nr. 13, 2022: Eit attentat i Moskva
Natt til sundag førre veke vart Darja Dugina drept av ei bilbombe i Moskva. Moglegvis var far hennar, ytre høgre-tenkjaren Aleksandr Dugin, det eigentlege målet.
Hendinga har ført til ny merksemd rundt Dugin, som nok ein gong har vorte omtala som «Putins hjerne», «Putins Rasputin», «Putins ideolog» og liknande. Som både forskar Geir Flikke og journalist John Færseth tydeleggjer i ein artikkel i VG er det påstandar som bør takast med ei klype salt.
Eller som den ukrainske forskaren Anton Shekhovtsov sa det på Twitter: «[…] Den russiske fascisten Aleksandr Dugin har bevisst bygd seg opp eit image som ein person som direkte påverker tenkinga i Kremlin. Han har lukkast i å overtyda iallfall ein person, den som stod bak drapet på dottera hans i natt».
Kor vidt Shekhovtsov har rett i dette gjenstår å sjå. Dei einaste som har teke på seg skulda for bombeattentatet er ei tidlegare ukjend russisk opprørsgruppe, den Nasjonale Republikanske Armé (sjå omtale hjå til dømes Newsweek).
Russiske myndigheiter har på si side skulda Ukraina for å stå bak, og peiker på ei namngjeven kvinne, som dei hevder gjennomførte åtaket. Ukraina nektar for å ha vore involvert, og ein leiande ukrainsk tenestemann – Oleksiy Danilov – har anklaga russisk etterretning for å sjølv ha gjennomført drapet. Tilsvarande spekulasjonar har også funne gjenklang andre stader.
Om ikkje anna syner det heile korleis komplottanklager er ein del av propagandakrigføringa.
Kven var målet for attentatet? Det kan sjølvsagt ha vore Darja Dugina. Ho arbeidde for nettstaden United World International, som skal vera eigd av Evgeny Prigozhin, ein oligark som er kjend for å kontrollera den såkalla Wagner-gruppa, ein hær av leigesoldatar som har vore involvert i fleire av Russlands krigar. Ho stod også på eigne bein som både skribent og politisk kommentator, sjølv om idéane hennar hadde fellestrekk med idéane far hennar har forfeikta. Dei skal me koma attende til.
Dugina hadde også markert seg som sterk støttespelar av den russiske invasjonen i Ukraina. «Situasjonen i Ukraina» var ifølgje henne eit døme på sivilisasjonssamanstøtet mellom to sivilisasjonar: den «globalistiske» og den «eurasiske». Ukraina var sidan omveltninga i 2014 underlagt «eit direkte globalistisk diktatur». Krigen i landet – sjølv om ho sjølvsagt ikkje nytta ordet krig – var for henne ein del av «liberalismens endetid», «den liberale historia sin slutt».
I juni vitja ho den okkuperte byen Mariupol. I marknadsføringa til ei komande bok med tittelen Z heiter det at det besøket ikkje berre var «oppfyllinga av hennar journalistiske og humanitære plikt, men ein del av ein filosofisk søken», fordi «Ny-Russland» (les: aust-Ukraina) for henne var ein stad med «filosofisk meining»:
Det er Russlands imperiebyggande rom, og det er grunna denne grensehorisonten at me eksisterer som Russland, [og dessutan] som eit ubekjempa Russland, eit Russland som har reist seg mot den totalitære liberalismen som vert påtvunge heile verda. […] Ein må dra til Ny-Russland for å læra kva livet er, for å læra korleis ein bør leva, for å læra kva imperiets ande er og kva imperiet er.
(For meir om Dugina sin bodskap dei siste månadane, sjå Cathy Youngs artikkel «The Death of Dugina» i The Bulwark).
Darja Dugina kan saktens ha hatt fiendar på eiga hand. Likevel er det far hennar, Aleksandr, dei fleste spekulasjonane har handla om. Dei skal ha vore saman på ein festival kalla Traditsiya like i forkant av attentatet, og skal ha kome dit i same bil, med Dugina som sjåfør. Det skal også ha vore meininga å køyra saman attende til Moskva, men rett før avreise valde Aleksandr Dugin å køyra med ein annan bil istadenfor.
