nr. 6, 2022: Sandy Hook
Ei ny bok fortel historia om ei amerikanske skulemassakre og om løgnene som kom etterpå. Ein av skurkane i forteljinga er konspirasjonsteoriseljaren Alex Jones.
14. desember 2012 gjekk 20 år gamle Adam Lanza inn på barneskulen Sandy Hook Elementary School i småbyen Newtown i Connecticut.
Han var væpna, mellom anna med ei halvautomatisk AR15-rifle. Like i forkant hadde han skote og drepe si eiga mor, og i løpet av berre få minutt drap han ytterlegare 26 menneske. 20 av dei var born, seks- og sjuåringar. Til sist tok Lanza sitt eige liv.
Motivet for ugjerningane er uklåre. Gjerningsmannen hadde hadde heilt sidan barndomen hatt problem med å fungera sosialt, hadde psykiske vanskar og levde i betydeleg grad i isolasjon, samstundes som han utvikla ein fascinasjon for vald og massedrap. Det siste fekk næring via nettet, i miljø der fleire delte dei makabre interessene hans og der vald gjerne vart møtt med hyllestar. Ein rapport frå barneombodet i delstaten Connecticut konkluderte seinare med at dette, i kombinasjon med tilgangen på dødelege våpen, vart ei oppskrift på massemord.
Den grufulle hendinga i Newtown er startpunktet for boka Sandy Hook: an American Tragedy and The Battle for Truth, skrive av New York Times-journalisten Elizabeth Williamson. Forordet handlar om ugjerninga.
Resten av boka handlar om det som fulgte: om eit lite samfunn ramma av ei tragedie, om den umiddelbare mediamerksemda, om mengdene av gåver som kom strøymande til ein by med mindre enn 30.000 innbyggjarar, og som i seg sjølv skapte utfordringar. Men fyrst og fremst handlar boka om løgner. Om korleis foreldra til born som vart drept den skjebnesvangre dagen i åra etterpå skulle verta møtt med anklager om at borna deira aldri hadde levd, at det heile var oppdikta, at dei sjølv også var ein del av eit mørkt komplott.
Det finst mange skurkar i den forteljinga. Williamson introduserer oss for ei rekkje av mennene som har stått sentralt i å spreia konspirasjonsteoriar om Sandy Hook, som James Tracy, James (Jim) Fetzer og Wolfgang Halbig. Men den mest kjende av dei ho skriv om i denne samanhangen er utan tvil Alex Jones. Jones – som Williamson skildrar som ein seljar som maner fram “Amerikas mørke impulsar” – har ei lang karriere bak seg som formidlar av konspirasjonsteoriar. Han starta som radiovert på ein radiokanal i Texas, men slo seg etterkvart opp som mannen bak nettstaden InfoWars, etablert i 1999. Tidleg fekk han ein del merksemd rundt sitt fokus på påståtte sataniske rituale og med pedofilianklager retta mot rikingleirstaden Bohemian Grove året etter.
I 2001 kasta han seg på konspirasjonsteoriar rundt terroråtaket 11. september. Av nyare dato kan det nemnast at Jones både har spreidd Pizzagate-forteljingar og heller … vel … alternative førestillingar om korona. Samstundes kjem store delar av inntektene hans frå sal av diverse kosttilskot og av andre varer til eit publikum fora på paranoia.
Alex Jones er kort fortalt ein sentral person innan amerikansk konspirasjonsteorikultur. Ikkje overraskande kasta han seg også på konspirasjonsteoriar om Sandy Hook. Det hadde faktisk berre gått timar frå massemordet til Jones fyrste gong byrja å spekulera i at det var ein slags svindel. Og fordi Jones er ein sentral aktør, handlar Williamson si bok då også mykje om både Jones som person og om kampen mellom konspirasjonsteoriformidlarar som han på den eine sida og Sandy Hook-foreldre på den andre, ikkje minst representerte ved Lenny Pozner og Veronique De La Rosa.
Det er ei forteljing som også involverer sosiale medier-gigantar og rettslege oppgjer, og ei forteljing som i seg sjølv er både gripande og sterk. På vegen lærer ein som lesar eitt og hitt om både konspirasjonsteoriar som fenomen og om skadeverknadene av dei.
