nr. 17, 2022: Informasjonskrigen
Å diskutera russisk informasjonskrigføring kan vera litt som å spasera inn i eit minefelt. Men diverre er det heilt naudsynt.
Det finst ei fåre i å nytta eit militarisert språk, skriv juristen David L. Sloss i boka Tyrants on Twitter. Omgrep som «information warfare» (informasjonskrigføring) og «cyber troops» (nettsoldatar) kan tena som unnskyldningar i brutale innskrenkingar av ytringsfridomen.
Sloss meiner likevel at det finst to gode grunnar til å bruka nettopp slike omgrep. For det fyrste utgjer informasjonskrigføring eit betydeleg trugsmål mot dei liberale demokratia. Det vert understreka gjennom kalla henne nettopp krigføring.
For det andre har «kinesiske og russiske strategar» snudd Carl von Clausewitz si gamle læresetning om at krig er eit framhald av politikk med andre middel på hovudet. For dei er informasjonskrigføring ein effektiv måte å føra krig på. Med politiske middel.
Sloss held fram med å visa til at både Kina og Russland er involvert i informasjonskrigføring for å «undergrave liberale demokrati frå innsida» og for å syta for eit meir gjestmildt klima for illiberale, autoritære regimer. For at vestlege demokrati skal kunna forsvara seg effektivt mot dette, må me – meiner Sloss – ha ei klår forståing av kinesisk og russisk strategi. Å bruka omgrepet informasjonskrigføring er i den samanheng hjelpsamt.
Temaet er i høgste grad aktuelt, også i Noreg. I oktober vart det rabalder då kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik gjorde det kjent at han motsette seg å leggja ut ein bestilt rapport på Kommunal- og distriktsdepartementet sine nettsider. Rapporten var utarbeidd av Forsvaret forskningsinstitutt i samarbeid med analysebyråa Analyse & Tall og Common Consultancy. Han drøfta ulike moglege scenarier for korleis informasjonspåverknad i samband med norske val kan gå føre seg. I eitt av scenaria heiter det innleiingsvis:
En fremmedstatlig aktør har som mål å isolere Norge fra det europeiske fellesskapet. En utmelding fra EØS-avtalen vil være et betydelig skritt i
den retningen. Som strategi velger aktøren å forsterke proteksjonistiske og nasjonalistiske holdninger og den økte misnøyen mange nordmenn opplever på grunn av økte priser på strøm, drivstoff og matvarer kombinert med flyktningstrøm og kutt i velferdstjenester. Planen er å skape et narrativ om at EØS-avtalen er årsaken til problemene og oppnå tilstrekkelig motstand mot avtalen slik at det blir en folkeavstemming om utmelding.
Scenariet skildrar vidare korleis aktøren infiltrerer eksisterande norske miljø på sosiale media og diskusjonsfora som er kritiske til myndigheitene og politikarar. Falske sosiale media-profilar og bot-nettverk vert nytta til å spreia innhald der skulda vert lagt på EØS-medlemskapen. Etterkvart dukkar det opp ei facebookside, som i scenariet får det klingande namnet «Norge, mitt Norge». Den samlar eitt meiningsfellesskap prega av nasjonalisme, myndigheitsskepsis, mistillit til politikarane, innvandringsmotstand og motstand mot globalisering.
Gjelsvik gav i eit intervju med avisa Nationen uttrykk for at bruken av dette scenariet ville kunne gje næring til konspirasjonsteoriar, og også kopla EØS-motstand til ekstreme politiske synspunkt.
– Om forskarar ynskjer å presentera slike argument for EU og EØS, kan dei melda seg inn i ein organisasjon eller eit politisk parti, istadenfor å pakka det inn i ein forskningsrapport om valpåverknad, som er egina til å bidra til auka polarisering av den norske debatten, sa Gjelsvik.
Etter å ha fått omfattande kritikk snudde ministeren. Rapporten vart likevel publisert på departementet sine nettsider.
Hakket meir pinleg vart det kanskje då Dagens Næringsliv i ein artikkel fortalde om korleis ministeren sjølv i fleire år hadde vore medlem av ei facebookgruppe kalla «Nei til EØS-EU-Schengen-Acer», også sjølv hadde posta 15 innlegg i denne gruppa. Det slåande? Det er ei facebookgruppe tufta på EU- og EØS-motstand, og samstundes ei facebookgruppe der konspirasjonsteoriane florerer.
