Lat oss forsøka å byrja på byrjinga. Opptøya i ei rekkje franske byar 17. oktober var eit slags klimaks i protestar og demonstrasjonar som starta i september. Dei spring ut frå eit elevopprør.
Norsk utanriksjournalistikk har ofte eit angloamerikansk prisme. Delvis er det – trur eg – eit resultat av vår amerikavendte populærkultur; det er trass alt større sjanse for at du har sett amerikanske high school-seriar enn for at du har sett komiserien Recalé, sjølv om han ligg på Netflix (under tittelen Flunked), og sjølv om delar av denne lettbeinte TV-serien har kjenst underleg relevant i det siste. Delvis er det eit resultat av manglande språkkunnskapar hjå norske journalistar. I betydeleg grad handlar det nok også om oss avislesarar og TV-sjåarar; Frankrike er ikkje klikkvenleg nok, med mindre det skjer noko verkeleg dramatisk.
Slik endar me opp med å ha oversikt over valdistrikt i amerikanske delstatar, men samstundes med å vita ganske lite om eit viktig europeisk land, og det sjølv om me på mange måtar har meir til felles med franskmenn enn amerikanarar.
Det franske elevopprøret starta – på toppen av det heile – på sett og vis i delar av Frankrike me endå sjeldnare høyrer om i norske media, og kanskje ikkje ein gong tenkjer på som Frankrike. På Mayotte, ei fransk øy i Indiahavet, har foreldre, lærarar og elevar protestert sidan i august. I Fransk Guyana – eit stort stykke Frankrike i Sør-Amerika – blokkerte elevar ved Lycée Félix Éboué i hovudstaden Cayenne skulen sin alt 7. september.
I France métropolitaine, det europeiske Frankrike, starta protestane 21. september, ved ein skule i Créteil, med ein elevprotest som kom i stand i kjølvatnet av ein lærarstreik.
Créteil ligg nær nok Paris til å vera ein forstad, men langt nok unna til å vera ein opplevd periferi, litt slik den opplevde avstanden frå Stovner til Stortinget også kan vera lenger enn den faktiske. Nokre av årsakene til misnøya som elevane i Créteil peikte på, var også dei same som i Guyana eller på Mayotte: Dei kjende seg oversette. Dei uttrykte misnøye med lærarmangel og ressursmangel, med overfylte klasserom og nedslitte skulebygg.
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet er eit overskotsprosjekt, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, men vurder gjerne eit betalt abonnement om du vil stø arbeidet mitt. Betalande abonnentar får tilgang til heile arkivet.
På bakteppet er det meir å finna. Som Nicholas Bequelin peiker på i ein artikkel i TIME Magazine frå 16. oktober, er Frankrike eit land prega av veksande økonomisk ulikskap. Det er også eit land der tilliten til den etablerte politikken har rakna.
At høgreradikale Marine Le Pen leier på målingane framfor det franske presidentvalet i april neste år, er eit ganske openbert uttrykk for det. Minst like vesentleg er det at andre valomgang kan koma til å stå mellom henne og venstreradikalaren Jean-Luc Mélenchon.
Tillitskrisa til den etablerte politikken er ikkje av ny dato i Frankrike. På eit vis reid også den sitjande presidenten, Emmanuel Macron, denne bølgja, då han fyrst vart vald til president i 2017. Samstundes er det ei tillitskrise som har gjort seg gjeldande i protestar mot Macron og macronismen gjennom det meste av presidenttida hans. Hausten 2018 oppstod dei såkalla gilets jaunes. Denne mangslungne protestrørsla var i utgangspunktet motivert av veksande levekostnader, stigande drivstoffprisar og økonomisk urettferd. Ho var også leiarlaus, utan ein klår politisk profil, fødd av sosiale media. Ei undersøking frå desember 2018 synte at støtta til gilets jaunes var høgast blant to grupper veljarar: dei som i presidentvalet året før hadde røysta på Marine Le Pen, og dei som hadde røysta på Mélenchon.
Samstundes er det ikkje til å leggja skjul på: den leiarlause rørsla gav også god såjord for både desinformasjon og konspirasjonsteoriar.
Skal ein forstå det moderne Frankrike, kjem ein vanskeleg unna gilets jaunes som fenomen. Endå mindre kjem ein unna dei gule vestane som symptom, som eit teikn på korleis den femte republikken vaklar.
