

Discover more from Oppdateringar om det ekstreme
I helga var den polske uavhengigheitsdagen. Som tidlegare år vart det blant anna markert med ein stor demonstrasjon i Warszawa, den såkalla uavhengigheitsmarsjen, eller Marsz Niepodległości.
Bak marsjen står ultranasjonalistiske grupperingar, men i fleire år har han vore ein slags møtestad mellom høgreradikalisme og høgreekstremisme; mellom folkeleg patriotisme, ein tilsynelatande stoverein nasjonalkonservatisme og grupper langt til høgre for folkeskikken. I årevis har markeringa også vorte besøkt av representantar for ytre høgre i andre europeiske land, inklusive beintfram høgreekstreme.
I 2018 søkte den dåverande ordføraren i Warszawa, Hanna Gronkiewicz-Waltz frå liberalkonservative Borgarplatforma, å forby marsjen.
Ho viste til både tryggleiksomsyn og til «aggressiv nasjonalisme». Innan nokre timar annonserte landets president Andrzej Duda at den polske staten ville arrangera sin eigen marsj på same tid og same stad. Fram til han vart vald som president i 2015 tilhøyrde Duda det nasjonalkonservative Lov- og Rettferdspartiet, PiS, ei dominerande kraft i polsk politikk dei siste åra, og bitre motstandarar var Borgarplatforma.
Då ein domstol omgjorde Gronkiewicz-Waltz si avgjersle, vart det inngått eit slags kompromiss mellom PiS-styret og ultranasjonalistane bak marsjen. Duda gjekk fyrst i den rekordstore marsjen. Som den britiske antifascisten Joe Mulhall skriv i den lesverdige boka Drums in the Distance:
Då marsjen var i ferd med å byrja, klatra Duda opp bak på ein jeep i grøn militærstil, greip han mikrofonen og snakka han til den enorme folkemengda framfor seg, no sikkert over 200.000 menneske. Då han såg utover må han ha sett flagga til den fascistiske [grupperinga] ONR, ei stor samling flagg frå italienske Forza Nuova og eit hav av skinheads i bomberjakker. Det stogga han ikkje.
«Mange av dei i marsjen var verken nynazistar eller fascistar, og var der berre for å feira sitt nasjonale sjølvstende», passar Mulhall på å understreka:
men ytre høgre var til stades over det heile, i ei slik grad at ingen kunne lata som om dei ikkje visste kven som stod bak markeringa. Like fullt var dei nøgde med å marsjera saman med dei, høyra på talene deira og bli med på ropa deira. Presidenten sjølv marsjerte berre nokre meter framfor fascistiske flagg.
I helga var eg sjølv i Polen, og ved årets uavhengigheitsmarsj. Og eg vart jo slått av noko av det same.
Det var sjølvsagt dei polske fargane som dominerte. Det var raudt og kvitt overalt. Blant dei mange tusen som var til stades var det mange som bar på det polske flagget. Mange hadde også dei polske fargane på seg i form av eit armband, ikkje sjeldan i form av den polske Heimearméen sin logo, logoen til ei motstandsgruppe som under andre verdskrigen kjempa mot det nazistiske Tyskland og mot okkupasjonen (ein motstandskamp mange polakkar vil meina vart forrådt då Polen etter krigen istadenfor hamna i klørne til Sovjet).
Samstundes, ikkje ein gong eit steinkast unna, rett bakanfor ei bod som selde gassballongar til barn, dukka det opp symbolikk som er ganske uløyseleg knytta til nynazisme. Ein keltisk kross på svart bakgrunn. Ein annan, i svart, plassert inne i ein kvit sirkel på raud bakgrunn.
I den eine augneblinken: ei mor med ei barnevogn. I den neste: maskerte menn. Ein stad: ei kvinne som sel strikkeluer i dei polske fargane. Rett ved: Ein mann som har pynta jakka med den grøne teikneseriefrosken Pepe, eit symbol omfamna av det såkalla alt-right.
Slik ser det ut når ytre høgre vert normalisert.
«Polen er enno ikkje tapt». Det var slagordet for årets uavhengigheitsmarsj, eit slagord henta frå den polske nasjonalsongen, men neppe heilt umogleg å setja i samband med det nylege parlamentsvalet i landet.
Sjølv om det nasjonalkonservative Lov- og Rettferdspartiet vart største partiet også ved dette valet, har dei ikkje lenger noko fleirtal. Det har dei heller ikkje saman med ytre høgre-alliansen Konfederacja, ei valsamanslutning som var lett å få auge på i marsjen, blant anna med eit banner som bad om stopp av «USraeliseringa», ein kombinasjon – altså – av anti-amerikanisme og anti-israelisme.
