

Discover more from Oppdateringar om det ekstreme
nr. 11, 2023: Ei rettssak i Canada
Nathaniel Veltman er sikta for både drap og terror. I politiavhør har han omtala Anders Behring Breivik som eit forbilde.
Kvelden 6. juni 2021 var familien Afzaal ute på ein spasertur i London, Ontario, då ein svart pickup-truck køyrde inn i dei i full fart. Fire familiemedlemer vart drept: bestemor Talat, far Salman, mor Maditha og tenåringsdotra Yumnah. Berre den ni år gamle sonen i familien overlevde.
Bak rattet stad den unge mannen Nathaniel Veltman, som etter ha køyrd inn familien køyrde vidare til ein parkeringsplass ved eit kjøpesenter nokre kilometer unna. Veltman tok kontakt med ein drosjesjåfør som hadde parkert same stad, og bad drosjesjåføren ringa til politiet.
Ingenting av dette er omstridd i rettssaka som no har starta i Windsor. Veltman, som no er 22 år gamal, har likevel sagt seg uskuldig i tiltala om fire overlagte drap, eit drapsforsøk og terror. Påtalemyndigheitene meiner på si side at Veltman køyrde på familien fordi dei var muslimar.
I avhør med politiet, rett i etterkant av hendinga, kalla han det sjølv hendinga for eit «einsam ulv-åtak».
Det er det fyrst no nyleg ei breiare offentlegheit har vorte gjort kjend med.
Før rettssaka er det nemleg noko avgrensa kva me har visst om Veltman. Han vaks opp i det som framstår som ein konservativt kristen familie, og fekk heimeskule heilt fram til 2016, då han starta på Strathroy District Collegiate Institute.
Medelevar der har skildra han som roleg og lett å ha med å gjera, men med eit rykte som litt eksentrisk.
Det var også i 2016 at foreldra hans fyrst vart separert, og seinare skild. Rettsdokument gjennomgått av journalisten Stephen Maher i det kjende canadiske nyhendemagasinet MacLean’s fortel ei historie om langvarig konflikt. I tillegg til dette kan psykologiske problem ha gjort Veltman sårbar for radikalisering.
Me har sett nokre bitar i dette puslespelet før.
Her er nokre andre, som også har kome fram i rettssaka: Canadisk politi fann manifestet til den australske høgreekstremisten Brenton Tarrant i leilegheita til Veltman, og han fortalte dei sjølv at Tarrant var ein av heltane hans. Det var også den norske høgreekstremisten Anders Behring Breivik. Påtalemyndigheitene har også vist til at Veltman sjølv hadde skrive eit slags manifest, som har forblitt upublisert. Det kalla han «A White Awakening», «Ei kvit oppvåkning». Der skal han ha presentert høgreekstremt tankegods og blant anna ha teke til orde for å gjera muslimar sine liv «så ubehagelege som mogleg».
Retten har også fått presentert opptak frå politiavhøyra rett etter at Veltman vart arrestert. På opptaket sit han i ei t-skjorte med ein påspraya kross, som han fortalte politietterforskar Micha Bourdeau at var meint å sjå ut som ei «krossfararskjorte». Han forklarte også det han hadde gjort som «revolusjonært» og som terrorisme, og hevda å vera motivert av eit ynskje om å «senda ei melding til muslimske groominggjengar i Storbritannia» og av å vilja inspirera andre «sinte kvite menn».
Mykje av dette peiker i same retning, og det er at Veltman, som ei rekkje ugjerningsmenn dei siste åra, har vorte inspirert av den såkalla akselerasjonismen.
Den høgreekstreme akselerasjonismen bygger kort fortalt på førestillinga om at samfunnet går i retning uungåeleg kollaps, og på at denne kollapsen kan og må påskundast for å kunna erstatta det noverande samfunnet med eit rasenasjonalistisk idealssamfunn. Det skal gjerne skje etter ein apokalyptisk rasekrig mellom kvite og ikkje-kvite, som også vert oppfatta som noko som må påskundast, gjennom polarisering og politisk vald. Internettbaserte miljø som har omfamna dette tankegodset har også omfamna både Brenton Tarrant og Anders Behring Breivik.
Det at han refererer til dei to er åleine nok ei påminning: også einsame ulvar kjem frå ein flokk.
Rettssaka i Windsor vert forventa å vara i vekevis framover. Saka vert rekna som noko av ein prøvestein for canadisk terrorlovgivning. Terrorlovgivninga ha tidlegare vorte mest nytta i samband med ekstrem islamisme, og vart til dømes ikkje nytta i samband med det blodige åtaket mot ein moské i Quebec City i 2017, sjølv om gjerningsmannen ganske openbert var påverka av anti-muslimske idéar. Det vakte reaksjonar.
Men skal Veltman dømast for terror, må aktoratet makta å føra bevis for at han var motivert av religion, politikk eller ideologi, og at han ynskte å spreia frykt eller å skremma ein del av befolkninga.
Kva er dette?
Oppdateringar om det ekstreme er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Tips gjerne også andre om nyhetsbrevet.
Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement. Trykk på knappen under for å abonnera.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener merksemd? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera på e-post oyvindstrommen@gmail.com.
Eksterne lesetips:
Filter Nyheter har i fleire artiklar sett søkjelys på ekstreme utsegner frå politikarar i det høgreradikale partiet Norgesdemokratane.
Tidsskriftet Expo fortel: «Nazistiska smågrupper som närstridstränar har blivit en högerextrem trend. I slutet av augusti tränade två nystartade grupper, Aktivklubb Skåne och Aktivklubb Småland i en kommunal brottningslokal i Växjö simhall.». Tilsvarande grupper har også dukka opp i Noreg.
Fabiola Cineas i Vox diskuterer kva lange fengselsdomer mot sentrale Proud Boys-aktivistar betyr for den amerikanske ytre høgre-organisasjonen frametter.
Forfattaren av dette nyhetsbrevet har skrive om tyske AfD og det liberale demokratiet sine fiendar i Stavanger Aftenblad
The Independent skriv om amerikanske rasenasjonalistar som flyttar til russiske sosiale media