

Discover more from Oppdateringar om det ekstreme
nr. 12, 2023: Terror og tragedier
«Så lenge eg kan hugsa, hugsar eg frykt. Eksistensiell frykt», skreiv den israelske journalisten Ari Shavit for nokre år sidan. I helga såg me kvifor.
19. november 1948: Nederst på framsida til Aftenposten, midt mellom ein artikkel om julegrana til London og ein notis om at den belgiske regjeringa går av, er det eit bilete av ei arabisk byscene og ein jeep med israelske soldatar.
I underteksten heiter det: «Da styrker av Israels arme rykket inn i industribyen Majdal nord for Gaza i forrige uke, var byen blitt rømt av de arabiske soldater, men en del sivile arabere ble igjen, og sto eller satt apatisk i gatene».
Byen Al-Majdal – namnet tyder «tårnet» – finst ikkje lenger. Dei fleste arabarane som levde i området flykta eller vart fordrivne av israelske styrker i 1948. Eit par tusen var attende i al-Majdal, men mot slutten av 1950-talet vart nesten heile den resterande arabiske befolkninga flytta til Gazastripa. Dagens grense går 13 kilometer sør for den israelske byen som har vakse opp der al-Majdal ein gong låg, ein by som igjen har fått namn etter ein utgamal hamneby. Byen heiter Ashkelon.
Det er ikkje ei heilt uvanleg forteljing, dette, i det palestinarane kallar an-Nakba, «katastrofa». Ein stor del av befolkninga på Gazastripa består av etterkomarane til arabiske innbyggjarar som forlot og vart fordrivne frå område som idag ligg i Israel.
Nokre få år etter al-Majdals fall – i 1951 – vart kibbutzen Kfar Aza etablert berre nokre få kilometer aust for Gaza by. Blant grunnleggjarane var egyptiske jødar, som hadde forlatt eit heimland det hadde blitt vanskeleg for dei å leva i.
Namnet på staden er hebraisk for «landsbyen Gaza».
I helga som var, vart landsbyen utsett for eit mordarisk åtak, angiveleg gjennomført av ein bataljon frå Gaza-bydelen Shuja'iyya, som mellom anna er kjend for å ha vorte omdanna til ei slagmark under Gaza-krigen i 2014. Bataljonen tilhøyrer gruppa som i dag har makta på Gazastripa, gruppa som kallar seg Harakah al-Muqawamah al-Islamiyyah. Den islamske motstandsrørsla. Hamas.
Hamas sin ideologi er ein ganske uvanleg kombinasjon av islamisme og nasjonalisme, noko det er vanskeleg å riva laus frå kontekst. Organisasjonen trekk veksler på den egyptiske muslimske brorskapen, men også på ein nasjonalisme som vert gjeve religiøse overtonar. Heile Palestina – og dermed heile Israel – vert i Hamas sitt grunnlagsdokument frå 1988 definert som waqf, ein slags heilag land. «Såkalla fredelege løysingar og internasjonale konferansar» er bortkasta tid, fortel dokumentet. «Det finst inga anna løysing på det palestinske spørsmålet enn jihad».
Grunnlagsdokumentet er også prega av ein djupt konspirasjonsteoretisk antisemittisme.
Det viser faktisk konkret til verdshistorias mest kjende antisemittiske falsknarverk: Sions Vises Protokollar. Hamas hevdar dessutan at «fienden» har teke kontroll over media, at dei stod bak den franske revolusjonen, den russiske revolusjonen, koloniseringa, og både fyrste og andre verdskrigen. Vidare vert det påstått at den jødiske konspirasjonen står bak ymse «hemmelege selskap», inklusiv frimurarane, Rotary og Lions.
Målet med desse organisasjonane er – igjen ifølgje grunnlagsdokumentet frå 1988 – å «sabotera samfunna og fremma sionistiske interesser».
Nokre har meint at grunnlagsdokumentet er mindre relevant idag. Men i helga som var kom denne miksen av rabiat islamisme, palestinsk nasjonalisme og jødehat til Kfar Aza. I ein djupt inntrykkvekkande artikkel i avisa Ha’aretz fortel journalisten Anshel Pfeffer om det som fulgte: «Stanken av død har danna ei usynleg sky over kibbutzen. Den blir sterkare når du går mot vestsida. Den ber eit stille vitnemål om ei massakre».
Dei døde er både israelarar som budde i landsbyen, og Hamas-krigarane som kom med drap for auge, og som til sist fall for kulene til israelske soldatar. I Kfar Aza er det ingen kibbutznim igjen, skriv Pfeffer. Der er berre tal i kolonner i eit rekneark: dei drepte, dei såra, dei sakna, dei bortførte, dei som vart berga ut, dei som var heldige nok til å vera vekkreist då åtaket kom.
Mange hus i byen er også øydelagde, men ikkje alle. Framfor eitt ser Pfeffer fargerike papirlenker, kanskje frå feiringa av lauvhyttefesten (sukkot), kanskje frå ein bursdag. På nabohuset heng bannerar knytt til protestrørsla mot Netanyahu si regjering og deira nylege maktgrep.
