var jo naudsynt for å få attende ein viss respektabilitet. Slik vart nouvelle droite, det nye høgre, til.
Men mykje var ved det gamle. I den ganske nyleg utkomne boka Nasjonalisme og høyreradikalisme i Europa 1789 - 2019 (som du kan lesa meir om i neste utgåve av Oppdateringar) skriv historikaren Elisabetta Cassina Wolff:
[Nouvelle droite] viser den samme kulturpessimismen som preget flere høyreradikale og fascistiske bevegelser i mellomkrigstiden, og strever etter et ønske om nasjonal gjenfødelse. […] Materialismen og den liberale moderniteten får skylden for forfallet og dekadansen i den vestlige sivilisasjonen. Bevegelsen retter kritikk mot både kapitalisme og kommunisme eller sosialisme, det liberale demokratiet, egalitarisme og multikulturalisme.
Wolff peiker vidare på den ideologiske kontinuiteten med tidlegare europeisk høgreradikalisme, og på motstanden mot likskapsverdiar og (kristen) universalisme. Som forskaren José Pedro Zúquete skriv i boka The Identitarians: «[ei] filosofisk forkasting av den europeiske moderniteten ligg til grunn for [nouvelle droites] kulturkamp. Sjølv om frøa til den vondskapen som råkar den menneskelege eksistensen er å finna i egalitarianismen og universalismen i judeokristen monoteisme […], har moderniteten sekularisert denne tradisjonen.» Nouvelle droite legg difor vekt på ei (tenkt) indoeuropeisk arv frå keltarar, germanarar og romarar. Sjølve forkortinga GRECE er på si side fransk for Hellas, og innan rørsla har ein særleg peikt attende på Sparta som ein sort idéal.
Når Rasmussen søkjer å framstilla de Benoist som demokrat – også i ein kronikk publisert av NRK, der han siterer noko franskmannen har skrive om «fornyelse av den demokratiske ånd» – utelet han difor noko heilt sentralt. Nouvelle droite er nemleg tindrande klåre i sin motstand mot det liberale demokratiet, demokratiet slik me faktisk kjenner det. Istadenfor ser dei føre seg eit «organisk demokrati». Wolff igjen:
Hva et organisk demokrati er, kan virke uklart. Noen ganger blir det omtalt som en form for direkte demokrati, andre ganger som en form for korporatisme, selv om det siste begrepet er blitt forlatt for godt på grunn av koblingen til de fascistiske diktaturene. Andre ganger blir organisk demokrati beskrevet som en form for lokalt demokrati basert på hyppig bruk av folkeavstemninger. Det som står klart, er at det «organiske demokratiet» skal bygges på etniske prinsipper.
Slik er det ikkje reint sjeldan med nouvelle droite. Gjennom å ta i bruk nye omgrep vert gamalt høgreradikalt tankegods gjeve nytt innpakningspapir. Tidlegare tiders uttalte rasisme vert til dømes erstatta med såkalla etnopluralisme, ein idé om at kulturelt mangfald skal ivaretakast gjennom å halda ulike grupper frå kvarande, på kvar sine territorium.
Dominique Venner forfeikter tilsvarande idéar, mellom anna i boka Histoire et tradition des Européens: 30 000 ans d'identité (Europearane si historie og tradisjon: 30.000 års tradisjon), som Legatum har varsla ei omsetjing av, til engelsk. Innleiingsvis i boka kjem Venner med ein kritikk av kolonialismen, noko nouvelle droite også sjølv har gjort. Så skriv han:
I det minste førte denne monstrøse draumen til eit visst internt samhald i Europa. Det har vorte erstatta av berre tomhet, eller, endå verre, av ei nådelaus fornekting av sjølvet, som liknar ynskjet om å forsvinna. I dei siste tiåra på 1900-talet spreidde denne sinnsplaga seg til heile den kvite verda […]. Omvendt har kampen for gruppa sin overlevnad, alle folkeslag si obligatorisk lov sidan tidenes morgon, blitt avvist som uttrykk for absolutt vondskap.