Rett nok er det PiS – som største parti – som fyrst har fått i oppgåve å skipa regjering. Sjansen for at dei skal klara det synest å vera minimal. Opposisjonsparti har fleirtalet i parlamentet, og kunne dagen før sjølvstendedagen kunngjera ei avtale seg i mellom. Same kveld, under ei markering i PiS-regi, hevda partileiar og visestatsminister Jarosław Kaczyński at det ligg føre ein plan om å utsletta polsk sjølvstende. Han sa vidare at dei som ynskjer å ta over makta kjem til å streva etter gjennomføringa av denne tyske planen.
Tilsvarande idéar dukka sjølvsagt opp i uavhengigheitsmarsjen, der demonstrantar til dømes trakka på og sette fyr på det europeiske flagget, og det også var plakatar å sjå som etterlyste Polexit, eit brot med EU. «Me ser eit trugsmål frå Vesten; me ser at EU meir og meir aggressivt dyttar på for føderalisering», sa marsjleiaren Bartosz Malewski før avgang.
I dei mest ytterleggåande delen av demonstrasjonen var tonen hardare. «Forsvar det kvite Europa», heitte det i ei parole, og deltakarar messa om å slå til venstresideaktivistar med balltre.
Oppmøtet i årets demontrasjon var mindre enn toppåra. Titusenvis deltok likevel, inklusive – som tidlegare år – ultranasjonalistar frå andre land.
Sjølv fekk eg mellom anna auge på flamske og nederlandske flagg, og symbolet til den «heilnederlandske» ytre høgre-organisasjonen Voorpost. Dagen etter snubla eg over klistremerke satt opp i Warszawas gamleby, med reklame for danske Generation Identitær. Paul Golding, leiaren for det britiske ytre høgre-partiet Britain First, var der også, saman med Dominik Tarczyński, europarlamentarikar for det som stadig er regjeringspartiet i Polen, PiS.
«Polen, ein patriotisk nasjon», skreiv Golding på X (tidlegare Twitter). «Inga innvandring, ingen multikulturalisme, ikkje noko mangfald».
Donald Tusk vert truleg Polens neste statsminister. Han er politisk veteran; tidlegare statsminister i landet og tidlegare president for det Europeiske råd. Han er slik sett representant for mykje av det mange av demonstrantane i Uavhengigheitsmarsjen misliker.
Også Tusk delte ei melding på X. «Dersom nokon nyttar seg av ordet nasjon for å splitta og for å så hat, handlar han mot nasjonen», skreiv han. «I dag feirer heile nasjonen vår uavhengigheita. Heile nasjonen, heile Polen.»
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Tips gjerne også andre om nyhetsbrevet.
Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera på e-post oyvindstrommen@gmail.com.
Tips til eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:
Svenske Expo snakkar i sin podcast om korleis antisemittismen ser ut, 85 år etter Krystallnatta, i kjølvatnet av krigen mellom Israel og Hamas.
Expo fortel også om korleis høgreekstreme misbruker dataspel og speltilknytte platformer for å spreia hatbodskap.
Rettssaka er i gang mot David DePape, mannen som gjekk til åtak på Paul Pelosi med ein hammar i oktober 2022. Konspirasjonsteoriar speler ei vesentleg rolle. Les meir hjå CBS News.
Rettssaka mot Nathaniel Veltman (sjå Oppdateringar #11, 2023) nærmar seg slutten. Les meir hos CBC.
Ein artikkel publisert av Institute for Strategic Dialogue synleggjer korleis nynazistiske akselerasjonistar sluttar opp under Hamas.
Ekstremismeforskar Christopher R. Fardan ved C-REX skriv i ein kronikk publisert av Filter om korleis Israel-Hamas-krigen splittar høgreekstremistar.
France24 set søkjeljos på korleis israelske ytre høgre-krefter søkjer å utnytta det grufulle Hamas-åtaket 7. oktober til å vinna meir innflytelse.
Belgisk politi har arrestert ein angiveleg høgreekstremist mistenkt for å planleggja bombeåtak. Dei belgiske avisene De Morgen (nederlandsk) og Le Soir (fransk) har fleire detaljar.
I oktober vart Belgia råka av eit ekstremislamistisk terroråtak, der to svenske borgarar vart drept. Politico gjev ein gjennomgang av det som framstår som ein etterretningssvikt.
SPLCs Hatewatch fortel om bombetrugsmål og sjikane mot eit LGBT-arrangement i California.