nr. 6, 2026: Terror og kontekst
Kva er det ideologiske bakteppet for terroråtaket i Berlin?
I denne utgåva av Oppdateringar får du ei utvida utgåve av ein tekst eg tidlegare har publisert på Facebook, og som kronikk i Vårt Land. Dette er langlesning, men eg vonar du vil ha utbyte av teksten.
Dersom du ynskjer å stø arbeidet mitt, er du velkomen til å teikna eit abonnement på nyhetsbrevet. Du kan velja gratisutgåva, og får då tilsendt nye artiklar om ulike trugsmål mot det liberale demokratiet. Du kan også velja ei betalt utgåve, som i tillegg gjev deg tilgang til heile arkivet.

Ugjerningsmannen bak terroråtaket mot Pride-markeringa i Berlin 25. juli 2026 er død. Då politiet endeleg lukkast i å spora opp Abdul Ballout, freista han å gå til åtak på politiet sine innsatsstyrker med eit stikkvåpen, før han vart skoten og drepen.
Det vil truleg gjera det vanskelegare å forstå dei personlege motiva hans. På det ideologiske planet har me derimot sterke indikasjonar på kva som var motivet. Ballout skal ha tilhøyrd eit ekstremislamistisk miljø. Han publiserte IS-propaganda i sosiale media, og var tidlegare dømd for dette.
Han skal også ha freista å slutta seg til restane av terrorgruppa i Syria. På ei reise til Libanon i 2025 var han i kontakt med fleire han trudde var medlemer av terrororganisasjonen. I juli det året vart han arrestert av libanesisk politi, og dømd til ei kortvarig fengselsstraff for å ha elda opp til religiøs og sekterisk strid. Då han vende attende til Tyskland i november 2025 vart han arrestert på flyplassen, og seinare vart han dømd til eitt år og ti månaders fengsel for å ha «førebudd ei alvorleg valdshandling».
Likevel sat han ikkje fengsla. Aktoratet anka domen, med ynskje om ei strengare straff, og i påvente av ankesaka vart Ballout sleppt fri under vilkår. Det skaper – med rette – debatt i Tyskland.
28. juli vart det også rapportert at politiet fann ein mobiltelefon i bilen den unge ugjerningsmannen nytta i terroråtaket. På mobiltelefonen erklærte han lojalitet til IS. Også på datalagringseiningar heime hjå Ballout er det funne det som til dømes av Al Jazeera vert omtalt som «koplingar til IS».
Ugjerningsmannen er med andre ord ein ekstrem islamist. Meir presist: han er påverka av salafijihadistisk ideologi.
Omgrepet salafijihadisme er litt vanskeleg, men samstundes viktig. Det fortel om to grunnleggjande førestillingar i IS og liknande grupper si eigenforståing. Dei er både verdt å sjå nærare på.
Det fyrste er ein idé om at ein skal gå attende til islam slik det vart praktisert av dei tidlegaste muslimane, omtalt som al-salaf al-salih (dei rettskafne forgjengarane). Notida vert sagt å vera prega av moralsk forfall og av heidensk ignoranse, omtalt som jahilliya, eigentleg eit omgrep om førislamsk tid i Hejaz, som i islamsk tradisjon gjerne vert skildra som prega av barbari, av stammekonflikter og av manglande rettleiing frå Gud.
Dette omgrepet vart på sett og vis reintrodusert av den islamistiske tenkjaren Abul A'la al-Maududi (1903–1979), som brukte det for å skildra både si eiga samtid og store delar av islams historie. Det stod også sentralt hjå den islamistiske tenkjaren Sayyid Qutb (1906-1966).

Også i den moderne salafijihadismen er det eit stempel som vert påført muslimske samfunn og muslimske land i vår eiga tid. Denne idéen ligg også til grunn for ynskjer om å reinsa religion og samfunn for alt dei meiner er uislamsk, og heng saman med både målet om å reetablera eit kalifat og med salafijihadismen sin hang til å erklæra muslimar som ikkje deler deira idéar og verdsbilete som fråfalne eller vantru.