Som Russland-kjennaren Mark Galeotti skriv i The Spectator kjem drapet berre til å styrka Dugin-myten, ei myte han sjølv har bidrege til å byggja opp. Til liks med Shekhovtsov meiner Galeotti at Dugin eigentleg ikkje er vidare sentral i det kremlinske universet. Galeotti skriv:
[Dugin] har ikkje noko personleg band til Putin, men er berre ein av ei rekkje “politiske entreprenørar” som freistar å selja sine idéar og doktriner til Kreml. I 2014 vart han ei tid omfamna, ideane hans om Russlands sivilisatoriske lagnad og status som eurasisk nasjon var passande for å underbyggja landnåm i det ukrainske Donbass. […] Men så valde Kremlin å ikkje gå for direkte annektering av `folkerepublikkane’ i Donetsk og Lugansk, og Dugin var ikkje til nytte lenger.
Innanfor det såkalla alt-right, og innanfor europeisk høgreekstremisme, har Dugin derimot lukkast i å få ein viss posisjon. Galeotti kallar det Dugin-paradokset:
Han er Schrödingers ideolog, viktig og samstundes ikkje viktig på same tid. Han har kanskje ikkje noko verkeleg påverknad på den russiske regjeringa, men emna hans til å presentera seg sjølv som ein djup tenkar med (ofte heilsprø) idéar som rammar inn Kreml-tenkinga gjer at han vert sett på som viktig. Og når folk ser på han som viktig, vert han til ei viss grad viktig. Eller rettare sagt: myta om Dugin vert det. Det er antakeleg den myta som kjem til å spela ei rolle etter drapet på dottera hans.
Kort fortalt: Dugin er diverre ein mann det kan vera verdt å kjenna til, både som eit innblikk i moderne ekstremisme, og for å forstå korleis drapet på dottera allereie har avfødd både rop om hevn mot Ukraina og konspirasjonsteoriar som er langt villare enn anklagene om at FSB har gjennomført drapet. Blant dei som har fått skulda? Journalistnettverket Bellingcat.
For å forstå kven Dugin er, må me gå attende i tid. Lat oss byrja i august 2008. Då drog Dugin på besøk til den vesle utbrytarrepublikken i stridens kjerne, Sør-Ossetia. Som dei tilsvarande ikkje-anerkjende utbrytarrepublikkane Luhansk og Donetsk i Ukraina, og som Transnistria i Moldova, har Sør-Ossetia i røyndomen vore ei brekkstang for russisk utanrikspolitikk, hendige verktøy snarare enn fungerande statsdanningar. Men for Aleksandr Dugin var Sør-Ossetia noko meir.
«Her går grensa i sivilisasjonanes samanstøt», sa han. «Me ynskjer å få slutt på det amerikanske hegemoniet. Troppene våre vil okkupera den georgiske hovudstaden Tbilisi, heile landet, og kanskje også Ukraina og Krim-halvøya», sa han. På eit bilete frå besøket poserer han framfor ei panservogn dekorert med det sør-ossetiske flagget. I hendene held han ein Kalasjnikov. Han ser ikkje ut til å vera vidare komfortabel med skytevåpen, men krigen var han meir enn komfortabel med.
Dugin starta si politiske karriere mange år tidlegare. På 1980-talet var han ein del av den såkalla Yuzhinsky-sirkelen, leia av skribenten og diktaren Evgeny Golovin, ei gruppe som var fascinert av okkultisme, esoterisme, tradisjonalisme og fascistisk mystisisme. Dugin ser ut til å ha henta inspirasjon særleg frå to forfattarar, den franske tradisjonalisten René Guénon og den italienske esoterikaren og sjølverklærde «superfascisten» Julius Evola. Dugin omsette også ei bok av sistnemnde frå tysk til russisk.