Williamson si glitrande sakprosabok er samstundes ein del av ei større historie om både USA og konspirasjonsteoriar. Alex Jones omfamna Donald Trump som presidentkandidat før valet i 2016, og Trump omfamna også Alex Jones, noko som kanskje kan reknast å vera toppunktet i sistnemnde si karriere. Trump vitja The Alex Jones Show og skraut av av Jones: “Your reputation is amazing. I will not let you down, you will be very, very impressed”, sa han, “Ryktet ditt er fantastisk, eg vil ikkje skuffa deg, du vil bli veldig imponert”..
Denne omfamninga av Trump var på mange måtar eit tydeleg symbol på at Trump såg seg tent med bruken av konspirasjonsteoriar, noko som i seg sjølv var lite overraskande, Trump hadde på mange måtar starta sitt inntog i politikken med å strø rundt seg med påstanden om at Obama ikkje var fødd amerikansk, og hadde i valkampen allereie rukke å appellera til både rasisme og paranoia.
Seinare – etter at Trump hadde vunnet valet og blitt president – sende innbyggjarar i Newtown eit brev til presidenten, der dei ba han om å ta avstand frå dei som som påstod at Sandy Hook-massakra var ein svindel. Brevet nemnde Alex Jones konkret. Trump svara aldri på det.
Alex Jones sel framleis konspirasjonsteoriar (og kosttilskot) via Infowars. Men Sandy Hook-teoriane har etterkvart kome med ein prislapp.
Teknologigigantar har kasta Alex Jones ut av platformene sine, etter påtrykk frå blant andre Lenny Pozner. Det har gjort publikummet hans mindre, sjølv om det stadig er betydeleg. Verre for Jones si lommebok er det kanskje at Sandy Hook-foreldre har drege han for retten, og allereie har vunne fleire sigrar. Det kan koma til å kosta Jones dyrt.
Men konspirasjonsteoriar som fenomen kostar oss alle dyrt. Dei som er interesserte i å forstå meir av korleis dei spreier seg og av korleis dei utgjer eit problem, kan med fordel lesa Williamson si bok.
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Fyll inn e-postadressa di nedanfor for å abonnera. Er du allereie innlogga på Substack trykker du “Subscribe Now”.
Oppdateringar om det ekstreme is a reader-supported publication. To receive new posts and support my work, consider becoming a free or paid subscriber.
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.
Andre om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:
John Færseth har skrive i Minerva om den norsk-russiske nynazisten Yan Petrovskiy, som for tida skal vera i Ukraina, der han deltek i den russiske invasjonen. Petrovskiy har tidlegare kjempa saman med styrkene til utbrytarrepublikken Luhansk, og marsjert saman med gruppa Odins Soldater i Tønsberg.
Færseth har også skrive for Minerva om framandkrigarane som har kjempa for dei russiskstøtta utbrytarrepublikkane i det austlege Ukraina dei siste åra.
Den ukrainske Azov-bataljonen er ei anna gruppe som har fått mykje merksemd i det siste. I ein gjennomgang, ser CNN både på gruppa si høgreekstreme historie og på korleis dei vert referert til i russisk propaganda. The Guardian fortel på si side om den russiske leigesoldatmilits kjend som Wagner Group, og deira koplingar til høgreekstremisme.
Tess Owen i VICE Magazine skriv om “New World Order”-teoriar i kjølvatnet av krigen i Ukraina i ein artikkel frå 23. mars.
Tysk politi har nyleg gjennomført ein større aksjon mot nynazistar i landet, med fokus på antatte medlemer av Atomwaffen Division. Der Spiegel har publisert fleire interessante artiklar rundt dette.
To danske tenåringar er sikta for brot på terrorlovverk, etter at dei skal ha freista å slutta seg til den terrorforherligande akselerasjonistgruppa Feuerkrieg Division. Dansk TV2 Øst har rapportert meir om saka.
Charles Onyango-Obbo i The East African fortel om utfordringar for rwandiske og tanzanianske styrker i kampar mot ein ekstremislamistisk milits i det nordlege Mosambik.
Isobel Cockerell i .CODA har gjort eit interessant intervju med desinformasjonsforskaren Marc Owen Jones, som mellom anna snakkar om desinformasjon i samband med krigen i Ukraina.
“Før spredte de desinformasjon om covid-19 og vaksiner. Nå har de gått over til å spre russisk propaganda om krigen i Ukraina. Hvorfor er det sånn?”, spør Faktisk.no. I ein annan artikkel ser dei nærare på spreiinga av russisk propaganda i norske (alternative) nettmedier.
Merlyna Lim og Brandon Rigato skriv i The Conversation om det canadiske ytre høgre, COVID-19 og sosiale media.