Det andre er ein idé om at det for å gjenreisa den tapte fortida – islam slik salafijihadistane meiner at islam var under dei fyrste generasjonane muslimar – ikkje berre er naudsynt med reformar (islah), men også med heilag krig (ei av fleire moglege forståingar av ordet jihad). Dette siste vert også sett på som ei individuell plikt (eller fard al-ayn). Det er ein idé ein også finn hjå Qutb, og ikkje minst hjå den revolusjonære islamisten Muhammad Abd al-Salam Faraj, som særleg tok til orde for åtak på det han kalla den «nære fienden», dei arabiske styresmaktene han meinte burde vera det primære målet for jihad. I 1982 vart Faraj avretta på bakgrunn av si rolle i drapet på Egypts president Anwar Sadat.
Desse konkrete førestillingane legg grunnlag for ein ideologi som på den eine sida er djupt reaksjonær i sin lengsel attende til ei idyllisert fortid, og som på den andre sida er grunnleggjande revolusjonær.
I tilfellet IS vert dette dessutan kombinert med ei klår endetidsforståing. At terrorgruppa sitt tidlegare engelskspråklege tidsskrift fekk namnet Dabiq illustrerer i seg sjølv dette godt. Dabiq er ein småby i nord-Syria, som IS i si tid brukte betydelege ressursar på å erobra, trass i at staden hadde lita strategisk interesse. Forklaringa er at staden i ein variant av islamsk endetidslære skal vera skodestad for eit avgjerande slag før domedag.
At denne politisk-religiøse ideologien står i direkte motsetnad til det liberale demokratiet, er ei sjølvfølgje. Det er også noko som vert gjort svært klårt av salafijihadistar sjølv. For å ta berre eit døme: Abu Musab al-Zarqawi – grunnleggjaren av Jamaát al-Tawhid wal Jihad, ei gruppe som i blant vert rekna som forgjengaren til IS – omtalte i 2004 demokrati som «ei moderne heidensk tru».
IS sitt propagandaapparat er i dag ikkje like effektivt som det ein gong var, men det kan også vera verdt å nemna at terrorgruppa har uttrykt eit klårt mål om å «utsletta gråsona», eller sjølve tanken om fredeleg sameksistens. I ein tekst publisert i nemnde Dabiq heiter det:
Muslimar i krossfararlanda vil oppleva å verta drivne til å forlata heimane sine for å finna ein stad å bu i kalifatet, etter kvart som krossfararane aukar forfølginga av muslimar som bur i vestlege land, for å tvinga dei inn i ei akseptabel sekt av fråfall i «islam» sitt namn, før dei til slutt tvingar dei inn i openberr kristendom og demokrati.
For IS var og er terror også eit middel til å øydeleggja gråsona. Dei ynskjer å råka sameksistens, dei ynskjer å dyrka fram polarisering. I deira verdsbilete er du anten med dei eller mot dei. Som det står i same tekst i Dabiq:
Som Osama bin Laden sa: “Verda er i dag delt i to leire. Bush snakka sant då han sa `anten er du med oss eller med terroristane´, det tyder: anten er du med krosstoget eller med islam.
Var ynskjet om å utsletta gråsona også ein del av Ballout sitt motiv? Det veit me strengt tatt lite om, i det minste førebels. I røynda er det heller ikkje slik at alle som har vore knytte til IS, eller som har prøvd å slutta seg til organisasjonen, er særleg ideologisk skulerte eller i det heile opptekne av ideologi.
Andre faktorar speler fort større roller, slik det også gjer hjå andre ekstremistar. Det gjeld ikkje minst faktorar på det personlege planet: utanforskap og søken etter ein fellesskap, korrumpert eventyrlyst, valdsfascinasjon, manipulerande leiarfigurar, og så vidare. Av det vesle me veit om Ballout så langt finn ein også tydelege hint om nettopp slike faktorar.
