nr. 10, 2023: Konsekvensane av eit kupp
Kuppet i Niger har geopolitiske følgjer, og kan få følgjer for kampen mot ekstrem islamisme i Sahel-regionen.
Ein militærjunta har teke kontrollen i Niger, og har kasta den demokratisk valde presidenten, Mohamed Bazoum.
Det er på mange måtar inga overrasking. Niger er eit fattig land, med ein svak stat og eit svakt demokrati. Sidan landet vart uavhengig i 1960 har det vore ei rekkje kupp og kuppforsøk, sist eit forsøk i mars 2021, berre dagar før Bazoum tok ove…