
6. september var det val i Sachsen-Anhalt, som med sine 2,1 millionar innbyggjarar er Tysklands tredje-minste delstat. Ytre høgre-partiet AfD fekk 43,8 prosent av røystene. Det er dårlege nyhende for det liberale demokratiet, dårlege nyhende for Tyskland og dårlege nyhende for Europa.
For å kunna ha ein fruktbar diskusjon om kva det tyder, må ein fyrst ha ei diagnose som heng på greip. Den fyrste delen av den diagnosa? AfD er eit ytterleggåande parti.
Det var faktisk ikkje slik det byrja. AfD vart etablert i ein samfunnshus i småbyen Oberursel i delstaten Hessen i det sentrale Tyskland våren 2013. Den fyrste tida fekk det rykte på seg for å vera eit «professorparti». Grunnleggjarane var ei lita gruppe rundt økonomiprofessoren Bernd Lucke, og partiet markerte seg fyrst og fremst som kritikarar av den europeiske valutaunionen. Det var eit standpunkt som ikkje minst var motivert av den såkalla eurokrisa, ei krise forårsaka av vaklande statsfinansar i fleire søreuropeiske land.
AfD vart altså fødd som eit euroskeptisk, konservativt parti. Fleire av grunnleggjarane var misnøgde avhopparar frå kristendemokratane. Partiet slo an nokre nasjonalistiske tonar i sin euroskepsis, men det var ikkje ein vidare ekskluderande nasjonalisme, og partileiinga ville slett ikkje ha noko med europeiske ytre høgre-profilar som franske Marine Le Pen og nederlandske Geert Wilders å gjera.
Då deira eige ungdomsparti – Junge Alternative – inviterte den britiske politikaren Nigel Farage, ein meir beinhard EU-motstand, til ein konferanse i mars 2014 var Lucke lite nøgd. Han såg på invitasjonen som «eit teikn på manglande politisk teft», og understreka dei «betydelege skilnadene mellom AfD og (Farage sitt dåverande parti, skribentens merknad) UKIP.»
Mykje hadde endra seg fire år seinare, då eg vitja Berlin og gjekk innom ein AfD-demonstrasjon, seint i mai 2018.
Lucke hadde tapt ein intern maktkamp og forlatt partiet alt i 2015. Han gav uttrykk for at partiet hadde falle i gale hender, og for at det å halda fram i AfD ville vera å tena som ein «borgarleg gallionsfigur» for idéer han tok avstand frå: anti-vestlege haldningar, russlandssympatiar, framandfiendtlegheit og ein grunnleggjande mistillit til det politiske systemet. AfD hadde blitt eit parti for dei rasande, sa han.
Eg såg mykje av det raseriet i demontrasjonen eg var innom. Eg såg plakatar som sa at islam ikkje høyrer heime i Europa, og plakatar som framstilte Angela Merkel som ikkje noko mindre enn ein diktator. Eg såg representantar for den anti-muslimske rørsla Pegida, og fekk auge på eit flagg som ved fyrste augekast likna på det norske, men som eigentleg var det såkalla Wirmer-flagget, eit krossflagg i raudt, gult og svart. Ein gong var det flagget eit symbol for anti-nazistiske motstandsrørsle. Frå 1990-talet av har det vore kuppa av den aller ytste høgrekanten i tysk politikk, som eit bilete på deira «motstandskamp».
Sjølverklærte reichsbürger var også i demonstrasjonen. Dette er ei rørsle som fornektar den tyske føderalstaten som ein slags svindel. Eg fekk stukke ein løpeseddel om nettopp denne påståtte svindelen i hendene.
Folk frå Soldiers of Odin – som vanskeleg kan omtalast som anna enn ei rasistisk borgarvernsrørsle – var også tilstades. Det same var representantar for det såkalla identitære miljøet, som kler opp ultranasjonalisme i eit ungdomeleg formspråk.
«Kor er livet fritt for tyranni?», spurte konferansieren på scena. Han roste dei frammøtte for å stå opp mot «haldningsdiktaturet». «Motstand, motstand, motstand», ropte folkemengda attende. Men det var ikkje dette, ikkje noko av dette, som festa seg mest hjå meg. Det som festa seg mest var då ei utsegn frå scena vart møtt med eit anna taktfast rop.
«Volksverräter, volksverräter», ropte AfD-sympatisørane. «Folkeforrædarar», gjalla det utover Spree.
