nr. 18, 2022: Kupplanane
Patriotisk Union (Patriotische Union) kalla dei seg. Dei er mistenkt for å ha planlagt eit kupp i Tyskland. Historia involverer både ein adelsmann og ein politikar i det høgreradikale partiet AfD.
7. desember vart 25 personar arrestert i Tyskland, Italia og Austerrike. 22 av dei er mistenkt for å ha vore medlemer i ei terrorgruppe som planla å velta den tyske regjeringa og å erstatta det tyske statsstyret med eit anna system.
Ifølgje ei pressemelding frå tyske påtalemyndigheiter skal gruppa minst ha eksistert sidan november i 2021.
Det sentrale o…