I det elevprotestane i september vaks seg til noko større, har dei gule vestane også igjen spela ei rolle. Protestane som 17. oktober samla hundretusenvis av menneske forskjellige stader i landet, var eit resultat av ein slags allianse mellom elevorganisasjonar, fagforeiningar og også gule vestar. Det handla ikkje lenger berre om skule. Dei handla om levekostnader og bensinprisar. Dei handla om sosial ulikskap. Og dei handla om sinne mot den hardhendte måten fransk politi har møtt elevprotestane på.
Overser du det, overser du mykje, og du overser ikkje minst det fleirtalet som har demonstrert fredeleg. Då sit du att med ei elendig forståing.
Samstundes er det andre sider ein må ha med seg i ei analyse av hendingane 17. oktober, og av valden, skadeverket og plyndringa Frankrike då opplevde. Me må snakka om ytre venstre. Me må snakka om rein, skjær kriminalitet. Me må snakka om propaganda. Og me må snakka om opportunisme.
At ytre venstre speler ei rolle, er utvilsamt. Ein ting er at venstreradikale grupper alt tidleg var ein del av elevprotestane, noko som i seg sjølv verken er overraskande eller vidare sjokkerande; Mélenchon sitt parti La France Insoumise (Det ukua Frankrike, LFI) har også – heile vegen – vore klår på si støtte til elevopprøret, noko som gjer at både fransk høgreside og politikjelder har skulda LFI for å ha blåst på glørne.
Ein god del av valdsbruken me såg 17. oktober, vert sett i samanheng – med rette eller ikkje – med såkalla black bloc-aktivistar. Desse vert iblant omtalt som meir organiserte enn det dei eigentleg er. I røynda er det meir snakk om ein idé eller ein taktikk enn om eit nettverk.
Det handlar om svartkledde, maskerte ytre venstre-aktivistar – knytte til ulike smågrupper, ofte heilt lokale slike – som ikkje nøler med å ta i bruk skadeverk og vald som politiske metodar, og som ser på dette som forsvarleg og gjerne også som naudsynt i sin kamp mot staten og mot kapitalismen. Skadeverket er gjerne retta mot offentlege bygg, mot bankar og finansinstitusjonar og mot multinasjonale selskap; valden gjerne mot politiet og mot ytre høgre.
Det kan vera rimeleg å sjå til Limoges i denne samanhengen. Rådhuset i denne byen i Nouvelle-Aquitaine vart sett i brann 17. oktober, og videobileta av det kollapsande rådhustårnet har gått verda over. Per 23. oktober 2026 er to personar arresterte i samband med brannen, ein 34-åring og ein 66-åring, ingen av dei akkurat elevopprørarar. Begge to er sagde å høyra til den ekstreme venstresida. Yngstemann er den me veit mest om: han kjem frå ein baskisk familie, skal ha vore aktivist i den radikale miljøvernorganisasjonen Les Soulèvements de la Terre, og vert no skulda for både brannstiftinga og mordforsøk.
Sjølv om advokaten hans meiner han er «den perfekte syndebukken» og åtvarar mot «å anta skuld», er det verdt å merka seg at 34-åringen tidlegare har vore på radaren til fransk etterretningsteneste, og at han også tidlegare er dømd for vald mot ein politimann, ein dom som er anka.
I alle tilfelle: venstreekstremisme er ei ekte utfordring i Frankrike. Det finst ei hard kjerne av venstreekstremistar med valdspotensial, truleg nokre hundre personar på landsbasis. Det finst også eit ideologisk omland rundt desse, og her er skiljelinene mellom parlamentarisk venstreradikalisme og meir ytterleggåande utanomparlamentariske krefter stundom diffuse. For å ta berre eitt døme: Tidleg i oktober vart ein tidlegare medarbeidar for LFI-politikaren Ersilia Soudais arrestert, etter at det dukka opp ein video av han frå ein demonstrasjon i Saint-Denis. I videoen sa han, ifølgje Europe 1, at 17. oktober skulle bli tusen gonger verre enn dei gule vestane: «Me skal byggja barrikadar. Me skal setja fyr på presidentpalasset. Me skal gjera revolusjon.»
Av dei som har vorte arresterte i samband med opptøya 17. oktober, er 70 prosent vaksne. Dei aller fleste er menn. Ifølgje Radio France Internationale fell dei elles i hovudsak i to kategoriar. Den eine er nettopp ytre venstre-aktivistar. Den andre er menneske som utnytta kaoset til å stela frå butikkar. Den fyrste gruppa er i betydeleg grad tidlegare kjend for politiet.