Eg skal ikkje nekta for det: eg kjende på eit ganske sterkt ubehag då, og bestemte meg for å forlata denne demonstrasjonen, og for å kryssa elva – forbi ein liten hær av politifolk – for å istadenfor ta motdemonstrasjonen nærare i augesyn. Dermed fekk eg ikkje med meg då AfD song «Min tanke er fri», ein song som altså ikkje berre vert teke i bruk av norske humanetikarar. Eg fekk heller ikkje med meg mannen som forsøkte å dra i gang eit kamprop som ofte tidlegare hadde dukka opp i den nemnde anti-muslimske Pegida-rørsla: «Merkel til Sibir, Putin til Berlin».
Det oppdaga eg fyrst då eg seinare såg på videobilete. Og det skal seiast: Han lukkast ikkje i å dra i gang kampropet.
Men det er ingen mangel på Putin-sympatiar i AfD.
Og det er ingen mangel på ytterleggåande idéar. Det var Frauke Petry og den «nasjonalkonservative» fløyen som hadde vunne mot Lucke i 2015. Ho hadde før dette markert seg med sterkt innvandringskritiske og islamfiendtlege standpunkt. Samstundes freista ho å slå ned grensepålar mot den ytterste høgresida i partiet. Ho ville mellom anna kasta ut radikalaren Björn Höcke, som stod sentralt i partiet si avdeling i aust-tyske Thüringen – idag ein annan av partiet sine verkelege bastionar.
Ho lukkast ikkje. I september 2017 braut ho med AfD. «Til sjuande og sist må ein kunna sjå seg sjølv i spegelen», sa ho.
I dag er det Alice Weidel som er AfD sin frontfigur. Men mykje av den faktisk makta i partiet ligg hjå radikalarane. Då endå ein tidlegare leiarfigur i AfD, Jörg Meuthen, melde seg ut av partiet i 2022 – ifølgje seg sjølv fordi han hadde tapt ein intern dragkamp mot den ytterleggåande grupperinga omtalt som «der Flügel» (fløyen), gjorde han det tindrande klårt: «Partiet sitt hjarta bankar i dag svært langt til høgre, og det bankar faktisk heile tida».
Året etter vart Meuthen intervjua i Bild am Sontag. Der omtalte han sitt tidlegare parti som «eit ytre høgre-parti med völkisch-nasjonalistiske posisjonar», og la han til at partiet no var i hendene på nemnde Höcke.
I september 2018 – nokre månader etter at eg vitja AfD-demonstrasjonen i Berlin – vart det gjeve ut ei intervjubok med nettopp Höcke. I denne boka snakkar han om millionar av «framande som invaderer Europa», og om «den brutale fortrenginga av tyskarar frå deira tradisjonelle område». Han tok dessutan til orde for eit «remigrasjonsprosjekt» på europeisk nivå, for å senda dei han definerer som ikkje-integrerbare vekk. Då, seier han, vil det vera vanskeleg å unngå «veltempererert grusomheit». «Det nedslitte tyske huset treng omfattande oppussing», forklarer Höcke i boka, «men når vendepunktet fyrst har kome, vil ikkje tyskarar gjera ting halvvegs. Då vert moderniteten sine ruinhaugar rydda vekk, for notidas største problem kan tilskrivast dei.»
Eigentleg fortel det nok om kor ytterleggåande dagens AfD er. Men tre ulike tilnærmingar kan fortelja oss ein del meir om dette.
Den fyrste er å sjå til den franske ytre høgre-stjerna Marine Le Pen. Medan det tidlege AfD ikkje ville ha noko med henne å gjera, var det ho som i 2024 braut med dei. Grunngjevinga hennar? «Ei rørsle som har hamna i grepet på sin mest radikale ytterfløy, framstår ikkje lenger for meg som ein påliteleg og eigna alliansepartnar.»
Den andre er å sjå til rapportar frå Verfassungsschutz, den tyske tryggleikstenesta. AfD i Sachsen-Anhalt har av tryggleikstenesta vorte definert som påviseleg høgreekstremt sidan 2023, noko som også har vorte rettsleg vurdert. Tryggleikstenesta peiker på at partiet er gjennomsyra av rasisme, prega av ein völkisch-orientert nasjonalisme, at dei tek i bruk ein demoniserande ordbruk om innvandrarar og på at partiet freistar å gjera «det demokratiske systemet til gjenstand for forakt» og «gong på gong likestiller forbundsrepublikken Tyskland med autokratiske eller til og med totalitære regime.»