Silje Sjursen Skiphamn, som har arbeidd for faktisk.no, skreiv på si side ein tekst på Altinget.no med ei overskrifta eigna til å provosera mange: «Det er en sammenheng mellom konspirasjonsteorier og EØS-motstand». Provokasjonen til trass er det verdt å få med seg ein del av det Skiphamn peiker på:
Når vi analyserte hvor konspirasjonsteorier og desinformasjon oppsto og ble spredt, havnet vi forbløffende ofte i «anti-globalistiske» grupper på sosiale medier. En av de største er den åpne Facebook-gruppen «Nei til EØS og Schengen. Ja til norsk suverenitet» (som ikke har noe med organsiasjonen Nei til EU å gjøre) med 8500 medlemmer.
Navnet er tilforlatelig, men her spres det meste av konspirasjonsteorier nordmenn utsettes for.
Ein skal ikkje bruka mykje tid på facebookgrupper som dei to nemnde for å oppdaga at den tenkte facebookgruppa «Norge, mitt Norge» kanskje ikkje er så fantasifull. Det finst allereie grupper med eitt breitt og tidvis kaotisk meiningsfellesskap prega av kombinasjon av nasjonalisme, mistillit og ein anti-globalisme som rett ofte er tufta på konspirasjonsteoriar.
Nettopp mistillit står sentralt. Ein ting er det at mistillit gjev betre såjord for konspirasjonsteoriar, anten mistilliten botnar i høge straumprisar, politiske skandaler, samfunnsmessige endringar eller noko anna. I tillegg gjer mistillit og misnøye det lettare å fiska i rørt vatn. På begge dei nemnde facebookgruppene forsøker representantar for det vesle partiet Demokratane å sanka støtte. Andre deler innhald frå såkalla alternativmedia: steigan.no, resett.no, Nyhetsspeilet.
Her kan det vera på sin plass å syna til rapporten frå spesialetterforskar Robert Mueller og teamet hans, som mellom anna etterforska russisk påverknad av det amerikanske presidentvalet i 2016. Den synleggjer mellom anna korleis det russiske Internet Research Agency (eigentleg Агентство интернет-исследований) oppretta ei rekkje facebooksider der dei søkte å dra nytte av eksisterande straumdrag i det amerikanske samfunnet. Det inkluderte grupper som «Being Patriotic», «Stop All Immigrants», «Secured Borders», men også grupper som «Black Matters», «Blacktivist» og «United Muslims of America». Det er langt frå søkt å sjå for seg noko tilsvarande i Noreg. Å då forsøka å gjera seg nytte av eksisterande mistillit og misnøye ville vera logisk.
I samband med det amerikanske valet nytta Internet Research Agency seg av desse kanalane, både for å fremma Donald Trump sitt kandidatur og for å demobilisera moglege Hillary Clinton-veljarar, til dømes gjennom oppmodingar om å boikotta valet eller om å heller røysta på Jill Stein frå det amerikanske Green Party.
I nemnde Tyrants on Twitter gjev Sloss ein interessant gjennomgang av alt dette, uavhengig av kva ein måtte meina om mottiltaka han føresler (sjå også eit virtuelt seminar tilgjengeleg på Cornell University sine nettsider eller høyr eit intervju med Sloss på podcasten Borderlines). I eit eige kapittel i boka tek han også for seg russiske påverkningsoperasjonar i Europa. Det er klårt, skriv han, at Russland søkjer å svekkja både NATO og EU. Så siterer han ein rapport frå EUvsDisinfo:
Kreml ynskjer å sjå eit Europa som er splitta innanfrå […] eit Europa som er innadvendt og som ikkje vil skapa problem for Russland sine strategiske interesser i deira felles nabolag eller lenger unna. Det viktigaste er at Kreml ynskjer eit Europa som ikkje kan eller vil forsvara liberaldemokratiske verdiar, og heller ikkje inspirera til dei andre stader.
Sloss sorterer russiske påverkningsoperasjonar i Europa i fire breie kategoriar:
Bruk av sosiale media for å utøva informasjonskrigsføring
Bruk av dei statskontrollerte mediakanalene RT og Sputnik til å spreia propaganda til vestlege publikum
Knyting av band til parti og politikarar på ytre høgre og ytre venstre som har sympatiar for russiske utanrikspolitiske interesser
Finansiering av pro-russiske parti og politikarar i det løynde
Kapitlet diskuterer også tre konkrete døme på russiske påverkningsoperasjon: rundt den britiske folkerøystinga om å gå ut av EU, rundt det franske presidentvalet i 2017 og rundt det svenske valet i 2018. Det siste kan kanskje vera av særleg interesse for eit norsk publikum. Her vert det mellom anna synt til ein artikkel publisert i det akademiske tidsskriftet Journal of Strategic Studies i 2017. I denne ser forskarane Martin Kragh og Sebastian Åsberg mellom anna på kva for metanarrativ som har vorte fremma i den svenskspråklege utgåva av Sputnik. Dei oppsummerer:
EU vert framstilt som ein organisasjon som er i ferd med å døy, prega av store kriser, som den greske økonomiske krisa og tilstrauminga av migrantar til Europa frå Midtausten og Afrika. Europeiske byråkratar og beslutningstakarar vert skildra som inkompetente og som marionetter av den amerikanske regjeringa. NATO vert skildra både som eit amerikansk krigsinstrument og som hovudarkitekten bak vestleg politikk andsynes Russland. Omringingshypotesa, som hevdar at USA og deira allierte trugar russisk tryggleik gjennom å plassera militærbaser nær russiske grenser dominerer som analytisk rammeverk.