Med blanding av rasene (métissage) som horisont, har dei fleste vesteuropeiske land favorisert migrasjonsstraumar frå aust eller frå Afrika. Under nye lover, som fullstendig snur på hovudet livskraftig moral, slutta den skuldige å vera den som øydela folket sitt, for istadenfor å verta den som arbeidde for å bevara det.
Seinare skriv han at ei menneskeleg gruppe «berre er eit folk» dersom «det deler same opphav, bur på ein stad, ordnar området sitt, gjev det retning, ei grense mellom det indre og det ytre», og at dette ikkje er berre er geografisk, men spirituelt. «Likevel er staden her og ikkje andre stader. Dette er grunnen til at eit folks singularitet særleg vert stadfesta gjennom måten det bearbeider jorda, treet, steinet, i det det byggjer, i det det skaper, i det det gjer».
Dette er ei moderne reformulering av den såkalla völkisch-rørsla sine idéar om blod og jord, idéar som også påverka nazismen.
Ein kan sjølvsagt diskutera om de Benoist og Venner sine idéar er nyfascistiske, eller om dei har rørt seg så langt frå opphavet at det snarare er snakk om ein slags postfascisme. Det er ei akademisk øving. Det er uansett utvilsamt at dei står i ein idétradisjon som er både ultranasjonalistisk og revolusjonær, og at dei drøymer om etnisk reinskap. Som Venner skriv – også det i Histoire et tradition: «Lat alle bu heime, som herre over seg sjølv, slik bør framtidas visdom vera».
Venner er elles – kan hende – mest kjend for at han i 2013 skaut seg sjølv ihel inne i Notre Dame. Det skjedde delvis i protest mot ei lov som tillot to av same kjøn å gifta seg, men også i protest mot nordafrikansk innvandring og «den fullstendige utskriftinga av Frankrikes og Europas folk». Her refererte også Venner direkte til tidlegare nemnde Camus. Han meinte at den påståtte utskiftinga ikkje kunne stoggast gjennom «fredelege gateprotestar åleine», men berre gjennom «nye, spektakulære og symbolske aksjonar», gjennom å omsetja ord til handling. Slik ville han fremma ein «intellektuell og moralsk reform».
I etterkant vart han hylla av den franske høgreradikale politikaren Marine Le Pen. Men det var ikkje minst eit anna miljø som trykte Venner til sitt bryst, slik dei hadde gjort også lenge før dette. Det var dei såkalla identitære.
Igjen er det naudsynt å sjå litt attende i fransk høgreradikalisme si historie. I 2002 freista eit medlem av gruppa Unité Radicale – ei revolusjonær, nasjonalistisk gruppe som stod for såkalla tredjeposisjonisme – å ta den franske presidenten Jacques Chirac av dage. I kjølvatnet vart Unité Radicale forbode. Nokre medlemer av organisasjonen gjekk vidare til å vera blant dei som året etter oppretta gruppa Bloc Identitaire – Mouvement Social Européen (Identitær Blokk - den europeiske, sosial rørsla). Bloc Identitaire kunne ha vorte endå ein parentes innan den franske høgreradikalisme, ei smågruppe blant eit mylder av smågrupper. Grunnen til at det ikkje skjedde er fyrst og fremst ungdomsrørsla, som fyrst heitte Jeunesses Identitaire (Identitær Ungdom), men seinare skulle få namnet Génération Identitaire (Identitær Generasjon).
Frå tidleg på 2010-talet av skulle dei skaffa seg sjølv mykje merksemd, både gjennom spektakulære aksjonar og gjennom ei «krigserklæring» i videoform retta mot 1968-arane. I denne hevda dei å vera ein generasjon råka av «komplett mislukka integrasjon» og «påtvungen [rase]blanding» (igjen: métissage), som «har lukka historiebøkene dykkar, og funne vårt eige minne igjen» og «slutta å tru at Abdul er bror vår, planet landsbyen vår og menneskeheita familien vår». Videoen ender med Génération Identitaire sitt lambda-symbol, eit symbol som også vert knytt til tidlegare nemnde Sparta.