Ei tredje tilnærming er å sjå på konkrete utsegner, og på kva program AfD faktisk har stilt til val på i Sachsen-Anhalt. I april 2026 gjorde avisa Süddeutsche Zeitung ein interessant gjennomgang av begge delar. Dei viser til fråsegner frå AfD sin leiar i delstaten, Martin Reichardt, som har skildra AfD som «folkets rambukk» mot «propagandaknektane i presse og media», og som har omtalt det sosialdemokratiske partiet SPD som «lusne arbeidarforrædarar».
Dei viser til den rumenskfødde Hans-Thomas Tillschneider, som vert rekna som ein av partiet sine hardlinarar og som ein av arkitektane bak programmet i Sachsen-Anhalt. Han har relativt tette band til nye høgre-ideologen Götz Kubischek, er kjend for si støtte til Putin («ein ekte kar, ein skikkeleg mann med eit sunt verdigrunnlag», og har gjeve dei borgarlege partia diagnosen «identitetsforstyrring» og skulda dei for å lida under og for å halda i live eit skuldkompleks etter andre verdskrigen.
Programmet tek på si side til orde for ei «migrasjonspolitisk heilomvending på 180 grader» med masseutvisingar og såkalla remigrasjon som sentrale punkt – det siste er som forbundskanslar Friedrich Merz nyleg påpeikte lite anna enn ein eufemisme for etnisk reinsing. Asylsøkjarar og flykningar skal plasserast i «sentrale fellesinnkvarteringar», påleggast samfunnsnyttig pliktarbeid og tvingast til å gje frå seg kontantar, kredittkort og formuesverdiar. Ukrainske statsborgarar skal ikkje anerkjennast som krigsflyktningar. Religionsfridomen skal «gjenopprettast» til «passande standardar», les: han skal innskrenkast: «AfD-regjeringa vil uttøma alle juridiske moglegheiter for å avgrensa påverknaden til denne kulturframande religionen (islam, skribentens merknad).»
«Kulturframande» i helse- og pleiesektoren vert skildra som eit trugsmål mot pasientane, i ein tysk delstat som sårt treng arbeidskraft. Politikk for skeive vert skildra som «den perverse regnbogeagendaen», og ordet «pervers-venstre» går igjen ei rekkje stader, om enn ikkje like ofte som avfeiinga av andre parti som «gamalpartia». Regnbogeflagg på skular skal vera forbudt. Kulturpolitikken skal basera seg på å «støtta kunst som bidreg til danninga av tysk identitet.» Foreningar skal ikkje få støtte med mindre dei har «ein patriotisk ståstad», noko som aldri vert nærare definert. I ei tale til møtet som vedtok programmet gjorde Tillschneider det ike fullt klårt at han ikkje vil ha noko mindre enn ein «ny patriotisk kulturpolitikk» som skal fremma «sunt sjølvmedvit».
For låna eit bilete frå datamaskinenes verd: AfD er ikkje eit parti som simpelthen vil oppgradera programvaren til ein ny versjon. Dei vil byta ut operativsystemet.
Dei ynskjer seg eit Tyskland som – slik Süddeutsche Zeitung formulerer det – liknar meir på DDR eller på Viktor Orbàns Ungarn.
Dei som forsøker å tona ned, bortforklara eller bagatellisera dette, serverer ei diagnose som ikkje heng på greip. Dei som latar som om dette er ein form for konservatisme, fer med løgn, og bidreg til normalisering. Dei burde vita betre.
Å identifisera AfD som ytterleggåande er likevel – og sjølvsagt – ikkje den einaste diagnosen som må stillast. Sachsen-Anhalt har ikkje bygd valkampane sine på sinne åleine, og det har dei aller minst gjort i Sachsen-Anhalt.
Frontfiguren Ulrich Siegmund – ein tidlegare parfymeseljar – har rett nok eigne band til ekstremismen, ein av hans relativt nære medarbeidarar er Laurens Nothdurft, eit tidlegare medlem av den forbodne, nynazistiske gruppa Heimattreue Deutsche Jugend. Valkampen hans har likefullt vore prega av det Frankfurter Rundschau omtaler som «landsbygrillromantikk», i form av store familiefestar som – motsett demonstrasjonen eg var på i Berlin i 2018 – var meir prega av festival og mindre prega av misnøyen. Med eit glis som kunne vore henta frå ein tannkremreklame, har Siegmund har søkt – og ofte lukkast i – å framstå som den trivelege naboen.
Ei god dose nostalgi har vore ein viktig del av dette, og heilt spesifikt har det handla om austtysk nostalgi for DDR, om Ostalgie.