Meir interessant er det, kan hende, at dei to svenske forskarane konkret peiker på nudge propaganda – dultepropaganda, om du vil – retta mot konkrete målgrupper med ein eksisterande skepsis mot etablissementet, mot EU eller mot NATO.
Artiklar om NATO-ekspansjon sikta inn mot venstresida og fredsrørsla. Artiklar om genmanipulering brukt for å nå miljørørsla, men også reint konspirasjonsteoretiske miljø. Artiklar om kaos i Europa i kjølvatnet av flyktningskrisa for å nå ytre høgre og populistiske rørsler.
Kragh og Åsberg retta dessutan eit spark mot den svenske storavisa Aftonbladet, og då konkret mot Aftonbladet Kultur:
I 2014 publiserte Aftonbladet Kultur meir enn 30 aritklar om utviklinga i det tidlegare Sovjetunionen der hovudtemaa var fascisme i Ukraina (karaktisert som landets framveksande politiske kraft), og kritikk av Carl Bildt, EU og NATO – forteljingar som har blitt skildra som å ta Kreml sitt perspektiv for gitt. Det er artiklar som er kritiske til Vladimir Putin, men den generelle tendensen har vore kritikk av Ukraina, sjølv om landet sidan februar 2014 har vore offer for russisk militær aggresjon.
Det skulle valda rabalder. Det kjem me attende til.
Nyleg kom boka Putins troll, skriven av den finske journalisten Jessikka Aro, ut på norsk. Boka kan oppsummerast som ei samling forteljingar frå det ein kanskje kan kalla frontlinene i informasjonskrigen.
Utgangspunktet er Aro si eiga historie. I etterkant av at Russland annekterte Krym og starta si proxykrigføring i det austlege Ukraina, skreiv ho ein serie artiklar for den finske allmennkringkastaren YLE. Dei handla om korleis russisk propaganda lukkast i å manipulera finnar. I kjølvatnet vart ho sjølv blinka ut som mål, mellom anna av den finske prorussiske propagandisten Johan Bäckman. Dermed vart ho snart utsett for mengder av falske anklager. Aro vart skulda for å jobba for amerikansk etterretning, for NATO, for estisk tryggleikspoliti, for å laga eit illegalt register over Putin-tilhengjarar i Finland. Snart var epostboksen hennar også fylt med sjikane, hat og hets.
Dei andre av boka sine hovudpersonar har opplevd liknande. Me møter mellom andre den litauiske diplomaten Renatas Juška, den amerikanske investoren Bill Browder (mellom anna kjend for boka Min krig med Putin) og den serbiske analytikaren Jelena Milic. Gjennom å veva saman si eiga historie og deira historier gjev Aro eit lettlest og interessant innblikk i russisk informasjonskrigføring.
Det er like fullt nokre irritasjonsmoment ved boka. Eit av dei handlar om pussige skilnader mellom den norske og den engelskspråklege utgåva av boka, Putin’s Trolls, som den norske er basert på. På norsk vert både Sverigedemokraterna og Sannfinnane omtalt som høgreekstreme, på engelsk vert dei skildra som høvesvis «right-wing anti-immigration party» og «far-right [and], anti-refugee», nemningar som både er meir nøkterne og meir presise. Eit anna handlar om at Aro si eiga historie i blant kan koma litt i vegen for den større historia.
Ein annan hovudperson i boka er allereie nemnd over: den svenske forskaren Martin Kragh. Artikkelen han skreiv saman med Sebastian Åsberg i 2017 møtte sterk motbør, både frå Aftonbladet-skribenten Martin Aagård og frå avisa sin dåverande kulturredaktør Åsa Linderborg.