Seinare på 1980-talet vart Dugin involvert i den antisemittiske og høgreekstreme rørsla Pamyat, men i 1989 vart han kasta ut frå denne gruppa, mellom anna på bakgrunn av skuldingar om «satanisme».
Som forfatteren John Færseth påpeiker i den lesverdige boka Fyrtårnet i øst: Putins Russland og vestlige ekstremister byrja Dugin å etablera kontakt med leiande representantar for det såkalla «nye høgre» i Europa alt seint på åttitalet. Blant dei var franskmannen Alain de Benoist, belgiarane Jean-François Thiriart og Robert Steuckers og italienaren Claudio Mutti.
Alain de Benoist kan omtalast som det franske nouvelle droite sin grå eminense, og har stått sentralt i den etnonasjonalistiske tenketanken GRECE, etablert i 1968. Gjennom det arbeidet spela han ei sentral rolle i nyfortolkingar av europeisk ultranasjonalisme og fascisme. Steuckers var også medlem av GRECE, men stifta seinare si eiga gruppe, Synergies européennes.
Claudio Mutti var på si side aktiv ytst til høgre i italiensk politikk alt frå tidleg på 1960-talet, som medlem av ungdomsorganisasjonen til det nyfascistiske partiet MSI. Seinare vart han aktivist i Giovane Europa, det italienske underbruket av den nyfascistiske, euronasjonalistiske og markant anti-amerikanske organisasjonen Jeune Europe, leia av nemnde Thiriart. Dei fantaserte om ein felleseuropeisk stat som skulle strekkja seg frå Reykjavik til Vladivostok. Den grunnleggande antiamerikanismen bidrog dessutan til at Thiriart vende seg til andre potensielle allierte enn ein kanskje skulle venta seg: han søkte å sanka støtte både frå den kommunistiske diktatoren Nicolae Ceaușescu i Romani og frå det maoistiske Kina. Dessutan møtte han ein ung Saddam Hussein i Irak, og var han i kontakt med den palestinske marxistleninisten George Habash.
Mutti gjekk vidare frå Jeune Europa til organisasjonen Lotta di Popolo, ein organisasjon som gjerne vert omtalt som nazimaoistisk, fordi dei kombinerte nyfascististisk tankegods med idéar frå den ekstreme venstresida. Mutti var dessutan aktiv i ei islamsk-libysk veneforening og sympatiserte med Muammar Gadaffi. Mutti konverterte seinare til islam, og stifta dessutan forlagshuset Edizioni all'Insegna del Veltro. Gjennom dette forlaget har han mellom anna gjeve ut bøker av den rumenske fascistleiaren Corneliu Codreanu, av Julius Evola og av den vidgjetne holocaustnektaren Robert Faurisson. I 1991 gav han ut ei samling essays skrivne av Dugin, under tittelen Continente Russia.
Det var frå det europeiske «nye høgre» Dugin henta mange av idéane sine, og det var også der han tidleg fann eit publikum. I Russland var han framleis ein ganske obskur figur. I 1993 deltok han i etableringa av eit såkalla nasjonalbolsjevistisk parti, eit parti som også kombinerte idéar frå ytre høgre og ytre venstre. Han stilte til val til Dumaen frå eit distrikt i St. Petersburg i 1995.
Valkampen fekk ein del mediamerksemd, takk vere støtte frå rockemusikaren Sergei Kurjokin, men Dugin fekk likevel berre 0,85% av røystene.
Dugin sitt eigentlege gjennombrot i russisk offentlegheit kom eit par år seinare, då han i 1997 gav ut boka Geopolitikkens grunnlag. Interessa for svøpande geopolitiske analyser er det mykje mogleg at Dugin utvikla gjennom lesning av alt nemnde Steuckers. Begge har til dømes henta idéar frå den britiske geografen Halford Mackinder, som tidleg på 1900-talet skreiv ein artikkel der han delte verda inn i ei rekkje konsentriske sirklar. I sentrm står det eurasiske superkontinentet.