Han hadde – til liks med mange unge menneske som har blitt lokka inn i ekstremislamistiske miljø – eit rulleblad. Som tenåring vart han dømd for ran og kroppskrenking. Far hans har på si side, i eit intervju med Der Spiegel, ytra at sonen vart hjernevaska. Ballout vaks opp i ein sjiamuslimsk tysk-libanesisk familie. Nettopp sjiamuslimar utgjer ein sentral del av IS sitt fiendebilete, dei vert definert som fråfalne og som polyteistar som må reinsast vekk. Sjiaislam vert også påstått å ha vore grunnlagt av ein jøde, basert på ein ganske obskur konspirasjonsteori rundt Abd Allah ibn Saba’, ein tidleg jødisk-jemenittisk konvertitt til islam.
Jødane er også ein sentral del av fiendebiletet, til liks med «krossfararar» (les: Vesten).
Fiendebiletet inkluderer også skeive. Dei konkrete døma i form av propaganda er mange, men eitt illustrerande døme er hatpropagandaen mot Pride som vart spreidd av Arfan Bhatti berre dagar før terroråtaket ved London Pub i Oslo sommaren 2022. Der kombinerte Bhatti eit forbodsteikn over eit regnbogesymbol med orda «Be natural», og med ein hadith (ein tekst som påstår å fortelja om profeten Muhammed sin praksis) som oppfordra til drap på dei som gjer seg skuldige i «Lots folk sine handlingar». Det er ein referanse til Sodoma, som også i islamsk tradisjon ofte vert sett i samband med homoseksualitet.
I IS-kontrollerte område vart påståtte homofile avretta, blant anna gjennom å bli kasta ut frå høge bygningar. Videobilete av dette vart spreidd som propaganda for det sjølverklærte kalifatet.
Terrororganisasjonen har også tidlegare inspirert fleire terroråtak der skeive har vore målskiva. Det blodigaste dømet er åtaket på den skeive nattklubben Pulse i Orlando i 2016, der 49 menneske vart drepne (i tillegg til ugjerningsmannen), sjølv om det ikkje er visst om dette åtaket var målretta mot skeive. Eitt anna døme er ein ung mann som påverka av IS-ideologi gjekk til åtak på eit tilfeldig homofilt par i tyske Dresden. Ein av dei to mennene i paret mista livet. Ugjerningsmannen forklarte der sjølv at han gjekk til åtak fordi dei var homofile.
Nyleg vart det også kjend at singaporeansk politi i løpet av våren har arrestert tre tenåringar – i separate saker – som alle skal ha planlagt åtak mot skeive, og som ser ut til å ha vorte radikalisert via nettet. Ein av dei skal ha erklært lojalitet til IS. Ein annan var påverka av både salafijihadistisk og høgreekstrem ideologi, og skal i tillegg ha hatt ein djup valdsfascinasjon som inkluderte vald utført av meksikanske narkotikakartell.
Les meir om internettradikalisering og ekstrem islamisme:
nr. 8, 2024: Tiktok-jihadistane
5. september 2024 køyrde ein ung austerrikar med bosniske røter, Emrah I., frå Salzburg til München. Han parkerte sin vesle, raude Renault Captur ved krysset mellom Arcisstrasse og Briennerstrasse, rett ved byens musikk- og teaterhøgskule.
I Noreg har terroråtaket i Berlin avfødd ein debatt om homofiendtlege haldningar blant muslimar. Det er på ei side naturleg, og når til dømes Hashim Abdi (Ap) etterlyser eit oppgjer er det med rette.
Det finst utbreidde fordommar mot skeive og utbreidde homofiendtlege haldningar i både den muslimske verda og i muslimsk diaspora, og i ei rekkje land med muslimsk majoritet vert homofile straffeforfulgt. I Saudi-Arabia har det vore fleire døme på at (påstått) homofile har vorte dømd til døden.
Det er også grunnar til å retta religionskritikk mot synet på skeive i mainstream, konservativ islam.
Breiare, homofiendtlege haldningar kan sjølvsagt gje nøring til det salafijihadistiske hatet, og kan også i seg sjølv ha vore ein del av bakgrunnen for Ballout si ugjerning. Som andre former for ekstremisme kan heller ikkje salafijihadisme rivast laus frå kontekst, den eksisterer ikkje i ei anna verd.