Motbøren var også langvarig: I 2019 skreiv Linderborg fleire artiklar der ho sparka til Kragh. I ein av dei vert han skulda for å arbeida for «en hemlig, statlig säkerhetsorganisation i Storbritannien». I ein annan vert han rett og slett omtalt som eit demokratisk problem, og som ansvarleg «för ett av de största angreppen i modern tid på press- och yttrandefriheten». I ein seinare artikkel tek Kragh for seg korleis Aftonbladet i denne samband spreidde falske opplysningar om han, opplysningar som truleg hadde opphav i nettopp ein russisk påverkningsoperasjon.
Aro si framstilling lemner verken Linderborg eller Aftonbladet mykje ære, og det er det nok heller ikkje vidare grunn til. Aro kunne kanskje tillatt seg nokre nyanseringar, og droppa det heller billige poenget om Linderborg si fortid i Kommunistisk Ungdom, men gjennomgangen hennar av Kragh si historie er interessant, ikkje berre på grunn av konflikta med Aftonbladet, ei sak som godt kunne fått meir merksemd i norsk offentlegheit, men også på grunn av åtaka mot Kragh frå både ytre venstre og ytre høgre.
Og på bakteppet? Eit mystisk datainnbrot hjå den langt frå ukontroversielle og statstøtta tenketanken Institute for Statecraft, raskt fulgt opp av artiklar i RT og Sputnik som hevda at hackarnettverket Anonymous gjennom å lekka dokument hadde avslørt britisk hybridkrigføring mot Russland. Integrity Initiative, eit av tenketanken sine prosjekt, vart i desse russiske media si forteljing framstilt som ein del av britisk tryggleiksteneste. Snart vart dei anklaga for litt av kvart, mellom anna for å stå bak ein plan om å mineleggja området rundt Sevastopol på (den annekterte) Krym-halvøya.
Det var seinare også spekulert i om Integrity Initiative kunne vera innblanda i mordforsøket på den avhoppa GRU-offiseren Sergej Skripal, eit mordforsøk britiske myndigheiter har knytt til to konkrete russiske spionar. Eitt norsk medium fulgte også opp i den russiske mediakampanjen. Det var nettsida steigan.no.
(For meir om Integrity Initiative-hackinga, sjå også James Balls artikkel «When free societies copy Russian media tactics, there’s only one winner» i The Guardian).
Heile forteljinga røper kvifor det å diskutera russisk informasjonskrigsføring kan vera noko av eit minefelt.
Dersom ein påpeiker at denne til dømes vil søkja å gjera seg nytt av eksisterande motstraumsrørsler, kan ein risikera å verta skulda for å villa delegitimera legitim politisk debatt; ja, faktisk for å bruka Putin-regimet som ein slags hersketeknikk mot NATO-motstand, mot skepsis mot genmanipulering, mot ynskjet om ein meir restriktiv flyktning- og innvandringspolitikk, eller kva det no enn skulle vera. Nokre risikerer i tillegg å sjølve verta gjenstand for informasjonskrigen.
Dersom ein påpeiker det nokså openberre i at Russland kan ha interesse av å sveikka også norske band til EU og EØS, og i at det då ville vera nyttig for dei å fiska i allereie rørt vatn … ja, så kan ein bli skulda for skitne triks i EU-debatten, eller for å «peke ut indre fiender av demokratiet», eller å sausa saman EØS-motstandarar med COVID-fornektarar og høgreekstreme, for å visa til to leiarartiklar i Klassekampen i samband med diskusjonen om FFI-rapporten nemnd innleiingsvis.
«[Å peke på indre fiender] har forsvar og etterretning gjort tidligere, og det er en lite ærerik historie», skriv avisa, og det er riktig nok det. Men det liberale demokratiet har ikkje berre vener, heller ikkje i Noreg.
Vert ein for skuggeredd i slike debattar, kan ein også gå i ei felle. Ein kan enda opp med å oversjå at russisk informasjonskrigføring sjølvsagt vil søkja å utnytta eksisterande mistillit. Ein kan enda opp med å oversjå at ho – som Gloss peiker på – også er eit betydeleg trugsmål.
Lat oss spola attende til 15. mars 2021. Då åtvara den russiske ambassada i Noreg mot nettstaden aldrimer.no, som dei hevda «virkelig pisker opp antirussisk hysteri». Samstundes synte dei til mellom anna resett.no og steigan.no som alternative kjelder for dei som er «lei av et svart/hvitt bilde som de ‘etablerte’ media påtvinger [oss]».
Kvifor peika ambassada på desse to publikasjonane?
Vel. Kvifor trur du?
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Som eit resultat av debatten som fulgte vart den andre setningar seinare endra til: “Aktøren vurderer at en utmelding fra EØS-avtalen vil være et betydelig skritt i den retningen”