Ideologisk kviler Génération Identitaire tungt på idéane frå nouvelle droite-rørsla, på punkt etter punkt: fokuset på etnisk identitet, idéen om etnopluralisme, satsinga på metapolitikk og kulturkrig, inspirasjonen frå völkisch-rørsla og dei konservative revolusjonære i Weimar-Tyskland. Venner er ei viktig inspirasjonskjelde. Ei anna er nouvelle droite-tenkjaren Guillaume Faye (som rett nok sjølv hevdare å ha brote med nye høgre-rørslar i 1986, fordi dei etter hans syn berre gjekk rundt i sirklar). Faye har mellom anna skrive boka L´archeofuturisme (1998). Sjølve tittelen røper at Faye ser attende til ei fjern fortid for å skildra ei ynskt framtid.
I boka går han til åtak på dagens Europa som eit produkt av ein modernitet og ein egalitarianisme han foraktar. Han meiner at me står ved enden av ein historisk syklus og at «barbarane» ikkje lenger står ved Europa sine portar, men i Europa sjølv. Faye sitt uttalte mål er ein revolusjon, «ein idé som har vorte mistolka og forrådt av sjarlatanane på venstreside i over to hundreår», på basis av eit verdsbilete som utgjer «eit radikalt brot med samtidige verdiar og moral». I kjerna av Génération Identitaire står ein moderne anti-modernisme, ein revolusjonær ultranasjonalisme som forkastar det liberale demokratiet og dei universelle menneskerettane.
Det er denne ideologiske tradisjonen Legatum forlag også skriv seg inn i.
I 2021 vart Génération Identitaire tvangsoppløyst av franske myndigheiter. Som grunngjeving vart det peikt på at gruppa «promoterer […] ein ideologi som fremmer hat, vald og diskriminering mot enkeltmenneske» og søkte å elda opp til harme mot utlendingar og mot franskmenn av utanlandsk opphav. Det vart også synt til at gruppa hadde «karakter av å vera ein privat milits», og på at fleire som hevda å tilhøyra gruppa hadde stått bak valdshandlingar eller forsøk på dette.
Grunngjevinga peikte vidare på at gruppa hadde fått pengestøtte frå gjerningsmannen bak terroråtaka mot to moskéar i nyzealandske Christchurch i 2019, Brenton Tarrant, og på at ein annan person hadde vorte arrestert etter mistanke om terrorplanlegging, og at vedkomande i tillegg til våpen og eksplosivar hadde ei T-skjorte med organisasjonen sin logo. Dei to siste døma kan framstå som svake argument. Det er like fullt verdt å merka seg at Tarrant i manifestet han publiserte i samband med terroråtaka peikte på Den Store Utskiftinga, og på eit påstått komplott for å øyda lokal og nasjonal identitet. «Europa er berre Europa grunna si kombinerte genetiske, kulturelle og språklege arv. Når ikkje-europearar vert rekna som [del av] Europa, finst det ikkje noko Europa i det heile», skreiv Tarrant.
I åra som hadde gått frå «krigserklæringa» i form av ein YouTube-video til tvangsoppløysinga hadde likevel Génération Identitaire sett spor etter seg. Avleggjarar vart etablert i fleire land, og det vart også gjort forsøk her til lands. Génération Identitaire hadde dessutan påverka alt-right.
I fleire land synte avleggjarane sitt ideologiske ferniss seg også å vera ganske tynt. I 2018 nytta journalistar frå Al Jazeera skjult kamera for å syna seg kva som rørte seg på innsida av organisasjonen. I ein dokument i to delar, Generation Hate, synleggjorde dei valdsbruk og nazisympatiar. Same år synte dokumentarprogrammet Pano korleis medlemer av den flamske avleggjaren Schield & Vrienden internt delte djupt både rasistiske memer og memer som forherliga nazismen.