Samstundes er det skilnad på å sjå samanhengar og å driva med samanblanding. Ideologien som motiverte Abdul Ballout er verken mainstream eller konservativ. Det er ein konkret politisk-religiøs ideologi, revolusjonær i si tilnærming og totalitær i sin natur. Det er også ein ideologi med spesifikke historiske røter, eit spesifikt idégrunnlag og eit fiendebilete som ikkje minst inkluderer svært mange andre muslimar.
For å seia det på ein annan måte: Om du vil høyra om IS´ fanatisme og ekstremisme, snakk med nokon frå Mosul.
Både salafijihadisme og ekstrem islamisme har sjølvsagt noko med islam å gjera. For å vita dette, held det å høyra på kva dei ekstreme islamistane sjølv seier og på kva dei formidlar i propagandaen sin, ikkje minst dei tallause referansane til Koranen og til hadithar. Denne sjølvsagte observasjonen fortel oss likevel lite om korleis me bør strida mot den ekstreme islamismen. Det han fortel er at salafijihadismen heilt utvilsamt er ei utfordring for muslimar. I dette tilfellet er det i deira hus det brenn. Det er deira ungdomar – som i blant også er våre – som vert lokka inn i totalitært svermeri. Svært ofte er det dessutan andre muslimar som er ekstremistane sine fyrste offer. Sjølv om IS i dag er betydeleg sveikka i Midtausten, gjer salafijihadismen – også i form av IS-avleggjarar – seg framleis gjeldande, ikkje minst i ei rekkje afrikanske land: Mali, Burkina Faso, Niger, Nigeria, Somalia, Kongo og Mosambik.
Vil du lesa meir om dette? Sjå Substacken til Maren Sabæ og Bjørnar Østby, Afrikansk politikk.
På toppen av dette avlar salafijihadismen muslimhat, og det også med vitande og vilje.
Ekstreme islamistar veit sjølvsagt å gjera seg nytte av breiare motvilje, skepsis og hatefulle handlingar overfor skeive i sin propaganda. Det er dei ikkje åleine om. Det same gjer høgreekstreme, og også høgreekstremistar har stått bak terroråtak mot skeive. Det skjedde til dømes i Bratislava hausten 2022, då to menneske vart drepne i eit åtak på ein skeiv pub, gjennomført av ein høgreekstremist som publiserte eit manifest som elles var gjennomsyra av jødehat – eit anna fellestrekk.
Den slovakiske ugjerningsmannen peikte elles direkte på 22. juli-terroristen som inspirasjonskjelde for sitt hatefulle åtak. Likevel er det eit terroråtak få i Noreg hugsar, om dei i det heile har høyrd om det.
Du kan lesa meir om dette i mi bok Hat: fortellinger om ytre høyre og i tidlegare artiklar publisert i dette nyhetsbrevet:
nr. 9, 2024: Terrorstemma
12. oktober 2022 gjennomførte ein høgreekstrem ugjerningsmann eit terroråtak i Bratislava. Åtaket var retta mot den vesle puben Tepláreň, ein samlingsstad for skeive i den slovakiske hovudstaden. To menneske vart drept: Juraj Vankulič og Matúš Horváth.
nr. 8, 2023: Homohatet og kanarifuglen
Som regel forsøker eg å halda dette nyhetsbrevet analytisk, sånn litt på avstand. Slik, har eg tenkt, når eg kanskje fram til fleire, ved hjelp av den gamle journalistiske regelen show, don’t tell.
Den enkle sanninga er at det liberale demokratiet – det frie samfunnet – har fleire fiendar.
Den brutale sanninga er at skeive ubehageleg ofte er som kanarifuglen i gruva, og då ikkje berre i møtet med ekstremistar, men også i møte med andre av det liberale demokratiet sine fiendar.
Nett det kan det vera verdt å ha i tankane, neste gong du høyrer nokon klaga over for mykje Pride i monitor.
Kva er dette?
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet er eit overskotsprosjekt, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg tilgang til heile arkivet.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com