Den andre gruppa omfattar mange utan politisk tilhøyrsle, og også folk utan tidlegare rulleblad. Tal frå 2023 kan kanskje likevel gje oss ein viss peikepinn på denne andre gruppa sine motiv.
Også då fann det nemleg stad opptøyer i Frankrike, og det i kjølvatnet av at ein politimann skaut og drap den 17 år gamle Nahel Merzouk, etter at Merzouk freista å køyra vidare frå ein politikontroll. Ein betydeleg del av dei som den gongen gjorde seg skuldige i plyndring, kom frå såkalla quartiers populaires. Det er ein eufemisme for nabolag prega av lågt inntektsnivå, ofte mange menneske med innvandrarbakgrunn og dessutan ofte betydelege sosiale problem.
Det betyr ikkje at plyndringa kan forståast som eit uttrykk for sosialt sinne. I 2023 var det i det heile forsvinnande få av desse ugjerningsmennene som peikte på ein ideologisk motivasjon som forklaring på lovbrotet sitt. Den vanlegaste forklaringa på plyndring var rein opportunisme, kriminalitet fordi moglegheita baud seg. Plyndringa var plyndring, ikkje protest. Skadeverk vart på si side i betydeleg grad forklart med gruppedynamikk og adrenalinjakt.
Slikt peiker likevel i retning av franske sosiale problem, mellom anna i form av subkulturar som har vakse fram i nitriste, vonlause nabolag; subkulturar der framtidstru og optimisme er vanskelege å få auge på, men der hærverk, skadeverk, tjuveri, vald og konfliktar med politiet kan vera ei kjelde til status.
Dette gjev faktisk elevopprørarane eit godt argument. Ynskjer du å unngå at ungdomar blir sosialt og institusjonelt lausrivne frå samfunnet rundt seg? Då er kanskje ikkje skular prega av lærarmangel, ressursmangel og forfall det du bør satsa på.

Nokre vil gjerne redusera alle problem som involverer menneske med familiebakgrunn utanfor Europa, til innvandringsproblem. Også i lys av opptøya 17. oktober har det vore refrenget frå ytre høgre i land etter land, ikkje sjeldan komplettert med reine forfalskingar. Eit døme på det siste er biletet av eit eldre ektepar som angiveleg skal ha vorte strippa og robba under opptøya, men som eigentleg er laga med KI.
Dette biletet har også vorte referert, rimeleg direkte, av Santiago Abascal, leiar for det spanske høgreradikale partiet Vox:
«Ytre venstre, i koalisjon med islamismen, øydelegg Frankrike», skreiv han på Facebook. «Dei plyndrar butikkar, angrip politiet, kler eldre menneske nakne i gatene for å rana dei og brenn historiske bygningar. Dette kan skje i Spania om me ikkje stoggar det i tide.»
Me er ikkje ferdige med å snakka om opportunisme. Ein rapport frå tenketanken Alliance4Europe understrekar at demonstrasjonane har fransk opphav, men peiker samstundes på korleis utanlandske aktørar har søkt å utnytta situasjonen. Eit døme er bruken av det såkalla Doppelgänger-nettverket – falske nettsider som liknar på ekte nyheitskjelder – til å spreia ein anti-ukrainsk bodskap i lys av aukande levekostnader i Frankrike: «Kvar euro som går til Kyiv, vert teken frå vår felles velferd.»
Eit anna er spreiinga av meldingar som gav innvandrarar eller islam skulda for brannen i Limoges, ein bodskap som fekk vesentleg meir spreiing på engelsk enn på fransk.
Rapporten peiker også på korleis det såkalla Pravda-nettverket – som har publisert store mengder artiklar på tvers av ni språk – ikkje berre tek sikte på å nå menneskelege lesarar, men faktisk på å bli plukka opp av store språkmodellar, på ein måte som vert omtalt som språkmodellgrooming.
Digitale opportunistiske brannstiftarar er på jobb. Det kan vera verdt å hugsa på det før du kjøper dei enklaste slagorda og dei mest lettbeinte analysane, uavhengig av kva retning dei går i.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet er eit overskotsprosjekt, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg tilgang til heile arkivet.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com