I 2019 fortalte avisa Kleine Zeitung at den austerrikske avleggjaren sin leiar, Martin Sellner, i ungdomsåra hadde klistra hakekrossar på ytterveggen til ei synagoge, i protest mot ein dom mot holocaustfornektaren David Irving. Kanskje berre eit «ungdomsopprør»? Kanskje ikkje, dersom ein skal tru austerriksk etterretningsteneste. I 2015 påpeikte dei i ein rapport at det vart gjort forsøk på å etablera «det nye høgre» som konsept i Austerrike. Miljøet vart sagt å bruka kampen mot påstått islamisering og masseinnvandring som eit «pseudointellektuelt» skjul for rasistiske og nasjonalistiske idéar:
Avstandstakinga frå nynazismen i offentlege fråsegner må sjåast på som ein taktisk manøver, sidan leiarskapen i rørsla omfatter kjente nynazistar og har band til andre høgreekstreme miljø.
Dokumentasjonssenteret for den austerrikske motstandsrørsla, ein organisasjon etablerte av tidlegare antinazistiske motstandsfolk i 1963, peiker også på dette, og understrekar samstundes at dei austerrikske identitære har eit ambivalent tilhøve til den historiske fascismen:
På den eine sida distanserer ein seg frå nasjonalsosialismen, på den andre referer ein positivt til tenkjarar innan (og forgjengarar til) den same, og til fascistiske rørsler i andre land (Italia, Spania, Japan), i hovudsak i popkulturell form (plakatar, t-skjorter, osv). Det vert samarbeida med nyfascistiske grupperingar i andre land, ikkje minst i Ungarn og Italia. Saman med ein skarp anti-egalitarisme gjer desse kontaktane og teoretiske referansane at det verkar rimeleg å plassera [den austerrikske identitærrørsla] IBÖ som nyfascistar.
I mai 2017 vitja Martin Sellner Noreg. Under eit foredrag på Eldorado bokhandel tok han til orde for at Noreg treng ei identitær rørsle. Han hevda også at Europa er prega av «etnomasochisme», eit sjølvhat mot eigen identitet og kultur.
Alt dette er ein del av bakteppet ein bør ha i mente i møte med Legatum forlag. Då er det sentrale spørsmålet i diskusjonen om forlaget sin medlemskap i Forleggerforeningen på ingen måte eit spørsmål om ytringsfridom. Spørsmålet er om foreninga er komfortabel med å ha eit medlem som spring ut frå ei politisk rørsle som ber i seg arven frå nyfascismen, og som forkastar det moderne Europa, det liberale demokratiet og menneskerettane. Spørsmålet er om dei bør vera komfortable med det.
Note: Forfattaren av dette nyhetsbrevet, Øyvind Strømmen, har gjeve ut ei bok på Humanist forlag. Han har også gjeve ut ei bok på forlaget Res Publica, der Gerd Johnsen er forlagssjef. Til liks med Bente Pihlstrøm i Humanist forlag har Johnsen – som dessutan er varamedlem i styret i Forleggerforeningen – ytra seg kritisk til Legatum forlag.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Vil du vita meir?
Jonathan Leman i svenske Expo skreiv om dei identitære i ein omfattande artikkel heilt attende i 2014. Anders Dalsbro har i same tidsskrift skrive om ein av organisasjonen sine meir spektakulære aksjonar.
Kristian Bjørkelo skreiv om identarismen i tidsskriftet Humanist, også det i 2014.
I 2017 fortalde John Færseth om ei kunstutstilling i Oslo som var påverka av både identitarismen og alt-right.
Jonas Skybakmoen i Filter Nyheter fortalde om Martin Sellner i samband med austerriksk politi i 2019 ransaka Sellner sin bustad i kjølvatnet av terroråtaka på New Zealand.
Den britiske antirasistiske organisasjonen Hope Not Hate har ein omfattande presentasjon av Génération Identitaire.
Al Jazeera-dokumentaren Generation Hate er å finna på YouTube.
Forfattaren bak dette nyhetsbrevet, Øyvind Strømmen, har også skrive om den flamske identitærgruppa Schild & Vrienden i ein tekst i Stavanger Aftenblad.