For Dugin er dette eit kjerneland og dessutan arnestaden for ein «tellurokratisk», kontinental sivilisasjon, som er dømd til å vera i konflikt med den «thalassokratiske»
atlanterhavssivilisasjonen. Det er på dette bakteppet Dugin teiknar opp naudsynet av russisk imperiebygging, og på dette bakteppet han mellom anna tek til orde for annektering av (i det minste storparten av) Ukraina, og for den del Moldova, Kviterussland og jamvel Finland.
I boka Geopolitika Rossii frå 2012, gjeve ut på engelsk som Last War of the World-Island i 2015, vert denne tenkinga oppdatert. Færseth samanfattar i den nemnde Fyrtårnet i øst:
I boken beskriver Dugin oppløsningen av Sovjetunionen som en «geopolitisk katastrofe» og omtaler lederne som lot den skje, som svikere. Først under Putin har forholdene igjen blitt normalisert, skriver Dugin. Samtidig advarer han alle dem som tror at USA ikke lenger betrakter Russland som en rival: Atlantistene følger fortsatt prinsippet om at den som behersker Eurasia, behersker hele verden, og forsøker å skaffe seg kontroll over tidligere sovjetrepublikker som Ukraina. Russland må enten være stort og mektig eller oppgi å eksistere. For å ikke kollapse helt, må derfor Russland begynne å ekspandere utover igjen.
Noko anna det er verdt å leggja merke til ved Last War of the World-Island? Ho er gjeve ut på forlaget Arktos, eit forlag grunnlagt i 2009 etter initiativ frå svenske Daniel Friberg. Dette forlaget har dei siste åra stått sentralt i å spreia ytre høgre-litteratur, inklusive frå «nye høgre».
Les meir om Arktos i Tess Owen sin interessante artikkel for VICE Magazine attende i 2019: How a Small Budapest Publishing House Is Quietly Fueling Far-Right Extremism
Arktos har også gjeve ut omsetjingar av Dugin, og har slik bidrege til å gje Dugin ein viss status innanfor meir «intellektuelt» orientert høgreekstremisme, også i nyare utgåver, til dømes knytt til det såkalla alt-right. Færseth meiner at Dugin gjennom denne statusen også kan ha bidrege til å spreia eit verdsbiletet der kampen mot «det globale imperiet» – representert ved NATO og EU – står sentralt, og der Putin sitt Russland har kunna framstå som eit betre alternativ.
Det er ein langt frå eintydig tendens innanfor den moderne høgreekstremismen; det er til dømes langt frå vanskeleg å finna døma på høgreekstreme som har drege som framandkrigarar til Ukraina for å kjempa på ukrainsk side mot Russland. Men det er likefullt ein tendens det er verdt å leggja merke til.
Det liberale demokratiet sine fiendar leitar også etter venar. Det har gjort ein ganske obskur russisk filosof tilhøyrande ytre høgre til ein viktigare figur enn han eigentleg er.
Og no har det gjort dottera hans til ein martyr i kampen mot «dei globalistiske elitane».
Eksternt stoff:
Attende i 2017 skreiv Dana Kennedy i Daily Beast om det franske nouvelle droite og deira påverknad på alt-right: The French Ideologues Who Inspired the Alt-Right.
BBC har laga ein interessant radiodokumentar om QAnon i Japan.
Mack Lamoureux skriv for VICE om QAnon-figuren Romana Didulo, sjølverklært dronning av Canada, og om tilhengjarane hennar.
Svenske ETC skriv om ein trollarmé kopla til Sverigedemokraterna.
Dei omtaler også ein hatkampanje mot Centern-politikaren Annie Lööf. Sjå også Aftonbladet: Hatet mot Annie Lööf, og Expo: Hatet mot Annie Lööf är del av en högerextrem tradition. I podcasten Studio Expo vert også dette diskutert.
John Færseth vart intervjua av podcasten Liberal halvtime attende i juni i fjor, i samband med boka Fyrtårnet i Øst. Podcasten finn du på Civita sine nettsider.
David Neiwert skriv for Daily Kos om arrestasjonane av fem militsmedlemmer frå den såkalla B-Squad i samband med storminga av Kongressen 6. januar i fjor.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen. Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.