Ein artikkel i den belgiske avisa De Morgen gjev eit godt døme. Avisa rapporterer frå ei samling i byen Quedlinburg, der omlag tusen eigarar av den klassiske austtyske mopeden Simson kom med Siegmund, som – sjølvsagt – også sjølv køyrer ein slik moped. Avisa intervjuar Oliver Schüler, ein mann i femtiåra, som fortel at mopeden minnar han om si eiga lukkelege ungdomstid, i DDR. «Du trong ikkje bekymra deg for jobben eller pensjonen din. Dersom du satte deg opp mot staten, vart du sjølvsagt urettmessig forfulgt. Men dersom du fulgte straumen, gjorde ingen deg noko vondt», forklarer han.
Frå scena sa Siegmund noko tilsvarande: «Ja, DDR var eit land der menneske vart sperra inne. Det kan me ikkje rettferdiggjera. Men Simson-mopeden står for ei tid der me støtta kvarandre. Det er tida me vil attende til.»
På denne måten vert ei lengsel etter ei fortid som eigentleg aldri har eksistert vevd saman med symbol på ei fortid som faktisk fantest. Og denne lengselen heng også saman med ein heilt vesentleg årsak til AfD sin vekst, ein tredje lengsel: lengselen etter framtida som ikkje kom.
I norsk debatt vil nokre ha AfD-sigeren i Sachsen-Anhalt til å handla om korleis dei tradisjonelle partia har svikta, gjerne for så å koka det heile om til ein norsk innvandringspolitisk debatt. Det er ei øving som berre fungerer dersom ein overser eller glattar over kva slags parti AfD faktisk er. Sjølvsagt er ein ganske overlegen siger til AfD eit uttrykk for svikt, men i røyndomen er det uttrykk for noko langt verre enn at mange austtyskarar – ikkje utan grunn – har mista tillit til dei andre politiske partia. Det er eit uttrykk for at ganske mange av dei har mista trua på sjølve demokratiet.
Sjølv om AfD freistar å pakka seg sjølv inn som eit demokratisk parti, ja, jamvel som meir demokratisk enn «gamalpartia» er dette ein heilt grunnleggjande observasjon: mange austtyskarar – og eit veksande tal også i vest-Tyskland – har så til dei grader mista trua på demokratiet at dei røystar på eit anti-demokratisk parti. Som den austtyske journalisten Jana Hansel skriv tidleg i boka Es war einmal ein Land (Det var ein gong eit land), som kom ut tidlegare i år:
Stadig fleire østtyskarar trur ikkje lenger på demokratiet, fordi det tilsynelatande ikkje har gjeve dei noko. “Ikkje noko” er sannsynlegvis ei overdriving. Men me kan me vera samde om at demokratiet ikkje har gjeve dei det dei vona på. At det var for lite, at det ikkje var nok, at det mest sannsynleg ikkje vil vera nok i overskueleg framtid heller.
På eitt vis er det overdrive, sjølvsagt. Det tidlegare aust-Tyskland har til dømes opplevd betydeleg økonomisk vekst sidan Murens fall.
Samstundes er det også sant at mange austtyskarar ber på ei kjensle av å vera oversett, neglisjert, gløymd, ei kjensle ein kanskje kan koma nærare Juli Zehs roman Landsbyen, gjeve ut på norsk i 2017. I tillegg speler ei demografisk uro ei vesentleg rolle, ei uro som i botn handlar vel så mykje om utvandring som om innvandring; Sachsen-Anhalt har ei aldrande befolkning, og mange unge forlet delstaten, samstundes som fødselstala er låge. I denne opplevde periferien er nostalgi ei god salsvare.
Og samstundes kjem ein ikkje unna det: nesten 44 prosent av veljarane i Sachsen-Anhalt røysta på eit parti som rett og slett er motstandarar av det liberale demokratiet. Sjølv om AfD ikkje fekk det reine fleirtalet dei hadde drøymd om, er delstaten no i ein særs spesiell politisk situasjon. AfD er digert. Det konservative, kristendemokratiske partiet – styringspartiet framfor noko i tysk politikk – er sterkt sveikka. Bündnis Sahra Wagenknecht, eit slags sosialkonservativt ytre venstre-parti med prorussiske tendensar, er på sett og vis på vippen.
Det er alvorleg for Sachsen-Anhalt.
Det er alvorleg for Tyskland.
Og det er alvorleg for Europa.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet er eit overskotsprosjekt, og vil difor koma ut sporadisk.
Vil du lesa meir om temaet i dette nyhetsbrevet? Du kan kjøpe mi bok Hat: fortellinger om ytre høyre frå forlaget Res Publica.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg tilgang til heile arkivet.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com