«Det er ei plikt å stå opp mot diktaturet», står det, og på ei kvitt og blått flagg er ordet «fred» skrive istadenfor davidstjerna. «Ikkje gå inn», seier ein soldat til Ha’aretz-journalisten. «Det er framleis lik der inne som ikkje har blitt dokumentert».
I skrivande stund er det framleis ikkje klårt kor mange som vart drept i Kfar Aza, men mange hundre israelarar er døde etter at hundretals Hamas-krigarar laurdag tok seg over grensa frå Gazastripa.
Sivile har blitt drept i heimane sine, på gater og på ein musikkfestival. «Velkomen til helvete», seier ein kirurg i Ashkelon, Tomer Aaronson, i eit intervju med den canadiske allmennkringastaren CBC. «Eg har aldri sett slik brutalitet. Heile familiar vart slakta i heimane sine. Familie etter familie etter familie. Det er vanvidd».
Han meiner det vil gje heile Israel eit posttraumatisk stressyndrom.
Men sjølvsagt kjem Israel til å slå attende. Og med det kjem sjølvsagt Hamas sin grufulle terror også til å gå utover innbyggjarane på den overbefolka Gazastripa. Etter alt å døma kjem israelske bakkestyrker til å gå inn i området. Det kjem til å bli blodig. Sjølvsagt kjem det til å bli blodig. Det bur over to millionar menneske der, på eit område som er på storleik med Inderøy kommune.
Dei er allereie under ei slags beleiring. Den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant har lova ein skyhøg pris, som vi bli hugsa i femti år og som vil føra til endringar i generasjonsperspektiv. «Krigens reglar har endra seg», seier Gallant.
Shuja'iyya kan igjen bli ei slagmark. Og igjen vil tragedier vikla seg saman med tragedier.
Det er deprimerande. Det er mørkt. Men her heime i Noreg reagerte Peder Martin Lysestøl på søndag ved å gje uttrykk for at han var «imponert over dyktigheten og motet til Hamas-soldater og andre som nå lykkes med å gi den sionistiske okkupantene [sic!] et nederlag». Lysestøl oppfordra samstundes «til solidaritet» og til å pressa «vår hyklerske regjering». Sidan har han sletta innlegget sitt.
Lysestøl har lang fartstid ytst på venstrekanten i norsk politikk, i AKP, i RV, i partiet Raudt. I si tid var han med på å stifta den norske Palestinakomitéen.
I si nyleg utkomne bok I skyggen av Holocaust. Antisemittisme i norsk historie 1945 - 2023 ser historikaren Kjetil Braut Simonsen nærare på antisionismen i ml-rørsla. Simonsen synleggjer korleis antisionismen vart ein revolusjonær markør, korleis Israel vart knytt saman med imperialismen (i eit ganske så svart-kvitt verdsbilete) og korleis sionismen – i utgangspunktet lite anna enn eit samleomgrep om jødisk nasjonalisme – vart definert som både rasistisk og fascistisk.
Mykje av dette synest å ha ein gjenklang i Lysestøls facebookpost, sjølv om ml-rørsla for lengst har falma. Eg kan ikkje forstå anna at ein må ha kjøpt av ein verkeleg forkvakla dualisme for å verta «imponert» av Hamas’ sine blodige åtak. Eg kan ikkje forstå anna enn at ein då må ha godteke eit verdsbilete der kven som helst som kjempar mot «dei sionistiske okkupantane» vert akseptert.
«Så lenge eg kan hugsa, hugsar eg frykt. Eksistensiell frykt». Slik startar boka My Promised Land – the triumph and tragedy of Israel av den israelske journalisten Ari Shavit. Denne helga fekk me illustrert kvifor. Det burde skaka korleis nokre av oss tenkjer om Israel og Palestina.
Eit par sider seinare skriv Shavit: «Så lenge eg kan hugsa, hugsar eg okkupasjon». Etter det kjem ei sentral erkjenning, ei erkjenning både norske israelsvener og norske palestinavener burde får med seg, ei erkjenning som kanskje kan gjera dei høgrøysta blant oss litt meir lågmælte:
Både okkupasjon og frykt gjer den israelske tilstanden unik. Frykt og okkupasjon har vorte dei to søylene tilstanden vår kviler på. Dei fleste observatørar og analytikarar fornekter denne dualiteten. Dei på venstresida snakkar om okkupasjonen, og overser frykta, medan dei på høgresida snakkar om frykta, men avfeier okkupasjonen. Men sanninga er at om ein ikkje arbeider båe elementa inn i det same verdsbiletet, så kan ein ikkje forstå Israel eller den israelsk-palestinske konflikta.
På nokre av videoane som har dukka opp frå Hamas’ overraskingsåtak kan ein sjå menneske verta bortført frå Israel. Forslåtte sivile på eit lasteplan. Born som redde klyngar seg til ei mor som søkjer å verja dei. Omgitt av væpna menn. Det burde ikkje vera naudsynt å peika på kva historiske minner slike bilete vekker i nettopp Israel.
Men det gjer at ein ikkje slepp unna samanhengane: at den israelske nasjonens eksistensielle angst heng saman med okkupasjonen. Tragediane er vevd inn i kvarandre.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Tips gjerne også andre om nyhetsbrevet.
Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera på e-post oyvindstrommen@gmail.com.